I 2001, 2004 og 2007 gjorde det danske Bibliotekarforbundet spørjeundersøkjingar blant danske bibliotekleiarar,
i samarbeid med Danmarks Bibliotekskole v/professor Niels Ole Pors.
Dei danske undersøkjingane
tok for seg ulike aspekt ved leiing i bibliotekverda; både demografiske og
utdanningsmessige tilhøve; fakta om biblioteka leiarane
arbeidde i; ulike leiarutfordringar og leiaroppgåver; jobbtilfredshet og liknande;
og ulike metoder og måter å utøve leiarskap på. Undersøkjingane avdekka også kompetansebehov, noko som fleire norske
fylkesbibliotek også har undersøkt dei seinare åra.
Eg skal no gjere
tilsvarande undersøkjingar
blant norske bibliotekleiarar, som lekk i ein PhD-grad ved Det informationsvidenskabelige akademi (IVA),
tidlegare Danmarks Bibliotekskole. Det betyr mellom
anna at spørsmåla er omsette frå dei
danske spørsmåla (og dermed ikkje alltid har perfekt
nynorsk, trass i god hjelp), og at strukturen er nokonlunde
lik.
Lenke til undersøkjing
Eit siktemål med å gjere ei tilsvarande undersøkjing er å kunne samanlikne
resultat mellom Noreg og Danmark, og mellom 2007 og 2011. Vi veit allereide at ein skilnad mellom
norske og danske bibliotek er storleik, der danske bibliotek gjennomgåande er større rekna i
utlån/besøk og bibliotektilsette.
Utover dette er eit anna siktemål
det å få dokumentasjon på tilhøva for norske bibliotekleiarar,
og på rammene for leiing i norske bibliotek.
Professor Niels Ole Pors, som var hovudansvarleg
for dei danske undersøkjingane,
skriv i ”Mellem identitet og legitimitet” (2005:7) om
dei grunnomgrepa som er særleg styrande for utsegnene i undersøkjinga – kompleksitet, uforutsigeleghet,
legitimitet, identitet og organisasjonsoppskrifter. Han skriv vidare (s. 8) om dei to setta med
normer, standarder og forventningar som institusjonar kan kome i
krysspress mellom – dei indre – profesjonens - og dei ytre – omverda. Dette er også spørsmål som det er ønskjeleg å analysere for norske tilhøve.
Nokre relevante spørsmål vil vere:
-
Korleis vert leiing
definert og utført i norske bibliotek?
-
Kva type samhandling
kan ein sjå mellom organisasjonskultur og leiarskap i biblioteka?
-
Kva likskapar og skilnader finn vi når det gjeld leiing i fag-
og folkebibliotek?
-
Har det konsekvensar
for utøving av leiing at bibliotek er organisasjonar innan offentleg sektor? I kor
stor grad er bibliotek ”typiske” offentlege organisasjonar, og bibliotekleiarar
”typiske” offentlege leiarar?
I tillegg til å undersøkje leiing innan bibliotek som organisasjonar
vil det også vere interessant å
studerer leiarane som leiarar,
på eit meir individuelt
nivå:
-
Kven er leiarane? Kva er demografisk, utdannings- og arbeidsbakgrunnen deira?
-
Kva er røynslene med
endring?
-
Kompetansebakgrunn og ønskje
om kompetanseheving?
-
Kva kjennskap har dei til ulike leiarverktøy?
Etter å ha fått svar på dei meir beskrivande spørsmåla som eg
gjev døme på her vil vi ha eit klarare
bilete av leiing i norske fag- og folkebibliotek, og
kan analysere det i høve til ulike teoriar, og med
andre liknande undersøkjingar.
Undersøkjinga rettar
seg mot leiarar i fag- og forskingsbibliotek. Med leiarar meiner vi leiarar på
ulike nivå; både dei som er ”direktørar”
eller ”sjefar”, men også avdelingsleiarar,
filialleiarar, funksjonsleiarar
med personalansvar eller arbeidsleiarar er målgruppe.
Alle som har større eller mindre grad av formelt leiaransvar
og utøver leiing i norske bibliotek har noko å bidra
med i denne undersøkjinga, og vi ventar
å sjå eit mangefasettert bilete.
Undersøkjinga er anonym. Korkje forskaren eller andre vil kunne finne ut kva den einskilde har svara.
Dette ligg dels i at det ikkje er spørsmål som vil
kunne identifisere einskildleiarar utan at grundig kjennskap til fleire
av dei demografiske variablane
(alder, kjønn, arbeidsoppgåver, bibliotekkunnskap etc), og høve til å kombinere desse
med svar på dei andre spørsmåla. Dels ligg det i samanhengen mellom programvara og utsendingsmåten. Det er
heller ikkje spørsmål i undersøkjinga
som er spesielt kontroversielle.
I utgangspunktet vert datainnsamlinga gjort som ei lekk i arbeidet med ei ph.d-avhandling
som er planlagt avslutta mot slutten av 2013. Det er likevel sannsynleg at det vil vere førebels resultat og delresultat
som vil bli lagde fram på t.d. Det norske bibliotekmøtet, i ”Bok og bibliotek”
og andre tilsvarande fora.