Media query

Bachelorprogram i nye medier

Korleis presenterer ein audiovisuelt innhald på Internett? Korleis blir det same innhaldet distribuert i ulike plattformer som TV, Internett og mobilteknologi? Korleis kan interaktive medier brukast til digital historieforteljing? Internett og verdsveven har vakse fram som ein av dei viktigaste formidlingskanalane for nyheiter, så vel som offentleg og personleg kommunikasjon. Studiet av nye medier handlar om digitaliseringa av både produksjon og distribusjon av medieinnhald. I denne prosessen er det viktig med kompetanse både om tekniske løysingar og verktøy. Det er òg viktig å vite korleis dette kan nyttast i journalistikken og når ein skal formidle ein bodskap. I studiet lærer ein om korleis ein kan analysere og designe digitale media med spesiell vekt på Internett og web. Ein viktig del av dette er å kunne bruke webdesign, programmering og system for innhaldshandtering og utforme databaser. Ein annan sentral komponent i studiet er interak-sjonsdesign som handlar om prinsippa for korleis ein kan designe interaksjon mellom menneske og maskiner.

Mål og innhald

Bachelorstudiet i nye medier skal kvalifisere for teknisk kompetent og teoretisk reflektert design av digitale, nettverksbaserte medier. Studiet kombinerer teoretiske, analytiske og praktiske element frå medie- og informasjonsvitskap med nye, tverrfaglege komponentar og blir gjennomført i nært samarbeid med bachelorprogramma i informasjonsvitskap, film/tv og journalistikk.

Oppbygging

Bachelorprogrammet i nye medier inneheld 30 studiepoeng med innføringsemne medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng (1½ års studium) med spesialisering. I tillegg til spesialiseringa kjem 30 studiepoeng med hovudvekt på planlegging og gjennomføring av avsluttande produksjonar. Studiet er sett saman av emne i medie- og informasjonsvitskap, fleire av dei praktisk retta. Derfor krev studiet aktiv deltaking i undervisninga. Du kan velje inntil 30 studiepoeng fritt frå andre fag. Dette kan for eksempel vere studium frå utanlandske universitet, emne frå andre samfunnsvitskaplege fag eller fleire medievitskaplege eller informasjonsvitskaplege emne.