anette

Anette Thorkildsen

21 år, nye medier. Kjem frå Kvinnherad. Anette er ei jenta frå Kvinnherad som elskar å le og synge. Etter dette prosjektet har ho blitt ganske glad i HTML5 og CSS3. Ho elskar nynorsk og er veldig sta, derfor er websida vår på nynorsk. Framtidsplan: Å bli webdesignar.

petter

Petter Omdal

25 år, nye medier. Kjem frå Sandnes. Petter er ein glad og utadvendt gut som alltid har ein morosam kommentar på lur. Han er hovudpersonen i webserien vår, og elskar å vere framfor kameraet. Framtidsplan: Bli skodespelar i Hollywood.

christine

Christine Eidsheim

24 år, film og tv-produksjon. Kjem frå Eidsheim. Christine er ei gladjente frå Eidsheim, der ho er oppvakse på ein gard. Ho er veldig glad i å ta seg ein pause frå webdesign og redigering for å passa dyra, og gleda seg til ho skal til Israel til hausten. Framtidsplan: lage ein dokumentar om gardsdrift.

kamilla

Kamilla Svendsen

23 år, nye medier. Kjem frå Randaberg. Kamilla er ei søt blond jente frå Randaberg, som elskar metal. Med sine utprega tatoveringar og band-skjorter skil ho seg ut frå resten av gjengen. Ho har ein deltidsjobb på baren USF Verftet. Framtidsplan: Å bli programmerar.

chris

Chris Wilhelmsen

24 år, film og tv-produksjon. Kjem frå Bergen. Chris er den i gjengen som har dårligast humor og tenkjer alltid koffert. Han elskar alt som har med film å gjere, og spesielt sitt nye Canon 5D kamera. Framtidsplan: Å bli kjend i Hollywood.

kristin

Kristin Øvstetun

20 år, nye medier. Kjem frå Årdal. Kristin er ei skikkelig rånejente som alltid har eit smil på lur. Ho hatar sjokolade og har heilt naturleg blondt hår(seier ho). Per dags dato er ho på jakt etter deltidsjobb, slik at ho kan betale den dyre husleiga si. Framtidsplan: Å ikkje enda opp i Årdal.