Introduksjon Kva faktorar er avgjerande når kundar vel nettbank eller mobiltelefon? Kva nye arbeidsmetodar etablerer skuleelevar når e-læringssystem blir innførte i skulen, og korleis nyttar dei seg av dei teknologiske hjelpemidla? Informasjonsvitskap er studiet av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i forhold til individ, grupper, organisasjonar og samfunn. Ein er ikkje berre interessert i dei reint teknologiske aspekta knytte til datamaskina, men også i menneska som skal nytte den. Dersom nokon treng eit program, er det informasjonsvitaren sin jobb å analysere kva programmet skal nyttast til, og deretter tilpasse det til brukarane og det nivået dei er på. Ein skal gjere programmet mest mogleg effektivt for brukarane. Gjennom studiet lærer du korleis handsaming av kunnskap, informasjon og data kan bli, bør bli og faktisk blir støtta av IKT, der IKT kan vere informasjonssystem, program, databasar, datamaskiner, datanettverk og internett. Sentrale oppgåver i informasjonsvitskap er å utvikle teoriar, modellar, metodar, teknikkar og verktøy.