Til Øystein sin fest 29. januar 2000

Tekst: Gunnar-Johs. Vangsnes 
Melodi: "Min soldat" 
Det å vera doktorand er neimen ikkje lett. 
Det kan sikkert ofte bli ei plage - rett og slett! 
Tenk å skriva massevis av sider opp og ned. 
Nei, aldri vert det nok og aldri fred!
The first part, the second and the third one, you see: 
A fine dissertation for the dr.art. degree! 
Me skjønnar ikkje døyten - men me må oss berre gle' 
For no er han ferdig
Melodi: "Ich hab' doch einen Koffer in Berlin"
Øystein vesle guten min - 
er så kvikk ein kar. 
Glad i hug og lett i sinn 
og i snuen snar. 
Snart så er han kanskje her 
men ofte er han der. 
Tjo og hopp og sprett og hei - 
Er han sur og lei??? Nei -----
Guten i frå Leite han er topp 
og reiselysta tek visst ikkje stopp. 
Med ord som frydar 
syntaks og lydar 
og med ein dasj av Chomsky og litt grammatikk 
til nær og fjerne land av stad han stikk 
D'er gøy med litt struktur og semantikk. 
Det skal du vite - me skjønar lite 
at fonetikk kan gi så mange flotte kikk.
Men du er beste guten lell for det! 
Me tenkte at i kveld me vil deg gle' 
pao sognamaole - da ekta gnaole 
og gratulera, ynskje hell og lukke te 
Og om du tidt og ofte dreg din kos(s) 
Så hast du doch ein Koffer her hjå oss 
Og varme tankar - for deg dei bankar. 
Du er ein gasta kar for oss ein virtuos.
Helsing frå alle dine heime