Familie, ekteskap og bryllup i ei brytningstid.
Var livet på 1500-talet ein evig strid? Kjeldene frå
denne tida gjev oss eit bilde av kvardagen prega av nabokrangel, arvestrid
og odelstvistar. Kanskje var stryningane verre enn andre i så måte?
Sannsynlegvis ikkje - men årsaka til dette bildet heng saman med
at offentlege (tinglyste) brev og rettsdokument utgjer tyngda av kjeldene
frå denne tida. Slike dokument var det einaste prov på t.d.
ein bruk- eller eigedomsrett. Derfor har dei blitt teke godt vare på.
Men i rettsdokumenta finn vi og glimt frå dagleglivet
utanom forhandligane på tinget. Denne artikkelen tek utgangspunkt
i eit arvebyte på Ytre-Eide 19. Oktober 1585 og prøver å
avdekke ulike forhold rundt familie og ekteskap. Sjølve arvebytet
er utferda som eit offentleg brev frå fut, prest og 10 edsvorne menn.
Orginalen er idag i manuskriptsamlinga til Universitetsbiblioteket i Bergen.
Arvebytet er ikkje omtala tidlegare. Det er derfor på
sin plass å presentere partane. Den avdøde er Anders Torkjellsson
(Torgelsson, Torgiersson, Torkieldsson) Ytre-Eide, truleg død same
år (1585). Enkja er Anne Olsdotter og dei andre arvingane er ektefødd
son Anders Andersson og så sju såkalla "frillebørn"
- Håvard, Sjur Glomnes, Marit Vik g.m Jens Pedersen Vik, Brit g.m
Hans Clausen Kyrkjeeide, Karin Nedre-Berg, Ingeborg g.m Peder Kyrkjeeide
og Ellen Kyrkjeeide (Kyrkjeeide er skreve Kirkeid i dokumentet). Dei tvistane
som er omtala i bygdeboka Innvik-Stryn band III,2 s. 533-539 har nok si
rot i dette skiftet - men vi skal la desse stridane ligge.
Eit brokut familiebilde.
Anders Torkjellson høyrer vi først om i 1543,
men han er då truleg inne i sitt tredje ekteskap/sambuarskap av til
no fire kjende.
Andre dokument fortel at han først vart gift med ei
enkje som heitte Gurraa (Guro). Ho var enkje etter Ole Eriksson som var
farbror til Arne Jonsson nemnd på Ytre-Eide i 1520-22. Ole døyr
og Guro gifter seg opp att med Anders Torkjellsson og dei får eit
barn saman - truleg døyr både Guro og barnet tidleg.
Ein gong før 1532 gifter Anders Torkjellsson (heretter
Anders) seg med Anne Eriksdtr. Rygg (Gloppen) - eit av dei 'betre gifta'
i Nordfjord. Det einaste barnet som vi veit om frå dette ekteskapet
er Anders Andersson - den ektefødde sonen i arvebytet.
Truleg døyr Anne Eriksdtr. også etter eit kort
samliv for brevet seier Anders "anamede ttil sig en erlig vberøcted
pige" dvs. tok til seg ei ærleg uberørt pike - namnet hennar
er ukjent. Saman lever dei som sambuarar i 33 år "ligesom hun haffde
verritt hans Ecte hustru vdii 33 aar" og dei får 11 barn saman. I
1585 er altså sju av desse i live.
Deretter kring 1565 gifter han seg så med Anne Olsdotter
(enkja i arvebytet) og dei lever saman i eit "erlligtt Etteskab vdii samffelde
19 aar" til Anders døyr i 1584/85. Dette ekteskapet var truleg barnlaust.
Fleire dokument omtalar Anders som særs gammal - "graa herrde alderdom"
og på slutten måtte han stellast som eit lite barn: "..med
vasken oc anden renlighed ligesom med itt barn dett intte kan actte sig
sielf". Vi kjenner ikkje kva den forventa levealderen var på 1500-talet,
men midt på 1700-talet var den rundt 35 år (mot 77 år
idag). Truleg var levealderen endå lavare på 1500-talet, og
i folks auge vart ein 'gammal' langt tidlegare enn idag.
Sjeldan blir ei bondefamilie frå 1500-talet synleggjort
som denne - oftast kjenner vi berre namnet på husbonden. Vi finn
også at fleire trekk frå familiesituasjonen slik den var heilt
fram til 1800-talet: med mange fødslar, hyppige dødsfall
i ung alder og oppattgifting.
Ekteskap og ektefødd.
Brevet gjev oss eit visst innblikk i synet på ekteskapet
og skikkane rundt ekteskapsinngåinga.
Eit ekteskap var gyldig dersom partane hadde inngått
ein bindande avtale om ekteskap (eit festarmål) med vitne
tilstades. Samtidig skulle medgifta avtalast. Vigsla fungerte som ei kyrkjeleg
stadfesting, men den vart ikkje oppfatta som ekteskapsstiftande (før
etter 1589). I tre av samliva hadde Anders inngått ekteskap etter
lova, men det lengste og mest fruktbare samlivet (33 år og 11 barn)
var ikkje det. Brevet fortel at Anders og "pigen" levde saman i hushaldning
som om ho hadde vore "hans ecte hustru". Barna i dette sambuarskapet er
då uektefødte barn.
I dokumentet blir barna omtala som "frillebørn" men
det er kanskje sognepresten (Morten Pedersøn) eller medhjelparen
(Jacob Hanssøn) sine ord. Det faktum at dei fleste barna ser ut
til å vere 'godt gift' på nabogardane viser at foreldra sin
ekteskaplege status har hatt lite å seie for barna sin sosiale status.
Derimot stille barn utanfor ekteskapet klart svakare enn barn
fødd i ekteskapet med omsyn til arv. I skiftet vert barna til Anders
og "pigen" omtala som "skielgene ffriilebørn". Skielgene er gamalnorsk
og tyder ektefødd. 'Eit skilgent frillebarn' er begrepsmessig umogeleg!
Er dette utslag av begrepsforvirring eller er det meining i denne motseiinga?
Noko seinare (1600-1700 talet) fekk ein omgrepet 'å lyse i kull og
kjønn'. Kyrkja gjorde med andre ord 'uekte barn' halvt ekte og eit
barn utanfor ekteskap kunne dermed arve halvparten så mykje som eit
ektefødd. Kanskje er det dette skrivaren vil fortelje med å
kalle frillebarna for ektefødde (skilgene).
I bytet får kvar av "frillebarna" gardpartar (i Rodberg?
og Kyrkjeeide) til ein verdi av ½ laup smør "som sallig Anders
Yttreed dennem sielff skengtte paa Tinget Ano 84". Kva den ektefødde
Anders Andersson får veit vi ikkje då denne delen av brevet
manglar. Frå andre dokument veit vi at han arva ein del gardpartar
frå mora - Anne Eriksdtr. Rygg. Gardane vart på denne tida
normalt skyldsett (verdsett) i smørskyld, og jord tilsvarande ½
laup var storleiken på eit bruk noko mindre enn middels. Ein ½
laup smør er omlag 7,5 kg.
Ekteskapsinngåing og bryllupsskikkar.
Det siste ekteskapet er inngått rundt 1565 og ser ut
til å vere gjennomførd både etter kyrkja, lova og tradisjonen
sine påbod. Anne Olsdotter og Anders vert trulova på garden
åt far hennar. Etter ekteskapsordinansen som kom vel 20 år
seinare (1582/1589) vart offentleg truloving med prest og vitner påbode
og no vart også vigsla ekteskapsstiftande. Sidan trulovinga skjedde
på farsgarden til brura har det nok vore halde festarøl der
slik skikken var.
Etter trulovinga kom bryllup og vigsel. I arvebytet skal Anne
Olsdotter ha det ho fekk med seg i heimefylgje (uspesifisert) og det ho
fekk frå Anders i bryllupsgåve, benkegåve og morgongåve.
Det er mulig at desse gåvene var 1½ laup i Brynestad, ei oppred
seng med hest og pengar. Det blir sagt at "doctter Jens Skelldrop" var
vitne på at Anders gav denne delen av Brynestad til Anne Olsdotter.
"doctter Jens Skelldrop" er Jens Pedersen Skjeldrup superintendent (biskop)
i Bergen i tida 1557-83. Kan dette tyde på at vigsla og bryllupsfesten
vart halden i Bergen?
Benkegåva var ei gåve som gjerne vart gitt
til brura sin heim før vigsla som eit teikn på at no var ho
løyst frå benken dvs. heimen. Benkegåva ser i dette
tilfellet å vere gitt til brura, og då i den andre tydinga
av benkegåve - ei gåve som brura fekk når ho sat i brurebenken.
Morgongåve er ein tradisjon som framleis er ved
lag og kjend for dei fleste.
Skiftet fortel også at dei barna ("frillebarna") som
ikkje har fått bryllupskost eller heimefylgje skulle
få det no. Bryllupskosten var 9 mæler korn dvs. omlag 364 liter.
Ut frå skiftet vert og teke to kyr og eit ungnaut og gitt til tre
av barna. Dette er muligens det manglande heimefylgjet deira. Bryllupskost
og heimefylgje blir her altså utbetalt opptil eit par tiår
etter bryllupet. Dette viser at dette var ein sterk tradisjon som helst
ikkje skulle brytast. Bryllupskosten - omlag 364 liter korn - vil eg tru
skulle nyttast til å bryggje øl.
Kva fortel brevet oss
Dei omtalte familiane tilhøyrer den øvste delen
av lokalsamfunnet sosialt og økonomisk. Det er derfor vanskeleg
å seie kor representative desse er for den 'normale' nordfjordfamilia
på 1500-talet. Økonomien styrde storleiken på heimefylgjet
og brudgomen sine ulike gåver. Men haldningane som kjem til uttrykk
i brevet og tradisjonane som ligg bak skikkane var nok av meir almenn karakter.
Ein parantes på tampen.
I skiftebrevet nemner også fire "apelle haffue", og at
desse vart planta i tida Anders levde saman med "frilla" altså ca.
1530-1560. Kanskje er dette eit av dei tidlegaste prov på fruktdyrking
i Nordfjord? Desse eplehagane var nok ettertrakta fordi det er det einaste
Anders byter mellom barna -"sallig Anders sielff bytte dennem emellom,
der hand en leffde".
Kjelder:
Diplom frå Ytre-Eide 1543, 1561, 1560-åra, 1578,
1585 alle orginalane ved Universitetsbiblioteket i Bergen.
Jacob Aaland: Nordfjord frå gamle dagar til no. Band
III,2 Innvik-Stryn.
Rolf Fladby: Norsk Historisk Leksikon 1500-1850
Ståle Dyrvik: Norsk Økonomisk Historie Band 1
1500-1850