Biografiar

Johan Henrik Gundelach Jacob Mandix

Johan Henrik Gundelach:Sjef for dansk-norsk Tabellkontor frå 13. mai 1801 og dermed ansvarleg for bearbeidinga av folketeljinga 1801. Øvrig embetskarriere: Justitssekretær ved Overretten i Norge, Fullmektig i dans-norsk Kammerkancelli frå 5. april 1784. Kontorsjef i dansk-norsk kammerkanselli 5. juni 1795 til 13. mai 1801. Kammerråd 28. februar 1800. Utnevnd til sjef for dansk-norsk tabellkontor 13. mai 1801. Sjef for tabellkontoret fram til sin død 9. mai 1814.

Meir om det Dansk-norske tabellkontor

Jacob Mandix: Sjef for dansk-norsk Tabell-kontoret frå 1797 og dermed ansvarleg for folketeljinga 1. februar 1801. I dansk biografisk leksikon er Jacob Mandix titulert som 'Nationaløkonom'. Han tok på kort tid både teologisk, juridisk og filosofisk embetseksamen i åra 1777-1779. Deretter fekk han reisestipend for å studere statsvitenskap og han oppheld seg derfor i tida 1781-83 ved universitetet i Gøttingen. Frå 1783 hadde han ulike stillingar ved rentekammeret og landvesenskontoret, stadig i nye trinn oppover embetsstigen. Det kan derfor synest som om Mandix var klart kvalifisert for stillinga som leiar for Tabell-kontoret. Men i mai 1801 slutta Mandix ved tabellkontoret. Hr. kammerråd Jacob Mandix "ikke følte sig tilfreds med Arbeidet i dette [Tabellkontoret], navnlig da Folketællingen i 1801 forestod". Og derfor, 13. mai 1801, forlet Jacob Mandix sjefsstillinga ved Tabellkontoret til fordel for stillinga som amtmann på Bornholm. Kanskje oppfatta han stillinga som eit karrieremessig blindspor? Eller kanskje vart det for mykje arbeid?

Øvrig embetskarriere:
Avskultant i Rentekammeret 13. Desember 1783, Revisor i Kontoret for Umyndiges Midler 25. Oktober 1786, Sekretær (Kontorsjef) for jydsk-fynske Landsvesenskontor 13. januar 1790, Chef for det dansk-norske Tabellkontor 31. Mai 1797. Amtmand på Bornhold 13. mai 1801, kommittert i Rentekammeret 2. mai 1804, medlem av Kreditkassedirektionen 13. februar 1807, deputert i Rentekammeret og for Finanserne 1. mai 1822, konferanseråd 1. august 1829, avskjed 2. mars 1831.

Meir om det Dansk-norske tabellkontor