Noreg har frå starten av vore inkludert i teorikomplekset, sjølv om det empiriske grunnlaget for dette var og er ujamnt[2]. Delar av det analystiske verktøyet er nytta mot norsk materiale[3]. I ulik grad har desse granskingane drøfta sine resultat i høve til den europeiske bakgrunnen og det teoretiske utgangspunktet. Med basis i nokre av desse norske granskingane fell det såleis naturleg å spørje: Er teorien om det nordvesteuropeiske hushaldsmønsteret gyldig for det førindustrielle Noreg? Dette er den overordna problemstillinga.
Kvart av teorielementa vert drøfta i eigne kapittel. Kapittel 3 drøftar hushaldsstrukturen, kapittel 4 giftermålsalderen og kapittel 5 aldersskilnaden mellom ektemakane. Desse kapitla byggjer på eksisterande litteratur - utvalde hovudfagsoppgåver frå Universitetet i Bergen, ei doktoravhandling, spesialartiklar - og Norges Offisielle Statistikk (NOS). I kapittel 6 er fokus sett på tenarane og deira høve til hushaldet. I kapittel 7 vert slektskomponenten gjennomgått. Kjeldegrunnlaget for denne delen av analysa er i hovudsak folketeljinga i 1801. I kapittel 8 vert trådane freista dregne saman og i kapittel 9 vert nokre mogelege vegar vidare presentert.
Oppgåva har dermed fire siktemål: Klarleggje teorien og metoden, presentere norske granskingar og synsmåtar, analysere eit eige kjeldemateriale der granskingane er få i høve til teorien og prøve resultata - frå litteraturen og kjeldeanalysa - mot teorien.
Større samanhang m.o.t datamateriale mellom kapitla hadde vore ynskjeleg, men det er vanskeleg på grunn av at det ikkje fins ei einskild gransking som har analysert alle teorielementa. Sogner har flest komponentar med for Rendalen, men heller ikkje denne granskinga er komplett i høve til Laslett sitt analyseopplegg.
Sidan granskingar frå Vestlandet utgjer tyngda av kapittel 3, 4 og 5, byggjer òg kapittel 6 og 7 på materiale frå denne regionen. I denne fasen har eg vurdert val av "rett" område innafor regionen som mindre viktig og derfor er valet delvis bestemt av ei personleg tilknytning til to prestegjeld på Vestlandet. Sund prestegjeld i Søndre Bergehus Amt omfatta i 1801 sokna Fjell, Sund, Møkster og Austevoll med tilsaman 3985 innbyggjarar. Idag tilsvarar dette området kommunane Fjell, Sund og nordelege del av Austevoll i Hordaland. Norddal prestegjeld i Nordre Bergenhus Amt omfatta Norddal sokn med anneksa Sunnylven og Geiranger med tilsaman 2454 personar. Dette tilsvarar idag Norddal kommune og søraustlege del av Stranda kommune i Møre og Romsdal.
Desse to prestegjelda er på fleire måtar ytterpunkta på Vestlandet. Områda i Sund har Nordsjøen som nabo i vest og skipsleia i aust med byen Bergen i overkomeleg roavstand. Kombinasjonen av fiske og jordbruk var sentral i tilpassinga. Skipsleia og avstanden til byen gav næringsmuligheiter utan direkte tilknytning til primærnæringane. Norddal ligg inst på Sunnmøre ved foten av Trollheimen og Reinheimen - avstanden frå fjord til fjell er kort. Jordbruket hadde ei sentral stilling i tilpassinga - men vilkåra var ulike. Dei sentrale gardane ved fjordenden av dalane hadde gode tilhøve for korndyrking. For gardane på berghyllene langsetter fjorden er fedrifta viktigast. Byen var ei jekteferd unna - Bergen og Trondheim var like langt borte. Ålesund hadde fått ladestedsprivilegium i 1793, altså berre nokre år før teljinga i 1801. Eg vonar at desse ytterpunkta på Vestlandet avspeglar ulike, men representative trekk for heile regionen.
Dei norske områda og regionane er samanlikna med materiale frå England og Nord-Frankrike - kjerneområdet for det nordvesteuropeiske hushaldsmønsteret. Presentasjonen av stoffet er forsøkt gjort på same måte som i basislitteraturen, jamfør punkt 2.1
Hosbuande slekt og tenarar i hushaldet er i hovudsak analysert på basis av folketeljinga i 1801 for prestegjelda Sund og Norddal. Det er den elektroniske utgåva av teljinga som er nytta. Denne er gjeve ut av Historisk Institutt, Universitetet i Bergen. Til dette arbeidet har dataprogammet CensSys vore det viktigaste verktyet.
I oppgåva er det ikkje laga rom for inngåande kjeldekritikk - nokre kjeldeproblem er nemnd i innleiinga til kapittel 6 og 7. Der fins fleire problem som kunne ha vore diskutert - viktigast er kanskje sjølve inndelinga i hushald (familiar) i 1801-teljinga. Teljarane i dei ulike regionane kan ha fylgd ulike prinsipp - dersom dei hadde noko! Aldersfordelingar er nytta fleire stader i analysa. Alderen må vere feil ved fleire høve - noko opphopinga på einskilde partal vitnar om.
For å underbygge desse påstandane nyttar Laslett fleire analysemåtar og statistiske mål. a) Hushaldstruktur[12]: frekvensfordeling av hushaldstypane i klassifikasjonssystemet; b) Hushaldstorleikar målt i medel hushaldstorleik (MHS), median, variansmål og presentert i frekvensfordelingar; c) Hushaldssamansetning: indeks- og prosentfordeling av personkomponentane - hovudperson, make, barn, slekt osb., d) Hovudpersonsrate - graden av nuklearisering og e) Delen av fleirgenerasjons- hushald ("Generational depth"). I dette kapittelet vil eg fokusere på hushaldstrukturen og knytte dette til Laslett si nullhypotese og implikasjonen: Dominerer det enkle familiehushaldet? Dersom ikkje - kva endringar skjer og kva er drivkreftene i denne prosessen?
Lokalitetar 1. 2. 3. 4. 5. 6. Tal MHS
Einsle Inga Enkle Utvida Fleir- Ubestem Hus
ge familie hushald familie familie melege -hald
hushald hushald
Utval 1 England 1622- 8,5 3,6 72,1 10,9 4,1 0,9
(30 lokalitetar) 1821 ( 1,6) ( 1,2) ( 2,7)
Frankrike, 1778 1 6 76 14 3 0
Longuenesse
Heidenreichstein 1793 <----- 75 ------ 15 11 - 651
Rendalen 1762 3,3 0,0 61,4 19,0 16,3 0,0 184
Rendalen 1801 2,3 3,0 66,3 16,2 12,2 0,0 302 5,58
Stor-Sandnes 1801 2 0 78 9 11 0 83 4,96
Etne 1801 0 2 79 14 5 0 272 5,19
Vanylven 1801 4 0 80 13 3 0 299 4,7
Hjørundfjord 1801 0 0 78 17 5 0 226 5,5
Haram 1801 1 0 69 19 11 0 265 5,8
Nesset 1801 4 0 81 9 7 0 325 5,8
Sunndal 1801 1 1 59 21 18 0 285 7,4
Aure 1801 0 0 66 17 17 0 353 7,1
Stor-Sandnes 1865 15 1 76 4 4 0 376 4,54
Etne 1865 19 5 74 2 0 0 666 3,92
Gj.snitt 1801 1,6 0,7 72,9 15,0 9,9 0,0 5,5
Std.av 1801 1,6 1,1 7,9 4,2 5,3 0,0 1,0
Kjelder: England og Frankrike, Laslett 1972:85, Laslett 1977:22-23; Heidenreichenstein,
Berkner 1972:400,407;Rendalen, S. Sogner 1979:281,295; Etne, S. Dyrvik 1982:186,194;
Vanylven..Aure, G. Moursund 1994; Stor-Sandnes, O.Tysdal 1990:71,182
Tabell 3.1 viser at det enkle hushaldet er i fleirtal også i dei norske granskingane. For Dyrvik (Etne) og Sogner (Rendalen) var ikkje dette resultatet noko overrasking. For Etne i 1801 og 1865 seier Dyrvik: "Som venta er dei enkle familiehushalda mest utbreidde på båe tidspunkta.".[19] Noko kategorisk verkar det likevel når Sogner for Rendalen i 1801 konkluderer med at ".. husstander av typen ekteskaplig familie-enhet, 3a-d, i overveldende flertall. Dette er helt i overensstemmelse med vanlig erfaring.".[20] Standardavviket for 1801-tala viser at variasjonsbreidda for gruppe 3 er større i Noreg enn i dei 30 granskingane i England frå 1622-1821 (Utval 1). Medelhushaldstorleiken (MHS) i England er 4,75 - medan den er 5,5 i dei undersøkte områda. I Rendalen (båe tidspunkta), Sunndalen og Aure fins det klart fleire utvida og fleirfamiliehushald enn dei andre stadane. Storfamilia i denne tydinga tykkjes ikkje å vere ei heilt framand organisasjonsform.
I Rendalen ser vi frå 1762 til 1801 ei viss forskuving frå utvida og fleirfamiliehushald til enkle familiehushald. I Etne og Stor-Sandnes er det i perioden 1801 til 1865 ein sterk vekst i gruppe 1 og 2 og ei forskuvning frå utvida og fleirfamilie til dei andre gruppene. Dei regionale skilnadane og endringane over tid må granskast nærare for å sjå om desse fenomena kan rokke både ved hypotesa og implikasjonen. Dette vil bli drøfta i dei neste to punkta.
Ealing Heiden- Rendalen Sunndal Vanylven
reichen 1801 1801 1801
1599 -stein
1763
Totalt* Bønder Husmenn
Rydnin
gsmenn
1. Einslege 12% 2% 3% 2% 1% 4%
2. Ingen familie 2% 3% 3% 3% 1%
3. Enkle familie hushald 78% 75% 66% 50% 83% 59% 80%
4. Utvida famile hushald
a) Utvida oppover 1% 12% 9% 14% 5% 13% 6%
b) Utvida nedover 2% 1% 2% 1% 2%
c) Utvida sidelengs 2% 3% 4% 3% 5% 5% 6%
d) Kombinasjon a-c 1% 1% 2%
5. Fleirfamilie hushald
a) Attåteining opp 9% 1% 3% 14% 3%
b) Attåteining ned 1% 2% 11% 19% 2% 4% 0%
5c) 5d) og 5e) 0% 1% 1%
N=Hushald 85 651 302 150 151 285 299
Kjelder: Laslett 1972:85, Berkner 1972:407, Rendalen S. Sogner 1979:281, Sunndal og Vanylven
G. Morsund 1994 (in publ.)
*Totalen for Rendalen inkluderer presten sitt hushald.
Berkner fordeler hushaldstypane etter hovudpersonens alder og etter verdien på garden. Ved prosentdifferansar viser han at det er samvarians mellom typane og alder og mellom typane og storleiken på garden (verdien). Dernest grunnar han ein slik syklus ved å vise til andre kjelder: Lovverket (mannleg førstefødselsrett - tilsvarande vår åsetesrett), vilkårsbrev og folkklore. Tilslutt vurderer han dei ulike typane i høve til stammesyklusen, og Berkner poengterer at hushaldstypa 4a - dersom representert ved ei enkje og type 4c - dersom ugifte sysken, er tvetydige i høve til stammeorganisering. På dette grunnlaget reknar Berkner ut prosentdelen av stammefamiliar (4a+4c+5a+5b=25%) sjølv om han seier: "there can be no such thing as a 'true' percetage of stem families in any population".24 Når han likevel gjer det og samtidig tek med 4a og 4c i reknestykket, grunnar han dette med indisiekrafta til dei andre kjeldene. Dermed kan Berkner konkludere med at stammefamilia var ein realitet - det organiserande prinsipp. Sieder og Mitterauer har granska område i nærleiken av Heidenreichenstein og set spørjeteikn både ved metoden, definisjonane og konklusjonane. I motsetnad til Berkner som nyttar ei teljing (1763), har Sieder og Mitterauer nytta årlege hushaldslister i tidsrommet 1813-1882. Granskinga viser at fasane og overgangane er langt meir komplekse og varierte. Mellom anna er det berre i 34,3% av tilfella (av 70 overtakingar) at eldste sonen overtek etter faren. Dersom enkja tek over (14,2%) og gifter seg att hender det at eldste son forlet garden, truleg for å unngå konflikt med stefaren. I desse tilfella overtek ein annan son, fosterson eller svigerson etter enkja og stefaren. Det er og ein tendens til at der førstefødselsretten er sterk slepp den eldste generasjonen den neste raskare til. Fasen med Le Play si klassiske stammefamilie er dermed kort eller nesten ikkje-eksisterande. På bakgrunn av analysa av dette kjeldematerialet konkluderer dei med: "To speak of the stem family with reference to the peasants of Lower Austria would not therefore in our opinion be justified".[25] Dessutan viser Sogner til at sjølv om 5a og 5b faktisk var mogeleg å danne så hadde arvtakar og arvelatar eigne hushald - "I 36 tilfelle fører arvtaker og arvelater felles husstand, i 15 tilfelle fører de hver sin husstand".26 Eli Fure i si gransking frå Asker og Bærum (1825-1835) konkluderer med at tregenerasjonsfamilia fins, "men langt færre enn de som hadde hatt mulighet til det, rent demografisk sett, valgte denne boformen".27
I dette lyset kan vi sette eit spørsmålsteikn ved Sogner og Berkner si utrekning av det totale talet på stammefamiliar. Men utvida hushald, fleirfamiliehushald og den klassiske stammefamilia (5d) kan i klart sterkare grad påvisast i delar av det norske materialet samanlikna med England, Frankrike og Austerrike. For Rendalen er desse hushaldstypane knytta til bøndene, jfr tabell 3.2. Hos husmennene er desse typane nesten fråverande - dei enkle og små hushalda dominerer fullstendig. Dessutan fins det variasjonar. I Sunndalen ser det ut som 5a vert favorisert framfor 5b, og Vanylven har ein hushaldstruktur etter Laslett sitt mønster med 80% av hushalda i gruppe 3.
Berkner tolkar Cambrige-gruppa og sine eigne resultat såleis: Det fins to klassespesifikke hushaldssystem. Stammefamiliehushaldet knytt til dei jordeigande bøndene og det enkle familiehushaldet til dei jordlause og fattige. Medan talet på dei førstnemnde var stabilt eller minkande, aukar folketalet dramatisk i den andre klassen. Den tilsynelatande framveksten av det enkle familiehushaldet er dermed berre ein kraftig vekst - absolutt og relativt - av ei sosial klasse. Når det enkle familiehushaldet har ei slik dominerande stilling i det engelske materialet alt på 1600-talet skuldast dette at omdanningsprosessen i bondesamfunnet allereie hadde funne stad. Endringane i hushaldsstrukturen frå 1762 til 1865 kan også tolkast på denne måten. Framveksten av husmannsvesenet frå slutten av 1700-talet til kring 1850 vil kunne manifestere seg som ein overgong frå utvida til enklare hushald i kjeldematerialet.
Tidsrom Kvinner Menn
"European 1650-1940 >24
Pattern"
Bø i Telemark 1727-177 25,4 27,0 9
1780-181 25,6 27,7 5
Rendalen 1733-178 27,6 30,7 0
1781-182 28,6 31,1 8
Etne 1715-173 29,8 30,4 4
1735-175 29,2 28,9 4
1755-177 27,3 29,4 4
1775-179 26,9 28,3 4
Hamre 1701-174 28,5 28,0 9
1750-180 27,1 28,2 1
Avaldsnes 1758-177 26,6 25,8 2
1773-178 27,6 27,9 7
1788-180 28,0 27,6 1
Kjelder: Hajnal 1965:108-113; Bø i Telemark, S. Dyrvik 1982: 139;
Etne, S. Dyrvik 1971:60;Rendalen, S. Sogner 1979:335;Hamre, A. Ø. Kåstad
1981:53; Avaldsnes, S. G. Øygarden 1979:83
Men det er og klare regionale skilnader, til dømes mellom Bø og Rendalen - giftermålsalderen er 2-3 år høgare i Rendalen enn i Bø. Var det lettare å skaffe seg eit levebrød i Bø? Var tilgangen på gardsbruk større i Bø? Eller er det eit sosialt skilje. Var det langt fleire husmenn enn bønder i Rendalen enn i Bø? Kanskje er det ulike tradisjonar som spelar inn.
Eilert Sundt knyter giftermål til levebrød: "Så mange levebrød - lige så mange giftermål".39 I periodar med store kull fører dette til "Rift om brødet" og mennene i gifteklar alder står då overfor to alternativ: Skape eit heilt nytt levebrød om mulig eller utsette giftermålet nokre år til eit levebrød er ledig - anten gjennom arv eller kjøp. Begge desse utvegane kunne Sundt observere i samtida (1841-1850).[40] Nyare forskning har ikkje rokka ved dette synet: "Giftermål forutsatte et økonomisk grunnlag for familien, et levebrød. Nygifte etablerte egen husstand. De flyttet ikke inn til foreldrene." skriv Sølvi Sogner.[41] Unntaket frå denne regelen er odelsarvingen som i nokre tilfelle dannar tregenerasjonsfamiliar eller stammefamiliar jfr. kapittel 3, men også odelsarvingar etablerer eigne hushald.[42] Og Michael Drake stør seg på Eilert Sundt når han drøftar giftermål og fertilitet.[43]
Aldersskilnad
Snitt Median % Koner N=ektepar
eldre enn
menn
Ealing 1599 3,5 3,25 21% 62
Longuenesse 1778 2,35 1,5 27% 48
Rendalen 1733-1828 28% 293
Hamre 1701-49 -2,2 53% 62
Hamre 1750-1801 1,9 42% 89
Avaldsnes 1,0 38% 253
1758-1801
Kjelder: Laslett 1977:27; Rendalen, S. Sogner 1979:337; Hamre, A. Ø. Kåstad 1981:57;
Avaldsnes, S.G. Øygarden 1979:89
Yrkesgrupper Snitt Kona Like Mannen N=
eldst gamle eldst Ektepar
Bønder 3,10 27% 7% 66% 51591
Husmenn med 1,38 37% 7% 57% 29863
jord
Husmenn utan 1,27 39% 6% 55% 6273
jord
Andre 1,61 36% 7% 57% 70989
Totalt 2,29 32% 7% 61% 116307
Kjelde: Tabell 13 s. 148-149, NOS B104 Folketeljinga1801 Ny Bearbeiding