Her vil fylgjande trekk bli undersøkt: Proporsjonar i høve til befolkning og hushald, kjønnsproporsjon, aldersfordeling, sivilstatus og slektsrelasjonar. Laslett undersøkjer og fordelinga av tenarar i hushaldet og tenarar i høve til vaksne barn/verbarn. Dette vert ikkje drøfta her.
Føresetnaden for å studere livssyklus på basis av folketeljingsmateriale (ei eller få teljingar) er at prosessen eller tilstandsendringane vi studerer kan forenklast til aldersinhomogene tidskontinuerte Markov-prosessar.
Lokalitetar Talet Kjønnspro- Delen av Delen av Gifte
på porsjonen tenarar i hushald med eller
tenarar folkesetnaden tenarar enkjefolk
England (63 lok. 4600 107 13,4% +/-1.9 28,5%+/-4.4
1574-1821)
Longuenesse 1773 42 147 12,6% 19,7%
Rendalen 1801 193 89 11,5%
Sund 1801 472 65 11,8% 38,3% 3,8%
Norddal 1801 370 67 15,1% 50,2% 5,9%
Landdistrikt 1801 95367 55 12,1%
Kjelder: Laslett 1972:82 og Laslett 1977:32; Rendalen, S. Sogner 1979:291;
Sund, Norddal:1801-teljinga; Landdistrikt 1801: NOS B 134 Tabell 8 s.104
Oldervoll nemner to faktorar som kan forklare kvifor jentene i større grad gjekk ut i teneste: Det var helst ein gut som skulle overta bruket - og han måtte vere heime. Det var større trong for tenestejentene si arbeidskraft - i hushald med berre ein tenar, så var denne i 3 av 4 tilfelle ei jente.[52] Årsaka til dette kan vere at arbeidet til tenestetausene hadde mindre sesongavhengig karakter enn gutane. Fjøsstell, husstell og omsorgsarbeid var like naudsynt året rundt. Mest trong for tenestegutar ville det vere i samband med onnene - spesielt slåtten. Derfor kunne det vere betre å satse på leigehjelp i onnene i staden for å feste fleire mannlege tenarar for heile året. Kanskje kan skilnaden mellom England og Noreg dels skuldast klima og dels at normene for kvinne- og mannsarbeid var ulike. Klimaet - den korte norske sommaren - forsterkar sesongpreget. Dei mange attåtnæringane -fiskeri, skogsdrift og bergverk - var mannsarbeid og gjorde sjølve jordbruket i Noreg til kvinnearbeid i sterkare grad.
I dei to prestegjelda er 3,8% (Sund) og 5,9% (Norddal) av tenarane gift eller har vore gift. Ekteskap tykkjest ikkje vere foreinleg med teneste, noko som ordtaket innleiingsvis også tyder på.
England. Sund Norddal Heile
6 pre-indu 1801 1801 landet 1801
strielle
lokalitetar
(median)
Alders- Menn % Kvinner Menn % Kvinner Menn % Kvinner Menn % Kvinner
grupper % % % %
0-9 1 1 0 0 0 0 1 1
10-14 5 4 11 15 4 4 12 15
15-19 35 27 28 39 15 25 29 39
20-24 30 40 44 44 31 50 30 44
25-29 15 15 19 32 42 42 20 31
30-34 7 10 7 20 27 36 11 19
35-39 4 5 6 8 18 28 7 15
40-44 2 2 3 8 9 21 4 10
over 45 2 2 1 5 2 6 2 5
Kjelder: Laslett 1977:34;Sund og Norddal,1801-teljinga Hist.Inst. UiB;
Heilelandet,Cens1801 Hist. Inst.UiB
*Aldersgruppene er 1-10,11-15 osb. Råtal for Sund, Norddal og landet i vedlegg C.Tabell 6.2 syner og at jentene går seinare inn i teneste. Laslett nemner også dette som eit trekk ved tenarmønsteret i England utan å forklare kvifor. I tillegg avsluttar mennene tenestetida tidlegare enn kvinnene og i England kan det sjå ut som om desse vender attende til barndomsheimen eller etablerer eigne hushald (som einslege).[53]
Eilert Sundt framhevar opplæringsfunksjonen ved tenestetida. For unge jenter var det viktig å kome i teneneste hos ei dyktig matmor. Tenestetida gav både for menn og kvinner røynsler og middel for å etablere eige hushald seinare i livssyklusen.[54] Tenestetida gav òg muligheit til å finne ein ektemake. Fleire (Berkner, Hajnal og Laslett) framhevar at tenestetida gav høve til å skaffe seg kapital for å etablere eige hushald seinare. Hans Magne Kvalvåg har undersøkt tenarhald i søraust Noreg på grunnlag av manntala i 1701 og tenesteskatten 1711. Han har berekna talet tenarar utan løn i 1701 til 39.4%.[55] For Sørum prestegjeld fins for 1711 også oppgåver som syner lønsforhold og alder. Tenarar utan løn har ein gjennomsnittsalder på 14-15 år medan tenarar med løn rundt 24 år. Tenarar utan løn utgjer 23,7% av totale tenartalet for Sørum i 1711. Dette viser at den første delen av tenartida var løna kost og losji. Kor mykje det var råd å leggje seg opp i desse åra varierte nok - sko, litt klede eller nokre reidskapar var kanskje vanleg. Tenestejenta som i ei av Eilert Sundt sine historier berre får med seg ei treskei - er nok ikkje representativ.[56] Kanskje var dei røynslene ein fekk gjennom arbeidet og det sosiale samveret den viktigaste ballasten for resten livet.
Talet Hushald Hushald Delen av
på med hushald med
tenarar tenarar tenarar
Sund Eigedomsklassa 453 670 309 46%
Arbeidsklassa 17 175 16 9%
Total 472 852 327
Norddal
Eigedomsklassa 368 331 216 65%
Arbeidsklassa 2 101 2 2%
Total 370 434 218
Teorien fangar ikkje opp desse skilnadane i det norske materialet. Årsaka til denne ulikskapen heng saman med ulik storleik på det økonomiske grunnlaget til hushalda i dei to klassane. Husmanns-plassen er grunnlaget for arbeidarklassehushaldet, medan bondebruket for eigedomsklassehushaldet. Hans Magne Kvalvåg har påviser ein klar samanheng mellom storleiken på garden målt i skatteklasse og talet på tenarar. På fullgardane har 59% av bøndene tenarar, medan talet er redusert til 38,4% på halvgardane og berre 0,9% av husmennene har tenarar.[58]
Oldervoll har sett denne skilnaden i eit "push" og "pull" perspektiv.[59] Husmannsplassen hadde mindre trong for arbeidskraft og mindre evne til å brødfø ein barneflokk, medan bondebruket hadde trong for arbeidskraft og kunne gje kost og losji som motyting. På denne måten får ein ei form for sosial flytting som tømer husmannshushalda for ungdom. Ved å lage ei sosial alderspyramide kjem dette aspeket fram.
*Eigedomsklassa 3349 personar, arbeidarklassa 604 personar, ukjent 32 personar.
Figur 6.1 syner at i Sund er aldersgruppa 19-24 år sterkt underrepresentert i hushalda i arbeidarklassa. I Norddal er dette bildet endå meir utprega, men populasjonen er i minste laget: Talet på personar i arbeidarklassehushalda utgjer 9,7% (237 av 2454 personar).
Kategorisering av slekt baserer seg her på berre sikre indikatorar dvs. når høvet til hovudpersonen er spesifisert eksplisitt (t.d "HUUSBONDENS MODER") eller implisitt (jfr. over). Namnelikskap mellom farsnamn og fornamn vil ikkje verte nytta som indikasjon på slektskap.
I hushalda fins det i nokre tilfeller vilkårsfolk med slektsnøytral husstandsstilling t.d MAND. Desse personane kan vere slekt med hovudpersonen, men for å dokumentere eventuelle slektskap må ein nytte informasjon i t.d kyrkjebøker eller pantebøker. Dette er ikkje gjort - berre teljinga er grunnlaget for kategoriseringa. Dette gjer at tala som kjem fram av analysa er minimumstal. Tala vil i noko grad vere avhengig av kva praksis teljar har nytta dersom vilkårsfolk, tenarar og innerstar har vore i slekt med hovudpersonen eller maken.
Sjølve klassifikasjonen er gjort på fylgjande måte: 1) Alle hovudpersonar er isolerte først. 2) Deretter vert alle med slektsnegative husstandstillingar sjalta ut dvs. tenarar, drenger, losjerande, fosterbarn. 3) Deretter vert dei med eksplisitte slektsrelasjonar som ikkje skal vere med sjalta ut (hovudpersonens make og barn). 4) Neste steg er å klassifisere dei med eksplisitte slektsrelasjonar som skal vere med (mor, far , bror, søster osb.). Ein vil då stå att med personar med slektsnøytrale eller implisitte husstandstillingar t.d MAND, ENKEMAND, DISSES BØRN, DENNES KONE. 5) Desse personane sin eventuelle slektsrelasjon vert så vurdert på individnivå ved å sjekke yrkesterm, merknadsfeltet og den innbyrdes rekkjefølgja.
England Frankrike Noreg
Ealing Longuenesse Sund Norddal Landdistrikt
Type slekt 1599 1778 1801 1801 1801
Far 1 0 41 56 23012
Mor 1 3 91 86
Søster 4 6 33 31 13996
Bror 0 3 20 41
Nevø 3 1 3 2 -
Niese 1 0 3 1 -
Svigerson 0 2 0 2 1734
Svigerdotter 1 2 5 8
Barnebarn 0 2 10 15 5450
Anna slekt 0 3 7 3 4635
Totalt 11 22 213 245 48827
Populasjon 427 333 3985 2454 790514
% i 2,6 % 6,6 % 5,3 % 10,0 % 6,2 %
populasjonen
% av hushalda 13,0 % 19,7 % 17,2% 32,7%
Kjelder: Ealing og Longuenesse, Laslett 1977:30-31; Landdistrikt 1801, NOS B134 1980:Tabell 10.Materialet frå Sund og Norddal syner og at slektningane i hushaldet i stor grad er nærskylde med hovudpersonen eller maken - foreldre og sysken. Foreldra utgjer kring 3/5 av alle slektningane både i Sund og Norddal. Dette er også ein indikasjon på at stammestrukturen er ein realitet i ein del av hushalda. Norddal og Rendalen på den eine sida, Etne og Sund på den andre indikerer at det fins klare regionale skilnader. Desse skal vi spore ved å analysere landsdelane mot kvarandre.
Slektskap England Norge Landdistrikt
til 1650-1749 1801 regionvis
hovudpersonen
By-dis Land- Austlandet Agder Vest- Trønde- Nord-
trikt distrikt landet lag Norge
Foreldre 2 5,6 15,9 13,8 18,1 22,4 12,7 10,3
Sysken 2 6,6 9,7 9,1 15,5 10,8 7,2 7,5
Verborn 1 0,4 1,2 1,4 1,1 1,3 0,8 0,4
Nevø/niese 1 - - - - - - -
Barnebarn 3 2,9 3,8 4,8 2,5 3,0 3,3 2,4
Anna slekt 2 4,5 3,2 3,4 4,6 3,1 2,2 2,7
Total 11 19,9 33,7 32,6 41,8 40,5 26,2 23,3
N (Hushald) 2675 18650 144914 64977 11645 36884 17589 13819
% slekt i pop. 4,3% 6,2% 6,0% 8,2% 7,2% 4,9% 4,1%
Kjelder: England, R.Wall 1983:53; Norge, NOS B134 Folketeljinga 1801:Tabell 10.
Det enkle familiehushaldet er godt representert i dei undersøkte områda. Kystsamfunna ser ut til å passe best inn i teorien, medan Sunndal og Rendalen indikerer at kanskje både tradisjon og økonomi gjev høgare innslag av utvida og fleirfamiliehushald. Rendalen med den relativt store prosentdelen stammefamiliar har eit meir arkaisk preg meiner Sølvi Sogner.[68] Granskingane frå Rendalen, Etne og Sandnes peikar og i retning av ei viss endring over tid - ei "modernisering".
Giftermålsalderen i dei undersøkte områda ligg over Hajnal sitt mønsterkrav. Men der fins klare sosiale skilnader - bondebrudene gifter seg tildels langt tidlegare enn husmannsbrudene. Og det fins regionale skilnader.
Aldersskilnaden mellom ektemakane er låg og høver med teorien. Men delen av koner eldre enn mennene er høgare i Noreg enn hos Laslett - spesielt gjeld dette husmannsektepara. Også her ser vi yrkesmessig eller sosiale skilnader - bondebrudgommane er relativt eldre i høve til brudene enn husmannsbrudgommane.
Livssyklus tenarar fins i dei norske hushalda og karaktertrekka ved tenarane og tenestetida har godt samanfall med Laslett sin teori. Men vi kan spore to skilnader. I Noreg er det fleire jenter enn gutar i teneste og ein klar sosial skilnad - ei "utflytting" frå husmannsheimane til bondeheimane. Dess større gard - dess oftare tenarar i hushaldet.
Hosbuande slekt fins i klart større målestokk i Noreg enn i kjerneområdet for det nordvesteuropeiske hushaldet. Også her fins det klare sosiale og regionale skilnader. Dess lengre nord dess mindre slekt. Foreldre og sysken utgjer tyngda av slekta.
Svaret på spørsmålet innleiingsvis vert derfor både ja og nei. Det siste tyder ikkje at teorien bør forkastast, men kanskje fins det opningar for modifikasjonar. Det kan vere ein veg å gå.
Andre veg går i tidsdimensjonen, ved å snevre inn mengda av analyseverktøy, avgrense romdimensjonen til t.d utvalde områder på Vestlandet. Eg kunne tenkje meg å trekke inn teljinga 1701, ekstraskatten i 1760 åra og teljingane frå 1801 til 1900 og granske utviklinga i hushaldstyper og hushaldssamansetning. Ved å samanlikne same sosialgruppe i ulike regionar kan ein oppnå større innsikt i dei sosiale og regionale skilnadane. Kva endringar skjer og korleis kan dei forklarast.
Tredje veg er enno utan bestemte avgrensingar i tid og rom, men innsnevringar i høve til alder og kjønn. Kvifor vel fleire unge menn å bli verande lenger i barndsomsheimen? Kvifor går færre ut i teneste? Kvifor etablerer dei eigne hushald i sterkare grad enn før? Dette er ei utviklingslinje som kan skimtast og konsekvensane av desse handlingane har stor innverknad på hushaldstruktur og hushaldssamansetning.
Kanskje kan studiet av ei slik endring i menn sine "karrierevegar" sett i relasjon til både demografiske, økonomiske, sosiale og politiske strukturar gje ny innsikt. Folketeljingar vil vere dei viktigaste kjeldene, og teljinga i 1801 er sentral. Endringane vil best kunne granskast ved samanlikning av kohortar. Ei von ligg derfor i nominative teljingar mellom 1801 og 1865. Medan Ekstraskatten av 1762-1772 opnar for å studere utviklinga på slutten av 1700-talet.
Grupper Typar ("Classes")
("Categories")
1. Einslege a) Enkjer/Enkjemenn
b) Ugift/eller uviss sivilstatus
2. Ingen familie a) Sambuande sysken
b) Sambuande slektningar
c) Personar som ikkje er i slekt
3. Enkle familie a) Gift par utan barn
hushald b) Gift par med barn
c) Enkjemann med barn
d) Enkje med barn
4. Utvida famile a) Utvida oppover
hushald b) Utvida nedover (Nevøar, nieser, barnebarn)
c) Utvida sidelengs (sysken, anna slekt)
d) Kombinasjonar av a-c
5. Fleirfamilie a) Attåteining(ar) opp (foreldre)
hushald b) Attåteining(ar) ned (gifte barn)
c) Einingar sidelengs
d) Frèrèches (Einingar av syskjen)
e) Andre fleirfamiliehushald
(inkludert kombinasjonar av a-d og
utvidingar.
6. Ubestemmelege
Ved klassifikasjon skal det skiljast mellom hushald med og utan tenarar.
Klasse Yrkeskategoriar Yrkestermar Sund 1801 Norddal
hos Eilert 1801 teljinga 1801
Sundt
Kl. 1 Embeds- og Sogneprest, 3 3
Eigedomsklassa bestillingsmend Cappelan,
lensmann
Tenestemenn 5
(toll)
Skoleholdere 3
Selveiere 62
Leilændinger 83
Bruker/Bonde 374 324
Jordbeboer 132
Handelsmænd 6 1
Andre Gjestgivere, 2 3
pensionær
Sum Kl. I 670 331
Arbeiderklassa Husmenn m/jord 16
Husmenn u/jord 33 59
Husmenn 83 2
fiskere 11
daglønnere 1 4
tjenestefolk 1
Innerstar 15
Forpagtere 5
Håndverkere på Arbeid/Handverk 1 9
landet, svende (spindersker)
og drenge
Andre Almisse 9 27
Sum Kl. II 175 101
Ukjent 7 2
Sum hovudpersonar 852 434
I Sund er mange oppført med to yrkesnemningar t.d "Bruger [gaard|bøxel gaard|jord] og fiskerie", "Jordbeboer og fisker" eller "Huus mand og lever af fiskerie". Desse er plassert etter den første yrkesnemninga. Losane (Kl. II etter Sundt) er kategoriert i Kl. I eller Kl. II avhengig om dei er husmenn eller gardbrukarar.
33
Sund Norddal Heile
1801 1801 landet
1801
Menn Kvinner Menn Kvinner Menn Kvinner
Alder Tenarar Menn Tenarar Kvinner Tenarar Menn Tenarar Kvinner Alder Tenarar Menn Tenarar Kvinner
totalt totalt totalt totalt totalt totalt
0-9 2 449 1 443 0 204 0 197 1-10 633 108752 888 108133
10-14 23 203 32 220 4 99 4 105 11-15 5387 43220 6163 40652
15-19 51 185 63 163 19 125 25 100 16-20 10608 36895 15436 39212
20-24 61 139 71 160 34 109 53 107 21-25 9904 33403 16590 37698
25-29 24 129 47 148 44 105 41 98 26-30 6189 30230 10897 34926
30-34 9 130 26 133 20 73 35 96 31-35 2766 24927 5259 27639
35-39 8 125 10 129 14 78 25 88 36-40 1893 28626 4801 32042
40-44 4 138 11 131 6 64 15 72 41-45 831 21698 2310 23879
45 og 4 423 25 537 8 335 22 396 46 og 1991 93023 5965 113718
over over
Manglar 0 1 1 2 Manglar 20 186 27 192
Sum 186 1921 286 2064 149 1192 220 1259 Sum 40222 420960 68336 458091
Kjelder: Folketeljinga 1801 for Sund og Norddal; Cens1801.