Arbeidsspørsmål – Tidleg moderne tid (førebels)

Arne Solli

Det norske jordbrukssamfunnet etter 1500

1. Kva er ”Det Europeiske giftarmålsmønsteret”? På kva måte virka normer for giftermål og familieetableringer regulerande på folkeveksten?

2. Kva var den vanlegaste driftseininga i jordbruket? Kva skil hushaldet frå driftseininga og kva funksjonar hadde hushaldet?

3. Les fra Havråboka på Internett:  http://hordaland.kulturnett.no/tema/havraa/

Hvor mange bruk var garden Havrå delt i?  Kva er   teigblanding? Kva for sosiale og økonomiske utfordringer trur du teigblandinga representerte for folket på Havrå?

4. Kva er ein husmann? Kva var vanlege kontraktsvilkår mellom bonde og husmann? Drøft kva funksjonar husmannsvesenet hadde? Kva for løysingar ved sida av husmannsvesenet ble vald for skaffe utkomme til fleire familiar?

Nye næringar og samfunnsgrupper

1. Kva for næringar vaks fram i tida etter 1500? I kva grad var næringane ”nye” og korleis skilde næringsdrifta seg frå tidlegare (mellomalderen) Kva for formelle rettar og plikter hadde ein borger i de dansk-norske byene?

2. Kva meiner vi med omgrepa standssamfunn, rangsamfunn og privilegiesamfunn?  Grei ut om kjøpstadsprivilegia av 1662 og Sagbruksprivilegia av 1688. Kva for konsekvensar fekk disse privilegia for a) borgarskapet og for b) bøndene.

3. Korleis var eksportfiskeria organisert?   Kva betydning fikk de norske fiskeria for fiskerbondehushalda?

4. Kva betydde utbygginga av bergverksnæringen for sysselsettingen i jordbrukssamfunnet?