8: Rådhuset, tårnet og hallen - ekskursjon.

NB! Denne sida er oppdatert 8.10 med meir detaljerte tips til litteratur og kjelder. Oppgåvene er dei same, men eg har sett inn tilleggsspørsmål som også er meint som hjelp.
Vi starter ved Sydneskantina kl. 12:15. Deretter går vi til Det gamle rådhus, sågjennom Hollendergaten til Peppes Pizza i Finnegården. Etter Pizza-stopp går vi til Vinkjelleren og middelalderens rådstue på Breidaallmenningen og til slutt til Holmen (Bergenhus festning) med Håkonshallen og Rosenkrantztårnet.

Gruppeoppgåver til ekskursjon

Opplegget blir som sist. Kvar gruppe førebur ein kort presentasjon ved tre "punkt" langs ruta frå Det gamle rådhus til Håkonshallen. Fokus denne gangen er "politiske" bygningar og politiske institusjonar. Gruppa lager ein kort presentasjon (ca 5 minutt) med tema det politiske styringa av bysamfunnet. Arbeidet du legg ned i desse oppgåvene vil du kunne hauste av når du skal skrive oppgåve 3. Felles litteratur finn du til slutt i dette dokumentet.

Gruppe 1

Tema: Bystyringa etter 1661.

  1. Det gamle rådhus på Vågsallmenningen. Gjer kort-kort greie for historia til bygninga.
  2. Kva er magistrat, bymøte og eligerte menn.
  3. Korleis føregjekk rekruteringa (val eller utnemning) til magistrat og gruppa av eligerte menn.
  4. Kva funksjonar hadde magistrat og de eligerte menn.

Kjelder og litteratur:
Steinar Supphellen, Bybrann og bystyringa. Kompendium s. 461-476.
Christian V norske lov 1687 3 bok, 4 kapittel Om Øvrighed og andre Betiente i Kiøbstæderne
Anders Bjarne Fossen, Bergen Bys Historie II, kapittel 4, 16, 23 og 39.
Sjå særleg sidene 70-72, 254-258, 353-354, 360-364, 710-714 og 719-722 (Eligerte menn).
Bystyringa etter 1661
Historiske bygninger i Bergen
Det gamle Rudhus og Hagerupsgården (Stiftamtmann)

Gruppe 3

Tema: Bystyringa i mellomalderen.

  1. Vinkjellaren og rådstua på Breida-allmenningen/Nikolaikirkeallmenningen. Gjer kort-kort greie for historia til bygningane.
  2. Kva var ein gjaldker?
  3. Kva var byrådet?
  4. Kva rolle hadde (by)lagmannen i høve til byrådet? Korleis blei byrådet valt/utnemnd?

Kjelder og litteratur:
Sjå Bylova: Bolk I Tingskipingsbolken, kapittel 3 og 5. Bolk VI Byskipinngen, kapittel 1-8. Kompendium s. 482-485, s. 491-496
1293/94; Rettarbøter fra kong Eirik Magnusson for Bergen Sjå artikkel 1 og 5

Ekstra litteratur:
NRK-Hordland: Bergens gamle rådstue med bilder frå Vinkjellaren. Tilhøyrande Billedgalleri
Knut Helle, Bergen bys historie, kapittel 17 og kapittel 26
Sjå særleg sidene: s. 496-501 (Gjaldker), 512-514, 526-527 (bylagmann), s. 532-537 (byrådet), s. 851-855 (byfogd og byråd, lagmann)

Gruppe 4

Tema: Kongen/Krona/Statens representantar i bysamfunnet.

  1. Kongsgarden/Bergenhus: Gjer kort-kort greie for historia til dei bygningane Rosenkrantztårnet og Håkonshallen.
  2. Kva var ein gjaldker, sysselmann, fehirde, høvedsmann, lensherre og stiftamtmann.
  3. Plasser stillingane på ei tidsline.
  4. Kan du tilordne hovudfunksjonar til dei ulike embetsstillingane
Kjelder og litteratur:
Sjå Bylova: Bolk I Tingskipingsbolken, kapittel 3 og 5. Bolk VI Byskipinngen, kapittel 1-8. Kompendium s. 482-485, s. 491-496
1293/94; Rettarbøter fra kong Eirik Magnusson for Bergen Sjå artikkel 1 og 5
Christian V norske lov 1687 3 bok, 4 kapittel Om Øvrighed og andre Betiente i Kiøbstæderne

Ekstra litteratur:
Knut Helle, Bergen bys historie, kapittel 17 og kapittel 26
Sjå særleg sidene: s. 496-501 (Gjaldker), 507-508 (Fehirde og syselmann), s. 825-826 (høvedsmann), s. 842-848 (Kongsgården). Om stillingstitlane høvedsmann, slottsherre, lensherre, fehirdsle sjå s. 829.
Anders Bjarne Fossen, Bergen Bys Historie II, kapittel 22 og 39.
Sjå særleg sidene 349-352 (hovedlensmann) og sidene s. 710-711, 725-726 (stiftamtmann/stiftbefalingsmann).
Rosenkrantztårnet og 360 gr. visning
Håkonshallen
Hagerupsgården (Stiftamtmann)

Merk at nemninga lensherre/lensmann hos Knut Helle tilsvarar lensmann/hovedlensmann hos Anders Bjarne Fossen.

Felles kjelder og litteratur

Pensum

Øye, Ingvild Våre første byer. Onsdagskvelder i Bryggens museum VII, http://www.uib.no/bmu/publ/onsdagskvelder/bind7/ Særleg relevant er del 1, Knut Helle: Tidlig byutvikling i Vestnorge. http://www.uib.no/bmu/publ/onsdagskvelder/bind7/del1.html
Holmsen, A. og J. Simensen (red). Samfunnsmaktene brytes. Norske historikere i utvalg II, s. 233-269.
Steinar Supphellen, Bybrann og bystyring. Kompendium s. 461-476.
Bylova, sjå kompendium
Dei generelle byprivilegia 1662, vis

Annan relevant litteratur

Anders Bjarne Fossen, Bergen Bys Historie II, kapittel 22 og 39.

Knut Helle, Bergen bys historie, kapittel 17 og kapittel 26

Historiske bygninger i Bergen
Byarkivet: Oppslagsverket
www.bergenskart.no


Arne Solli
Sist oppdatert 8.10.2006.