8: Rådhuset, tårnet og hallen - ekskursjon.

Vi starter ved Sydneskantina kl. 9:15. Deretter går vi til Det gamle rådhus, så gjennom Hollendergaten, Øvregaten til Vinkjelleren og middelalderens rådstue på Breidaallmenningen og til slutt til Holmen (Bergenhus festning) med Håkonshallen og Rosenkrantztårnet. Då er vi klar for Peppes Pizza i Finnegården der vi avsluttar med pizza.

Frivillige gruppeoppgåver til ekskursjon

Opplegget blir som sist. Kvar gruppe førebur ein kort presentasjon ved fire punkt langs ruta frå Det gamle rådhus til Håkonshallen. Fokus denne gangen er politiske institusjonar/bygningar og byhandverk. Kvar av gruppen lager ein kort presentasjon (ca 5 minutt). Arbeidet du legg ned i desse oppgåvene vil du kunne hauste av ved pensumlesing. Felles litteratur finn du til slutt i dette dokumentet.

Gruppe 1:Bystyringa etter 1661

  1. Det gamle rådhus på Vågsallmenningen. Gjer kort-kort greie for historia til bygninga.
  2. Kva er magistrat, bymøte og eligerte menn? Kva funksjonar hadde magistrat og de eligerte menn?

Kjelder og litteratur:
Steinar Supphellen, Bybrann og bystyringa. Kompendium s. 461-476.
Christian V norske lov 1687 3 bok, 4 kapittel Om Øvrighed og andre Betiente i Kiøbstæderne
Bystyringa etter 1661
Historiske bygninger i Bergen
Det gamle Rådhus og Hagerupsgården (Stiftamtmann)
Ekstra litteratur: Anders Bjarne Fossen, Bergen Bys Historie II, kapittel 4, 16, 23 og 39.
Sjå særleg sidene 70-72, 254-258, 353-354, 360-364, 710-714 og 719-722 (Eligerte menn).

Gruppe 2: Handel og Handverk

Ta utgangspunkt i dei handverka som er nemnde i Magnus Lagabøtes bylov. Kvar i byen skulle handverkarane vere? Kva for handverk trur du var basert på lokale råvarer og ein lokal handelsmarknad. Og kva for handverk hadde ein vidare geografisk omsetnad (fjernhandel). Kva marknad meiner du fanst for dei ulike produkta. Mulig avgrensing: Ta utgangspunkt i handverka med nummer 3 til 7 på karet, dvs. mellom Autallmenning og Breidaallmenning. Kjelder: Magnus Lagabøtes Bylov, bolk VI, kapittel 8, sjå kompendium s. 495-496.

Større kart

Generelle litteraturtips

Knut Helle (et. al.), Norsk byhistorie, kapittel 3 og kapittel 4. Handel og handverk blir teke opp fleire stader, m.a. side 80-114. På s. 90 er eit kart over Bergen som er særs nyttig for å forstå bylova

Ekstra litteratur:
Knut Helle, Bergen Bys historie, bind I
Særleg relevant er kapittel 15. Og du finn eit oversiktskart på s. 185 oi kapittel 9. Kapittel 9 er nyttig for å finne plasseringa av kyrkjer og allmenningar.  Generell omtale av bylova finn du i  kapittel 8. Bruk registra bak i boka kreativt.

Bergen Bys historie står utstilt til lesesalslån både på HF-biblioteket og UBB Spesialsamlinga (Inngang bak studentdemokratiet).

Gruppe 3:Bystyringa i mellomalderen.

  1. Vinkjellaren og rådstuen på Breidaallmenningen (seinare Nikolaikirkeallmenningen). Gjer kort-kort greie for historia til bygningane.
  2. Kva var ein gjaldker?
  3. Kva var byrådet?
  4. Kva rolle hadde (by)lagmannen i høve til byrådet? Korleis blei byrådet valt/utnemnd?

Kjelder og litteratur:
Sjå Bylova: Bolk I Tingskipingsbolken, kapittel 3 og 5. Bolk VI Byskipinngen, kapittel 1-8. Kompendium s. 482-485, s. 491-496
1293/94; Rettarbøter fra kong Eirik Magnusson for Bergen Sjå artikkel 1 og 5

Ekstra litteratur:
NRK-Hordland: Bergens gamle rådstue med bilder frå Vinkjellaren. Tilhøyrande Billedgalleri
Knut Helle, Bergen bys historie, kapittel 17 og kapittel 26
Sjå særleg sidene: s. 496-501 (Gjaldker), 512-514, 526-527 (bylagmann), s. 532-537 (byrådet), s. 851-855 (byfogd og byråd, lagmann)

Gruppe 4: Kongens representantar i byen

Tema:

  1. Kongsgarden/Bergenhus: Gjer kort-kort greie for historia til dei bygningane Rosenkrantztårnet og Håkonshallen.
  2. Kva var ein gjaldker, sysselmann, fehirde, høvedsmann, lensherre. Etter 1661: Stiftamtmann.
  3. Er det råd å plassere stillingane langs ei tidslinje?
  4. Kan du tilordne hovudfunksjonar til dei ulike embetsstillingane
Kjelder og litteratur:
Sjå Bylova: Bolk I Tingskipingsbolken, kapittel 3 og 5. Bolk VI Byskipinngen, kapittel 1-8. Kompendium s. 482-485, s. 491-496
1293/94; Rettarbøter fra kong Eirik Magnusson for Bergen Sjå artikkel 1 og 5
Christian V norske lov 1687 3 bok, 4 kapittel Om Øvrighed og andre Betiente i Kiøbstæderne

Ekstra litteratur:
Knut Helle, Bergen bys historie, kapittel 17 og kapittel 26
Sjå særleg sidene: s. 496-501 (Gjaldker), 507-508 (Fehirde og syselmann), s. 825-826 (høvedsmann), s. 842-848 (Kongsgården). Om stillingstitlane høvedsmann, slottsherre, lensherre, fehirdsle sjå s. 829.
Anders Bjarne Fossen, Bergen Bys Historie II, kapittel 22 og 39.
Sjå særleg sidene 349-352 (hovedlensmann) og sidene s. 710-711, 725-726 (stiftamtmann/stiftbefalingsmann).
Merk at nemninga lensherre/lensmann hos Knut Helle tilsvarar lensmann/hovedlensmann hos Anders Bjarne Fossen.
Rosenkrantztårnet og 360 gr. visning
Håkonshallen
Hagerupsgården (Stiftamtmann)

Felles kjelder og litteratur

Pensum

Øye, Ingvild Våre første byer. Onsdagskvelder i Bryggens museum VII, http://www.uib.no/bmu/publ/onsdagskvelder/bind7/ Særleg relevant er del 1, Knut Helle: Tidlig byutvikling i Vest-Norge. http://www.uib.no/bmu/publ/onsdagskvelder/bind7/del1.html
Holmsen, A. og J. Simensen (red). Samfunnsmaktene brytes. Norske historikere i utvalg II, s. 233-269.
Steinar Supphellen, Bybrann og bystyring. Kompendium s. 461-476.
Knut Helle (et. al.), Norsk byhistorie
Bylova, sjå kompendium
Dei generelle byprivilegia 1662

Annan relevant litteratur

Anders Bjarne Fossen, Bergen Bys Historie II, kapittel 22 og 39.

Knut Helle, Bergen bys historie, kapittel 17 og kapittel 26

Historiske bygninger i Bergen
Byarkivet: Oppslagsverket
www.bergenskart.no
BerGIS-prosjektet


Arne Solli
Sist oppdatert 9.10.2007.