11: Hanseatisk Museum og Bryggens Museum

Det er to tema for denne ekskursjonen: a) Handel og handelsnettverk og b) Byoppkomst sett frå ulike fagdisiplinar og kjeldetypar.
Vi starter ved Sydneskantina NB! Torsdag 8/11 kl. 9:15. Deretter går vi til Hanseatisk Museum. Dei som ønskjer det kan møte ved Hanseatisk Museum kl. 9:15. Hanseatisk Museum ligg ved Kjøttbaseren, inst på Bryggen. Museumsdirektør Marco Trebbi vil guide oss på Hanseatisk Museum. Deretter går vi til Bryggens Museum og vi avsluttar i auditoriet på museet med ein spørjerunde. Vi reknar med å vere ferdig ca. kl. 12:30. Det blir inga forlesing tirsdag 6/11.

Spørsmål og leseliste

Som vanleg har vi laga spørsmål og leseliste til ekskursjonen. Oppgåvene kan du løyse individuelt eller i grupper. Det blir desverre ingen presentasjonar denne gongen.

Hanseatisk Museum

Tema er handel og handelsnettverk
  1. Kva var Hansaen (Hansaforbundet). Var Bergen ein Hansa-by?
  2. Kva er fjernhandel? Kva for vareslag dominerte i fjernhandelen mellom Norge og kontinentet?
  3. Samanlikn handelen med fisk (torsk) og trelast? Geografisk tyngepunkt, organisering og ulike konsekvensar? Eksempel på samanlikning: Fisk og trelast som bakgrunn for småbyvekst? Småbyar i Bergens cirkumferens? (Kva er cirkumferens?)
  4. Kva var "Det tyske kontor"? Korleis var kontoret organisert?

Bryggens Museum

Tema er byvekst frå i ulike fagdisiplinar (arkeologi og historie) og med ulike kjeldetypar
  1. Kva for kjelde og kjeldetypar har historikarane særleg støtta seg til i diskusjonen om byveksten i mellomalderen?
  2. Kva andre perspektiv gjev det arkeologiske materialet på byveksten?
  3. Andre fagdisiplinar (utanom historie og arkeologi) med andre synspunkt?
  4. Kva for handel og handelsnettverk er framtredande i det arkeologiske materialet?

Kjelder og litteratur:

Ersland, Geir Atle: "Vestlandet og byane 1500-1850", i Vestlandets historie, Bergen 2006. (Kompendium)
Knut Helle (et. al.), Norsk byhistorie kapittel 2-3
Finn Einar Eliassen, Norsk byhistorie kapittel 6 og kapittel 8.
Øye, Ingvild Våre første byer. Onsdagskvelder i Bryggens museum VII, http://www.uib.no/bmu/publ/onsdagskvelder/bind7/
Knut Helle: Tidlig byutvikling i Vest-Norge. http://www.uib.no/bmu/publ/onsdagskvelder/bind7/del1.html


Kjelder: Magnus Lagabøtes Bylov, bolk VI, kapittel 8, sjå kompendium s. 495-496.

Hanseatisk Museum
Bryggens Museum
Historiske bygninger i Bergen
Byarkivet: Oppslagsverket
www.bergenskart.no
BerGIS-prosjektet


Arne Solli
Sist oppdatert 30.10.2007.