Vilkår for bruk

Arbeidsheftet kan lastast ned gratis til studieformål ved norske og utanlandske universitet. Heftet kan ikkje distribuerast vidare eller leggjast ut for sal.

 

Arbeidshefte i norrønt

NORD100 | Universitetet i Bergen | Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium


 

Kurset NORD100 omfattar ei kort innføring i norrønt språk. Til bruk på kurset har Odd Einar Haugen og Nina Stensaker laga eit arbeidshefte, som første gong vart brukt i undervisninga hausten 2019.

 


Nedlasting

Den nyaste versjonen av heftet vart lagt ut 17. september 2021:

Norrønt på 500 ord (5. versjon).

 


Eldre versjonar av heftet

Dei eldre versjonane ligg her til orientering for dei historisk interesserte. Men bruk for all del den nyaste versjonen av heftet!

Den første versjonen av heftet vart lagt ut 5. juni 2019. Det var ein litt kortare versjon enn dei seinare versjonane, i alt på 60 sider:

Norrønt på 500 ord (1. versjon).

Den andre versjonen av heftet vart lagt ut 25. oktober 2019. Denne versjonen rettar opp ein del feil og utelatingar frå den første versjonen, og den legg til litt meir om bakgrunnen for norrønt, om omlyd, om ordstruktur og om den bestemte bøyinga av substativet. Det er likevel ikkje meir enn 6 ekstra sider:

Norrønt på 500 ord (2. versjon).

Den tredje versjonen av heftet vart lagt ut 5. oktober 2020. Den rettar opp nokre mindre feil.

Norrønt på 500 ord (3. versjon).

Den fjerde versjonen av heftet vart lagt ut 8. desember 2020. Også den rettar opp nokre mindre feil.

Norrønt på 500 ord (4. versjon).

 


Oppretta 23.04.2019.
Sist oppdatert 17.09.2021 avOEH.