Synspunkt?

Synspunkt eller spørsmål? Ta kontakt med forfattaren:

odd.haugen@lle.uib.no

 

Grunnbok i norrønt språk


Grunnbok i norrønt språk kom ut med si første utgåve i 1993, og 4. utgåve (3. reviderte opplag) kom i 2006. Du kan framleis bruke eldre utgåver av boka, men særleg frå 1. til 2. utgåve vart det gjort ein del endringar. Boka kom ut på det forlaget som i 1993 heitte Ad Notam Gyldendal og som no heiter Gyldendal Akademisk.

 


Oppdateringar og rettingar til siste utgåve

Så snart ei bok er trykt, kjem det til nye ting – det vere seg supplement til litteraturlista, revisjonar av innhaldet eller rettingar av reine feil. Hittil er det registrert ein handfull feil i siste utgåve av boka (2006):

På s. 52, l. 10-11 nedanfrå står det "som /ju:/ føre /f/, /b/, /g/ og /k/". Det skal vere "som /ju:/ føre /f/, /p/, /g/ og /k/". Eksempel på verb med desse konsonantane er kljúfa, krjúpa, ljúga og fjúka.

På s. 145 står det under “Oppgåver”: “Når du har lese gjennom kap. 10, ...”. Det skal vere kap. 9. Ikkje den heilt store feilen, men likevel!

På s. 155 er det eit paradigme for bøyinga av ordet engi. Dette ordet har så mange avvikande former at det berre er med velvilje ein kan seie at det har same bøying som spakr. Formene engi, enskis og ekki er ikkje regelrette, og må rett og slett forståast som avvik frå mønsteret.

I skjemaet nedst på s. 157 er borg brukt som døme på bestemt bøying av eit feminint substantiv. Her er fleirtalsformene i nominativ og akkusativ oppførte som ‘borgar + inar = borgarnar’. Dette er uheldig, fordi borg vanlegvis blir bøygd som ein ir-type (berre unntaksvis som ein ar-type), og då burde det ha stått ‘borgir + inar = borgirnar’ i nom. og akk. her.

På s. 296, i fasiten til oppgåvene til kap. 9, står det at adjektivet “stuttr” har gradbøyinga “stuttari - stuttastr”. Det skal vere “styttri - stytztr” (styttstr > stytztr), altså med i-omlyd. Superlativforma er ikkje heilt lett å uttale, så ein kan forstå at adjektivet har fått ei regulær bøying i moderne norsk.

 


Revisjonar & rettingar i tidlegare utgåver

Frå og med den andre utgåva i 1995 har det vore gjort større eller mindre endringar i teksten. Her er eit oversyn over dei viktigaste endringane, slik at det skal vere lettare å bruke eldre utgåver i lag med den nyaste utgåva.

Nytt & retta i 4. utgåve, 3. opplag (2006)
Nytt & retta i 4. utgåve, 1. opplag (2001)
Nytt & retta i 3. utgåve (1998)
Nytt & retta i 2. utgåve (1995)

Sidetala er så godt som uendra gjennom alle utgåvene. Dei største endringane skjedde med 2. utgåve. I dei seinare utgåvene har det vore heller små endringar. 2. opplag av 4. utgåve (2002) var eit uendra opptrykk av 1. opplag frå 2001, men 3. opplag frå 2006 inneheld nokre rettingar (følg lenka ovanfor).

 


Bokmeldingar

Kva meiner andre? Kven eignar boka seg for? Boka har vore omtalt i Norsklæraren (på norsk) og i Skandinavistik (på tysk).

Bokmeldingar

 


Er Grunnbok i norrønt språk for mykje av det gode?

Då kan det vere at du skal sjå på den kortare utgåva, som finst på norsk og på tysk. Førebels er berre den tyske utgåva publisert på eit ordinært forlag, men begge kan inntil vidare lastast ned gratis frå desse adressene:

Norrøn grammatikk i hovuddrag (utg. 15. september 2008)
Norröne Grammatik im Überblick (utg. 1. juli 2013)

 


Oppretta 01.02.1999.
Sist oppdatert 20.10.2013 av OEH.