Oppdateringar

I den norske utgåva frå 2004 kom det inn ein og annan trykkfeil. Det er også ein del stader der vi gjerne vil supplere teksten:

Feil & tilføyingar (2004)

Lista over feil og suppleringar i utgåva frå 2013 er kortare, men vi byr på eit lite knippe:

Feil & tilføyingar (2013)

 


Faksimilar

Kap. 1, 4, 5 og 12 av handboka (2013) har mange faksimilar av diplom og handskrifter. Desse har vi no lagt ut, for det meste i større utsnitt enn i den trykte boka:

Faksimilar

 


Kva med urnordisk?

For den som har lyst til å vite meir om overgangen frå urnordisk til norrønt språk har vi lagt ut eit større kapittel om dette - berre tilgjengeleg på denne nettstaden:

Urnordisk & norrønt

Handbok i norrøn filologi

www.nofihandbok.no


 

Handbok i norrøn filologi har vore eit standardverk sidan den første utgåva kom på norsk i 2004 og på tysk i 2007. Bak boka står eit knippe på ti forfattarar med fagleg tyngd på sine felt og med evne til å formidle stoffet på ein levande måte. I januar 2013 kom boka ut i ei ny norsk utgåve - med tre heilt nye kapittel og gjennomillustrert i fargar.

Også den nye utgåva har kome på Fagbokforlaget og i serien til Landslaget for norskundervisning. Utgåva er på 800 sider.

"One can say about it, as about Baldr, only good things. The book is excellent." (Anatoly Liberman om den tyske utgåva frå 2007)

"This handbook is an indispensable aid for anyone, student or scholar, wishing to gain a firm foundation in Old Norse studies. It covers both practical topics, like grammar and palaeography, and literary and cultural issues, in a series of clear, well-researched and up-to-date chapters. I recommend it highly." (Margaret Clunies Ross om den norske utgåva frå 2013)

 


Innhald

I tillegg til forord, innleiing, litteraturliste og eit register i fem delar har den nye utgåva av handboka tretten kapittel:

Kap. 1. Håndskrift- og arkivkunnskap (av Jon Gunnar Jørgensen, Univ. i Oslo)
Kap. 2. Tekstkritikk og tekstfilologi (av Odd Einar Haugen, Univ. i Bergen)
Kap. 3. Runologi (av Karin Fjellhammer Seim, NTNU, Trondheim)
Kap. 4. Paleografi (av Odd Einar Haugen, Univ. i Bergen)
Kap. 5. Diplomer, lover og jordebøker (av Jon Gunnar Jørgensen, Univ. i Oslo)
Kap. 6. Lærdomslitteratur (av Jonas Wellendorf, Univ. i Berkeley, California, USA; tidl. Univ. i Bergen)
Kap. 7. Edda- og skaldedikt (av Else Mundal, Univ. i Bergen)
Kap. 8. Sagalitteraturen (av Else Mundal, Univ. i Bergen)
Kap. 9. Mytologi (av Bernt Øyvind Thorvaldsen, Høgskolen i Telemark; tidl. Univ. i Bergen)
Kap. 10. Syntaktisk utvikling (av Marit Aamodt Nielsen, Univ. i Agder)
Kap. 11. Person- og stadnamn (av Inge Særheim, Univ. i Stavanger)
Kap. 12. Gammalislandsk og gammalnorsk språk (av Jan Ragnar Hagland, NTNU, Trondheim)
Kap. 13. Mellomnorsk språk (av Endre Mørck, Univ. i Tromsø)

Kap. 5, 6 og 9 er nye i denne utgåva, men dei andre kapitla er også reviderte og oppdaterte.

 


Tysk utgåve av handboka

Handbok i norrøn filologi vart omsett til tysk og utgjeven på forlaget Walter de Gruyter i Berlin i 2007. Omsetjinga er utført av Astrid van Nahl, som har lang røynsle med slikt arbeid og som sjølv har redigert og forfatta fleire bøker i norrøn filologi. Boka kom ut i trykt form 13. september 2007, og vart i 2011 utgjeven som elektronisk bok (ebook):

Altnordische Philologie

Den tyske tittelen er Altnordische Philologie: Norwegen und Island. I samband med omsetjinga til tysk er handboka revidert på fleire punkt og framstillinga tilpassa tyske lesarar.

Den tyske utgåva har eit omfang på 656 sider.

NYTT! Ei oppdatert tysk utgåve er no under arbeid. Den vil ha dei tretten kapitla frå den andre norske utgåve (2013), og dessutan eit heilt nytt kapittel om den språklege utviklinga (særleg fonologi og morfologi) frå urnordisk til norrønt. Foirfattaren av dette kapittelet er Michael Schulte (Univ. i Agder).

 


Meldingar av boka

Den første norske utgåva (2004):
Erik Simensen, Maal og Minne (2005), s. 208–213.
Gudlaug Nedrelid, Collegium medievale 18 (2005), s. 188–193.
Tanja Brünger, Skandinavistik 35 (2005), s. 146–147.
Michael Schulte, Beiträge zur Geschichte der deutschen Sprache und literatur 128:2 (2006), s. 320–323.
Magnus Rindal, Historisk tidsskrift (2006/1), s. 120-125.

Den tyske utgåva (2007):
Lars-Erik Edllund, Arkiv för nordisk filologi (2007), s. 172–173.
Brendan Wolfe, The Linguist List (1. juli 2008).
Anatoly Liberman, Journal of English and Germanic Philology October 2008, s. 538–541.
Eva Nyman, Namn och Bygd 96 (2008), s. 140–143.

Den andre norske utgåva (2013)
Rolf Stavnem, Collegium Medievale (2013), s. 116-119

 


Presseomtale

Nytt på Høyden (12.01.2005)
Nytt på Høyden (19.09.2007)

 

 


Oppretta 01.11.2004.
Sist oppdatert 10.03.2015 av OEH.