Magnus Lagabøtes landslov 750 år


Den digitale utgjevinga av landslova

Denne nettstaden tek for seg den digitale utgjevinga av Magnus Lagabøtes landslov innanfor rammene av Medieval Nordic Text Archive. I dette arkivet vil ein finne utgåver av landslova frå heile handskrifter og fragment av desse, forutan faksimilar av både handskriftene og fragmenta. Eitt av handskriftene, Holm perg 34 4to, har morfologisk annotasjon, dvs. at det er knytt opplysningar om oppslagsform, ordklasse og grammatisk form til kvart ord i teksten. I tillegg byr det også på syntaktisk annotasjon (dependensanalyse) av heile teksten.

Det er 39 meir eller mindre fullstendige handskrifter av landslova frå mellomalderen, og i tillegg kjem fragment frå rundt 50 andre handskrifter. Dei aller fleste av desse har norsk ortografi (som ein skulle vente), men det er også nokre få med islandsk ortografi. Det er ingen andre verk frå norsk mellomalder som er så godt overleverte som landslova, både med tanke på kor mange handskrifter det er tale om og kor mange av dei som har den fullstendige teksten.

Menota tilbyr no sju utgåver av heile landslova, tre utgåver av bylova og/eller farmannslova, og ei utgåve av eit større fragment av landslova. Utgåvene i Menota er for det meste på to nivå: faksimilært, dvs. tett opp til handskriftet med forkortingane slik dei står, og diplomatarisk, dvs. med hovudtrekka i ortografien uendra, men med oppløysing av forkortingane (attgjevne i kursiv). Utgåva av fragmentet NRA norrfragm 7 omfattar også eit normalisert nivå, der ortografien er slik vi kjenner han frå grammatikkar og ordbøker, og det same gjeld breiddeutgåva av det sentrale handskriftet Holm perg 34 4to. Dette vart skrive ned i siste fjerdepart av 1200-talet, altså kort etter at lova var forfatta.

1. Transkripsjon

2. Annotasjon

3. Breiddeutgåve

Menotec-prosjektet (2010–2012)

Arbeidet med den digitale utgjevinga av landslova tok til med det NFR-finansierte Menotec-prosjektet (2010–2012). Her var det Karl G. Johansson (Universitetet i Oslo) som leia arbeidet med transkripsjon av handskriftene, og Anna C. Horn var den som leverte dei aller fleste av desse transkripsjonane, framfor alt av landslova.

Eitt av handskriftene, Holm perg 34 4to, vart også syntaktisk annotert i samsvar med retningslinjene i PROIEL-prosjektet leia av Dag T.T. Haug (Universitetet i Oslo), medan Odd Einar Haugen (Universitetet i Bergen) hadde den daglege leiinga av annotasjonsarbeidet.

Menotec-prosjektet

 

Bakgrunn

Den 20. april 2012 vart det halde eit idémøte i Bergen med tanke på å byggje opp filologisk og rettshistorisk forsking kring landslova fram mot jubileet i 2024. I perioden 2012–2014 vart det halde fleire planleggingsmøte og studieturar for å følgje opp dette initiativet.


Idémøte, Bergen 20. april 2012

Studietur til København 29.–30. oktober 2012

Arbeidsmøte, Oslo 18. mars og 13. mai 2013

Omsetjingsmøte, Bergen 31. mars 2014


Etter 2014 har arbeidet vore vidareført i Landslovsprosjektet 2014–2024 ved Det juridiske fakultet i Bergen og Nasjonalbiblioteket. Det var i regi av dette prosjektet at utgåva til Magnus Rindal og Bjørg Dale Spørck vart bygd opp fram til utgjevinga i 2018.

Store Norske Leksikon har ein høgst lesverdig og oppdatert artikkel om landslova. Her er det også lenker til annan aktivitet på feltet:

Magnus Lagabøters landslov




Oppretta 27. mars 2012.
Sist oppdatert 7. februar 2022.
Nettansvarleg: OEH

Banneret på denne nettsida er eit utsnitt frå handskriftet AM 309 fol, bl. 42v, l. 9-13. Dette er eit handskrift av landslova, og utsnittet er frå kap. 45 i Tingfarebolken, der det blir fastsett reglar for ferjing. Denne delen av AM 309 fol (bl. 3r-57r) er datert til første fjerdedel av 1300-talet.