Magnus Lagabøtes landslov 750 år


Filologiske prosjekt

I 2024 er det 750 år sidan Kong Magnus Lagabøtes Landslov vart vedtatt på Gulating. Landslova er den viktigaste delen av eit større lovgjevingsprosjekt som tok til med revisjonen av Den eldre Gulatingslova i siste halvdel av 1260-talet og vart avslutta med vedtakinga av Jónsbok i 1281. Både Landslova isolert, og lovgjevingsprosjektet som heilskap, er eit storverk i europeisk rettshistorie i høgmellomalderen.

Når det gjeld det filologiske arbeidet med landslova, har det lenge vore semje om at det er behov for ei ny utgåve til avløysing av den gamle utgåva frå 1848 ved Rudolf Keyser og Peter Andreas Munch, trykt i fraktur og for lengst utseld. Vidare er det behov for ei ny omsetjing, både til norsk og engelsk. Og endeleg bør arbeidet med å digitalisere og annotere handskriftene utviklast vidare.

For tida er det tre filologiske prosjekt som arbeider med landslova:

1. Utgjeving

2. Omsetjing

3. Digitalisering

Kvart prosjekt er sjølvstendig organisert og har sin eigen prosjektleiar og organisatoriske struktur. I eigenskap av initiativtakar fungerer Odd Einar Haugen som koordinator for dei tre prosjekta.


Aktivitetar

Eit arbeidsmøte om omsetjinga av landslova vart halde i Bergen 24. november 2014. På dette møtet la Helen Leslie-Jakobsen fram utkast til delar av ei omsetjing til engelsk, og deltakarane på møtet kommenterte denne og generelle spørsmål i tilknyting til omsetjinga. Dei andre deltakarane på møtet var Jørn Øyrehagen Sunde, Odd Einar Haugen, Else Mundal, Jo Rune Ugulen og Astrid Marner.

 

Bakgrunn

På initiativ av Jørn Øyrehagen Sunde og Odd Einar Haugen ved Universitetet i Bergen vart det halde eit idémøte i Bergen 20. april 2012 med tanke på å byggje opp filologisk og rettshistorisk forsking kring landslova fram mot jubileet i 2024. I perioden 2012–2014 vart det halde fleire planleggingsmøte og studieturar for å følgje opp dette initiativet.

I 2014 var planleggingsarbeidet kome så langt at det vart oppretta to teigar, ein rettshistorisk under leiing av Jørn Øyrehagen Sunde og ein filologisk under leiing av Odd Einar Haugen. Deltakarane på dei to teigane ser føre seg eit nært samarbeid, og det vil også vere overlapping i medlemskap og tilknyting til prosjekta på begge teigane.


Idémøte, Bergen 20. april 2012

Studietur til København 29.–30. oktober 2012

Arbeidsmøte, Oslo 18. mars og 13. mai 2013

Omsetjingsmøte, Bergen 31. mars 2014


Prosjektarbeidsgruppe 2012–2014

 



Oppretta 27. mars 2012.
Sist oppdatert 17. juni 2015.
Nettansvarleg: OEH

Banneret på denne nettsida er eit utsnitt frå handskriftet AM 309 fol, bl. 42v, l. 9-13. Dette er eit handskrift av landslova, og utsnittet er frå kap. 45 i Tingfarebolken, der det blir fastsett reglar for ferjing. Denne delen av AM 309 fol (bl. 3r-57r) er datert til første fjerdedel av 1300-talet.