INFO100 skal gi ei grunnleggjande innføring i informasjons- og kommunikasjonsteknologi og denne teknologien sin plass i samfunnet. Emnet skal også gi ei grunnleggjande innføring i informasjonsvitskaplege problemstillingar og gi døme på informasjonsvitskapleg forsking og forskingsmetode. I samband med emnet vert det også gitt noko rettleiing i praktisk bruk av aktuelle maskin- og programvaretypar.
Emnet kan kort seiast å dekkje følgjande tre område:
I tillegg vert det gitt avgrensa rettleiing i utvalde nytteorienterte tema, t.d. personlege databasar, reknearkprogrammering og vevutforming ("web design").
Emnet skal gi kjennskap til det teoretiske grunnlaget for å forstå hovudtrekka i informasjons- og kommunikasjonsteknologi og denne teknologien sin plass i samfunnet, samt gi ei grunnleggjande innføring i informasjonsvitskaplege problemstillingar og forsking. Emnet skal også gi noko trening i arbeid med praktiske prosjekt.
Godkjende svar på obligatoriske oppgåver. Presentasjon av oppgåve(r). Obligatoriske oppgåver må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret. Dei er gyldige berre eitt semester utover det semesteret dei har vorte godkjende.