På jakt etter dirigenten for klimaorkesteret. Om naturlige og menneskeskapte klimaendringer.

Tid: Torsdag 22.3 kl. 14.15
Sted:  Vilvite AUD

I 1824 fullførte Ludwig van Beethoven sin niende symfoni, eit av hans største mesterverk. Verket bølgjer framover med ein intensiv fyrste sats, etterfulgt av en livleg scherzo, ein adagio og til slutt ein mektig korfinale. Ikkje heilt ulikt korleis klimaorkesteret kan fungere viser det seg. Som eit symfoniorkester har også naturen sitt klima ei rekkje instrument å spele på. Når desse vert samkøyrt, kan musikk oppstå. Eller i vårt tilfelle, forutsigbare variasjonar i havstraumar, ver og vind. Utfordringa er å finne dirigenten som sikrar samspel mellom atmo­sfære, hav og land, samt sola, vulkanane og menneskeheita si påverknad på klimaet.             Klimamodeller er nyttige verktøy til å studere samspelet mellom dei ulike instrumenta i klimaorkesteret, og kan såleis hjelpe oss til å betre forstå kva for mekanismer og årsaksforhold som eksisterer. For å få kjennskap til korleis klimaet har endra seg attende i tid må forskarane ty til indirekte målingar frå fortida sitt klimaarkiv. Dette kan være målingar frå iskjernar eller analyser av innhaldet av ulike typer mikrofossilar og deira geokjemiske samansetning i sedimentkjerner på havbotnen. I dette foredraget vil det bli eit spesielt fokus på korleis instrumentelle observasjonar og rekonstruksjonar av fortida sitt klima kan brukest saman med klimamodellar for å forstå naturlege og menneskeskapte klimaendringar. Bli med på ei reise frå forrige istid til det varme klimaet i steinalderen, gjennom den vesle istida og fram til den globale oppvarminga vi ser i dag.

Dr. Odd Helge Otterå er forskningsleiar ved Uni Bjerknessenteret, Uni Research og har sin bakgrunn og ekspertise innanfor klimadynamikk og modellering. Han har gjennom fleire år arbeidet med ulike problemstillingar knytta til tidlegare tiders klima, naturleg klimavariabilitet og mogelege framtidige klimaendringar. Han leiar eit tverrfagleg prosjekt innanfor det nyoppretta Senteret for Klimadynamikk ved Bjerknessenteret, der ein skal studere klimaet gjennom dei siste 1500 åra ved hjelp av klimamodellar, instrumentelle data og paleoklimatiske rekonstruksjonar.

Om foreleseren: