Folkerøystingane i 1905 i Møre og Romsdal

Sommaren og hausten 1905 vart det halde to folkeavrøystingar. Den første gjaldt om ein var samd i og gav stortinget støtte til oppløysinga av unionen med Sverige. Nedanfor finn du kart som syner valdeltakinga fordelt på kommune i Møre og Romsdal. Valdeltakinga er målt i talet på røyster i høve til talet på personar med røysterett. Den andre folkeavrøystinga galdt styreforma. Regjerninga hadde innleia samtalar med prins Carl av Danmark, og prinsen sette som vilkår at det skulle haldast folkeavrøysting. Statsminister Michelsen og monarki-tilhengjarar la ned eit stort arbeid for å snu det monarki-fiendlege Norge. Nedanfor finn du tre figurar. Den første syner valdeltakinga fordelt på kommunane i Møre og Romsdal, den andre prosenten JA-røyster og den tredje samanhengen mellom valdeltaking og JA-røyster.

Avrøysting om union

Den 28de juli 1905 beslutta Stortinget å anmode Regjeringa "om at træffe de fornødne forføininger til afholdelse for hele riget af en folkeafstemning, hvorved de efter grundloven stemmeberettigede borgere skulde give svar paa det spørsmaal, om de var enige i den stedfundne opløsning af unionen eller ikke." Folkeavstemningen fant sted 13de august 1905. Stemmeberettiga var alle menn over 25 år.

Figur 1: Valdeltaking ved folkerøysing om oppløysing av unionen. Møre og Romsdal  (Romsdal Amt)  1905.

Kjelde: NSD kommunedatabase

Høgst valdeltaking finn vi i kommunane Haram, Roald, Stordal, Molde, Stranda og Nesset, med meir enn 96,5% valdeltaking. I den andre enden finn vi Hen, Grytten, Herøy, Kornstad, Bremnes, Eide, Bolsøy og Kvernes med mindre enn 86% valdeltaking. Generelt er valdeltakinga høgst på Sunnmøre, men skilnadene er små.

Val av styresett.

"Overensstemmende med Den norske regjerings forslag i st. prp. nr. 26 for 1905/1906 blev ved stortingets beslutning af 31te oktober 1905 regjeringen bemyndiget til at optage forhandlinger med prins Carl af Danmark om at modtage valg som Norges konge under forudsætning af, at det norske folk tiltraadte denne stortingets beslutning gjennom flertallet af de afgivne stemmer ved en folkeafstemning iverksat i det væsentlige efter de samme regler, som kom til anvendelse ved folkeafstemningen den 13de august 1905."

Folkeavstemningen be avholdt den 12te og 13de november 1905. Avstemningen foregikk i hvert kjøpsted , og på landet for hvert prestegjeld. Alle menn over 25 år hadde stemmerett.

Figur 2: Valdeltaking ved folkeavrøysting om styreform. Møre og Romsdal (Romsdal Amt) 1905.

Figur 2 syner at valdeltakinga ved folkeavrøystinga om styreforma var klart størst på Sunnmøre, minst på Nordmøre. Valdeltakinga på Sunnmøre var kring 80%, mange stader opp mot 90%, jfr. kart. I Romsdal i gjennomsnitt 69% og på Nordmøre 68%. Kartet syner og at valdeltakinga i Kristiansund og Molde var langt høgare enn i omlandet. Kampen for monarki var eit mobiliseringsval, og det politiske sentrum med statsminister Michelsen la til heile sin politiske tyngde bak for å få eit JA. Kva innverknad fekk valdeltakinga på resultatet? Neste kart syner prosent ja-røyster.

Figur 3. Prosent JA-røyster for monarki. Møre og Romsdal (Romsdal amt) 1905.

Figur 3 syner at det var flest JA-stemmer på ytre og midtre Sunnmøre (med unntak av Ørsta og Volda) og kring Molde. Republikanarane finn vi på Nordmøre. Fordeler vi Ja-røystene på fogderi får vi: Sunnmøre 87% ja til monarki, Romsdal 81% og Nordmøre 67%. Dette understrekar at valet var eit mobiliseringsval. Det er byane og dei bynære stroka der det politiske sentrum (Statsminister Michelsen) har hatt størst gjennomslagskraft. Figur 4 syner samanhengen mellom valdeltaking og JA-røyster, høg valdeltaking (i prosent) gjev høg prosentdel JA-røyster. Regionane med høg prosentdel JA-røyster er også karakterisert ved høg grad av 'småbrukifisering' kring 1880t (Datagrunnlag er matrikkelen 1886), og sterk folkevekst i åra 1890-1900. Set vi dette saman, JA-fleiral er karakterisert ved nærleik til by, sterk folkeauke og stor andel småbruk, tyder dette på at det er dei småborgerlege venstre-mennene som har gått klart inn for monarki. I klarare klassedelte bygder i Romsdal og på Nordmøre var det større skepsis til monarki.

Figur 4:  Valdeltaking i prosent og prosent JA-røyster. Møre og Romsdal 1905.

Ved å bruke den raude rette lina i figuren kan lesast slik: Ved kring 60% valdeltaking er prosentdelen ja-røyster kring 70%, ved valdeltaking mellom 80-90% er prosentdelen ja-røyster over 90%.

Konklusjon:

Sunnmøringane og Romsdalingane kring og nær Ålesund og Molde skaffa oss kongehus. Hadde fleire vore som Nordmøringane så hadde vi kanskje hatt republikk i dag. Det var truleg dei småborgarlege sunnmøringane og romsdalingane som trygga kongehuset og Statsminister Michelsen (liberale Venstre).

 

Arne Solli
8. november 2004