4. Hushald - storleik og samansetjing


Etter ressursmodellen er hushalda størst der jordbruket er hovudnæringa og fallande mot kystområde med uuttømmelege fiskeressursar - der levebrødsgrunnlaget er meir variert. I den koda versjonen av 1801-teljinga er nesten halvparten av alle hushaldsoverhovud kategorisert som bønder, og kring 1/3 som husmenn. Av hovudpersonar med yrkeskategorien fiskarar finst det berre 1320, eller kring 0.8%. For å finne fiskaren må vi dermed leite i kategoriane bønder og husmenn. I det sosioøkonomiske hushaldsmønsteret vert variasjon i hushaldsstorleik forklart langs ein akse med bondehushaldet og husmannshushaldet ved kvar sitt ytterpunkt. Med andre ord vil dei to mønstra krysse kvarandre, jfr figur 4-1.

Figur 4-1 Hushaldsstorleik

Klikk på figur for full storleik

Eg vil løyse dette analytiske problemet ved å analysere bonde- og husmannshushaldet kvar for seg. På landsbasis vil eg også avgrense analysen til berre å i) avdekkje regional variasjon i hushaldsstorleiken for bønder dvs. skilnader langs den loddrette aksen på figur 4-1. Hovudformålet med utvalsområda er å kunne sjå nærare på den regionale variasjonen. I den komparative analysen i utvalsområda vil eg med basis i alle hushald ii) samanlikne hushaldsstorleik og samansetjing i dei to utvalsområda og vurdere homogeniteten internt, iii) sette hushaldsstorleik saman med yrke eller næringsveg (den loddrette aksen) og iv) drøfte skilnaden langs den vassrette aksen mellom bonde og husmann i dei to områda.

Sentrale spørsmål blir: Kva regionale skilnader pregar bondehushalda? Passar fiskarbonde/bonde modellen berre einskilde stader i Kyst-Noreg? Kva er skilnaden i storleik og samansetjing mellom hushalda i kyst og fjordområdet? Er denne skilnaden jamt fordelt, eller knytt til bestemte samfunnsgrupper?

4.1 Bondehushaldet i ulike landsdelar.

Men først må den noko uklare nemninga "Fiskeri-Noreg" avklarast. Solhaug definerer "Fiskeri-Noreg" som kystdistrikta frå Mandal til Finnmark.[90] Men langs kysten frå Lista til grensa mot Russland finst fem kjerneområde med ulike ressursar: 91

I) Eit område med vårgytande sild frå Lista til Stad. Hovudinnsigsområdet for denne stamma har variert gjennom dei siste 500 åra, men Karmøy vert rekna som sentrum for det sørlege innsiget og Sunnfjord for den nordlege. I ein periode midt på 1700-talet flytta nordgrensa for denne ressursen frå Askvoll til Sør-Trøndelag. Denne silderessursen forsvann frå kysten i 1784 og kom att i den sørlege delen i1808.[92]

II) Feitsilda (sommarsild, beitande sild) vandrar langs heile kysten, men kysten frå Trondheimsfjorden og nordover til Helgeland vert rekna som eit hovudområde.

III) Eit område kring Bremanger og på Mørekysten med innsig av gytande torsk.

IV) Eit i Lofoten med gytande torsk (skrei).

V) Eit område med beitande torsk på kysten av Nord-Troms og Finnmark.

Finst det regional skilnad i storleik for bondehushaldet som ein kan relatere til fiskeri som viktig næring? Tabell 4-1 gjev eit fylkesvis oversyn over middel hushaldsstorleik for hushalda der hovudpersonane er definert som bønder. Hushald der hovudpersonen er kategorisert som bonde utgjer i 52.9% av hushalda i landdistrikta i 1801. Der prosentdelen hushald er låg (jfr. tabell 4-1), t.d. i Hedmark , Oppland og Akershus heng dette saman med at det er mange husmannshushald i desse fylka. Husmannshushalda[93] utgjer i landdistrikta 33.2% av alle hushald. Med unntak av dei tre førnemnde fylka utgjer bondehushalda fleirtalet av hushalda i landdistrikta. Sjølv om eg avgrensar analysen i første omgong til bondehushaldet er det på ingen måte noko lite utval vi sit att med; bondehushalda utgjer totalt 76.702 hushald i 1801. Kvar finn vi då dei små bondehushalda og kvar finn vi dei store?

Fordeling av hushaldsstorleik for bønder på fylkesnivå gjev ein viss indikasjon på at store bondehushald er knytt til innlandet: Av dei tre fylka med størst gjennomsnittleg hushaldsstorleik er to reine innlandsfylke, Hedmark og Oppland. Med unntak av Hordaland og Troms og Finnmark er kystfylka på Vestlandet og i Nord-Noreg likevel i "feil" ende av tabellen ved at BondeMHS er høgare enn gjennomsnittet (6.44). Vestlandet er delt; medan Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane har ein høg BondeMHS er han låg i Hordaland, og Rogaland ligg midt i mellom. Dette kan henge saman med at mange av desse fylka er samansette topografisk sett. Avstanden frå fjørestein til fjellvidde er kort, og tala på fylkesnivå er eit gjennomsnitt som avspeglar desse variasjonane. I vestlandsfylka finst både kyst og innland. Austlandet er også delt. Dei store bondehushalda finst sentralt og i nord, medan dei mindre finst i sør, Vestfold og Oppland er i kvar sin ende av tabellen.

Tabell 4-1 Hushaldsstorleik hos bønder. Fordelt på fylke, sortert stigande etter MHS. Bondehushald heile landet 1801.

                    Bondehusha                                    Alle               
                        ld                                      hushald              
Fylke                  MHS      St.avvik  Tal hushald   % av       MHS        Tal      
                                                        alle                hushald    
Vest-Agder             5.29                  5228       82 %      5.08           6393  
                                  2.00                                                 
Vestfold               5.78                  3505       57 %      5.22           6111  
                                  2.12                                                 
Aust-Agder             5.82                  2717       55 %      5.12           4964  
                                  2.21                                                 
Hordaland              5.89                  8045       71 %      5.37          11265  
                                  2.13                                                 
Troms og Finnmark      6.05                  2576       53 %      5.46           4863  
                                  2.44                                                 
Østfold                6.24                  3636       47 %      5.44           7775  
                                  2.21                                                 
Rogaland               6.34                  4777       65 %      5.49           7389  
                                  2.15                                                 
Buskerud               6.36                  4022       40 %      5.32           9975  
                                  2.45                                                 
Telemark               6.39                  3329       42 %      5.24           7871  
                                  2.29                                                 
Nordland               6.51                  6182       68 %      5.75           9103  
                                  2.46                                                 
Møre og Romsdal        6.60                  6380       66 %      5.67           9684  
                                  2.35                                                 
Sør-Trøndelag          6.69                  4243       44 %      5.35           9653  
                                  2.47                                                 
Akershus               6.92                  3735       37 %      5.42          10179  
                                  2.50                                                 
Nord-Trøndelag         6.94                  3537       45 %      5.41           7891  
                                  2.43                                                 
Sogn og Fjordane       7.03                  5857       67 %      6.00           8772  
                                  2.13                                                 
Hedmark                7.07                  4452       40 %      5.49          11095  
                                  2.93                                                 
Oppland                7.52                  4379       37 %      5.56          11943  
                                  3.08                                                 
Kjøp- og               5.15                   102        1 %      4.60          18643  
ladestader                        2.57                                                 
Totalt                 6.44                  76702                5.36         163569  
                                  2.44                                                 
                                                                                       
Kjelde: HUSH1801                                                                       

Standardavviket fortel at innafor fylka er variasjonen stor. For landet totalt ligg MHS for 2/3 av bondehushalda mellom 3.89 til 8.67. Vest-Agder og Vestfold merkjer seg ut med små hushald og lite standardavvik, og sameleis Sogn og Fjordane med store hushald og lite standardavvik dvs. liten variasjon. Dei tre nordlegaste austlandsfylka har høgt gjennomsnitt, men også stor variasjonsbreidde.

Kanskje kan eit høgare detaljeringsnivå kaste lys over det noko uklare inntrykket fylkestabellen gjev. Eg har derfor laga kart på prestegjeldsnivå, men bruk og tolking av kart for å framstille eigenskapar ved eit objekt er ikkje uproblematisk. Einingane på dei karta som vil bli presentert i denne oppgåva er langt frå like store i utstrekning eller folketal. På eit kart vil eit prestegjeld som er stort i utstrekning få ein større representasjon grafisk sett enn eit lite. Storleiken på det arealet ein verdi eller verdisett til ein variabel får på kartet har såleis ingenting med denne verdien eller dette prestegjeldet sin relative betydning sett i høve til t.d. folketalet. Prestegjelda langs kysten er mindre i utstrekning enn dei i innlandet og ofte er desse prestegjelda oppdelt i øyar. Visuelt kan ein derfor lett bli lurt ved at auget lettare fester seg på store og samanhengande einingar inn frå kysten. Hovudformålet med figurane er derfor både å understøtte tabellane på fylkesnivå, og gje eit bilde av variasjonen innafor eit fylke eller ein landsdel, og av likskapar som går på tvers av fylkesgrenser. Med kring 360 prestegjeldseiningar[94] er kartet ypparleg til å visualisere dei valde variablane eller eigenskapane. Mange av desse variablane, t.d. hushaldsstorleik på prestegjeldsnivå kan i teorien ha like mange verdiar som einingar (prestegjeld). Statistikkprogrammet som produserer kartet tillet å gruppere desse verdiane i 2 til 6 grupper - anten med like intervall eller like frekvensar. Eg har valt å bruke grupper med like frekvensar, og normalt 4; som gjev 81 prestegjeld i kvar gruppe. Årsaka til at eg nyttar 4 og ikkje 6 som er det maksimale er eit kompromiss mellom presentasjon og analyse. I analysen av karta har eg gjerne variert frå 2 til 6 grupper, men ofte funne at oppdeling i 4 grupper gjev eit resultat som er råd å gripe, tolke og gje ei formulering.

Figur 4-2 syner storleiken til bondehushalda på prestegjeldsnivå (kvar gruppe inneheld like mange prestegjeld). Eit trekk trer fram - dei minste bondehushalda er knytt til kysten generelt. Langs kysten frå Østfold til Sognefjorden er bondehushalda i snitt 6 personar eller færre. Dei same små bondehushalda finn ein frå Sunnmøre til Brønnøy i Nordland med unntak av Haram, Hemne og Åfjord. Spesielt for unntaka er særs gode føresetnader for korndyrking og ein langt høgare kornproduksjon enn for resten av Trøndelag- og Vestlandskysten nord for Boknafjorden.[95] På Helgeland, i Lofoten og Vesterålen er biletet noko meir samansett. I nokre prestegjeld rundt Bodø og yst i Lofoten og Vesterålen er og bondehushalda små, medan andre prestegjeld har høgare MHS. Det andre brotet finst på kysten av Sogn og Fjordane - her er og bondehushalda større enn nord for Stad og i Hordaland. Kanskje er mindre bondehushald eit trekk som går att langs heile kysten. Men der prestegjelda er orienterte aust-vest og dermed topografisk meir samansette kjem ikkje dette så klart fram som der prestegjelda er orienterte nord-sør.

Kan fiske og fiskarbondeøkonomien forklare dette biletet? Kvifor er det då slik skilnad på Vestlandet mellom t.d. Hordaland (små bondehushald) og Sogn og Fjordane (store), og kvifor trer ikkje Helgeland og Lofoten eintydig fram? Kan type fiskeressurs og mengde spele inn? På sørlege del av Vestlandet og på Trøndelagskysten var silda viktigaste, medan i området frå Bremanger til Møre og i Lofoten var skreien hovudressursen. Medan torskefisket var konsentrert til vintermånadene, så finst det fleire typar silderessursar med ulike vandringsmønster - gytande sild vinter/vår og feitsild sommar/haust. I tillegg er både foredling og transport ulik: Salt og tunner er kritiske kapitalvarer for sildeproduksjon, anten må ho bli salta ved fangstfeltet, eller så må ho bli frakta fersk til byen for salting. Desse faktorane kan gjere at sildefiske lettare kjem i konflikt med jordbruk, samtidig som kontantstraumen vert større og manglande matvareproduksjon må erstattast med kjøpekorn. Kanskje kan ein gisse på at sildefiskarbonden vart mindre bonde enn torskefiskarbonden.

Figur 4-2 Hushaldsstorleik (MHS) hos bønder fordelt på prestegjeld. Landdistrikt 1801.

Klikk på figur for full storleik
Klikk her for full storleik på liten skjerm

Men kartet gjev også eit signal om at det kan heller vere kombinasjon fiske og by eller berre kyst og by som gjev dei små bondehushalda. På kysten frå Østfold til Rogaland finn vi dei fleste kjøp- og ladestadane, området frå Boknafjorden til Fensfjorden ligg mellom Bergen og Stavanger og sentralt på Møre- og Trøndelagskysten ligg Kristiansund. Ei forklaring kan vere at urbaniseringa trekkjer folk ut av bondehushalda, samtidig som bondehushalda i bynære strok organiserer produksjonen annleis. Eit jamare sal av produkta både frå fiskeri og gardsdrifta gjennom heile året, sal av fersk fisk, ferskt kjøt og mjølk kan gje ei anna organisering av gardsdrifta enn der avstanden til marknaden er større, og høgare grad av produktforedling (smør, ost, tørka kjøt, skinn) er nødvendig. I meir perifere strok er sjølvbergingsgraden større og omsetjing av produkta er bunde til marknader eller framføring til byen med t.d. jekter på få og bestemte tidspunkt. Kortare avstand til by gjer og at ein lettare kan kjøpe matvarer som ein ikkje produserer sjølv, spesielt korn. Men dersom det er slik, kvifor er ikkje bondehushalda små også kring Trondheim og Oslo? På dette analysenivået er det vanskeleg å få svar - fargar på eit kart har avgrensa verdi.

Bondehushaldet er ikkje berre minst i kyststrok. Unntaket andre vegen - med små bondehushald i innlandet finn ein i begge Agderfylka, i Vestfold og deler av Buskerud og Østfold og kring Røros og Femunden. Korleis kan ein forklare dette? Agderfylka har den lågaste hushaldsstorleiken for bøndene, og Vest-Agder er det fylket med færrast husmenn etter 1801-teljinga.[96] I artikkelen "Overgang til selveie i Norge" viser Anders Holmsen at m.a Agderfylka har høg grad av sjølveige.[97] Ei forklaring på dei små bondehushalda kan derfor vere at bøndene i Agder har praktisert bruksdeling framfor utskiljing av husmannsplassar. Dette vil kunne gje både få husmenn og låg MHS for bøndene (små bruk og små hushald). I Nordfjord er også graden av sjølveige høg, det er få husmenn, men her er bondehushalda store. Eit eventuelt samspel mellom graden av sjølveige, bruksdeling framfor utskiljing av husmannsplassar og hushaldsstorleik er derfor uklår.

I Rendalen fann Sølvi Sogner at hushaldsstorleiken for bøndene i perioden 1762-1801 fall i takt med framveksten av husmannsvesenet.[98] Dersom dette er ein generell tendens vil ein vente å finne at: Dess fleire husmenn dess mindre bondehushald (negativ samvariasjon). Ein slik samanheng kan vi måle med korrelasjonskoeffisienten Pearsons r, og på prestegjeldsnivå i dei fem landsdelane er samvariasjonen mellom talet på husmenn pr. bonde og MHS for bondehushalda lik: 0.60 for Austlandet, 0.52 Sørlandet, 0.39 Vestlandet, 0.51 Trøndelag og 0.13 for Nord-Noreg. Overraskande nok får vi altså ein svak positiv samanheng mellom mengda av husmenn og storleiken på bondehushaldet.[99] Dette kan vi forklare med at dess fleire husmenn, dess fleire barn må ha plass som tenarar hos bøndene. I første omgong kan ein vekst i talet på husmenn, minke bondehushaldet - i andre omgong auke det. Eit komplekst samspel!

I forhold til forklaringsmodellen - små fiskarbondehushald kontra større bondehushald - gjev korkje kartet eller tabellen eintydige svar. Bondehushaldet er minst i kyststroka generelt, og dette tyder på at fiskerbondeøkonomien berre er ein av fleire forklaringar på små hushald. Dei små bondehushalda på kysten aust for Lista gjev ein klar indikasjon på dette.

4.1.1 Frå landsnivå til utvalsområda

Bak eit måltal som medel hushaldstorleik (MHS) kan ligge stor variasjon - dette viser mellom anna standardavviket. Delar av den variasjonen som er avdekt så langt med omsyn til storleiken til bondehushaldet viser at MHS varierer både internt i fylka og mellom fylka. Hushaldsstorleik og samansetjing hos bøndene i relasjon til andre hushald skal no analyserast vidare i dei to vestlandsregionane. Storleik og samansetjing skal setjast i ein økonomisk kontekst og i forhold til sosiale grupper. Dei to vestlandsregionane - kystområdet i Hordaland og fjordområdet (Nordfjord/Sunnmøre) - ligg sentralt i kvar sin ende av den nasjonale skalaen med omsyn til storleiken til bondehushaldet. I kystområdet tel bondehushaldet i snitt 5 personar, i fjordområdet i underkant av 7 personar - snittet for heile landet er 6.44, jfr. tabell 4-1. Vi skal no analysere materialet djupare for å avdekkje kva som ligg bak desse skilnadene. Det vert såleis viktig å granske hushalda sin storleik og samansetjing både langs den økonomiske aksen fiske - jordbruk, og den sosiale aksen bonde - husmann.

4.2 Kyst og fjord - hushalda i utvalsområda.

Det er påvist eit samband mellom hushaldsstorleik og bruksstorleik målt i skyld.[100] Ein kan tenkje seg at hushaldsstorleiken er proporsjonal med arbeidskraftbehovet. Innafor ein region eller ei bygd vil ein kunne påvise eit slikt samsvar, og avstanden i arbeidskraftbehov vil vere tydeleg mellom ein husmannsplass med ei ku, nokre sauer og ein åkerflekk, og bondebruket med langt større krøtertal og åkervidde. Men kvifor er hushaldsstorleiken ulik mellom to regionar? Kan bruksstorleik også nyttast som forklaring? Eller er arbeidskraftbehovet ulikt hos fiskarbonden og fjordbonden? Klarer fiskarbondehushaldet seg med 2 til 3 personar mindre enn fjordbondehushaldet.

Figur 4-3 Storleiksfordeling av hushalda i kystområdet. Alle hushald i prestegjelda Finnås, Stord, Sund og Manger i 1801.

Kjelde: HUSH1801. Rådata i tabell B-1 (tillegg B)

Klikk på figur for full storleik
Klikk her for full storleik men på liten skjerm

4.2.1 Hushaldsstorleik - alle hushald

Til no er hushaldsstorleik samanlikna med måltalet MHS for bondehushaldet, og dei to utvalsområda ligg i kvar sin ende av skalaen. I kystområdet er MHS for bondehushaldet kring 5, medan fjordområdet i underkant av 7. Slike gjennomsnitt kan skjule stor variasjon, så første spørsmålet er derfor: Korleis fordeler alle hushalda seg i storleik kring desse gjennomsnitta for bondehushaldet og kor homogene er utvalsområda?

Figur 4-3 syner fordelinga av hushalda etter talet på hushaldsmedlemmer i dei fire prestegjelda Finnås, Stord, Sund og Manger. Den viser at kystområdet er relativt homogent når det gjeld hushaldsstorleik. Einaste skilnaden er at dei to nordlegaste prestegjelda (Sund og Manger) har flest hushald med 4 personar, medan dei to andre har flest hushald med 5 personar. Fordelinga av hushalda er relativ symmetrisk om snittet, som er 4.78 for alle hushald. Det er omlag like mange hushald med 4 og 5 personar (kring 20% av hushalda), og like mange med 3 og 6 personar (kring 15%) og 2 og 7 personar (10%). Er fjordområdet like homogent?

Figur 4-4 Storleiksfordeling av hushalda i fjordområdet. Alle hushald i prestegjeld Gloppen, Innvik, Eid, Norddal og Stranda i 1801.

Klikk på figur for full storleik
Klikk her for full storleik på liten skjerm

Kjelde: HUSH1801. Rådata i tabell B-1 (tillegg B)

Figur 4-4 syner fordelinga av hushald etter talet på medlemmer i fjordområdet. Dei to sunnmørsprestegjelda Stranda og Norddal skil seg frå Gloppen, Innvik og Eid ved færre hushald med 7 og 8 personar. Dessutan er det variasjon i talet på ein- og topersonshushalda - Norddal har mange og Eid har få. Men det finst fleire trekk som går att. I alle prestegjelda er det flest hushald (modus) med 6 personar. Karakteristisk er og at fordelinga har to "puklar". I alle prestegjelda med unntak av Eid er det fleire hushald med 2 personar enn med 3 personar. Eid er også det prestegjeldet som har færrast små hushald og færrast husmenn.[101] Modus er ved 6 personar og ligg i underkant av BondeMHS (6.94) og den andre "puklen" på 2 personar ligg i underkant av MHS for husmannshushalda (Snitt: 3.15). Dei to karakteristiske "puklane" på kurvene markerer m.a. skilnaden mellom bondehushalda og husmannshushalda. Fordelinga av hushalda i fjordområdet syner mange felles trekk, men er ikkje like homogen som i kystområdet.

Ei direkte samanlikning av frekvensfordelingane i figur 4-3 og figur 4-4 understrekar skilnaden i hushaldsstorleik som snittverdien (MHS) indikerte. I kystområdet tel kring 70% av hushalda mellom 3-6 personar, medan i fjordområdet har 70% av hushalda mellom 5-9 personar. Hushalda i kystområdet er jamt over kring 2-3 personar mindre enn i fjordområdet.

4.2.2 Hushaldssamansetjing - alle hushald

Er det ei spesiell gruppe av personar som "manglar" i kysthushaldet, eller er skilnaden jamt fordelt både etter kategori og alder? Ved å kategorisere personane i hushaldet i gruppene hovudpersonar, barn, tenestefolk, slekt, andre og innerstar er det mogeleg å avdekkje om det er ein spesiell kategori som er klart mindre, eller om dei ulike gruppene jamt over er mindre.

Frekvensfordelinga av hushalda synte at innafor dei to områda varierte hushaldsstorleiken ein del, mest i fjordområdet. Hushalda er større i dei tre nordfjordsprestegjelda enn i sunnmørsprestegjelda, og sameleis er det ein liten skilnad mellom prestegjelda i Nord- og Sunnhordland. Før områda vert samanlikna direkte bør homogeniteten m.o.t samansetjing sjekkast.

I fjordområdet er hushaldsstorleiken lågast i Norddal, og største avviket finn vi gruppa barn 15 år og yngre, jamfør figur 4-5. I Norddal er gjennomsnittleg barnetal 1.31 pr. hushald, mot 1.70 for heile fjordområdet. Ei årsak til dette er mange hushald utan barn i denne aldersgruppa. Heile 40.6% av hushalda (176 hushald) er utan kategorien barn 15 år og yngre i Norddal, mot kring 30% i dei resterande prestegjelda i fjordområdet. Ei viktig årsak til dette er at mange av ekteskapa i Norddal i 1790-åra var omgifte, og at talet på reine førstegongsgifte går ned.[102] Det låge barnetalet i Norddal i 1801 har såleis ei lokal forklaring og er av temporær karakter. Dinest skil Stranda prestegjeld seg ut med lågt snitt for barn over 15 år, men samtidig er snittalet for tenestefolk (1.13) relativt høgt. Dette kan tyde på at utvekslinga av barn mellom hushalda er vanlegare. I begge Sunnmørsprestegjelda er talet på slekt i hushaldet lågare enn for heile regionen samla (0.45 og 0.56 mot 0.70).

Figur 4-5 Hushaldssamansetjing i fjordområdet og kystområdet. Alle hushald 1801. Hushaldsstorleik i parantes.

Klikk på figur for full storleik
Klikk her for full storleik på liten skjerm

Kjelde: CENS1801, Hist. inst. UiB. Rådata i tabell B-2 (tillegg B)

Kva med kystområdet? Figur 4-5 syner at i Stord prestegjeld er talet på tenestefolk (0.71) høgare enn snittet (0.59), men elles er variasjonen liten. I det heile er kystområdet noko meir homogent enn fjordområdet. Dermed har vi eit godt grunnlag for å samanlikne fjord mot kyst (jfr. Figur 4-5).

Den klaraste likskapen mellom områda er paret si stilling i hushaldet. Ekteparet utgjer stamma i hushalda både i fjord- og kystområdet med snitta 1.91 og 1.88. Dinest kjem barn 15 år og under med snitta 1.70 for fjord og 1.52 i kystområdet. Denne skilnaden kan forklarast med at det finst fleire hushald utan barn i kystområdet, for i fjordområdet finst det barn i denne aldersgruppa i 68.2% av hushalda, mot 65.6% i kystområdet. Dette påverkar gjennomsnittet når alle hushald vert rekna med. Så langt er hushaldssamansetjinga i dei to regionane relativt lik, men for dei andre kategoriane er situasjonen annleis. I kategorien barn over 15 år er snitt-tala pr. hushald 0.77 i fjordområdet og 0.42 i kystområdet. Dette kan skuldast at fleire forlet heimen og går ut i teneste i kystområdet, men nei: Talet på tenestefolk i hushaldet er 1.01 i fjordområdet og 0.57 i kystområdet. Den tredje tydelege skilnaden er talet på slekt: 0.70 pr. hushald i fjord og berre 0.22 i kystområdet. Dei to neste gruppene (andre og innerstar) er meir usikre fordi dei er utsette for både ulik føringspraksis og kvaliteten på dataprogrammet som har koda om nemningane. Begge desse gruppene er større i fjordområdet enn i kystområdet. I fjordområdet er talet på innerstar 0.08 og gruppa andre lik 0.16, medan tilsvarande tal for kystområdet er 0.05 og 0.12. Kort summert er skilnaden mellom kystområdet og fjordområdet eit barn over 15 år, ein tenar og ein slektning. I ulike kombinasjonar gjev dette gjennomsnittleg 1.54 fleire personar i hushalda ved fjorden enn ved havet.

4.3 Hushald og næring.

4.3.1 Hushald og fiske

Dersom det er fiske som hovudnæring eller viktig sidenæring som er årsaka til skilnaden, kan det typiske fiskarhushaldet skiljast frå andre hushald i kystregionen? Teljarane i Sund og Finnås ser ut til å ha vore meir samvitsfulle enn sine kollegaer sidan dei i større grad har ført opp "Næringsvei", jfr. tabell 3-2. Kan vi finne ulikskap i kystregionen for bønder med og utan fiske som "sideyrke" og sameleis for dei to husmannsgruppene? Vi vil analysere yrkesnemninga i folketeljinga for å finne i kva grad deltaking i fisket hadde noko å seie for hushaldsstorleiken i kystområdet.

Tabell 4-2 Hushaldsstorleik fordelt på yrkeskategoriar i Finnås og Sund 1801.

                              Finnås           Sund              Tota                 
                                                                  lt                  
       Yrkeskategori           MHS     Antal     MHS     Antall      MHS     Antall   
                                         l                                            
Embet- og tenestemenn (1-7)    12.50       2      5.78         9    7.00          11  
Handel, handverk, sjøfolk       8.71       7      8.75         8    8.73          15  
(8-17)                                                                                
Bønder (18)                     5.92      66      4.50        70    5.19         136  
Bonde og fiskar (22)            5.18     379      5.00       583    5.07         962  
Husmann med jord (19)           3.12      17      3.37        27    3.27          44  
Husmann med jord og fiskar      4.13      90      3.66        76    3.92         166  
(23)                                                                                  
Husmann utan jord (20)          2.29       7      3.23        30    3.05          37  
Husmann utan jord og            2.91      11      5.00         3    3.36          14  
fiskar (24)                                                                           
Innerstar (25)                     -       0      3.27        22    3.27          22  
Utan yrkesnemning (39)          6.50       2      4.33         9    4.73          11  
Fiskarar (21)                   4.00       1      3.00         4    3.20           5  
Andre yrke (26-38)              2.00       4      2.80        10    2.57          14  
Totalt                          5.02     586      4.68       851    4.82        1437  
                                                                                      
Kjelde: HUSH1801                                                                      

Skil hushalda til hovudpersonane med fiske som "Næringsvei" seg ut frå dei andre utan denne nemninga? Tabell 4-2 syner at med unntak av bøndene i Finnås er eit felles trekk at dei hushalda der hovudpersonen har fiske som leveveg i snitt er større enn den tilsvarande gruppa der "sideyrke" manglar eller er noko anna enn fiske. Men skilnadene er små og det kan like gjerne vere andre forhold som spelar inn, som t.d. at gruppene utan fiske som "sideyrke" er einslege hovudpersonar (enkjefolk). Det kan også vere regionale skilnader i materialet som tabellen dekkjer. Tala frå Finnås der kategorien bønder har MHS på 5.92 og fiskarbonden 5.18 peikar i motsett og venta lei - bonden har større hushald enn fiskarbonden. Finnås prestegjeld er eit særs samansett område topografisk sett. I søraustre del av prestegjeldet ligg gardane langs den smale Ålfjorden (Sveio sokn), medan i nordvest på Bømlo i vikar og sund på små øyar mot havet. Vilkåra både for jordbruk og fiske er ulike. Materialet frå dei to prestegjelda gjev ikkje noko eintydig svar på korleis fiske som "Næringsvei" verkar inn på hushaldsstorleiken. Det kan vere slik at for husmannsgruppa har fiske ein plusseffekt på hushaldsstorleiken, medan det for bondegruppa har ein minkande effekt.

Figur 4-6 Talet på hushald fordelt etter talet på hushaldsmedelemmar. Bondehushald og husmannshushald i kyst- og fjordområdet 1801.

Klikk på figur for full storleik
Klikk her for full storleik på liten skjerm

Kjelde: HUSH1801. Rådata i tabell B-3 (tillegg B)

4.3.2 Hushald og jordbruk

Figur 4-6 syner fordelinga av bondehushaldet etter talet på hushaldsmedlemmer i dei to utvalsområda. Fordelinga av bondehushalda i fjordområdet kan sjåast på som ei forskuving av fordelinga i kystområdet ved at hushalda i fjordområdet er 2-2.5 personar større enn i kystområdet, jfr. figur 4-6. Både av figur 4-5 og figur 4-7 syner det seg at vaksne barn og tenestefolk utgjer deler av denne skilnaden. Tidlegare har vi sett at jordbruksproduksjonen dels var den doble pr. jordbrukseining i fjordområdet, spesielt gjaldt dette korndyrking og småfehald. Kan denne skilnaden mellom kyst og fjord på 2-3 personar knytast til forskjellig arbeidskraftbehov?

Ein ting er sjølve talet på dyr, ein annan ting er arbeidet med å skaffe den fôrmengda som er naudsynt. I kystområdet kunne sauene gå ute i store delar av året, dei vart berre fora inne når snøen vart for djup.[103] I fjordområdet måtte sauene forast inne heile vinteren, og fôrmengda pr. sau vert derfor større. Til ein viss grad gjeld dette også storfeet. På grunn av gunstigare klima kunne kyrne takast inn seinare på hausten og sleppast tidlegare ut om våren. For Sunnmøre reknar Strøm med at med same fôrmengda kunne øybonden fore 10 kyr, medan fjordbonden berre 6 til 7.[104] Årsaka er delvis lengda på inneforingsperioden, men og at fjordkveget var større enn kyst- og øykveget og derfor kravde meir fôr.[105] I Øygarden (Manger prestegjeld) kunne og storfeet sleppast ut på dagtid i vinterhalvåret.[106] På bakgrunn av matrikkelforabeidet i 1867 har Per Sandal rekna ut at ei ku i Gloppen trong kring 900 kg. høy, og ein lammesau kring 225 kg.[107] For Øygarden i Manger prestegjeld reknar Arne Asphaug med ei tilsvarande mengde fôr til ei ku, men berre 90 til 150 kg tørrhøy til ein sau.[108] Denne skilnaden i fôrmengda kan gjere at arbeidsmengda pr. småfe vert større i fjordområdet enn i kystområdet. Årsaka er først og fremst skilnaden i lengda på inneforingsperioden. Dessutan kan større grad av seterdrift i fjordområdet (i avsides fjelldalar) også virke inn på arbeidsmengda pr. dyr for både storfe og småfe.

Ei delforklaring på skilnaden i hushaldsstorleik er såleis det ulike arbeidskraftbehovet hos bøndene i dei to områda. På grunnlag av jamføringa av jordbruksproduksjonen (jfr. kapittel 3) er det grunn til å tru at trongen for arbeidskraft i samband med korndyrking og fôrsanking har størst innverknad på hushaldsstorleiken.

4.4 Hushald og sosiale grupper

Men ulikskapen i storleik og samansetjing mellom fjord og kyst kan også vere avgrensa til bestemte grupper av hushalda, avgrensa langs sosioøkonomiske skiljelinjer. Dette forholdet kan avdekkjast ved å samanlikne ulike "yrkesgrupper" i dei to områda. Kva skilnad finst i storleik og samansetjing mellom bondehushaldet og husmannshushaldet i dei to områda?

4.4.1 Hushaldsstorleik

Figur 4-6 syner fordeling av bonde- og husmannshushalda etter talet på personar i hushaldet. I kystregionen finn vi at det er flest bondehushald[109] med fire personar - bondehushaldet har 4 i modus og eit gjennomsnitt lik 5.10, medan husmannshushaldet har modus ved 3 personar og eit snitt lik 3.63. Frekvensfordelinga av hushalda er såleis relativt lik, ved at begge er positivt skeive i høve til normalfordelinga. Skilnaden mellom bonde- og husmannshushaldet er på kring 1-1.5 person.

I fjordområdet har fordelinga av bondehushalda modus ved 6 personar, medan fordelinga av husmannshushaldet har modus ved 2 personar. Fordelinga av bondehushalda er tilnærma symmetrisk om gjennomsnittet; modus 6 og gjennomsnitt lik 6.88. For husmannshushalda er fordelinga klarare positivt skeiv; modus 2 og gjennomsnitt 3.15. Skilnaden mellom bondehushaldet og husmannshushaldet er altså i underkant av 4 personar.

Samanliknar vi regionane ser vi at fordelinga av bondehushalda også varierer sterkare i fjordområdet enn i kystområdet, og ein indikator på dette er standardavviket. I fjordområdet er standardavviket for bondehushaldet lik 1.96, medan det er 1.80 i kystområdet. Tydelegast er likevel at differansen mellom bondehushaldet og husmannshushaldet er langt mindre i kystområdet enn i fjordområdet.

4.4.2 Hushaldssamansetjing

Figur 4-6 indikerer at skilnaden mellom kyst og fjordområdet først og fremst gjeld bondehushaldet. Kan den avdekte skilnaden i hushaldssamansetjing førast attende til ei viss gruppe av hushalda i desse samfunna? I figur 4-7 er hushalda fordelt etter gruppene Borgarstand (Yrkeskategoriane 1-9 i den koda versjonen), Bønder (18 og 22), Husmenn med jord (19 og 23), Husmenn utan jord (20 og 24), og Andre yrke. Vi fann at skilnaden mellom kyst og fjord først og fremst gjaldt det vaksne barnet, tenaren og slektningen, og figur 4-7 syner at desse er avgrensa til bondehushaldet i fjordområdet, men for dei andre gruppene er likskapen tydeleg og klår. Husmannshushaldet i kyst og fjordområdet har omlag lik samansetjing. Begge stader har husmennene med jord litt fleire heimeverande born (omlag 0.3 barn) enn dei jordlause.

Skilnaden mellom bonde og husmann i kystområdet er relativ liten - i snitt 1.6 personar. Differansen kan skrivast til to grupper av hushaldsmedlemmar; tenarane (0.55) og barn 15 år og yngre (0.55). Dinest er det ein mindre skilnad når det gjeld barn over 15 år (0.25) og slektningar (0.16). I fjordområdet er skilnaden mellom bonde og husmann langt større - i snitt 3.4 personar, og den er tydeleg i fleire av kategoriane; tenarane (1.05); dei yngste barna (0.93); dei vaksne barna (0.68) og slektningar (0.67).

Figur 4-7 Hushaldssamansetjing fordelt på sosioøkonomiske grupper. Fjordområdet og kystområdet 1801.

Klikk på figur for full storleik
Klikk her for full storleik på liten skjerm

Kjelde: CENS1801, Hist. inst. UiB. Rådata i tabell B-4 (tillegg B)

Dersom ein tolkar dette som sosiale skilnader er kystområdet klarare egalitært enn fjordområdet. Fjordområdet har ei klarare lagdeling mellom husmenn og bønder. Frekvensfordelinga av bondehushalda i fjordområdet viser at desse i storleik er spreidd over ein større skala - dette kan indikere større sosiale skilnader også mellom bøndene i fjordområdet enn i kystområdet. Dette indikerer at modellen med det sosioøkonomiske familiemønsteret er relevant i fjordområdet, men ikkje i same grad i kystområdet. I kystområdet er skilnaden mellom bonde og husmannshushaldet isolert til gruppene barn under 15 år og tenarar. I fjordområdet er differansen større og nesten alle medlemskategoriane er involvert.

Tidlegare har eg drøfta om skilnaden i hushaldsstorleik kan skuldast ulik bruksstorleik og eit større arbeidskraftbehov i fjordområdet. I fjordområdet er det fleire vaksne barn, tenarar og slektningar enn i bondehushaldet i kystområdet, jfr. figur 4-7. Dei vaksne barna (barn av hovudpersonen over 15 år) og tenarane vil normalt tilhøyre produksjonseininga i hushaldet, og dette styrkjer denne påstanden. Den andre differansen er slektskomponenten, men den tilhøyrer både produksjonseininga og den omsorgstrengande/konsumerande eininga. Dersom slektningen er eit sysken av hovudpersonane og elles er frisk og rørleg vil han normalt produsere meir enn han konsumerer, men er slektningen foreldre med kår vil denne hushaldskomponenten vere meir konsumerande enn produserande. I begge områda er omlag 2/3 av personane i kategorien slektningar foreldre av hovudpersonen, og i hushaldet til fjordbonden utgjer slektskomponenten i snitt 0.74, mot 0.24 i hushaldet til kystbonden. Dette tilseier også at produksjonsbehovet er større i bondehushaldet i fjordområdet enn ved kysten.

4.5 Konklusjon

Skilnaden i hushaldsstorleik mellom kystområdet og fjordområdet er stor. I kystområdet tel 72% av hushalda mellom 3-6 personar, flest hushald har 4 medlemmer og snittet (MHS) er 4.78. I fjordområdet tel 70% av hushalda mellom 5-9 personar, flest hushald har 6 medlemmer og snittet er 6.33.

Ved å samanlikne samansetjinga av hushalda i dei to områda syner det seg at denne skilnaden i storleik kan førast attende til bestemte kategoriar av hushaldsmedlemmer. I fjordområdet er det fleire vaksne barn, fleire tenarar og fleire slektningar i hushalda.

Ved å dele hushalda etter storleik og langs ein sosioøkonomisk akse bonde-husmann viser det seg at denne forskjellen særleg kan førast attende til bondehushaldet i dei to områda. Bondehushaldet i fjordområdet tel oftast 6 personar, medan berre 4 i kystområdet. Husmannshushaldet i fjordområdet tel oftast 2 personar, medan 3 i kystområdet. Skilnaden i storleik mellom bonde- og husmannshushald er sterkast i fjordområdet - i kystområdet 1 person, i fjordområdet 4 personar. Dette tyder ikkje at modellen med eit sosioøkonomisk familiemønster er irrelevant i kystområdet, men det kan vere at det skisserte skiljet mellom bonde og husmann ikkje går langs desse kategoriane, men snarare deler bondegruppa i to.

Ved å samanlikne samansetjinga av hushalda i dei to regionane synte det seg at det er liten eller ingen forskjell mellom husmannshushalda i dei to regionane. Tidlegare har vi identifisert skilnaden mellom områda i samansetjing av hushaldet til kategoriane vaksne barn, tenarar og slektningar. På grunnlag av analysen av hushaldssamansetjing etter sosiale grupper synte det seg at denne skilnaden først og fremst gjaldt bøndene i dei to områda: i bondehushaldet i fjordområdet er det fleire vaksne barn, tenarar og slektningar.

Samanlikning av bondehushaldet på landsbasis synte også store regionale skilnader i storleiken. På landsbasis er det ein fallande hushaldsstorleik frå innland mot kyst. Frå Vest-Agder til Troms kan dette sjåast i forhold til ein produksjonsakse (fiske-jordbruk). Tilgang på fisk - både til eige forbruk og til omsetjing - har gjeve tendens til fallande hushaldsstorleik, medan meir einsidig vekt på jordbruk (åkerbruk/fedrift) har ein aukande verknad på hushaldsstorleiken. Bak dette kan liggje ulik bruksstorleik. Produksjonseiningane er større i innlandet og arbeidsmengda i samband med fôrproduksjon, seterdrift og inneforingsperioden er større. Frå Østfold til Hordaland kan dette tolkast slik at hushaldsstorleiken fell mot byane og ferdselsåra - skipsleia. Langs dette området er urbaniseringa sterkast. Dei fleste kjøp- og ladestadene finst langs kysten frå Halden til Bergen. Dei urbaniserte områda aust for Lindesnes finn ein gjerne ved utløpa til dei store vassdraga. Leia kan sjåast på som byen sin forlenga arm og som bindelekken mellom byane: Det kan vere verknaden av aktivitetane ved leia, i byen, og vassdraga (bergverk og skogsdrift) i like sterk grad som nærleiken til fiskefelta som gjer bondehushaldet slankare. Alternative levebrød kan føre til utflytting frå bondehushalda.

Men dersom dette skuldast muligheita til nyetablering utafor jordbruket og ved at jordbruksdelen har mindre å seie for bøndene langs kysten bør dette gje tilsvarande utslag for etableringstidspunktet og lågare giftarmålsalder. Kanskje påverkar det også livssyklus. Dette er tema for neste kapittel - hushald og livssyklus.