BUSETNAD OG FOLKETAL I STRANDA I ELDRE TID

Av Arne Solli.
Når ein skal prøve å få innsyn i historia, er ofte busetnad og folketal det fyrste ein må kartleggje. Desse to sidene ved samfunnet set ofte vilkår for andre aspekt ved samfunnet som ein vil ha kunnskap om.

For Stranda - som her vil omfatte Stranda sokn - har det ikkje vore skrive noko om dette emnet for tida før 1666. (1). Derfor skal eg her prøve å skissere korleis busetnaden har breidd seg gjennom tidene, og berekne folketalet når det er forsvarleg utifrå kjeldene. Sidan det er gardsbusetnaden som står i fokus, er den bakre tidsavgrensinga kring år 0, fordi garden slik vi kjenner han med innmark. faste åkrar, gjerde og tun, truleg van etablert kring år 0 eller dei fyrste etterfølgjande hundreåra. Jordbruket var kanskje 3-4000 år gammalt på denne tid, men garden i ovannemnde tyding var ein nykomling.

Den øvre tidavgrensing er 1758, sidan det dette året, for første gong, vart halde folketeljing i Stranda.

Kjeldematerialet for dette lange tidsrommet er særs variert både kvantitativt og kvalitativt. Utifrå arkeologiske funn. stadnamn, jordbøker, tiendelister, manntal og matriklar skal vi prøve å kartleggje busetnad og folketal. Ingen av desse kjeldene fortel noko om folketalet direkte, men del opnar for utrekningar av det. Derfor må alle tal takast for det del er; meir eller mindre gode gissingar. Dess lengre attende i tid, dess større uvisse har takt over folkemengd.

Trass i dette vonar eg at det biletet eg prøver å skape ikkje er langt unna røyndomen.

Busetnaden i forhistorisk tid:
År 0-1000 etter vår tidsrekning. (e.v.t.)

Forhistorisk tid impliserer at dette er ein periode utanskriftleg kjeldemateriale. Såleis er det arkeologien og stadnamna som kan fortelje om busetnad og busetnadsendringar.

Det arkeologiske materialet må nyttast med stor varsemd, og vi kan dele det inn i 3 grupper etter kva og kor sikkert det fortel om gardsbusetnad. Inndelinga gjeld herre funn og registreringar på Stranda.

26

1. Det har synt seg andre stader i landet at gravminne og gard høyrer saman. Gravminne - gravhaugar og -røyser på ein gard viser at han har vore i bruk i forhistorisk tid, dvs, før i000 e.v.t. Problemet er at sjølve gravminnet er vanskeleg å datere. Gravhaugar og -røyser har vore bygde både i eldre Bronsealder, 1500-1000 før vår tidsrekning (f.v.t.), og i store delar av jarnalderen, 200-1000 e.v.t. Truleg er ingen av gravminna på Stranda frå Bronsealderen, slik at vi står att med denne 800-års perioden av Jarnalderen som desse kan stamme ifrå.

2. Ofte har gravminne vorte rydda vekk av gardbrukaren, og i heldige høve har gjenstandane vorte levert til Historisk Museum i Bergen. Desse gjenstandane kan ein datere, men funnsamanhengen er vanlegvis særs uviss. Ved heldige omstende kan ein gjennom datering av funna, likevel fortelje indirekte når garden var i bruk.

3. Lausfunna: Tilfeldige funn av gjenstandar er særs vanskeleg å byggje noko på, fordi desse tinga kan vere mist eller gøymd unna. Det er såleis uråd å vite om funnet har tilknyting til garden det er funne på.

Stadnamna gjev heller ikkje klare svar om busetnad. Stadnamnsgranskarane deler dei ulike gardsnamna inn i klasser og kan ved ulike metodar datere namna. Også her er det fallgroper, m.a kan namna vere vanskeleg å tolke eller garden kan ha skifta namn.

Det er viktig å sjå skilnad på desse to kjeldetypane. Det arkeologiske materialet daterer garden terminus ante quem, dvs, at garden er minst så gamal som funnet tilseier. Gardsnamnklassane daterer det einskilde namnet, men ikkje garden.

I Stranda er det sparsamt med arkeologiske funn, og ingen funn har kome fram ved fagleg utgravingar. Dette fører til at ein må vere varsam med konklusjonane.

Ansok er det funne ei øks og eit sverd som truleg stammar frå grav. Gjenstandane kan daterast til Vikingtid (800-l000 e.v.t). (2)

Det som lenge har gått for å vere «Koll si grav» - Kollgrava - på Opshaug, synte seg ved ei mindre gransking i 1983 å vere ei kolmile. Men då dei grov ut hustomta på bruket Sandvik, vart det funne eit mannslangt gravkammer med noko kol i. Funn som kunne ha datert grava og dermed Opshaug-garden vart ikkje oppdaga. (3).

Peder Fylling reiste i 1876 rundt på Stranda, samla inn segner og registrerte fornminne. I Opsvik registrerte han 2 gravhaugar, men desse ser vi ingenting til i dag. (4).

27

Ved oppdyrking i 1870-åra fann Rasmus Skarbø i ei gravrøys eit tve-egga sverd og eit bryne frå yngre Jarnalder (600-1000 e.v.t.) (5)

Helsem ligg det i dag to klare gravrøyser og restane av ei tredje. Dessutan er det Finne ei øks i ei fjellsprekk rett ved tunet. Denne er datert til 900-talet. (6).

W. F. K. Christie skriv i Urda I at i 1834 var det fleire gravrøyser å sjå på Giskehaug, og i ei vart det funne ein spiralgullring. (7). I dag er dessverre desse røysene vekke, og gullringen er ikkje datert.

Ved Bringebærhaugen sør for skulen på Helstad fann brukaren ei øks og eit beksel. Truleg kjem desse frå ei grav, då der også var kol. Øksa er dalen til 900-talet. (8).

Andeberg, Furset og Langlo fortel tradisjonen at her skal ha vore gravhaugar. P. Fett kontrollerte desse opplysningane i 1948, men fann då å måtte sette desse opplysningane under tvil. Det går også segner om funn av pengekjelar på desse gardane. (9). Dette er så uvisst at vi ikkje kan byggje vidare på desse opplysningane.

Offerfunnet på Berge treng ikkje ha samanheng med gardsbusetnad på Berge, fordi det kan ha vore lagt ned av folk frå andre .stader. Dei to sølvringane, som utgjorde offeret, er datert til Vikingtid (800-1000 e.v.t.) (10).

Ringstad vart det funne eit sverd og eit spyd ved utjamning av ein haug - gravhaug? Diverre vart desse tinga øydelagt under Ålesundsbrannen, men sidan dei var av jern er dei truleg frå

perioden 200-1000 e.v.t. Det skal og vere ein gravhaug nedanfor løa på Jo-bruket. (11).

Den etterkvart mykje omtala gravrøysa på Fløten, vitnar om forhistorisk busetnad på Sløgstad. Gravrøysa er vel bygd over ein mektig storbonde eingong mellom 200-1000 e.v.t. Dessutan er det funne sølvmyntar på Bøen . Desse er sannsynlegvis mist eller gøymd kring 1010. (12).

Dette viser at gardane Ansok, Opshaug, Oksvik. Helsem, Skarbø, Giskehaug, Helstad, Ringstad og Sløgstad var busett i forhistorisk tid, jamfør Tabell nr. 1. Med omsyn til Arneberg, Furset, Langlo og Berge er kjeldene for usikre til at ein kan hevde at desse også var busette i same periode.

Kva fortel så stadnamna?

Ved hjelp av gardsnamnklassane kan ein rekonstruere busetnadsutviklinga. Gardsnamngranskarane har såleis kome fram til at gardsnamn som er laga av samansette og usamansette naturnamn er del eldste. Døme: Ous=os (elveos) = usamansett naturnamn i ubunden form. (u.s.s.Natn.) Oksvik: Oks+vik = samansett naturnamn i ubunden form (s.s.Nat.n.), jamfør Tabell nr. 1.
 

28

TABELL NR. 1 Gardane i Stranda Sokn

Gard
 
Forhistorisk busetnad
Mellomalder busetnad (1000-1350)
Uviss kan vere frå MA
1600-tals rudning (?) Nemnd først
Landskyld 1647
Gards-nummer
Gardsnamn
Arkeologisk materiale
Stad-namn klasse
Skriftleg belegg
Stad-namn
 
 
 
1
Grova
 
 
 
 
 
1603
½
2
Klevberg
 
 
 
 
 
1603
½
3
Hammaren
 
 
 
 
 
1603
½
4
Andsok
Grav frå vikingtid
 
 
 
 
1 2/3
5-6
Ringset
 
-set
 
 
 
 
1 7/8
7
Stavseng
 
 
 
 
 
 
1 ½
8
Lied
 
u.s.s nat.n
 
 
 
 
2 ½
9
Overå
 
Nat.n?
?
 
 
 
3 ½
10
Gryddevik
 
 
 
 
 
1665
¼ x
11
Lie
 
 
 
 
 
1614
2/3
12
Duken
 
 
 
 
 
1628
1/3
13
Opshaug
 
 
AM 22b
-hagi
 
 
2 ¼
14
Oksvik
 
s.s. nat.n
AM 22b
 
 
 
6 5/8
15
Vike
 
 
 
 
X
 
2
16
Hessegjerde
 
AM 22b
-gerdi
 
 
2
17
Skarbø
 
-by/bær
 
 
 
 
2
18
Helsem
 
-heim
AM 22b
 
 
 
4 ½
19
Giskehaug
 
s.s. nat.n
 
Øydegard
 
 
2
20
Hagen
 
 
 
-hagi
 
 
2
21
Kjølås
 
s.s. nat.n
 
 
 
 
4
22
Ous
 
u.s.s nat.n
 
 
 
 
1 ½
23
Hjelle
 
 
 
 
 
 
3/4
24
Framhus
 
 
 
 
 
 
1 ¼
25
Drege
 
 
 
 
X
 
2
26
Gjerde
 
 
 
-gerdi
 
 
1 ¾
27
Sve
 
 
 
svid
 
 
3 ½
28
Habostad
 
-stad
 
 
 
 
3 ½
29
Helstad
 
-stad
 
 
 
 
2 ½
30
Gjerde
 
 
 
-gerdi
 
 
2 ¼
32
Rødset
 
-set
 
 
 
 
2 ½
33
Fjørstad
 
-stad
 
 
 
 
4 1/8
35
Overvoll
 
 
 
-voll
 
 
2 ¼
36
Røyr
 
 
 
 
X
 
2
37
Herdal
 
 
 
 
 
1607
½
38
Emdal
 
 
 
ABJ
 
 
1 ½
39
Slettvoll
 
 
 
-voll
 
 
¾
40
Øye
 
 
 
 
X
 
2
 
 

29

TABELL NR. 1 Gardane i Stranda Sokn, framhald.

Gard
 
Forhistorisk busetnad
Mellomalder busetnad (1000-1350)
Uviss kan vere fra MA
1600-tals rudning (?) Nemnd først
Landskyld 1647
Gardsnummer
Gardsnamn
Arkeologisk materiale
Stadnamn klasse
Skriftleg belegg
Stadnamn
 
 
 
41
Myklebust
 
-stad
ABJ
 
 
 
2 ½
42
Andeberg
grav ?
 
 
 
 
 
1
43
Engeset
 
-set
 
 
 
 
2 ½
44
Lia
 
 
 
 
 
 
1
45
Furset
grav ?
-set
 
 
 
 
4 ½
47
Kjølen
 
 
 
 
 
1610
½
48
Berge
Offerfunn/ Vikingtid
 
 
 
 
1
49
Langlo
grav ?
s.s. nat. n.
 
 
 
 
5 ¼
50
Ødegård
 
 
 
Øydegard
 
 
1 ¼
51
Jelle
 
 
 
Øydegard
 
 
¼
52
Ringstad
Grav 200-1000 evt
-stad
ABJ
 
 
 
3 7/8
53
Sløgstad
Gravrøys
-stad
ABJ
 
 
 
2
54
Espehjelle
 
 
 
 
 
1645
 
55
Brune
 
 
 
 
 
1645
 
56
Fausa
 
 
 
 
X
 
2
58
Ura
 
 
 
 
 
1665
 

Forklaring til tabellen

Forkortingar:

ABJ: Aslak Bolts Jordebog, 1430-32

AM 22b: Arnemagneiske samling nr. 22 fol. B "Af en gammel ætlegg"

evt: etter vår tidsreknings begynnelse

MA: Mellomalder

s.s. nat. n: Samansett naturnamn

u.s.s. nat. n: Usamansett naturnamn

Vikingtid: 800-1000 evt.

Merknader:

  • Landskyld i 1665
  • Mål/vekt:

    1 vog fisk=19,18 kg

    Landskyld= Mål for garden sin bruksverdi. Grunnlag for skattlegging og leigeavgift.

    30

    Denne namneskikken var i bruk i den fyrste tida, då «garden» tok form som driftseining. og det vil seie i tida mellom år 0 og 600 e.v.t.

    Ei anna klasse er gardsnamn med -heim som endelekk. Vi har berre eit døme på denne i vårt område: Helsem, -em=heim. Denne skikken var også vanleg i tida år 0-600 e.v.t. men også fram til mellomalderen var denne namneskikken i bruk.

    Namneklassa -stad er særs vanleg på Stranda, t.d. Helstad. Bonden kalla garden sin såleis i åra 600-1000 e.v.t.

    Dei som rudde gard i vikingtida (800-1000 e.v.t.) gav garden gjerne namn etter seg sjølv+namnelekken -set, t.d. Ringset. Ein annan «mote» i vikingtida var å nytte endelekken -by/-bær, som gjennom åra m.a. har vorte endre til -bø. Det er eit eksempel på dette her i Stranda: Skarbø.

    Av dette ser vi at gardane Lied, Ous, Oksvik, Giskehaug, Kjølås, Langlo og Helsem er gardar som etter namnet har vorte rydda i tida før 600 e.v.t. Habostad, Helstad, Myklebust, Ringstad, Sløgstad, Ringset, Rødset, Engeset, Furset og Skarbø, har nemnelekkar som kan tyde på opptak i yngre .Jarnalder (600-1000 e.v.t.) jamfør Tabell nr. I og Kart nr. I.

    Sikre på at desse gardane har vore busett i forhistorisk tid, kan vi ikkje vere anna enn på stader der vi har samanfall med det arkeologiske materialet. Dette vart då gardane Oksvik, Helsem, Giskehaug, Skarbø, Helstad, Ringstad og Sløgstad.

    Her kan vi sjå at dei fyrste gardane på Stranda vart grunna i området ved fjorden, gjerne på plassar med sjølvdrenerande sandjord der ein kunne drive eit enkelt jordbruk. Kornet lei seg lett modne, og ein kunne spe på matsetelen med fiskemat.

    Etterkvart som folketalet steig i siste lut av yngre jarnalder har busetnaden breidd seg innetter dalstroka. Denne ekspansjonen mot dalbotnane ser ein i -stad og -set namna. Det er uråd å seie når dei eldste gardane vart grunna. så mykje eldre enn -stad og -set namna treng dei ikkje vere. Men alle dei ovannemnde gardane var truleg i bruk då Olav den Heilage siglde inn Storfjorden i 1028.

    Kor mange menneske budde det til saman på Stranda ved utgangen av heiden tid. (1000-1050 e.v.t.)? Dette spørsmålet er særs vanskeleg å svare på. Tel vi saman gardane eg meiner er busette i forhistorisk tid får vi totalt 21. Dette talet er i høgste grad diskutabelt. Det er uvisst kor mange personar det budde på ein gard i forhistorisk tid. Enkelte har hevda at vikingtida var ei brytningstid der kjernefamilien (5-6 personar) tok form, andre meiner at stor-

    31
    KART NR. 1

    32

    familien (opptil 20-25 medlemmer) eksisterte framleis. Det er også vanskeleg å vite om bruksdeling var kome i gang på eit så tidleg tidspunkt, derfor vågar eg ikkje med det materialet som vi har, å rekne ut folketalet kring 1000 e.v.t.

    Busetnad og folketal i tidleg- og høgmellomalderen 1000-1350.

    Med kristninga av landet tidleg på l000-talet kvarv den beste kjelda til lokalisering av gardsbusetnaden, nemleg dei heidenske gravminna. Men sidan skrifta no kom i bruk fekk vi nye kjelder.

    Den eldste skriftlege kjelda som omhandlar Stranda er nedskriven 1225-30 eller king 1300. (13). Det er «En gammel etlegg» (14), ei samling av ættelister frå ein del Sunnmørsbygder. Dessverre finst ikkje dette dokumentet i original, herre i ei avskrift frå byringa av 1600-talet. I den ætterekkja som har relevans til vare spørsmål. vert det sagt at Arnljot Gaddabein eigde gardane Opshaug, Oksvik, Hessegjerde og Helsem. Nokre av personane i ætterekkja er kjent i frå «Kongesogene», og ved generasjonsteljing er det sannsynleg at denne Arnljot levde på midten av 1000-talet.

    Slektsgranskarane har funne ut at ei kvinne frå Oksvik gifte seg med ein av Giskeætta og flytte til Overå kring 1200. (15). Kva denne påstanden hyggjer på veit eg ikkje.

    Erkebiskop Aslak Bolt fekk i 1430-32 sett opp ei jordbok for erkestolen sine eigedomar. I denne jordboka er Oksvik, Helsem. Emdal, Myklebust, Ringstad og Sløgstad nemnde. Denne er skriven i 1430-åra, men det synest som om ho byggjer på dokument som er eldre enn 1350. Vi tek med desse gardane her fordi dei kanskje har kome i erkestolens eige eingong på 1300-talet. (16).

    Desse 9 gardane har vi med andre ord skriftleg belegg på at dei var i bruk i mel]omalderen. (Jamfør Tabell 1 .)Dessutan må vi rekne med at dei gardane som vart rudde i forhistorisk tid, men som ikkje er nemnd i mellomalderkjelder, framleis var i full drift. Tre nye gardar har kome til; Hessegjerde, Overå og Emdal. Overå kan ha vore busett allereie i forhistorisk tid, både namnet og den høge landskylda kan tyde på det.

    Men har busetnaden vakse endå meir på desse 350 åra? Stadnamna kan gje svar på det. Gardsnamnklassane med endelekkane -hagi, -gerdi, -svid og -voll syner at rydningsaktiviteten har vore sterk i desse åra. Veksten frå 700-talet har halde fram. Døme:

    Hagen, Sve, Hessegjerde og Overvoll. (jamfør Tabell 1.)

    Truleg er det også at Ødegård og Skaffar-øggaren (Jelle) er grunna
     

    33

    KART NR. 2

    34

    før 1350, då namnet kan tyde på at dei er lagt aude med Svartet døden i 1349/50.

    Derfor er det sannsynleg at king 1300 var også følgjande gardar i full drift: Overå, Hessegjerde, Hagen, Gjerde (nr. 26), Sve, Gjerde (nr. 30-3 1), Emdal, Overvoll, Slettvoll, Ødegård og Jelle. (Jamfør Kart nr. 2.)

    Busetnaden har også trengt seg enda lenger innetter dalane, t.d. Hagen og Hessegjerde. Dessutan er det truleg at dei eldste og største gardane har vorte delt opp i bruk. Delinga av t.d. Oksvik Nedigard og Oppigard kan vere frå denne tida, utan at vi veit nok42 sikkert om det.

    Kor stort var folketalet kring 1300? Gardane rydda i forhistorisk tid saman med dei nye mellomaldergardane vert totalt 32 gardar. Dette må reknast for eit minimumstal. Fleire gardar, som Fausa og Drege, kan ha eksistert king 1300, sidan dei har like høg landskyld som mange «Mellomaldergardar». (Jamfør Tabell 1.) Men slike indisium er for svake til å hevde at del har eksistert. I

    Dersom vi reknar med at desse 32 gardane gjennomsnitt leg va i delt i 2 bruk, og at det var 6 personar per. bruk, får vi ei folkemengd på 350-400 personar king 1300. (Jamfør Tabell nr. 2.) i

    Både brukstal og talet på personar p.r. bruk er diskutabelt. J. Sandnes opererer med brukstal på 1.6-1.9 (17), medan K. Lunden reknar 2.1-2.9. (18). J Sulebust reknar i ei gransking for Borgund med 2 brukarar p.r. gard. (19).

    For heile Sunnmøre var truleg folketalet king 14 000 personar, og for Noreg omlag 400 000-460 000 personar kring 1300. (20).

    AUDETID OG ATTREISING 1350-1758.
    I. Audetid.

    Svartedauden - ein bylle- og lungepest - kom til Bergen utpå sommaren i 1349, og tør året var omme var også sunnmørs-bygdene ramma av denne fælslege sotten. På landsbasis reknar ein med att 1/5-2/3 av folket strauk med. Kor mange gardar vart lagt aude med krisa som skaut fart med svartedauden? Kva gardar var framleis i hevd? I

    Problemet er som før - det sparsame kjeldematerialet. Ei segn seier at det var ein gut att i Oksvik, og ei jente att på Overvoll. Desse gifte seg og «af disses afkom og i forening med nye invandrete folk befolkes atter «Strandsdalen». (21). Denne og liknande segner kan vi ikkje stole på.

    Fyrst i 1430-32 er det spor etter liv. I den tidlegare nemnde Aslak Bolts Jordbok er det nemnt to bønder i Oksvik og ein på Ringstad som erkestolen sine leiglendingar. 1-Jelsem og Myklebust høyrer også til erkestolens gods. Dette er dei einaste skriftlege kjeldene frå 1400-talet der gardar på Stranda kan sporast. Jordboka tek herre med dei gardane som erkestolen eigde, og ho er derfor inga fullstendig liste over gardar i bruk i 1430.-åra.

    Den fyrste kjelda som gjev seg ut for å vere ei fullstendig liste over skattepliktige bønder i Stranda er «Tiendepenningskatten av 1520-21». Kan denne gi nok0 bilete av avfolkinga? Hadde ikkje busetnaden og folketalet teke seg opp att heile 170 år etter pesten i 1349-50?

    Nei, truleg ikkje. Det var ikkje herre den eine pestbølgja i 1349-50. Pestbølgjene kam att og att til langt utpå l500-talet. Derfor kan vi nytte skattemanntalet i 1520-21 til å fortelje om busetnadsinnskrenkinga/folketapet på 13 og l400-talet, og sjølvsagt om busetnaden slik den var kring 1520.

    Kor mange tiendeytarar var det så i 1520-21? I lista for Dale skipreie (svarer til Stordal, Norddal og Stranda kommunar) er det JO strandabønder fordelt på dei seks gardane Ringstad, Langlo, Sløgstad, Kjølås, Helsem og Oksvik. (22). Om lista er fullstendig og talet på personar er lik talet på bruk vert det ein reduksjon på ikr. 85% i høve til situasjonen før Svartedauden. (64 bruk ikr. 130(1 og 10 bruk i 1520). Dersom dette svarer til folketapet, har det vore skremmande stort, større enn på landsbasis. Tiendepenningskatten syner at heile Strandadalen, Fursetlea og Liabygda var avfolka og aude i 1520. (Jamfør kart nr. 3). Gardane nemnd i Tiendepenningskatten, med unntak av Sløgstad, er mellom dei som har høgaste landskylda i soknet. (Jamfør TabelI nr. 1). Dette viser at del som har overlevd pestbølgjene har søkt saman på dei største og beste gardane sentralt ved fjorden.

    Men er skattelista fullstendig? Er dei fattigaste bøndene utelatne? Er det mogeleg å stole på dette eine skattemanntalet? Dette skal eg prøve å svare på seinare. Fyrst skal vi rette augo andre vegen, frå 1520 mot 1758. Verkar Tiendepenningskatten truverdig i det perspektivet?

    2. Atterreising.

    Kring 1530 fekk den mektige erkebispen Olav Engelbrektson sett

    opp ei jordbok over erkestolens jordegods. Men her kjem ingen nye opplysningar til. Oksvik og Helsem er framleis, heilt eller delvis, i erkestolens eige på dette tidspunkt. (23).

    I dokument om Giskegodset frå 1563, 1582 og 1586 tinn vi Kjølås. I 1586 er også Giskehaug nemnt. Desse to gardane var då i Giskeætta st eige (24) Giskehaug vert til dagleg kalla «Øggarn», slik at dette viser at ein gard som vart lagt øyde med Svartedauden har vorte teken oppatt i 1580-åra.

    Eit arveskifte på «Oxe kierkegaard» i 1573 vert gardane Over4Langlo, Helsem og Oksvik omtala. (24h). I eit tvistemål om odelen til nokre sunnylvsgardar i 1577 vert det halde dom på «sancte Peder kierkegaard på Stranda.» (25). Domsmennene kjem frå Langlo, Kjølås, Habostad, Ringstad, Oksvik, Myklebust og Sve.

    Dette syner at mellom 1520 og 1570-åra har Giskehaug, Habostad og Sve på ny vore busett etter lang audetid, Myklebust kanskje etter ein kortare periode som aude. (Dette kjem eg attende til)

    Men truleg er langt fleire gardar kome i bruk sidan 1520, for «Trondhjem Stifts Reformats» frå 1589 reknar opp 78 bønder som høyrer til Strands kierkesogn. (26). Problemet er kva termen "bonde" står for; brukarar, leiglendingar eller myndige menn?

    14 år seinare, i 1603, er det omlag 77 bruk og 83 brukarar på Stranda. (27). I l647-matrikkelen er talet på bruk 125 og brukarane (el no 128. (28). Skattematrikkelen av 1647 er så pass sikker at vi kan stole på den som ei fullstendig opplisting. Dersom vi som tidlegare reknar 6 personar p.r. bruk/brukar er det mogeleg å rekne ut folkemengda. Gerhard Kjølås har rekna ut folketalet for 1666 og 1701. (Anna metode). (28). I 1758 vart den fyrste folketeljinga på Stranda halden. (29). På dette grunnlaget kan vi sette opp denne tabellen:

    TABELL NR. 2

    ÅR
    BRUK/BRUKAR
    FOLKEMENGD
    ikr. 1300
    64
    350-400
    1520
    10
     
    1589
    78 bønder
     
    1603
    77/83
    450-480
    1647
    125/128
    750-770
    1666
     
    ikr. 800
    1701
     
    ikr. 600*
    1758
     
    973
     
    *) Truleg for lågt.

    37

    Det låge brukartalet i 1520 verkar heilt urimeleg sett i høve til tida før og etter. Er det verkeleg mogeleg med ein reduksjon på kring 85% under Svartedauden? Dersom det var berre 10 gardbrukarar i 1520, er ikkje ei 7-dobling av brukatalet på 3 generasjonar fullstendig urimeleg? Kan vi i dette perspektivet stole på «Tiendepenningskatte n av 1520-21«? Er den fullstendig?

    Fleire historikarar har granska desse skattelistene som dekkjer Vestlandet og Nord-Noreg. Konklusjonane deira er at for Sunnmøre og nokre andre distrikt er listene verkeleg fullstendige. Argumentet for dette er: Listene over brukarar og gardar er sett opp på førehand, og summen som er blitt betalt er ført opp etter kvart. Derfor er også dei som ingenting hadde - «nichil habet» - og fattige - «paupimtts» - oppført i listene. Skattepliktige i desse kategoriane finst ikkje for Dale Skipreide. men t.d. i Vatne og Haram Skipreide finst dei. (30). Dette tyder på at listene er fullstendige, altså at alle skattebønder er oppførte.

    Det har også vore spekulert på om dei einskilde personane i listene representerer ei gruppe av skattytarar, t.d. for bruka på ein gard eller for eit bygdelag. Dette ser ikkje ut til å vere tilfelle for Stranda, fordi her står Oksvik med 3 skattytarar, Helsem og Kjølås med 2 kvar.

    I Nordfjord er det også særs få skattebønder i indre strok, t.d. har Jølster berre 4 bønder. For Gloppen og Breim er desse listene kontrollert med sakefallslister frå same tid, og det er samanfall, dvs. ingen «nye» namn og gardar. (31).

    Kan lista for Dale Skipreide kontrollerast? Finst det bruk og/eller gard ar som er utelatne?

    Slektsgranskarane. J. A. Ringstad og Olav Langlo, meiner at det budde ein riddar Erik Olavsson på Overå i byrjinga på l500-talet. Årsaka til at han ikkje er teken med var at han privilegert og friteken frå å betale skatt. Denne Erik skal vere nemnd i samband med Riksmøtet på Bud i Romsdal i 1537. (31b). (Riksmøtet var ikkje i 1537, men i august 1533!).

    Myklehust i «Æmblodale»låg ikkje øyde i 1430-åra. (jfr. over). Kvifor er ikkje garden med i skattelista for 1520-21? Pestbylgjene var harde midt på 1400-.talet og det er mogeleg at garden kan ha vorten lagt øyde då. Ei anna løysning er at dette kan veie ei feilskriving av Myklebust i Valldalen, fordi i Aslak Bolts Jordbok er garden oppført under «Sulta sokn». Dette løyser problemet berre delvis fordi Myklebust i Valldalen er heller ikkje med i 1520-21 listene. (32).
     


    38

    Ingen av skattytarane i Dale Skipreide står oppført med «nichil habet» = ingenting har. Er dette svaret på kvifor det er få skattytarar. Der desse «nullskattytarane» finst utgjer dei sjeldan meir enn 5% av alle skattytarane, slik at dette løyser ikkje noko problem.

    Dette er dei einaste spora i kjeldene som kan tyde på at «Tiendepenningskatten av 1520-21 kan vere ufullstendig. Men dei er for svake til at ein kan forkaste «Tiendepenningskatten» som kjelde. Dette fordi tilfellet «Ridder Erik Overå» er eit særtilfelle, det var ingen fleire med ridderstatus og skattefridom på Stranda, og tidsavstanden mellom Aslak Bolts Jordebok og Tiendespenningskatten er ikr. 90 år, mangt kan ha skjedd på denne tida, så om Myklebust vantar i 1520 treng ikkje dette tyde at tiendelista er ufullstendig.

    Dermed står vi at utan noko argument til å hevde at «Tiendepenningskatten av 1520-21» ikkje er fullstendig.

    Dette tyder at pestane i Seinmellomalderen (1350-1500) har nesten avfolka Stranda. Busetnaden har skrumpa inn til å herre omfatte Ringstad, Langlo, Sløgstad, Kjølås, Oksvik, Overå og delvis Myklebust, jamfør Kart nr. 3. Dette er berre 8 av dei 32 «Mellomaldergardane» som var i bruk king 1300. Om folketalet var like mykje redusert som gardtalet, vil dette seie ein 75-80% reduksjon frå tida kring 1300. For heile Sunnmøre er folketapet under Svartedauden rekna ut til omlag 70%, dvs, at kring 150(1 var folketalet omlag 3-4000 personar. (33). Det store folkefallet på Stranda er altså ikkje spesielt. Enkelte stader på Vestlandet vart faktisk heile bygder fullstendig avfolka, mest kjend er vel Jostedalen

    Utan at det skal vere noko prov, er det tankevekkjande at tradisjonen gjev «Tiendepenningskatten» rett: Segna seier at Strandadalen låg aude etter svartedauden, og at to brør var dei fyrste som «gjenoptog»dalen «til beboelse», ved å busette seg på Sve og Habostad. (34).

    Talet på bruk i 1520 var altså 10 (+ Overå). Korleis er det mogeleg med ei 7-dobling av brukstalet i 1603. Jamfør Tabell nr. 2. Dersom veksten i folketalet er tilsvarande, vil dette seie 2.3% årleg vekst. Dette verkar urimeleg, er tiendepenningskatten likevel ufullstendig? I nokre fjellbygder i Trøndelag har ein eksempel på ei 4-dobling av takt på skattebønder på eit par generasjonar. (35). H. Bjørkevik (Historikar) har skissert ei forklaring på ein slik utruleg vekst. (36).

    Bjørkevik tenkjer seg at huslydane (talet på personar p.r. brukar) i 1520 var omlag dobbelt så stort som ved 1600. Dette fordi tidleg på l500-talet byrja folketalet å vekse, men denne veksten fekk rom

    39

    KART NR. 3

    40

    innanfor dei eksisterande huslydane. Med fleire gifte søner og drenger kunne det kanskje vere minst 10 familiemedlemmer bak kvar brukar i 1520. Men delte systemet vart sprengt og dei store familiane vart delte. Søner og drenger sette bu på gardar som hadde lege aude sidan 1300-talet. Ryddinga av gamle audegardar fekk ei eksplosiv fart i andre halvdel av 1500-talet. fordi dei nyrydda gardane vart ôg «modergardar» for ekspansjonen. Både på dei «gamle)) og dei ((nye» gardane ville huslydane i ein slik nybyggjarfase vere små, kanskje herre 4-5 personar bak kvar brukar. I dette perspektivet vert ikkje auken så utruleg stor. Folketalet i dette perspektivet vert då: King 1520: 100-150. King: 1600: 350. Men NB, dette er herre teori, det er ikkje funne prov for ei slik utvikling som skissert over.

    Det vert også rekna med at kring 1600 skjedde det ei viss flytting frå ytre til indre strok av Vestlandet. I kor stor grad dette er tilfelle for Sunnmøre er uvisst.

    Men det siste er sikkert ikkje sagt om «Tiendepenningskatten av 1520-21». I dag ser historikarane på den som ei truverdig kjelde. Den er eit problem og framtida kan gje andre svar.

    Veksten frå 1603 til 1647 er og stor. Mange nye område vert til åker og eng; område som aldri før har vore dyrka. Busetnaden kryp mot fjellet på 1600 talet. Til stadar der kornet ofte fekk vanskar med å verte moge. t.d. på Hammaren og Duken. Mangel på dyrkbar jord måtte det vere når stader som Gryddevik skulle skaffe levebrødet til ein familie.

    Allereie midt på 1600-talet var dei fleste områda der det seinare har vore drive jordbruk, busette og i full drift. (Jamfør Tabell nr. I og Kart nr. 4.)

    41

    Sluttord.

    Busetnad og folketalsutviklinga i perioden 800 evt.-1758 sett tinder eitt kan karakteriserast med vekst-nedgang-vekst. Kvifor desse endringane?

    Det er fleire faktorar som spelar inn på rørslene i folketalet. Ein av dei viktigaste er det «epidemiske klimaet.» Pestepidemiane var sjeldsynt frå 700-1300 i europeisk perspektiv, men på 13 og 1400 talet var dei nådelause og kom att gong på gong. Fyrst på 1500-talet byrja pestane å sleppe taket.

    Kring 1300 vart klimaet (vêrlaget) både kaldare og fuktigare, men også dette betra seg på 1500-talet.

    Fleire nye næringar voks fram i det 16- og 17-hundreåret. To av desse hadde stor innverknad for Sunnmøre - fisket og skogbruket. Kring 1600 var det vass-sag både på Langlo og Opshaug. I 1634 kom det 16 jekter frå Dale Skipreide til Bergen. sannsynlegvis var dei lasta med fisk (37). Desse næringane gjorde sitt til at folketalet kunne halde fram veksten etter at alle audegardane og vel så det, vart oppattrydda.

    Dersom lesaren no har fleire spørsmål enn svar så er det bra. Mange undrar seg vel over den sterkt komprimerte busetnaden etter svartedauden, og den kraftige veksten i busetnaden på 1500 talet og fyrste halvpart av 1600 talet. Vel hadde det '/ore om nokon kunne få større klarleik i desse spørsmåla.

    Sameleis gjeld busetnaden i forhistorisk tid, som også har mange uvisse moment. Den som nyttar andre metodar t.d. landskylda og gardsgrensene vil heilt sikkert utdjupe det biletet eg har prøvd å gi av busetnadsutviklinga i heiden tid.

    Utrekning av høgmellomalder maksimum (Busetnad og folketal king 1300) er eit anna problem. Andre metodar vil kunne gje eit noko annleis bilete.

    Frå 1603 av vert kjeldematerialet rikare, og det ligg stort sett urøvyd og uprøvd. I dette er det sikkert råd å finne materiale som kan kaste lys over dette emne i 150 årsperioden fram til 1758.

    42

    KART NR. 4
    43

    LITTERATUR OG KJELDER:

    1. Gjerde, Jørgen: Stranda I. Eit minneskift til hundreårsdagen 17/5-1914. S. 5-12. Her er det skive busetnadshistorie for nokre gardar på Stranda, men ver merksam på at forfattaren har mistydd Peder Fylling på ein del punkt. (M.o.t. P. Fylling sjå punkt 4 nedanfor.)

    Kjølås, Gerhard: Liv og Lagnad. Stranda Bygdebok II. På side 27 finst ei utgreiing om folketalsutviklinga frå 1666.

    2. Fett, Per: Forhistoriske minne på Sunnmøre. Stranda Prestegjeld.

    3. Fett, Per: Som note 2.

    4. Fylling. Peder: «Bemerkninger samlede paa en reise i Strandens hovedsogn paa Søndmør.» (1876). Manuskript på Universitetsbiblioteket i Bergen. UB Bergen MS 185 n. Kopi finst på Stranda Folkebibliotek.

    5. Nicolaysen, N.: Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring. Aarsberetning 1877. 5. 83.

    6. Fett, Per: Bergen Museums Årbok 1846-47. Tilvekst 1947 s. 14.

    Petersen, Jan: De norske vikingesverd. (1919) s. 44.

    7. Christie, 1V. F. K.: (1837) Urda I s. 392.

    8. Fett, Per: Bergen Museums Årbok 1946-47. Tilvekst 1847 s. 13.

    9. Fylling, Peder: Ms 185 n. (sjå over).

    Fett, Per: Forhistoriske minne på Sunnmøre. Stranda Prestegjeld.

    10. Fett, Per: Som note nr. 9.

    Christie, 1V. F. K.: (1842) Urda Il s. 394-96.

    Fylling, Peder: UBB MS 185 n. (Sjå over).

    Il. Fett, Per: Som note 2.

    Ringstad, i. Å.: «Glimt frå fane tider».

    12. Fett, Per: Som note 2.

    Ho/st, Hans: «Myntfunn fra Stranda». Bergen Museums Årbok 1946147.

    Welin, LI. L. S.: De kufiska mynten i silverskatten från Sløgstad i Stranda. Universitetet i Bergen. Årbok 1951. Historisk-Antikvarisk rekke.

    13. Munch, P. Å.: Nogle ældgamle, hidtil ukjente, norske slegtsregistre. Samlingen til norske folks sprog og historie VI s. 187-194.

    Nicolaysen, N.: «Nogle gamle norske Ætleg».

    Nicolaysen, N.: «Nogle gamle norske Ætleg». Foreningen til fortidsmindesmerkers bevaring. Årsbetetning 1862 s. 6 ti.

    44

    Storm, Gustav: «Om indskuddene i Fagrskinna». Forhandlinger i Videnskabs-selskapet i Christiania. Aar 1875.

    Kvalsund, Ole: Bygdebok for Borgund. Band 1.

    14. «Af en gammel etlegg». A. M. Codex 22 fot. b. Den Arnemagneiske skriftsamling i Det Danske Riksarkiv. Kopi på Ålesund Museum.

    15. Langlo. Olav: Stranda Bygdebok III. Ættebok for Stranda s. 282.

    Ringstad, J. Å.: «Glimt - - -» s. 11-16.

    16. Munch, P. Å.: Aslak Bolts Jordebog s. 81-82.

    17. Sandnes, i.: «Ødetid og gjenreisning». «Gardar, bruk og folketal i Høgmellomalderen». (Historisk Tidsskrift nr. 47)

    18. Lunden, K.: Norges historie bind 3. s. 256-268. «Om gardtal og folketal i Noreg». (Historisk Tidsskrift nr. 47).

    /9. Sulebust, J.: Bosetning og Næringsforhold i Borgund sogn i seinmellomalderen og nyere tid». I «Seinmellomalder i norske bygder». Red.: Hansen, 1. L.

    20. Sulebust, J.: «Borgund: Det første tettstedet på Sunnmøre». i «Fra de første fotefar». Red.: Indre lid, 5. og Ugelvik-Larsen. 5.

    Lunden, K~: Som note 18.

    Sandnes, J.- Som note 17.

    21. Fylling, Peder: UBB MS 185 n. (Sjå note 4).

    22. Huitfeldt-kaas, H. S.: Norske Regneskaber og Jordebøger fra det 16. århundrede. Bind II, s. 95 f.

    23. Olav Engelbrektsens Jordebog, s. 4.

    24. Godsfortegnelse 1563. Utrykt. Dansk Rigsarkiv. Norske Rigsregistranter Bind 11, s. 452-455 og s. 650-655.

    24b. Ringstad, J. Å.: «Glimt - - -» s. 13. Kvar originalen fins veit eg ikkje. Mulig SA Trondheim eller RA Oslo.

    25. Lillebø, P. Å.: Trykt in extenso: Sunnylven Bygdebok II, s. 199-200.

    26. Trykt i: Gjerde, J.: Kyrkjene i Stranda 1000-1938. og i Tidsskrift for Sunnmøre Historielag 1971. Kvar originalen er veit eg ikkje (SA Trondheim?)

    27. Manntal 1603: Trykt: Stranda Bygdebok 3.

    28. Fladby, R.: Skattematrikkel 1647. XIII. Møre og Romsdal. s. 112-135.

    29. Strøm, Hans: Sunnmøres beskrivelse bind 2, s. 204.

    30. Huitfeldt-Kaas, fl. J.: Som note 22, side 94 ti.

    31. Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Bind I, s. 327.
     

    45

    31b. Ringstad, i. Å.: «Glimt À - -» (Sjå note 15).

    32. Som note 30, side 96.

    33. Ugelvik-Larsen: «De første fotefar», s. 228.

    34. fylling, Peder: UBB MS 185 n. (Sjå note 4).

    35. Dybdal, A.: «Tiendepenningskatten 1521/22 som kilde for vurdering av hosetning og folketal i Nord-Norge». Heimen band XVI.

    Hagen, Rolf M.: Norsk Historisk Atlas, (Cappelen) K.nr. 62.

    36. Bjørkvik. fl.: « Tiendepennings katten 1520/21 som historisk kjelde». Heimen, band XIII s, 553f.

    46