Broren min (Trondheim) og eg, saman med eitt av søskenbarna våre på Voss (Else-Marie), er nære og aktive overfor eit anna søskenbarn på Voss, Gudrun, barnlaus enke på 96 år. Alt ved Gudruns kognitive evner og mentale helse er topp; kroppen hennar har fått bank eit par gonger ved fall-brot og operasjonar, men ho går (med støtte av gåstol). Gudrun var i alle år kollega med mor på Telegrafen på Voss, dei var begge vaktsjefar. Gudrun og mannen Olav var i alle år òg nære omgangsvenner med far og mor på Voss, og med Željka og meg, og med bror min og familien (bror min silde seg i 1987, tre barn som klarar seg godt). Bror og eg følgjer alltid Gudrun opp; vi vil gjerne gi tilbake det vi kan og er i stand til, for alt nært hopehav ho og mannen Olav hadde med mor og far; hopehavet der bidrog positivt til livskvaliteten til foreldra våre, både gjennom yrkeslivet og ikkje minst i alderdommen, då far og mor budde i huset i Ringheimsvegen. Gudrun har alltid interessert seg for og sett pris på kontakten med oss, og har også følgt opp interessa for dattera vår, Hilde. I samband med Vosse-turane våre er vi, og har vi i alle år jamnleg vore innom Gudrun og Olav på besøk. I over 15 år klarte Gudrun seg godt åleine etter at ho vart enke, i leilegheita som ho og mannen hadde i Hangursvegen på Voss. Dei seinaste åra ytra ho stadig ønske om å få plass i mindre leilegheit i Sosialbygget på Vangen. Ho søkte om plass. Det drog ut. I Hangursvegen hadde ho kommunal heimehjelp. Etter to heimeulukker ho hadde (ho dunka seg i ei skapdør, og ho fall på golvet) tiltok interessa hennar for Sosialbygg-leileghet. Sosial og kontaktskapande som ho er og alltid har vore, ville det vere greit å komme i Sosialbygget, der ho kjende mange, der der er mange aktivitetar, og der det også er tilsynssentral helsemessig. I januar 2015 bad ho meg hjelpe henne til fastlegen, idet ho hadde fått vite at ein ny/tillegs helseattest kunne betre posisjonen hennar i søkjarkøen til Sosialbygget. Den 3. febr. var eg difor på Voss, eg følgde henne til legen, han fann ikkje noko graverande ved helsa, men såg behovet hennar for mindre husvære med tilleggsfunskjonar, ho fekk ny attest, og den leverte vi så til Sosialbygget. I mellomtida hadde eg på hennar vegne (med hennar samtykke) løpande kontakt med forretningsføraren på Sosialbygget. Han lova ny behandling av søknaden hennar på vårparten 2015. Straks lege-dagen var over den 3. februar, skriev eg samtidig til nevøen hennar og kona hans, som er dei i den næraste familien hennar som bur på Voss og er nærmast henne. Eg orienterte dei om det Gudrun hadde bede meg om, kva som kanskje kunne vere i vente på Sosialbygget ut frå Gudruns eige ønske, og eg la ved kopi av den nye legeattesten. I min kontakt med forretningsføraren gjorde eg det heile tida klart kva selktskapsforhold eg står i til Gudrun, og at nevøen hennar på Voss er den som står nærmast henne på Voss i den nære familien hennar. – I byrjinga av mai 2015 ringde forretningsføraren til meg, sa at dei nå hadde ledig leilegheit som dei vurderte å tilby henne, og sa at han ringde for å sjekke hos meg om helsetilstanden hennar var som før (etter den nye legeattesten), og om eg meinte ho ville kunne klare seg på Sosialbygget. Eg svarte ja på dette, og han sa at Sosialbygget då ville sende ut tilbod om leilegheit til henne over helga. Samtidig minte eg han om at nevøen hennar (hans fulle namn og adresse hadde Sosialbygget heile tida) er den nærmaste på Voss i den nære familien hennar. – Eg ringde straks til nevøen hennar, orienterte om telefonsamtalen min med forretningsføraren, og om at G nå vil få tilbodsbrev.