Seksjon for allmenn litteraturvitskap (SAL)
Institutt for lingvistikk og litteraturvitskap (LiLi)
Universitetet i Bergen
Sydnesplass 7
5007 Bergen

 
Vårsemesteret 2006 - Mastergrad
(nye mastergradsstudentar - og andre):
ALLV301
LITTERATURVITSKAPLEG GRUNNKURS
Allmenn litteraturvitskap
v/ prof. Lars Sætre (lars.saetre@lili.uib.no)
 
Pensum
Timeplan

Kurset er lagt til byrjinga av vårsemesteret. Undervisninga blir gitt i Seminarrom 216 i HF-bygget (2. etg.). Timeplan finn du nedanfor. Kjøp snarast pensumlitteraturen (sjå nedanfor), og start lesing og førebuing. - NB: Det er svært viktig at studentane startar pensumlesinga før semesterstart. - NB: Endå viktigare er at de i løpet av juleferien tenkjer nøye igjennom kva de ser for dykk at masteroppgåva de skal i gang med, skal dreie seg om. Ved semesterstart må de altså ha byrja prosessen med å tenkje ut emne, material og problemstillingar for masteroppgåve-prosjektet. - Ved kursstart må kvar student også ha nett-tilgang, og ha eiga epost-adresse. Oversend snarast epost-adressa di til kursleiar.

I løpet av kurset skal studentane ferdigstille ein individuell Prosjektbeskrivelse på min. 10 s. for masteroppgåve-arbeidet. Denne utgjer eksamensoppgåva i emnet, som tel 15 stp, og dannar grunnlag for vurderinga (Godkjent/Ikkje godkjent). For å bli vurdert krevst det i tillegg at studentane har møtt fram på og gjennomført heile kurset, deltatt i gruppearbeida, og levert inn dei øvingsoppgåvene som inngår i kurset. Av progresjonsomsyn må kurset gjennomførast og eksamen avleggjast nettopp i første delen av mastergradsstudiets førstesemester. Studentane kan difor ikkje basere seg på å vere opptatt med andre syslar i denne perioden (som t.d. andre studiar eller lønna arbeid).

Studentane blir inndelte i grupper, og skal i løpet av seminaret utarbeide og leggje fram til drøfting og for faglærars og medstudentars tilbakemelding (enkelt- og gruppevis) utkast til analysar av

** korte skjønnlitterære tekstar,
** innleiingane i tidlegare evaluerte masteroppgåver,
** tidlegare godkjende prosjektskisser, og deretter: analysar av
** eitt eller fleire av pensumets skjønnlitterære og essayistiske verk, med vekt på tekstanes overordna topografiske relasjonar, rom/tid-kategoriar, og kompositoriske særdrag.

Kurset vil undervegs også kontinuerleg drøfte dei individuelle utkasta til Prosjektbeskrivelse som den einskilde har i arbeid. Det vil også bli gitt individuell og gruppevis rettleiing i arbeidet med prosjektbeskrivelsane. - Grunnkurset gjer bruk av kursinternt IKT-samband - mellom studentar, og mellom studentar/studentgrupper på den eine sida, og faglærar på den andre.

Emnets siste arbeidsoppgåve er ferdigstillinga og innleveringa av Prosjektbeskrivelsen, som skal leverast på Seksjonens ekspedisjonskontor (konsulent Marianne Eskeland, rom 284), seinast fredag 17. mars kl 13.00.

 

 

PENSUMLITTERATUR (om lag 8 verk)

Pensum skal studentane ha inngåande kjennskap til, kunne presentere, diskutere, og ha evne å analysere. Når ikkje anna er nemnt, kan pensum kjøpast på Studia.

** "ALLV301 - Litteraturvitskapleg grunnkurs - Kompendium" - til sals på Studia, Avd. Kompendiesal

** "Studieplan/Prosjektbeskrivelsar - Minikompendium" - blir supplert av faglærar ved kursstart

** Harald Jørgensen, Hovedoppgaven. Skikk og bruk i oppgavearbeidet, Oslo, 1993

 ** Stendhal, The Red and the Black. A Chronicle of the Nineteenth Century (1830), transl. Catherine Slater, Oxford UP, 1991 og seinare

 ** Renate Dorrestein, A Heart of Stone (1998), London: Black Swan, 2001

 ** Thornton Wilder, Our Town and Other Plays (1938), London: Penguin Classics, 2000

 ** Dubravka Ugresic, The Culture of Lies. Antipolitical Essays (1995), transl. Celia Hawkesworth, London: Phoenix, 1998

 ** Claes Andersson, Under, Borgå, 1984 (fotokopi, blir supplert av faglærar ved kursstart)

 

 

TIMEPLAN

FREDAG 13. jan., kl. 12.15-14.00
Orienteringsmøte, sem.rom 216, HF-bygget
 
TYSDAG 17. jan. 9.15-12.00, 216
Praktiske opplysningar. - Om Studieplanen (i Minikompendium). - Om masteroppgåva som oppgåvearbeid og genre (les Jørgensen, Hovedoppgaven): Emne, problemstilling; forsking, skriving, masteroppgåve. - Første runde på emne og problemstillingar for masteroppgåva (prosjektbeskrivelsar). - Fokus på Prosjektbeskrivelsen. - Revisjon av gruppeinndelingar.
 
TORSDAG 19. jan. 12.15-15.00, 216
10.15 - Før seminaret: Innføring på Universitetsbiblioteket v/ univ.bibl. Ellen Solvik
-Generell informasjon (om det nye biblioteket)
-Demonstrasjon av Bibsys Ask
-Søking i andre databasar
-Referering (Sitat og litteraturliste)
-Kildekritikk
- Omvising

Litterær analyse og tolking I: Knut Hamsun, "Hemmelig ve"; Paal Brekke, "Der alle stier taper seg" (begge i Kompendiet); diskusjon av korte analyse-utkast.

 
TYSDAG 24. jan. 9.15-12.00, 216
Analyse av tidlegare prosjektbeskrivelsar (i Minikompendium). - "Ein modellbeskrivelse". - Litterær analyse og tolking II: Raymond Carver, "Are You A Doctor?"; diskusjon av analyseutkast.
 
TORSDAG 26. jan. 12.15-15.00, 216
Analyse av innleiingane i tidlegare evaluerte hovudoppgåver (i Kompendiet). - Andre, oppdaterte runde på emne og problemstillingar for masteroppgåva (prosjektbeskrivelsar). - Innleiing til dei resterande vekenes analysearbeid: Fokus på litteraturens topografiske rom og tid.
 
TYSDAG 31. jan. 9.15-12.00, 216
Fiksjonsprosaens dag:
Romanens arkitektoniske besvær (ytre form/indre flyt): Stendhals The Red and the Black (analysar). - Romanens manøvrar (frå ute til langt, langt inne): Renate Dorresteins A Heart of Stone (analysar).
 
TORSDAG 2. febr. 12.15-15.00, 216
Dramaets og essayets dag:
Ute, imellom, bak, og under - vilkåra for episk dramatikk: Thornton Wilders Our Town (analysar). - Vendinga bort, og samstundes inn i: Dubravka Ugresic' The Culture of Lies (analysar).
 
TYSDAG 7. febr. 9.15-12.00, 216
Lyrikkens dag:
Frå langt under, til det kreative over - lyrikkens og sjølvets mulighetsvilkår: Claes Anderssons Under (analysar). - Tredje, oppdaterte runde på emne og problemstillingar for masteroppgåva (prosjektbeskrivelsar).
 
TORSDAG 9. febr. 12.15-15.00, 216
Framlegging av Prosjektbeskrivelsar, pr i dag. - Plenumdiskusjon. (For interesserte: Individuell rettleiing også etter kurset.)
 
TYSDAG 14. febr. 9.15-12.00, 216
Tilbakeblikk og oppsummering. Første runde med avsluttande drøftingar.
 
TORSDAG 16. febr. 12.15-15.00, 216
Tilbakeblikk og oppsummering. Andre runde med avsluttande drøftingar.

 

NB: Endeleg innleveringsfrist for eksamensarbeidet
Prosjektbeskrivelse:
Fredag 17. mars 2006 kl 13.00,
Forkontoret SAL v/ Marianne Eskeland, Rom 284.

 

Pr des. '05. Med atterhald om endringar. LS