Seksjon for allmenn litteraturvitskap (SAL)
Institutt for lingvistikk og litteraturvitskap (LiLi)
Universitetet i Bergen
Sydnesplass 7
5007 Bergen
 
Vårsemesteret 2005
Mastergrad
(nye mastergradsstudentar - og andre):
ALLV301
LITTERATURVITSKAPLEG GRUNNKURS
Allmenn litteraturvitskap
 
v/ prof. Lars Sætre
(lars.saetre@lili.uib.no)

 

Kurset er lagt til byrjinga av vårsemesteret. Undervisninga blir gitt i Seminarrom 216 i HF-bygget (2. etg.). Timeplan finn du nedanfor.

Kjøp snarast pensumlitteraturen (sjå nedanfor), og start lesing og førebuing. NB: Det er svært viktig at studentane startar pensumlesinga før semesterstart.

NB: Endå viktigare er at de i løpet av juleferien tenkjer nøye igjennom kva de ser for dykk at masteroppgåva de skal i gang med, skal dreie seg om. Ved semesterstart må de altså ha byrja prosessen med å tenkje ut emne, material og problemstillingar for masteroppgåve-prosjektet. - Ved kursstart må kvar student også ha nett-tilgang, og ha eiga epost-adresse. Oversend snarast epost-adressa di til kursleiar.

I løpet av kurset skal studentane ferdigstille ein individuell Prosjektbeskrivelse på min. 10 s. for masteroppgåve-arbeidet. Denne utgjer eksamensoppgåva i emnet, som tel 15 stp, og dannar grunnlag for vurderinga (Godkjent/Ikkje godkjent). For å bli vurdert krevst det i tillegg at studentane har møtt fram på og gjennomført heile kurset, deltatt i gruppearbeida, og levert inn dei øvingsoppgåvene kurset bl.a. er bygt opp omkring. Av progresjonsomsyn må kurset gjennomførast og eksamen avleggjast nettopp i første delen av mastergradsstudiets førstesemester. Studentane kan difor ikkje basere seg på å vere opptatt med andre syslar i denne perioden (som t.d. andre studiar eller lønna arbeid).

Studentane blir inndelte i grupper, og skal i løpet av seminaret utarbeide og leggje fram til drøfting og for faglærars og medstudentars tilbakemelding (enkelt- og gruppevis) utkast til analysar av

** korte skjønnlitterære tekstar,
** innleiingane i tidlegare evaluerte masteroppgåver,
** tidlegare godkjende prosjektskisser, og deretter: analysar av
** eitt eller fleire av pensumets skjønnlitterære og essayistiske verk, med vekt på tekstanes overordna topografiske relasjonar, rom/tid-kategoriar, og kompositoriske særdrag.

Kurset vil undervegs også kontinuerleg drøfte dei individuelle utkasta til Prosjektbeskrivelse som den einskilde har i arbeid. Det vil også bli gitt individuell og gruppevis rettleiing i arbeidet med prosjektbeskrivelsane.

Studentane blir oppfordra til å gjere seg bevisst sine tankar om mastergradsprosjektet snarast råd, bearbeide desse, og vere aktiv med utskriving og revidering av Prosjektbeskrivelsen heile kurset igjennom. Kursleiar gir fortløpande råd. Emnets siste arbeidsoppgåve er

** ferdigstillinga og innleveringa av Prosjektbeskrivelsen,

som skal leverast på Seksjonens ekspedisjonskontor (konsulent Marianne Eskeland), seinast fredag 18. mars kl 13.00).

Eit sentralt emne i kurset vil vere drøftinga av Harald Jørgensens bok Hovedoppgaven. Denne kursbolken vil også gå inn på akademisk etterrettelighet, formalia i akademisk skrift, og akribi, sitat- og notasjonsteknikkar.

Alt det som pensum og undervisning i dette emnet berører (sjå ovanfor, og pensum nedanfor), er det gitt føringar for i den Kvalitetsreforma som f.o.m. H-2003 er i full drift ved UiB. Studentane vil bli nøye oppfølgde, i det Litteraturvitskaplege Grunnkurset m.a. gjennom bruk av kursinternt IKT-samband - mellom studentar, og mellom studentar/studentgrupper på den eine sida, og faglærar på den andre.

 

Pensumlitteratur (om lag 8 verk)

Pensum skal studentane ha inngåande kjennskap til, kunne presentere, diskutere, og ha evne å analysere. Når ikkje anna er nemnt, kan pensum kjøpast på Studia.

** "ALLV301 - Litteraturvitskapleg grunnkurs - Kompendium" - til sals på Studia, Avd. Kompendiesal
 
** "Studieplan/Prosjektbeskrivelsar - Minikompendium" - blir supplert av faglærar ved kursstart
 
** Harald Jørgensen, Hovedoppgaven. Skikk og bruk i oppgavearbeidet, Oslo: Novus, 1993
 
** Stendhal, The Red and the Black. A Chronicle of the Nineteenth Century (1830), transl. Catherine Slater, Oxford UP, 1991 og seinare
 
** Renate Dorrestein, A Heart of Stone (1998), London: Black Swan, 2001
 
** Thornton Wilder, Our Town and Other Plays (1938), London: Penguin Classics, 2000
 
** Dubravka Ugresic, The Culture of Lies. Antipolitical Essays (1995), transl. Celia Hawkesworth, London: Phoenix, 1998
 
** Claes Andersson, Under, Borgå: Alba, 1984 (fotokopi, blir supplert av faglærar ved kursstart)

 

Sjå elles
Oversyn over gruppeinndelingar på nettet
(etter at Seksjonen har mottatt Fakultetets opptaksliste)

 

 

Timeplan/Emnefordeling
 Av grunnar som har med Utdanningsavdelingas administrative romplanlegging å gjere, dobbeltsjekk tidspunkt for Orienteringsmøte, lokale og undervisningstimar ved semesterstart.
 

TORSDAG 13. jan., kl. 13.15

Orienteringsmøte, sem.rom 216, HF-bygget
 
 
TYSDAG 18. jan. 9.15-12.00, 216
Praktiske opplysningar. - Om Studieplanen (i Minikompendium). - Om masteroppgåva som oppgåvearbeid og genre (les Jørgensen, Hovedoppgaven): Emne, problemstilling; forsking, skriving, masteroppgåve. - Første runde på emne og problemstillingar for masteroppgåva (prosjektbeskrivelsar). - Fokus på Prosjektbeskrivelsen. - Revisjon av gruppeinndelingar.

 

TORSDAG 20. jan. 12.15-15.00, 216
Litterær analyse og tolking I: Knut Hamsun, "Hemmelig ve"; Paal Brekke, "Der alle stier taper seg" (begge i Kompendiet); diskusjon av korte analyse-utkast. - Omvising på Universitetsbiblioteket (UBB).

 

TYSDAG 25. jan. 9.15-12.00, 216
Analyse av tidlegare prosjektbeskrivelsar (i Minikompendium). - "Ein modellbeskrivelse". - Litterær analyse og tolking II: Raymond Carver, "Are You A Doctor?"; diskusjon av analyseutkast.

 

TORSDAG 27. jan. 12.15-15.00, 216
Analyse av innleiingane i tidlegare evaluerte hovudoppgåver (i Kompendiet). - Andre, oppdaterte runde på emne og problemstillingar for masteroppgåva (prosjektbeskrivelsar). - Innleiing til dei resterande vekenes analysearbeid: Fokus på litteraturens topografiske rom og tid.

 

TYSDAG 1. febr. 9.15-12.00, 216
Fiksjonsprosaens dag:
Romanens arkitektoniske besvær (ytre form/indre flyt): Stendhals The Red and the Black (analysar). - Romanens manøvrar (frå ute til langt, langt inne): Renate Dorresteins A Heart of Stone (analysar).

 

TORSDAG 3. febr. 12.15-15.00, 216
Dramaets og essayets dag:
Ute, imellom, bak, og under - vilkåra for episk dramatikk: Thornton Wilders Our Town (analysar). - Vendinga bort, og samstundes inn i: Dubravka Ugresic' The Culture of Lies (analysar).

 

TYSDAG 8. febr. 9.15-12.00, 216
Lyrikkens dag:
Frå langt under, til det kreative over - lyrikkens og sjølvets mulighetsvilkår: Claes Anderssons Under (analysar). - Tredje, oppdaterte runde på emne og problemstillingar for masteroppgåva (prosjektbeskrivelsar).

 

TORSDAG 10. febr. 12.15-15.00, 216
Framlegging av Prosjektbeskrivelsar, pr i dag. - Plenumdiskusjon. (For interesserte: Individuell rettleiing også etter kurset.)
 
 
TYSDAG 15. febr. 9.15-12.00, 216
Tilbakeblikk og oppsummering. Første runde med avsluttande drøftingar.
 
 
TORSDAG 17. febr. 12.15-15.00, 216
Tilbakeblikk og oppsummering. Andre runde med avsluttande drøftingar.
 
 
 
NB: Endeleg innleveringsfrist for eksamensarbeidet
Prosjektbeskrivelse:
Fredag 18. mars 2005 kl 13.00,
Forkontoret SAL v/ Marianne Eskeland.
 
 

Pr 20/12-04. Med atterhald om endringar. LS