Søskenbarnsida - Sætre

 

Med utgangspunkt i

Søskenbarntreff i Stryn 2.-4. sept. 2005

 

 

  

---> Bilete frå Stryn 2.-4. september 2005 (7/9)

---> 2. biletserie (12/9)

---> 3. biletserie (12/9)

---> 4. biletserie (Per Magnus) (12/9)

---> 5. biletserie (Olaug) (7/12)

---> 6. biletserie (Else - 1) (9/12)

---> 7. biletserie (Else - 2) (9/12)

Link til Martin Sandals 360 gr. Stryne-bilete:

http://www.stryneelva.com/elva/

http://www.stryneelva.com/elva/panorama/vispanorama.php?id=19

--->Program/Oppdatering/Detaljar pr 2.9.2005 

--->Link til Søskenbarn-lista

Link til bilete frå Vesla Pensjonat

 

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Takk for ei strålande helg!

Bergen, den 5. sept. 2005: Vidare oppdateringar, og utlegging av noko av biletmaterialet, vil følgje om nokre dagar. De som har teke digitalbilete: Ver vennlege, send meg det de har på ein CD. De som har teke vanlege fotos: Ver vennlege, få dei omgjorde til digital versjon i fotobutikken (be om det når de leverer inn til framkalling), eller lån meg filmane, og send meg det de har og som de meiner kan brukast. Tanken er nå at eg samlar saman alt biletmaterialet frå alle som sender inn, så får eg laga ein samle-CD til alle, og sender den i posten til den einskilde. Denne CDen vil då kunne brukast anten direkte på eiga datamaskin (som de så sjølve kan skrive ut dei bileta de vil ha frå), eller ved at de går til fotobutikken og ber om utskrift i fotopapirversjon dér av det de vil ha frå samle-CDen.

Eg skal om litt også byggje om nettsidene våre noko, slik at vi tek vare på det vi vil ha vidare nytte av i framtida -- og slik at vi har eit samlande treffpunkt! Dersom nokon har lagt igjen festsongheftet sitt; vend dykk til meg og eg ettersender det. Ver gilde og oversend opplysningar om eventuelle endringar i epostadresser, telefonnummer og adresser, slik at vi lett kan nå einannan også vidare framover. Har de stoff de meiner er av felles interesse (soger frå turane vi gjorde laurdagen t.d., eller eldre bilete (som eg kan scanne og leggje ut), eller andre ting), så send det til meg, og eg skal gjere det felles tilgjengeleg. Utviklingar i det einskilde søskenbarnets familie av typen barn eller barnebarn til dømes, osv. osv., vil vere av interesse her, eller kva som helst anna.

Hjarteleg takk til dykk alle saman for den storveges responsen, frammøtet, det gode humøret og alle arbeidsinnsatsane de einskildvis gjorde med kaker, musikk, talar, songar, mattingingar, avtalar, rigging, dekking, vasking, rydding, køyring osv., osv. -- og for det storveges samværet vi hadde over tre fagre Stryne-dagar. Og med eit ver og ein Nordfjord-natur som synte seg frå sine aller beste sider just då vi hadde bruk for det! -- Ei heilt spesiell takk går framleis og heile tida til Margrete og Jan Inge. De er heilt eineståande!

- Lars

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Nye sidetilvisingar og utlegging av nytt stoff finn de ved å klikke på linjene ovanfor til høgre.

 

Nedanfor står det første kontakt- og initiativbrevet, som gjekk ut i mai like før pinse.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Bergen/Oslo, i mai 2005

Hei alle søskenbarn og makar!

Då vi skildest etter gravferda til Anne Grete i fjor, var det mange av oss som hadde snakka saman om snart å freiste å få til ei samling med makar. Det siste eg gjorde før vi for til Bergen att, var å love Olaug at eg skulle ta eit initiativ ut på nyåret.

Olaug og eg har korrespondert om dette i vår, og vi har rådført oss med Ola-Jørgen, min Ola bror, og med Jan Inge og Margrete. Olaug og eg står gjerne for organiseringa, og med litt hjelp lokalt, ser det ut til at vi skal få dette til.

Lokalt - det ser ut til å vere stor semje om at staden vi aller helst kunne tenkje oss å treffast, er Stryn - alle sætrars fødeland. Ønske om tidspunkt vil sikkert variere, men her har vi måtta leggje mange omsyn oppå kvarandre og ta ei avgjerd. Samlinga blir frå fredag ettermiddag/kveld den 2. sept. og varer til utpå sundagen den 4. sept.

Litt program skal vi få på plass etter kvart, men det treng vel ikkje vere så overvettes - å vere saman, prate, hygge oss og minnast er sikkert det aller viktigaste. Og vi kunne gjerne, alle saman eller i grupper, eine dagen ta ein tur på setra, eller få til den klassiske fisketuren på Loenvatnet, eller køyre ein tur til Hornindal (med Aasebøstøl og Brændefur), til Kirkeeide og gravene, eller vidare oppover i bygda, eller nedover til Eid, nedom Faleide, eller...eller.

Dette har vi gjort så langt:

* Eg har laga til eit oppsett over namn, adresser, telefonnummer og epostadresser så langt eg har klart. Det følgjer vedlagt, og eg ber alle returnere opplysningar om det som ennå er uutfylt, om rettingar osv. Hugs å angi fødseldato og -år. Skriv gjerne til epostadressa mi: lars.saetre@lili.uib.no

Denne sida, saman med ei internettside med plass til program, bilete, opplysningar, soger og alt anna vi måtte komme på, hadde eg så tenkt å leggje på nettet til bruk for oss alle. Ver gilde, hjelp til med å gjere søskenbarn-oppsettet så fullstendig som mogleg!

* Vi har avtalt med Jan Inge, som tingar rjomegrautmat og desslike i Kulturhuset fredagskvelden, og som tingar festmiddag for oss på Hotell Stryn laurdagskvelden.

* Eg har vore i kontakt med Vesla Bergem, som frå sitt vakre Vesla Pensjonat på Myrane melder at ho er glad for å kunne huse kring 25 av dei tilreisande blant oss. Ho vil melde om overnattingsprisar etter kvart, og når vi ser påmeldingane, skal vi etter trong kople til fleire rom, t.d. ved Oscarshall eller ved Hotell Stryn. Eg har frist hos Vesla til dei første dagane av juni.

Som sagt, vidare planar og program fyller vi inn etter kvart, og her er vi opne for alle slags og alle sine framlegg og gode idéar. Éin ting er vi likevel fast bestemte på: at vi inviterer våre trauste og sterke kvinnelege seniorar til å vere saman med oss - tante Kåra, tante Oddbjørg, tante Oddlaug og tante Ruth, alt etter kva dei ønskjer og har tæl til å vere med på. Kanskje vil dei også ha stunder for seg sjølve i løpet av helga.

Vi vonar de alle tykkjer det er eit greit initiativ, dette, og ver gilde, merk dykk datoane - og meld snarast råd, og seinast innan onsdag 1. juni frå til fetter Lars, Birkebeinergaten 1, 5003 Bergen, mob. 95823232 - og aller helst til epost lars.saetre@lili.uib.no - om de kjem éin eller to personar, kva overnattingsbehov de har, når de reknar med å komme og når de må reise att - og om alle tankar og idéar de har som kan bidra til å gjere dette til eit uforgløymeleg gjensyn, der vi kan ha all verdas moro og gaman, og samstundes kan minnast Anne Grete som gjekk så altfor tidleg bort frå oss.

Hugs opplysningane til søskenbarn-oppsettet, og gi respons så snart de kan!

Beste helsingar og klem frå

Larsemann

(- og med påhalden penn: Olaug, og alle dei andre nemnde)

 

 

Til Søskenbarn-lista