Redaktør:
Ole Fretheim
Karatesjef:
Margret Frøyen
Salssjef:
Lars Egil Haukaas
Annonsesjef:
Lars Sætre
Stikksjef:
Sigvor Bakke
Økonomi:
Jens Brekke
Oppvaskhjelp:
Asbjørn Olafson
Rettskriving:
Sånn hips om happ
Brannmann:
Kjell Erik Gravning
Men aller først - også frå Russeavisa - den heidrande omtalen vår av Vossarussen 1971 sin Æresruss: Rudolf Zwartjes.
God fornøyelse!
ArntVictorOettel |
Har med tida avansert til nestformann i Dale-banden i 3Ra. Ein av grunnane til det er kanskje at han er motorsykkeleigar. Har ikkje drive så mykje med motorsykkelkøyring etter han i fjor fekk psykisk samanbrot under ein fart på 130 km/t i ein sving ved Hamlagrøvatnet. - Arnt Victor er ein grei kar, oppalen på sunn norsk kost som geitemjølk og bollar bakt av mjøl frå Vaksdal mølle, ein god vane han dessverre nå har lagt vekk. - Dei første skuleåra budde han i si kjære heimbygd Dale. Men i fjor fekk han sterke sjelelege inntrykk frå religionsundervisninga til Ohnstad om Frans av Assisi og andre munkar, og såg det som eit kall å prøva einebuartilværet på ein hybel på Voss.Seinare har han heldigvis kome til at han har måtta moderert mykje på kravet. Arnt Victor er ein ihuga jeger, ein hobby som har vore han til stor nytte på mange måtar. - Framtidsvon: Å bli skulestyrar på Dale folkeskule (den ni-årige einskapsskule). |
JorunnRingheim,Voss |
Kven et i kvart friminutt? (Til stor misunning for Ingunn.) Kven forsvarar Borten og Senterpartiet? Kven spring langrenn? Kven seier: Det er det samme kvar i verda eg bur, berre eg ser Lønavatnet? Kven har utpregar humoristisk sans? Kven let strikketøyet liggja att heime? Kven er dotter han Joans? "Vem kan segla förutan vind?" - HO JORUNN! |
IngunnBørve,Voss |
Ingunn Børve er ein av dei mange som synest å taka deleksamen på husflidsskulen medan ho går på gymnaset. Dessutan har ho tatt matematikken så alvorleg at ho no er i stand til å rekna ut antal masker på ein strikkepinne. I det siste har Ingunn også fått nok av handarbeid i fritida si, slik at forstandaren (klasseforstandaren sjølvsagt) har oppmoda henne om å innta sin plass i senga noko tidlegare. Kanskje var det nye handarbeidet eit resultat av folkevognskompleks, for faktum er at høgast står no ESCORT med ski på taket. - Ingunn er temperamentsfull, noko som oftast fører til håndgemeng i klassen. Ho har ein viss tendens til å komma seint og gå tidleg (dette gjeld skulen). Ingunn kan til sine tider synast vimsete, men ei orsaking finn ein kanskje i hennar motto: "Tatt av vinden". - Framtidsynskje: Å verta gift. |
KjellEikefjord |
Kjell Eikefjord levde eit anonymt tilvære inntil han anskaffa seg bart i andre klassen. Etter han fekk seg platespelar vart han heilt håplaus. Det vert hevda frå sikre kjelder at han har vorte observert på "Jarl" iført sixpence. Kvar dag mottar han haugevis med lyseraude brev frå sine mange triller. - Elles er han kjent for sine lange foredrag, med emne som strekk seg frå atombomber til ølbrygging. Det siste emnet har han prøvd seg på i praksis, men med mindre vellukka resultat. Den gode matematikaren fekk 5 hg gjær til å verta 5 kg. Resultatet vart ei ny atombombe. Elles kan vi nemna at Kjell har barndomsbilete av seg sjølv på utedøra pluss eit skilt der det står: "Forbode for strilar og katolikkar utan løyve frå grunneigaren". - Framtidsdraum: Verta foredrgasholdar! |
SamuelMoe |
Han som påstår sjølv å vera Årdøl, endå han lenge har hatt heimstad på Husnes. Hit til Voss kom han for snart tre år sidan, for å finna seg godt til rette på "gymmen". Men eit problem fekk han snart å hanskast med. Skulen byrja minst ein time for tidleg om morgonen, tykte han. Han var også ein av dei få som prøvde å vera oppriktig i meldingsboka, noko som vart liten suksess. - I politikken er han av dei glupe, og i diskusjonane er han ikkje lett å hamla opp med. Då tel han på fingrane, gestikulerer, og får på kort tid eliminert problema til nesten null. Har elles rette gløden når det gjeld målsaka, og er målmann på sin hals. - Motto: Bli betre i fransk. - Fast uttrykk: Ka grunn har du no for det? |
ReidarJohanTyssen |
Reidar er ein triveleg Bolsdøling som lagar komiske lydar til stor irritasjon for hans medelevar. Både i tide og utide kan ein høyra hans musikalitet breia seg framover i klassen. Han er iherdig både når det gjeld skulearbeidet, og når det gjeld å delta i livets gleder. Reidar er ein roleg og kald type. Han spelar dragspel, og er spesialist på kassabitar. Ellers er han ein ihuga piperøykjar. Han er svært frostig, og har sine eigne meiningar om alt. Han er såleis imot at heimbygda hans skal få vegforbindelse med omverda. Reidar har store tankar om framtida. - Fast uttrykk: Øh. - Livrett: Rosinbollar. |
BeritKarinRødland |
med tilnamnet Veslemøy (171 cm på sokkelesten) har vakse opp og levd sine barne- og ungdomsdagar på Bolstadøyri. Det er ein utkant av det store Vossaveldet. Dette har sett sitt merke på henne. Ho ber på eit kompleks på grunn av eit vantande samband med verda elles. Difor nyttar ho alle fridagar til å reisa til hovudstaden og andre sentrale stader. - Ho les høveleg mykje, går ikkje av vegen for ein kvass debatt, er æresmedlem i Strikkeklubben og går ihuga inn for kvinna si frigjering. Veslemøy har trekt så langt fram mot kateteret som råd og drøymer om å ta hoppet bak. - Sagt om Veslemøy: Ho kan tenkja kva ho vil, men ho seier det ho skal. |
KjellIngvaldMatre |
Kjell er ein lang svarthåra kar frå "den solrike syden". Geografisk vil det seia Skånevik i Sunnhordland. Korleis dette "solskinnsbarnet" fann på å reisa til Voss, er ikkje godt å seia, men sjølv påstår han at han likar å gå på ski. Han hadde sett snø før han kom til Voss, seier han. - Kjell våga seg ut frå hybelen ein gong fyrste våren han var her oppe i fjellbygdi. Han traff då ei jente og sidan har han knapt vore å sjå på hybelen sin. Av dette må me ikkje slutta at han er særleg trufast. Nei, meir må han samanliknast med sommarfuglen som flyg frå blom til blom. Siste vinteren har Kjell vorte observert på "haiketur" til Myrkdalen, og rykta veit å fortelja om ei mørkhåra hulder han skal ha sett der oppe. - I klasse 3Ra har han vore ein bra kar å ha. Mange ukultiverte tilrop og (u)lydar kan sporast attende nettopp til pulten hans. - Toppen av skulekarrieren nådde Kjell ein norsktime, då han skulle lesa dikt. Dette gjorde han med slik rytme at heile klassen fyrst vakna, sidan sette me i å le. Dette tykte Kjell var lite pent gjort. - Freamtidsdraum: Reisa heim, laga blautkaka og koka kaffi. |
HansLudvikFromholtz |
Ein påstår at Fromholtz si vogge stod i ein fotoforretning, og at han byrja fotografera då han var sju dagar gamal. I dag reknar han seg som fullbefaren fotograf og driv med meir eller mindre tvilsam fotografering med derpå fylgjande utpressing. - H.L.F. søv stort sett heile dagen, og er svært lite nøgd med timeplanen. Han går konsekvent inn for fem fritimar for dagen, pluss ein time med volleyball. Når det gjeld aktivitet etter skuletid, begrensar denne seg til å foregå innafor huset sine fire vegger, og pålitelege kjelder meiner han i lengre tid har gått inn for å få hunden sin interessert i fotograf-faget. - Fast uttrykk: "E da matte no igen". |
OlavMundal,Fjærland |
Denne trongsynte og treffsikre karen som kjem frå Fjærland i Sogn (der dei ikkje har veg) er ein fargerik kar på mange måtar. Han har eit interessefelt som strekkjer seg frå "skjoting pao blink til skjoting tao røv" (Hans likemann finst ikkje). Olav syner ei enorm interesse for å bruka sin fysikk som åtaksvåpen, utan tanke på kva motparten og hans klær tåler. Denne karen er til sine tider sværæt sta, og sit seg fast på ymse diskusjonsemne der han har ei personleg meining som er den einaste rette. Grunnen til dette: 24 år og ferdig med militærtenesta. - Olav si livsform rommar skjoting, vald og hardleik, difor glir hans interesse for western-musikken berre inn som eit supplement i hans omtale. - Det som Olav skjønar, må alle andre skjøna, det som andre skjønar, skjønar ikkje Olav. |
HalvorØsttveit,Voss |
Denne karen høyrer til dei meir stillfarande i klassen. Han sit på bakarste pult og støttar hovudet mot veggen. I denne stillingen har han svært vanskeleg for å lata seg uroa om han blir spurd om noko, sjølv av lærarane. Han er elles den einaste i 3Ra som brukar reknestav i matematikken, utan at dette har hjelpt han noko særleg. I privatlivet er det svært vanskeleg å få greie på kva han driv med. Det har likevel sive ut at han er privat radio-operatør, og er aktivt medlem i Norsk Radioreléliga. Dette har vorte kjent ved at han ber eit lite merke i trøyeslaget, merkt N.R.R.L. Dessutan har han gjort enkle forsøk som organist. Heimstadadressa hans er ukjend. - Fast uttrykk: Eg veit ikkje, eg! |
BjarteSolaas |
Med sin charme og salige glis er Bjarte den fødte politikar som ennå ikkje har fått sitt gjennombrot. Grunnen er delvis at hans parti "Den blå fane" ennå ikkje er stifta og at han har hatt andre viktige syslar å driva å driva med. - Han har forbløffa mang ein vossing i slalomløypa ved å bevisa at sogningane også kan køyra slalom. Hans glanstid i slalomløypa vart diverre kort, men hektisk. - Fram gjennom tidene har mange merka seg hans glis og charme, og mangt eit hjarta brast, og så brast Bjarte sitt eige hjarte med. - Motto: "Better dead than red". |
LasseSælthun,Lærdal |
Som overskrifta seier, er han ein ekte sogning. Merkeleg nok, etter tre år, har han ennå ikkje fått augo opp for "alle dei" høve til fritidssysler Voss har, som t.d. sport, Solglytt, Gnist-ten, osv. Spør du han ein dag kva han synest om turiststaden, vil du sikkert få slengt i deg ord som: "Drrriiiitplass" og likn. Likevel har han hatt minnerike og hugnadsame stunder i dette holet. Der det er "liv og leik", "sus i serken", "hæla i taket", så vær sikker - Lasse er der. - Han er elles ein kjekk og grei kar, og han har eit godt drag på jentene, god kontakt med lærarar og rektor. - Kommentar: Har verdas største skittentøypose under senga. - Motto: "Ein kan aldri vita, men eg veit." - Juleynskje: Stor familiedeodorant (spray). - Hobby: Dreven laksefiskar, jenter. |
FinnMagnePetersen(Manne) |
Han har utvikla seg kolossalt sidan han byrja på gymnaset. Noko det lange håret hans viser tydeleg. Elles er Finn Magne kjend for å komma med råkande og korte svar i fleire munnlege fag. Han tykkjer spørsmåla er for idiotiske til å svara noko på i det heile teke. Dermed nektar han å seia eit "skarva" ord i protest. - Finn Magne et middag på Vangen Café i lag med Søderberg. Vi har fått opplyst frå sikre kjelder at dei tel etter kven som har fått flest erter til middagen. Elles vert det hevda at Finn Magne truga med å begå sjølvmord då Beatles vart oppløyst. Til slutt kan ein nemna for interesserte at Finn Magne har ein god sans for livet sine mange materielle goder. |
Leif ErikSolvi |
Han er fødd og oppalen på tekstilfibrar frå Dale Fabrikker, og han er såleis også strykefri. Han har sidan hatt den lagnad å havna på Voss der han har ført eit utsvevande liv. - Han har synt overlag stor dugleik i å springa (etter jenter) og har såleis oppnådd å springa til seg både farskapstittel og medlemskap i Vossar. Leif har deltatt ivrig i selskapslivet, men nyt no ekteskapets gleder. Miljøskadd som han er, hevdar han no at han er garva vossing. - Framtidsdraumar: Omvenda dalingane til å bli vossingar. - Fast uttrykk: Og så, og så, .. |
ErikSøderberg |
Erik har bullworker og greie på musikk. Hans progressive utsjåande røpar straks hans smaksretning innan musikken. Han spelar Hammond-orgel, men kom til å slå igjennom som debattant i klassediskusjonar. Her gjorde han suksess alt frå fyrste dag med ein særeigen diskusjonsteknikk og sin knusande argumentasjon, der kraftuttrykka "grådig og fæla guff" vert mykje nytta. Erik har ein gong for alle prova at også ein gymnasiast kan ha vilje og karakterstyrke. Han slutta nemleg å røykja etter prisauken i vinter. Erik drikk raudbrus i storfriminuttet og begrunnar det med at dei andre brustypane så ofte vert misbrukt. Han er fødd og oppvaksen på Vaksdal, men verkar elles stort sett normal. - Ståande uttrykk: "Fæla guff i store byar." |
Arne Rør-bakken |
Den karen det her er snakk om, er eit unikum av ein realist, med mange særpreg. For det fyrste har Arne gløymt å skriva av dei to siste års timeplan, slik at den frå fyrste året med 8-10 fritimar har vorte brukt til "the bitter end". Denne karen har også vore så heldig å møta opp eit kvart for seint til fyrste time med smekken open. Kva slikt skal tyde, er uråd å seie, men han sjølv påstår å ha gjort det heile med vilje berre for å sjå reaksjonen. (Alt dette bryet for berre 4 ugifte jenter ??? Nei, den går ikkje.) - Arne er ein humørfylt kar og er alltid med der noko hender (ikkje på fotballbana). Han er for fysisk utfaldelse, men det hender at han brukar den i utide (stakkars Reime, vår gymnastikklærar). Her manglar det heller ikkje temperament, sjølv om utbrudda avgrensar seg til lite uarfymerte uttrykk. - Som tidlegare aktiv idrottsmann er han ein av dei mange som talar mot rusdrykk og nikotin. (For dei som lurar på kven det her vert tala om, så er det fortsatt Arne Rørbakken.) Elles har Arne få faste haldepunkt her i livet, men som eit ordspråk seier: "Når trongen er størst er også nøden størst." (Det var noko liknande i alle fall.) |
Jan ErikMatre(L'agent de police) |
Jan Erik er fødd og oppvaksen i Skånevik, også kalla "Sunnhordlands perle", noko han ikkje legg skjul på. Då han byrja på gymmen, tok han straks aktivt del i arbeidet med å betra drikkeskikkane blant gymnasiastane, noko han snart laut innsjå var nyttelaust. (Jan Erik er framleis avhaldsmann.) Jan Erik er også blant dei som var så uheldig å falla for "det annet kjønn". Det må ha vore eit svært stygt fall for han har også gått "hen" og trulova seg, og telegrambyrået "Fant" kan også opplysa at det ut frå Jan Eriks vindauga ofte går flygeblad som alltid tek sørleg retning. - Elles er Jan Erik ein av dei få som ikkje har tatt alvorleg skade av åra på Voss, noko ikkje alle vossingar kan sei om han. Jan Erik har aldri hatt kontaktvanskar (helst det motsette) og ein mørk kveld han var ute og køyrde bil (noko han likar) fekk han litt for god kontakt med ein vossabil på Hestavangen. - Fast uttrykk: 11, 10, 9, 8, 7, 6, 5, 4, 3, 2, 1. Heim - Framtidsdraum: Hadde jeg vinger så ville jeg fly (sørver). |
OleFretheim,Voss |
Ole vart fødd i Sogn, noko han kunne klandre foreldra sine for. Ole er ein god vossing, men når han har "julingen" (feelingen?) kjem sogningen fram i han. Dette har synt seg i ein noko ukontrollert språkbruk, og primitiv framferd. Særleg kan ein legge merke til brøling og "råsynging" av "nasjonalsangen". "Eg heiter Ole Fretheim." - På skulen er Ole sin største skrekk fransk. Han er ein dei (få) i klassen som ikkje beherskar bruken av orda oni og non. - Frå den djupe dvalen Ole gjekk inn i for tre år sidan, vakna han brått fredag 8/1 då han oppdaga at eksamen ikkje var langt unna. - Under ein diskusjon i badstova skal Ole ha sagt at gymnaset er ein utviklande skule for dei late, og ein elendig skule for dei ivrige. - Særmerkte kjenneteikn: Plattfot, og hår under øyro. - Motto: Uhara uttales med o-lyd. - Største ønske: Å få bort militærtenesta. |
ArneHelle,Vaksdal |
Stor Vaksdal-patriot med mjøl som det gjevaste auga kan sjå. Har i det seinare synt diktartendensar. Slår ofte ut i full blomst i norsktimane når keisemda vert for stor. Seier sjølv at han treng avveksling frå Eddadikt og stevjing. - Arne kan ikkje fransk. Faget står ikkje lenger på timeplanen hans. Der står det mat, og ingen veit kor mange små brus og skillingsbollar det har gått med. Rett skal vera rett, han las ein gong på dette uskjønelege språket i januar månad, men då overanstrengde han seg tydelegvis, for det har ikkje gjentatt seg, og takk for det! - Fast uttrykk når klokka nærmar seg tre: "Det blir nå aldri middag heller!" |
GunvorSønnesyn,Voss |
Gunvor: Stillast vatn har djupast grunn. - Det er band for talen, men ikkje for tanken. - Klokt hovud under - open himmel. - Annsam hand gjer rik. - Ein skal skunda seg, men ikkje forskunda seg. - Vitet sparer slitet. - Arta sit i ingeniørungen, når ho kjem inn ser ho på tak-konstruksjonen. - Det er inga sein vinne, å strikke og tvinne. Gensar som kjole, alt treng spole. - Ein får vona det beste, det verste kjem av seg sjølv. - Den beste gleda varer lengst. Det er godt med to øyro, so kan det gå inn det eine, og utatt det andre. - Verda er som ein tek henne - altså går ein på Vangen og kjøper "Gadn" i storfrikken . - |
TorilRingheim |
Ei grei og fornuftig vossajente som tykkjer alt er stort og flott på Voss. Har vist at ho er eit skjult talent i realfag, som fyrst på "gymmen" har slege ut i full blomst. Syner gong på gong at det ikkje berre er det mannlege kjønn som er født realistar. Har også i løpet av sin skulekarriere vore så heppen å treffa den rette, ein Don Juan som flaut over Sognefjorden i eit mjølkespann. - Er også ei av dei få feminine i 3Ra som torer seg frampå i diskusjonane, men er oftast oppteken med strikketøyet i timane, og ingen veit heilt sikkert kor mange gensarar som er blitt ferdige i løpet av skuletida. - Har som motto: Kombinera husarbeid og skule. - Fast uttrykk: Neiii, da é no .. |
ArneHosaas |
Hosaas er ein storpolitikar (trur han) frå Stanghelle. Han er med i AUF og har vore svært fornærma sidan regjeringskrisa då han ikkje vart nominert som statsminister. Hosaas er lett kjenneleg med svart kinnskjegg og blått sjal. - Hosaas mediterer heile dagen, men vaknar opp av og til og kjem med voldsomme og ukontrollerte utrop for sosialismen på dei mest uventa tidspunkt. - Hosaas har hytte på fjellet. Til denne hytta legg han helgeturar, men ingen har fått greia på kva han driv med der. Elles er det lite å seia om Hosaas då han fører eit hemmeleg og tilslørt privatliv. - Standaruttrykk: "Nai, so supe, da visste eg ikkje." |
IngeRørvik(Sjar- møren) |
Inge har krøllar og fotballskor med lausknottar. Han ligg under for fleire alvorlege laster, blant anna har han ei stygg form for hyttemani som gir seg utslag i nervøse ansiktsrykkingar når han merkar at laurdagen nærmar seg. Det vert dessutan hevda at han er økonomisk anlagt og har greie på politikk, men dette er aldri vorte prova. Inge har aldri skikkeleg forstått kva som er bak og fram i eit klasserom, og difor sit han stort sett med ryggen til læraren og ansiktet vendt mot ho Ingunn. Andre hevdar derimot at det ikkje er orienteringsevna det er noko gale med, men at han i denne særeigne stillinga får forundervisning i strikking. Andre forklaringar har òg vore oppe, men spesielle omsyn gjer at dei må utelatast her. Inge er vel bereist, og har blant anna vore i Ulvik. Det er sett ut fleire ondskapsfulle rykte om han Inge det siste året, men dei må kategorisk avvisast og stemplast som simpel bakvaskelse, då det for lengst er påvist at han også nyttar nettene til å sova i. Hans bleike utsjåande skuldast ikkje mangel på søvn, men det faktum at han er ein ivrig blodgjevar. - Ståande uttrykk: På Kaland |
Kjell ErikGravning,Voss |
Då den noverande klassen 3Ra byrja her ved gymnaset, sat det ein roleg, alvorleg, "vaksen" kar midt nedi klasserommet. Han hadde tillaup til svart skjeggvekst og vart difor vald til tillitsmann. Dette gjentok seg ikkje. - Klassen kan rosa seg av å ha ein diplomat, nemleg Kjell Erik. Han er einig med alle (også lærarane) i alt dei seier. Sjølv svarar han ja og he - - , så ofte han berre kan. - Kjell Erik har jobba på elektrisk forretning. Der skaffa han seg den tekniske innsikta han sidan han imponert med. Høgdepunktet i skulekarrieren sin nådde han då han fekk skru på den elektriske kontrolltavla i fysikksalen. - I det siste har det vore vanskeleg å få Kjell Erik i tale. Han har nemleg "funne" noko i 3Mu, ja, for å seia det rett ut, så er det ei jente. I og for seg er ikkje dette heilt unaturleg for ein sånn "pen" gutt som Kjell Erik, men, men .. friminutta skal nyttast til å dra frisk luft. - Kjell Erik er ein pasjonert piperøykjar, men kvifor han brukar slips på skulen, er det ingen som veit. - Vane: I kvar skuletime å komma med eit velforma spørsmål som ikkje har interesse for nokon. - Tittel: Elektroingeniøren. |
NorvaldSkjoldli |
Norvald er frå Palmafossen, men kan vel kanskje ikkje reknast for ekte vossing, då han ikkje er særleg oppglødd for smalahovud. Dristar seg av og til til å koma med ein to-hjular på skulen. Etter ein front mot front kollisjon for tre-fire år sidan, er han vorten 10 cm kortare, og er ikkje av dei høgste i 3Ra. - Men det han taper der, tek han att på skulen med såkalla "åndeleg høgd". Ivrig fotballspelar. Hadde i sommar på banen fleire mislukka forsøk på å sparka hol i lydmuren. Norvald har ikkje delteke aktivt i politikken, sjølv om han har sine meiningar. Miste kanskje litt av lysta i fjor då han vart nekta å sleppa inn på landsmøtet som kommunistane heldt på Voss, fordi han ikkje hadde raudt slips. - Framtidsvon: Å verta ordførar i Voss kommune. |
PerNordmark |
Dette er ein hardtrena sportskar frå Vaksdal (kanskje meir hardtrena for tre år sidan!). Det siste året har han nytta seg av fridomen hybellivet byd på, men om dette har vore til fordel for Per ligg det ikkje føre noko prov for. Per er stort sett roleg av natur, sjølv om han også kan visa seg å vera det motsette, - liksom naturen sjølv. - Interesser: Alt som har med fysisk oppfostring å gjera. - Framtidsdraumar: I: Å få fransk som morsmål!!!! II: Å sykla frå Kirkenes til Vaksdal. |
RuneKvarekvål- Gjernes |
Dersom nokon ser ein raud "bil" med grøn dør på Vangen eller Palmafossen, så er det ingen tvil om kven det er. Det må vera sjarmøren frå Gjernes: Rune. - Han er ein smart, men mindre pliktoppfyllande gut. Dessutan er han farlig! I fjor sommar gjorde han eit modig forsøk på å rydda ut befolkningen på Voss med olja i det ellers så gode drikkevatnet. - Rune etlar verta sosialøkonom - det vert av same grunn spådd dårlege tider for norsk økonomi. - Yndlingsnavn: Hinn Ritlene. |
HelgeLindberg"Raundalens skrekk" |
Helge har ved fleire høve utmerka seg med sine inngrodde tankar om verda og seg sjølv. Han er eit reinbarka høgfjellsprodukt som likar BEATLES, BORTEN og MJØLK. Han er A-menneske, les ordentleg på leksene, og er å sjå på skulen kvar dag han ikkje kjem for seint til toget. Helge er måtehaldsmann, og er såleis ikkje å sjå ute etter klokka sju. Han har eit vakkert glis som han prøver å scora på i mattetimane, men utan særleg lukke. - Yndlingsdrykk: Varm, fersk, kvit, skumma kumjølk. |
KnutKarevoll"Tvisynet" |
Knut har dei same initialane som den ikkje ukjende Klara Klok, og sjølv om han kanskje ikkje veit like mykje så veit han i alle fall korleis han skal få i gang ein diskusjon, nemleg ved å hevda det stikk motsette av det dei meir rappkjefta kjem med. Såleis får han med sitt gode humør og sine treffande replikkar pultslitaren framfor seg til å vrengja både hjerne og hjarta ettersom dagsformen er. Knut er fødd i Åsane og er B-menneske, dette har sett sine merke på han i form av eit flakkande vesen som pendlar mellom heimen, fysikksalen og eit herverande dicotek, båe med og utan krykkjer, ofte i ei lyseblå folkevogn med halvanna dør. Elles fører Knut eit normal liv i samsvar med alle lover (fysikklover unnatak fartslova). - Motto: Det er betre med ein stock i handa enn ti i skogen. |
GunnarLangeteig |
Som namnet tilseier er Gunnar ein heller lang person ("Langen"). Dette har gjeve utslag i trege reaksjonar, bl.a. å koma seg på skulen kl 9.00. I sitt fyrste år på Voss melde han seg inn i "Vossar", noko han har hatt stort utbytte av seinare då han gjekk over til å springa ute halve natta full av energi. Gunnar har eit særmerkt glimt i auga som han scorar stort på om kveldane, dette har gjort at han som oftast har vore å finna hjå Bolstad etter skulen, og i nedre del av Elvegata ved midnatt. - Spesialfelt: Fortelja "slipesteinvitsar" i badstova. |
TorleifLarssen,Voss |
Torleif tok artium i år. Til opplysning er den artiumen ikkje å forakte, så den som har ein godt betalt sumarjobb å tilby han kan henvenda seg der, han er interessert. - Torleif er knapt vorte lektorane på artiumskolen svar skuldig, vert det sagt, og det er nærliggjande å tru at årsaka ligg i at han sjeldan er å sjå ute på Vangen etter skuletid. Men dei som kjenner Torleif veit at det ikkje berre er lekser som sit i hovudet på den guten. Av plassmangel kan ein ikkje koma nærare inn på det her, men det vert snakka om - bilkøyring, musikk, symjing. - Kjenneteikn: Ein glad gut. - Ønskedraum: Å nå lyshastigheten. |
Brit-KristineHjeltnes |
Ho heiter Brit-Kristine, men faktisk insisterar ho på utnamnet "Søssa". Ei merkeleg jente! Frå Finse er ho - det steinharde klimaet har sett tydelege preg i hugen hennar, og det speglar seg av i heftige diskusjonar over alle emne. Sine bestemte oppfatningar har ho av korleis verdsbiletet skulle sett ut, men heldigvis har ho ikkje fått stemmerett, enno. - Som ballettdanserinne prøvde ho seg i høst ein gong. Det gjekk -- ikkje så bra, men ho vant publisitet med det også. Eineståande er det at ho har oppdaga ordets og bøkenes makt, og ein har ein liten mistanke om at ho har kløyvd atskillige bøker. - Med østlandsk/trøndersk dialekt seier ho som regel innledningsvis: "Det ville jeg si -". |
ThorHevrøy"Francis Bell" |
Ein kan ikkje alltid finna på det rette om denne karen, mykje avdi alt han finn på er vél gjennomtenkt på førehand, men kanskje mest avdi han gjennomfører alt han finn på. Soleis kan ein seia Thor er ein mønsterkar ikkje berre i klassen, men også når det gjeld lauslivnaden nattestider. Den verste opplevinga han har vore ute for, var då han ein laurdags ettermiddag trefte mattelæraren inne hjå Geitle. Dette har sett djupe merke i hans seinare oppførsel hjå denne. - Motto: Skal det vera så skal det vera. - Yndlingssong: Eg hadde ein gong ein draum. - Fast uttrykk: Man tek dei neste gong. |
MalvinHillestad |
Stille og roleg fyr, den ideelle realist, som ikkje har vorte freista av utsekiingar. I og med at interessene hans, utanom lekslesing, går i sportsleg retning, er han klsassens kondisjonssterke gutt og viser styrken sin i basketball, der han er nokså brutal. Elles er det viktig å nemna at han er mellom dei fotballinteresserte (fans) i klassen. Denne interessa dyrkar han som eit tilvalsfag, for då fører han fortball-journalar og puggar tabellar til han er raud i toppen. - Fast uttrykk: Er Shoot (Goal) kome? - Yndlingsuttrykk: Everton!! - Framtidsdraum: Dekkja veggene i rommet sitt med bilete av Everton. |
OveRøsland |
Ein lyshåra osterøying med støvlar av geiteskinn. Er ganske selskapssjuk, truleg på grunn av sitt lange liv som hybelbuar. Han han ikkje hybelbesøk, er han difor gjerrne å finna på dei vanlege samlingsplassane for gymnasiastane på Voss, utan å nemna noko spesielt. Glir bra inn i skulesystemet, sjølv om han i spesielle timar ofte vert etterlyst. Dessutan har han eigne bestemte meiningar om korleis ting skal gjerast, diskuterer gjerne, og kan bli hissig (gymnastikktimane). Saknar vekkerklokka med forsterkar. Av det kan ein slutta at han søv trygt, om han snorkar veit eg ikkje, det er det sikkert mange andre som kan svara betre på. |
BritSolveigFosse,Dalekvam |
Brit er ei glad og munter jenta frå Dalseiddalen. Ho har berre skeia ut éin gong på gymmen, og det var like etter at ho flytta til Voss. Ho tåltetydelegvis ikkje å stå på eigne bein. Både før og etter skuletid rasa ho rundt i ein lågtflygande Opel. - Elles har ho vore ei av dei få aktive i volleyballaget der ho har fått utfolda sine mangslungne undertrykte behov. Sist sommarferie utvida ho det tyske ordforrådet sitt, og dette har me einare vorte plaga med i tide og utide. . Fast uttrykk i fransktiane: "Eg kan da ikkje." - Hobby: Rallykøyring i Bergsdalen. |
JørnThomassen |
Jørn er ein heller liten, men likevel rugande oppkomling frå Dale city. Med sin likeframme og treffande tale og sitt relativt rolege vesen, skil han seg vesentleg ut frå dalingane elles. - På skulen har han synt seg å vera ein ekte realist, og han brukar difor fransktimane til heilt andre føremål enn det som kunne vera ynskeleg frå læraren si side. Jørn kan kunsten å slappa av. Dette prøver han å visa for medstudentane sine, særleg då i fyrste timen mandagen. - Elles er Jørn ein beundrar av "dei sterke gutta", og han ligg følgjeleg i intens trening for kanskje ein gong å kunna bli sjølvaste Ravndal lik. - Standard uttrykk: "Skjøna du noke?" |
RolfMagneSkippervik"Skipper'n" |
Skipper'n het han og gråt da han ble født, tror jeg. Utrolig men sant forvillet han seg en gang i fortiden opp til Voss, og har nå tilkjempet seg en plass i Russeavisen, som vi alle vet hva innebærer. Lærerne her ved Latinskolen oppfatter denne Skipper'n, eller også populært kalt "Truls", med delvis rett, som en rolig, beskjeden og kjekk liten gutt, men etter tre års bekjentskap har vi lært ham å kjenne som et ikke så betydningsløst individ som det kan høres ut. Særlig for meg har han vært til stor glede, da hans brede rygg har skjult mang en åpen bok under eksamineringen fra lærerens skarpe øye. |
IngridBjørke,Voss "Monsieur" |
Optimistisk Haugamo-jente med humør som alltid ligg over nullpunktet. Etter eige utsegn er ho ikkje ekte vossing, då ho etter inngåande ættegransking er komen fram til at ho er ein brøkdel svensk. Ingrid er svært oppteken med ymse aktivitetar utanom skulen, og det hender difor ikkje sjeldan at ho sovnar ifrå leksene. Fylgjeleg har ho ikkje problem med å få timane til å gå, då er ho ivrig oppteken med framhaldet av lekselesinga. Etter ein nevekamp med gymnas(tikk?)lærarinna har Ingrid ei tid vore delvis handikappa. - Fast uttrykk: "Ka va da han sporde om?" - Framtidsvon: Hopp på akebrett jamstelt med skiflyging. |
MargotVåge,Vik i Sogn |
Margot er ei stille og beskjeden sognataus. Ho er ein av dei få som ikkje havna på gymmen ved eit uhell. At ho er litt av eit særmerkt menneske kjem fram når det vert fortalt at ho likar spesielt fransktimane. Om det er faget eller noko anna, skal vera usagt her. Så vidt vi veit har ho til denne tid ikkje brydd seg om at ein (eller annan?) har vorte dåra av å sjå inn i dei klåre dadyraugo hennar. Elles har vi medelevar hatt til dels store vanskar med å forstå det særeigne språket ho fører. T.d. e, i, y = i, i, i. Men då ho er svært påståeleg, skuldar ho oss for ikkje å ha gode nok språkøyro. - Framtidsvon: Å verta fast ansatt hjå yrkesrettleiaren. |
Dalekvam "Olivia" Dette levande er det få som har sett maken til! Ho
får sjeldan armar og bein til å samarbeide, og
resultatet er skingrande hyl og hysteriske utbrot til stor
fagnad for oss andre. Det vart hevda ein gong at ho brukte
vetet sitt feil, og etter det har Olivia mist kontrollen. Ho
bur saman med Frøyen i Haugamoen, og samlar til langt
hår. I gymnastikk-timane har ho tillagt seg ein
spesiell stil i høgde med tilløp som gjer
resten av jenteflokken til reine nervebuntane. Ingen veit
på førehand om høgdestativet vil
overleve. Ho har sans for det djupe, men kjem aldri djupt
nok. - Hobby: Brokut kjærleiksliv. - Fast uttrykk: "Eg
datt i vinterferien, SANT!?! Gu ko ækle de e'!!" Vik "Fransktime- hypo- konderen" Oddvar ble i fødselen keivhendt, men har i
politiske diskusjoner slått med den andre
hånden. Ladet opp på hjemmebane i de 17
første årene. Denne tiden så han på
som en modnings- og grotid for fremtidige oppgaver på
gymnaset. (Skjebnesvanger feiltagelse!) - Har håp om
å bli myndig om 4 dager. (Bortreist på dagen!
Ønsker ikke roser; pleier å kjøpe inn
etter hvert.) - Høyde: 1,72 (nr. 54 helfet i dress!),
mørk blond, men spiser bananer og bruker
transpirasjonsvann. Man sier han er pen. - Interesser
på nesten ingen områder, men kanskje musikken
fenger han mest. Selvstendighet prøver han også
å oppnå. Hans mest brennende ønske er
å komme i kontakt med en sensuell pike på
omtrent samme alder. - Han klarte aldri å kopiere sin
etternavnsbror Toralfs bedrifter i hoppbakken, men har
derimot vist unike evner som avhopper.....-- Mål i
livet: ca. 70 cm. (Sign.:
"Løwekjæks") Voss "Kjæks" Det er nærliggende å tro at den forannevnte
blev et faktum (zygote) i anledning
ettårs-jubiléet for Det norske kongerikes
inntreden i NATO. Til tross for sin noget krigerske
tilblivelse viste gutten gjennom voksterårene aldri
krigerske tendenser. Hans favorittkost har alltid vært
"Kaptein" kjeks og melk. Her er at bemerke at Kjæks'
drikkevaner under hans 3-årige gymnasium-opphold er
blitt til dels totalt forandret. -- Omtaltes humor kan virke
noget sprø, men Kjæks' innvidde vennekrets
omtaler hans produkter som knakende gode. -- Tiltalte hadde
en gang en knallert. Etter eminent hjernearbeid kom han
likevel til at det norske samfunnet ikke kunne tolerere
knallertkjøring på hans premisser. Solgte
derfor knallerten og begynte å h-hangle og
gå. Voss "La sportive" Langt, elegant hokjønn frå Ullestad-kanten,
der ho residerer i ny enebolig. Har i ungdommen farta rundt
på dei fleste militærforlegningar, noko som
først og fremst dialekten har teke skade av (samnorsk
spedd på med skarrande r-ar). Sidan ho er oppalen uner
militærdiktatur, finn ho seg godt til rette med
skulesystemet. Har slått seg på handballen, noko
som særleg går ut over dei siste laurdagstimane.
Dessutan ventar ho på gjennombrotet i ridesprang og
dragonavsprang (m/ dempa bakgrunnsmusikk).
Påstår sjølv at ho interesserer seg
svært for hestar (dekknamn) og riding, men det verkar
likevel som om ho tek alt med Ro(ald). -- Faste uttrykk: 1.
"Fy søren!" - 2. "Himmel og hav!" --- Etter sundagar:
"E' e' så trøtt. E' va' i Bergen i går."
-- Høgste ynske: Handball med fartsstriper. Palmafossen "Det smilende
spørsmålstegn" Bjørg er stille og roleg som palmafossingar flest,
og etter tre år ved Voss Gymnas er ho framleis eit
ukjent fenomen i klassen. Men sjølv om ein kjenner
lite til utelivet hennar etter skuletid, veit ein at ho
ferdast i ymse skulelag om kveldane. -- Ho har omsider
lært seg den store kunsten å køyra bil,
-- -- orsak --, folkevogn, men brukar likevel ivrig
føtene (til å gå på). --
Bjørg har eit strålande, naturleg smil (ho har
også naturlege krøllar), og er alltid i godt
humør, noko som smittar over på alle som kjem
henne nær. -- NB: Bjørg er ei av dei få
som ikkje strikkar i timane. -- Leveregel: Betre med ti
på taket enn ein i handa. Granvin "Den impulsive" Lys Granvins-jente med store mål i livet. Helst
ville hun bli brannbil, men da hun ikke kan fordra
rødfargen har hun gitt opp denne planen. Kirsten er
et flittig medlem av strikkegjengen, og Olafson var til stor
inspirasjon for henne da han satt vis-à-vis. Men da
Olafs trakk seg tilbake, gikk Kirsten fra konseptene.
Resultatet ble fem ermer på en genser, før det
endelig lyktes henne å få to like (en forskjell
på 4-5 cm i lengde og bredde blir regnet som
bagateller). Sin største bedrift sto hun for en
vinterkveld i 1968 da hun fortalte to vitser som fremdeles
er uoppklarte. -- Ellers er hun veldig interessert i ananas
og kunne godt tenke seg å dyrke disse frukter. -- I
kritiske situasjoner kan hun ved hjelp av ville
ansiktsuttrykk og hysterisk ordbruk få hvem som helst
til å gapskratte. -- Ønskedrøm: Få
fregner rundt nesen. -- Fast uttrykk: Jeg synes det er
deilig jeg. Voss "(M)asa" Aud er fødd på Voss, men har gjennom
oppveksten ført litt av eit nomadeliv. Berre to
månader gammal tok ho familien med seg og flytta til
Jæren. Etter nokre år fekk ho heimlengt, og
først då ho kom attende til Voss etter andre
mellomlandingar fekk ho (tilsynelatande?) endeleg sjelefred.
-- "(M)asa" er ein stor dyreelskar, og er ofte blitt
observert i enden av eit hundeband. I andre enden kan
ein oppdaga eit svartkrølla nysta som ho sjølv
hardnakka hevdar er ein puddel (truleg den mest bortskjemte
på heile Voss). -- Aud har (u)kunstariske evner som
ho, saman med sine kjære venner, tusjpennen og
passaren, utviklar i dei fleste timane, og når
inspirasjonen riktig kjem over henne, resulterer det ofte i
at både skulebøker og pultar blir dekorerte. --
Dessutan har Aud med sitt strålande humør og
sjarmerande smil ei eiga evne til å ta innersvingen
på alle sure lærarar, til stor glede for
medelevane i 3E. -- Fast uttrykk: "Va da meg han
spurde?" Voss "Inger
Helene-Folkevogns-drosi" Denne lyshåra tausa kom til verda naken og tannlaus
i ei stor dobbeltseng på Gjernes, og vart såleis
dårleg miljøpåverka heilt frå
byrjinga. Var i si tid ein ivrig gjest på alle
bygdedansar (hadde spesielt godt tak på reinlendaren),
men har no parkert og ofrar seg heilt for ein teknisk
student med folkevogn. Ho har greidd å lura til seg
vogna både tidt og ofte, spesielt når den er i
ustand. På skulen merkjer ho seg ut med ei ovleg stor
nistepakke, og ho forsyner heile vindaugsrekkja med kaffi
på termos. Er som regel søkklasta på
vegen til skulen (med mat). -- Faste uttrykk: "Dao vatt eg
so føbadna!" - "Ka fø noke, ska med ha
leksa?" Høyanger "Desertør" "Frk. Størsrud sin yndling og syndebukken til
resten." Samfunnsfiendtleg skifantom som jogga rundt
på gymmen i 2 1/2 år før han pigga av.
Går med joggesko året rundt, men tek dei av i
symjebassenget. Har oppfunne ein ny symjetype, som han
ventar seg det heilt store av. Den går ut på
å drikka seg fram gjennom vatnet. Driv for tida med
undervannsbutterfly. Nyttar tida til trening, forbanningar
over skulen og vellukka (innbiller han seg) sitat av
Nordfjordshovdingen J. Skinlo (kompis). Mest kjende
døme: "Han hang i galgen og de digre ørene
blafret i den stille morgenvinden. Og kjødet var ille
ved." Har òg greidd å vippa
lærarrådet av pinnen ved å føreta
hårreisande ekskursjonar til Hardangerjøkulen
(utan permisjon). OBS: Driv med skuggeboksing i
søvne. Advarsel: tek svingane på to hjul. Framfjorden "La Mystèrieuse" Ei tilsynelatande stille og roleg Sogne-jente som etter
nokre urofylte og spanande ungdoms(skule)år reint
tilfeldig hamna på Voss. På grunn av hennar noko
anonyme holdning i det offentlege livet er det få i 3E
som har kome denne jenta inn på livet. Ordtaket
"taushet er gull" praktiserer ho i dei fleste skuletimane,
då ho er oppteken med alt frå strikking til
"fintenking" (emne ukjent). Ein kan seia kva ein vil om
Solveig, men ho er ein av dei få som kan forsegla
munntøyet sitt og høver såleis godt som
objekt for "intime betroelser", noko som har vore til stor
trøyst for mange. Kvar fredag kan ein observera henne
i travgang til og frå biblioteket, og kan av dette
slutta at ho finn hugnad i lesestoff av eit anna slag enn
pensum. -- På grunn av manglande pålitelege
opplysningar er det uråd å koma inn på
privatlivet hennar. Solveig er eit forundarleg vesen og
såleis umogeleg å karakterisera -- ho må
opplevast. -- Yndlingsmelodi: "Wanderin' Star". --
Framtidsdraum: Evig turist. Ulvik i Hardanger "Den tilslørede
Bondepike" Liv stammar frå godt norsk bondemiljø, men
etter nokre år som ivrig deltakar i festlivet på
Voss er ho blitt miljøskadd. Med gule lokkar og
rosenraud munn smiler ho seg gjennom trøytte
skuledgaar og viser stundom genert fram ei blå tann.
-- Denne møya (?) har ein svært livleg fantasi
som har gjort seg praktiske utslag i alle sortar
strikketøy og klesplagg. Ho drøymer ofte og
godt, og helst då om franskmenn og handelsskulegutar.
Liv kan til og med konkurrera ut Æsop når det
gjeld å fabla. -- Denne smørblomsten i 3E er
stille og svært blyg i timane, men strikketøyet
gjev henne uvanleg mot i tunge stunder. Liv har store
plan(t)ar for framtida og drøymer om å erobra
alle utanlandske franskmenn i alle land. -- Fast uttrykk I:
"I'm on the road to destruction." -- Fast uttrykk II: "E'kje
da brev te meg i dag?" Dalekvam Upatriotisk Dalejente som kom til Voss med eigne
meiningar og mange prinsipp. Ho er etter dese 3 åra
blitt nokså rundslipt, og tek no del i festlivet (og
alt anna liv). Ho vart tidlegare mykje observert saman med
ein type frå provinsfylket nordanfor oss, og har no
flytta inn på hybelen hans (er det anna å venta
enn at han er reist?). Ein gong skulka denne jenta skulen,
og etter det passar ho alltid på å vera
innandørs og utan ski på beina når ho er
vekke (for å unngå "tvangslesedagar"). Ho har
saman med Frøyen som yndlingshobby å få
"Roå" til å missa fatningen. Er erklært
skule- og leksehatar og sympatiserer ivrig med
desertørar. Nyttar dessutan kvart høve til
å stela bilen til faren. -- Framtidsdraum: Å
få sjå Ard Schenk i badebukse ein gong til! Ygre Her behøves ingen kommentar. Samnanger Roleg og grei 19-åring som har gøymt seg
bort i ein kjellar langt oppi Rognsbakkane. Når ho er
ute er ho å treffa på Ringheimskaféen
eller på Jarl. Det er sjeldan ho skeiar ut, og dersom
ho gjer det er det helst i et skjulte. Av og til vert ho
gripen av heimlengt, og me har høyrt rykte om at ho
tek det att når ho er heime. Då ser ho nemleg
på fjernsyn. -- Marta er aktivt medlem av naturvernet,
og ho prøver fånyttes å få
venninnene til å følgje hennar eksempel. Elles
har ho store vanskar med å komme tidsnok på
skulen. I skuletimane er ho svært lågmælt
til stor irritasjon for lærarane. -- Fast uttrykk:
"Uff nei!!" -- Framtidsdraum: Å ta sertifikat. Kalvåg "Maggie" Margret kjem frå ei "forblåst" øy nord
for Florø, og har mange gonger prøvd å
overtyda folk i 3E om at ho ikkje bur på eit skjer
(noko som sjølvsagt har mislukkast!). -- I den
første tida på gymmen torde ho ikkje gå
med briller (påtatt beskjedenhet!) og det resulterte i
at ho forelska seg i ein Raundøling. -- Etter at ho
fekk brillene var det for seint å ombestemma seg,
så no er ho trulova. Kvar dag i andre friminuttet
slest ho seg fram til postkassa og hyler: "E dar nåke
frå Nidaros?" -- Støttar ivrig opp om alle
festarrangement, og stiller gjerne til disposisjon ved
eventuelle Jarl-ekskursjonar. -- På skulen er ho etter
kvart blitt "immun" for terginga til Haukaas og Sætre,
og ho har lært seg til å ta att med same mynt.
-- Tidlegare hobby: Gå på fotballkampar. --
Forbilde: George Best. -- Sengeleketøy: Gamle og nye
brev. Voss "Tulla" Sigrun er ei av dei siste adelege i Noreg som
køyrer frå kongsborga på Øvre
Fenne til skulen i herskapsvogn (taxi). Ho er som regel
på plass før nokon andre av elevane i 3E.
Særleg i fransktimane viser ho sin styrke i å
gjera store freistnader på ikkje å stokka
lydane. Resten av kreftene brukar ho på å auka
strikkeproduksjonen på Gymmen. -- "Tulla" vert sjeldan
sett ute på livet om kveldane, men ser ein godt etter,
finn ein ho stundom svingande mellom gammaldansens venner.
Dessutan er ho til stades på kvar bondefest på
Bulken. Elles interesserer ho seg for gammalt norsk
miljø med "åst" og godt smør. Ho er sta
som eit esel, men ei trivleg dros med godt humør.
Sigrun er dessutan for lengst bortlova, så her er du
for seint ute, kar! -- Framtidsvon: Å bli medeigar i
den gule (grøne?) folkevogna. -- Høgste ynske:
Å få lov til å eta pærer (60 - 100
W). Granvin "Kokka" Den som trur at Haldis ikkje er fødd, tek feil.
Det store underet hende ein gong føre jul i 1951, og
alle var glade og takksame. Haldis talar hardingamål
og har ikkje til hensikt å endra på det. Det er
sjølvsagt unødig å seia at ho har fast
følge. Ho reiser til Granvin kvar helg, og frå
løynde kjelder har vi fått vita at ho då
et mykje og godt. På skulen er ho reservert og
tilbakeholden - ho opnar ikkje munnen utan at ho vert spurd,
og då kjem det ofstast vetugt svar. -- Ein dag i haust
gjorde ho noko som spurdest lang veg: Ho stakk hol i
øyrene sine! Det er nærliggjande å tru at
ho er lei av den usunne lufta i klasserommet og ville skaffa
seg litt gjennomtrekk. Elles er å seia at privatlivet
kretsar for det meste om Fleischer og
kjøkkeninngangen. Ho likar å sveve, og difor er
yndlingsmelodien: "Fly me to the moon". Flåm Turid -- sprudlande sedla frå Sogn. Turid likar
Voss så godt at ho har vore her to helgar dei tre
åra ho har gått på "Gymmen". "Borte bra,
men heime best." Strikkeklubben i 3E har eit trufast medlem
i Turid, og ho likar ikkje at lærarane uroar henne
midt i strikkearbeidet. Etter at det kom i gang anleggsdrift
i Aurland, har ho sverma for (med) elektrikarar. -- Turid
har nokre svevane framtidsplanar. Ho kan t.d. aldri bestemme
seg om ho skal slutte å røykje eller ikkje. --
Framtidsdraum: Å bli fast skattebetalar i kommunen. --
Fast uttrykk: Vait dere om da è fest i Flåm i
helgi? Dalekvam Ei grei jente på 20 år. Fyste året
på "gymmen" budde ho heime, men så flytte ho til
Voss, og no vil ho helst ikkje reisa herifrå. Ho har
eit sydlandsk temperament, og det er ikkje lenge mellom kvar
gong lunta tenner. "Trø meg ikkje for nære!" --
Ho praktiserer 5 dagars skuleveke, og lange skuletimar
kortar ho ned med brevskriving og strikking. Elles kunne ein
tru at ho har misforstått at kateteret er framme og
ikkje bak hjå Turid. Magny er fransklæraren sin
"yndling", og det er ikkje lenge mellom kvar gong ho lyt
skrive franske gloser på tavla. -- I fritida er ho
å sjå i ei kvit folkevogn på Vangen eller
på Jarl. -- Framtidsdraum: Å bli fastbuande
på Voss. Ulvik i Hardanger "Löwen" Löwen er Russ i år. (Er'ke det bra?) Tja. Man
får sige som dikteren: "Han er vel fuktig som aldri
før? Eller har han forelsket sig igjen?" For at gaa
sagen lige paa: Efter dybtgribende og nitide ransakelser, og
efter at have gaaet i sig selv (og andre; det er ofte
lettere), haver Löwen kommet dithen at enten saa maa
det være Gymnasiet eller saa ham selv der er noget
galt ved. -- Han haver stedse satt pris paa kroppens
utvekster, og efter at han i fjor høst en gang tok
sig fore at pusse sin hybels lille speil, fattet han iver
for sitt utseende. Resultat (forelaa 6/1-71): Utvekster paa
hagen. Dette var dog bare midlertidig, og efter at have
funnet ut at lykken staar den kiække bi, haver han
klækket ut at løsningen var at skiærpe
sit intelekt. -- Sammen med sin navnebror og et par andre
hærrer haver han konstant dyrket den sevrosente hymor
i tide og uvær (alt efter hvis). God natt! "Slengen" Lang, balaus skapnad frå Indre Hardanger.
Asbjørn er lokalpatriot på sin hals, og alle
som ikkje tykkjer Ulvik er paradis på jorda, stemplar
han som landsvikarar. Han går for å vera ein
ærleg og uredd fyr, og plasserte seg derfor
optimistisk på fyrste pult. Men utpå vinteren
vart situasjonen kritisk, fransklærarar og andre vesen
bombarderte han med uløysande spørsmål,
og etter langvarige grublingar stakk Asbjørn halen
mellom beina og forsvant bak på siste pult. Olafs har
eit noko uvanleg ganglag, og fylgjer av dette er at armar og
bein vert ein einaste floke når han gear'ar opp i
andre. På ein eller annan måte har
Asbjørn fått det for seg at han har
songrøyst, noko som gjev seg utslag i dei ofselegaste
gurglelydar i tide og utide. Trass i at han er harding har
han eit sprudlande humør og ei skarp tunge, og han er
ein av dei få som kan utløysa
latterbrølet i 3E. -- Framtidsdraum: Spela klovn i
eit Shakespeare-drama. -- Fast uttrykk: Jenter! -- nei --
jenter!!! (Med femdobbel forakt i røysta.) --
Forbilde: Marty Feldman.
Reidun
Roe,
Oddvar
Engan,
Lars
Sætre,
Karen
Margrethe
Ravndal,
Bjørg
Lingjerde,
Kirsten
Hernes,
Aud
Synnøve
Almendingen,
Lena
Lingjerde,
Einar Rune
Bogstad,
Solveig
Marie
Vikøren,
Liv Bergo,
Åshild
Mari
Bakke,
Kristi
Marie
Tverberg,
Marta
Haga,
Margret
Frøyen,
Sigrun
Kvernhuvik,
Haldis
Urdal,
Turid
Stave,
Magny
Tjønneland
Lars Egil
Haukaas,
Asbjørn
Olafson
Voss Marta sit for det meste i ro på skulepulten. Ho har
eit smil som dårar dei fleste lærarane og
medelevar, og ho nyttar ofte den metoden i skuletida. --
Somme tider kjem ho med politiske meiningar som kan sjokkera
nokon kvar, men til all lukke hender det ikkje så
ofte. -- Om vinteren køyrer Marta i buss til skulen
og ho er av dei heldige som kan koma til andre timen og
seia: at "bussen var forseinka". Marta har ein svært
underleg hobby, nemleg å dra til Oslo i tide og utide.
Etter kva vi har forstått får ho både
gratis husvære og mat der borte. -- Elles så har
ho sunne interesser, Jarl-kveldar, privatfestar og gutar med
og utan bil! -- Framtidsvon: Å bli til noko STORT! --
Fast uttrykk: Å å å, eg har så lyst
til Oslo! Voss Borgny er etter alle kunstens reglar eit skulelys. Ho sit
på første pult og snakkar fortruleg med
lærarane, men det er heller sjeldan ho lyfter si
røyst til klassen. Ho har det med å vera litt
sein til første time mandag. Dette er grunna Borgny
sine trufaste besøk til Utne. Elles er ho i sterk
opposisjon til norsklæraren over hans tolking av dikt,
dette gjev ho uttrykk for kvar gong det vert gjeve stilar
attende. -- Hennar framtidsdraum er å få
slå seg ned på Utne. Truls Øren Sogning av uvisst opphav (jfr. krøllane), som er
født prinsipielt ueinig i alt. Noko som han
også stadig gjev uttrykk for. Han var litt av ein
grønskolling då han kom til Voss, men hans
grøne periode kulminerte under World Cup, sidan har
Truls vore aktivt med i ting som ovrar seg i tida. Truls
reiser mykje, særleg med Granvinsbanen
Vangen-Palmafossen, men han legg også regelmessig ut
på lengre turar. Var også ei tid svært
aktiv idrottsmann, men fann fort ut at fetsing og idrott
ikkje høyrde saman og slutta difor med idrotten. --
Motto: Sau i hovæ' og lam i beina. Bolstadøyri "Finsen" Grethe er ei jente med godt utvikla humoristisk sans, og
ho tolkar alle vitsar med fransk tankegang. Ho har okkupert
pulten nærast døra for å komma seg
snøggast mogeleg ut frå timane. -- Grethe har i
sine yngre dagar vore turnerske, og er framleis nevesterk og
i stand til å slå frå seg skulle det
røyna på, noko gutane i klassen har merka. --
Grethe er mest for kosmopolitt å rekna då ho har
vore servitrise i fiskar-hytta på Bolstad. Grethe sin
livrett er tydelegvis egge-krem, grunnen skal vera usagt. Ho
er ein av dei få i 3N som har lov å koma for
seint, ho reiser nemleg med tog, og dette dreg ho seg nytte
av dersom ho har ærend på Vangen. Ho har fast
plass på benken i gangen i frikvartera. --
Yndlingsuttrykk: Ao, ki da? Gje deg! Bavallen Ho er ei av dei som sterkt har merka seg det negative ved
livet på gymmen, og ho har fleire gonger nekta
innordna seg under systemet. Som regel føl ho si eiga
nase, og dei som kjenner Ingebjørg veit at ho ikkje
alltid peikar rett fram. Men retninga finn ho som regel! --
Utanom det har ho "slakta" seg gjennom skulen med minst
muleg lesing og mest muleg preiking, og ho er eit godt
politikaremne, ho preikar alltid rundt tingen så lenge
at ingen hugsar att kjernen. -- Det siste året har
vore verre for Ingebjørg enn dei andre. Trass i sin
sterke vilje til å høyra etter i timane, har
tankane som regel teke ekspressen austover, og ho har
utvikla ei levande interesse for student-problem. -- Fritida
og alle friminutt nyttar ho til å preike, preike, og
for det meste er temaet: "Neste år, når eg kjem
til Oslo -- -- --". -- Ho har også ein svak draum om
fortida som ho prøver å stø seg til,
draumen om "den gong eg var aktiv". Dalekvam Lyshåra, bebrilla (utan tvil), ung (?) møy
frå Dale. -- Før ho kom til Voss var ho
på Frekhaug, ein stad som må ha gjort inntrykk
på henne, for ho tar seg ofte turar ut dit. ( ) -- Ho
er svært hjelpsam, men held seg helst i ro i timane,
men i friminuttet har ho lett for å blanda seg inn i
samtalar (som ho ikkje har noko med) og seier si meining
(?). Morosame replikkar frå klassen blir møtt
med latter. Ikkje sant Truls. -- Yndlingsfag: Gymnastikk
(energi?) -- Fast uttrykk: Ku -- -- --a ku. -- Kjenneteikn:
Hårtvinning. Dalekvam Magny har etter mykje om og men rive seg laus frå
Dale-gryta og teke bustad på Ullestad. Ho har ikkje
teke aktivt del i det "søte liv" her på Voss,
ho er kun å sjå på kino og då saman
med Liv-vakt.Magny er lidenskapeleg strikkerske, og kunne
blitt ein stor-produsent til Dale Fabrikker. Ho er
svært roleg i timane, men kan til ulike tider gi
frå seg nokre uartikulerte lydar som skal tolkast som
latter. Vansken for henne er då å få ein
ende på galskapen. -- Det er ikkje lett å koma i
vrangstrupen på Magny, men ein lærar her
på Gymnaset har greidd det til fulle. -- Magny er 3N
sin utsending til russestyret, eit svært tillitsfullt
verv. -- Yndlingsuttrykk: Dudlideisann. -- Livrett: Mat
(etter eige utsagn). -- Yndingslitteratur: Det Nye. "Bønne" Skulestadmoar som fører eit flakkande
tilvære. Set sitt preg på 3. Norrøn med
sine spesielle meiningar og teoriar som ofte har sett
lærarstaben og medelevane sitt tolmod på
prøve. Han har Nord-Europas mest ytterleggåande
meiningar, som han har si fulle hyre med å forsvara
med science fiction og voldsomme armrørsler. -- Det
at ingen tek han alvorleg har gitt han kompleks, og på
Jarl prøver han å læra kompleksa å
symja. Han er i konstant vitaminmangel og prøver
å retta på dette med å drikka ein
kupjolter (dekknamn mjølk) i kvart matfriminutt. Har
fleire gonger pådratt seg lungebetennelse etter
å ha vorte liggjande ute etter fredagskvelden på
Jarl. -- Yndlingslesnad: Peanuts. MAD. Science fiction. --
Fast uttrykk etter å ha lese Peanuts: Suverent +
jævla latterbrøl. -- Motto: Berre virkar
slik. Vågseidet,
Lindås "Siggy" Sjølvstendig lite nék oppi Ringheimsvegen
(opphaveleg frå Vågseidet, Lindås). Testa
Voss pr. handelsskule for nokre år sidan, lika seg
her, tok sjansen på "Gymmen" og sidan har ho vore her.
(Såkalla fastgrodd.) -- Leid lenge av kronisk
forseintkoming, men kom seg unna parade ved avvisande smil
og mumlande klager over ver og føre. Men til slutt
sprakk det og Sigvor fekk seg ny klokke,? flytta bak til oss
"gutta" i kroken og vart bitter og inneslutta. Men ho tina
snart opp att og sidan har vi hatt glede av den perlande
låtten hennar (hæse brøl). -- Sigvor er
alltid med på fest (ikkje misforstå) og hybelen
hennar er ofte så overfylt at ein må stå i
kø. Ho er total optimist og flyt mykje på
flaksen (under tvil). Har og evna til å tileigna seg
lærdom (deklamerast med patos) utan å anstrengja
seg. Av og til kan ein mistenkja henne for å vera
intelligent. Ho er den berande krafta (lyrisk
stemningsbilete) i russestyret og russerevy (iallefall ei av
dei). Dette kjem ho bra frå (ein russ si meining). --
For tida er ho noko redusert (dvs. utslått), då
ho har sett seg føre å hjelpa nordlendingane
fram til likestilling. -- Framtidsdraum: Bli same. Vaksdal Sissel er ei lyslugga jente med sitt opphav frå
Vaksdal, som ved eit mistak hamna på Voss Gymnas. Ho
er levande interessert i musik(arar). Den musikalske
givnaden hennar har gitt seg dei underlegaste utslag. I fjor
var ho stadig å sjå i fast rute oppetter
Ringheimsvegen med eit bestemt (mål) hus for auga. No
har ho skifta både mål og reiserute. Ho tek no
toget til Dale, der forloveden ventar på stasjonen. --
Ved sida av sine mange viktige gjeremål, har Sissel
lekselesing som hobby. Men dette til tross, så har ho
som oftast eit svar å gje når læraren
dristar seg til å spørja henne. I timane kjem
ho med dei sterkaste utbrot som sjokkerar resten av klassa.
-- Fast kjennemerke: I fullt firsprang oppetter trappa midt
i første time. -- Fast uttrykk: "Å--å, eg
er så trøytt!!!" "Slet-tiss" Denne karen er av rette sorten - sprek, vill og glad i
eksporten. -- Han verkar svært så sprek på
oss - har ei jente i Bergen og ti på Voss. -- Skrotten
er ikkje av det største slaget, men med fest og
kvinner har han det rette draget. -- At han er turnar kan
alle forstå, tenk tolv flasker eksport og deretter
gå. -- Trass dette er han både kjekk og grei, og
blomstrar det gjer han alltid i mai. -- Kjennemerke: Han
drikk brus i fyrste timen kvar laurdag. -- Motto: Kroppen
krevå du. -- Fast uttrykk: Den forbanna fransken! Dale Ein lyslugga gentleman frå Dale, med gullring
(på høgre handa). -- Han har forfattarblod i
årene, noko som viser seg særleg i engelsk. Han
bur på hybel, noko som gjev seg utslag i bollar og
brus og storfriminuttane. -- Har fleire gonger freista
slutte røykje, men eventyra (blandinga) har igjen
fått plass på innerlomma i midifrakken, som han
fekk på kjøpet med gullringen. -- Han synest
vere glad i litt spenning (fotball?), for han fyller ut
tippekupongen kvar veke, alltid med like stor interesse. Til
opplysing: Ingen storvinst enno. Hovet i Hallingdal Alias Snoopy Forlovet! -- Av den typen som kjøper gardinstoff
på billigsalg og går på guttebesøk
om kvelden alt mens forloveden leser matte Kristiansand. Har
en egen overtalelsesevne som hun bruker når hun vil ha
La Bohême til å skulke gymnastikken for å
disputere over en kopp kaffe -- eller når hun vil
innbille klassen at hun ikke er vanelsker -- ennå. Lar
seg erte, men ikke Terg(j). Har alt flyttet inn hos
svigerforeldrene hvor hun tar seg sjokkerende friheter ved
å drømme om sykkelturer med Hovland om natten
og om Høyland om dagen. -- Yndlingsuttrykk: Kutt
ut! Tvilde, 5700 Voss Gunnlaug er ei alle tiders jente. Ho er som oftast ganske
roleg, men somme tider høyrer vi eit
latterbrøl eller høg skjennepreken til eleven
bak. Ho er alltid full av humør, uansett ver og vind.
-- I fritida held ho seg helst på Tvilde. Kva som er
så interessant der, har vi ikkje funne ut ennå.
Men noko må det no vera, for ho er vanskeleg (ja,
nesten umulig) å få ned til sivilisasjonen etter
"mørkets frambrudd". Elles "rasar" ho rundt i 50
km/t, og kosar seg som best ho kan, både i bil og til
fots. -- Hobby: Å køyra rundt i blå Ford
Anglia. -- Motto: "Må kje tru du e' tøff". --
Ideal: Gunnlaug Ormstunga. -- Framtidsvon: Bil! Bil!!!
(Morris eller Volvo Sport). Dalsøyra "Blondie" Inger heiter ho og ler gjer ho. Ryktet vil ha det til at
ho lo høgt då ho endeleg vart fødd, og
det verkar ikkje utruleg. Men trass i latteren er ho ein av
dei flittigaste gymnaset har fostra, og Høyland tyr
til henne med vanskelege grammatiske problem. Ho har levd
eit tilbaketrekt kveldsliv i gymnastida, mest fordi ho er
så grueleg mørkredd og må gå forbi
Tvildemoen for å koma på Vangen. Ho er ein av
dei få som har hatt same hybelen i tre år. --
Yndlingslektyre: Damenes Roman. -- Framtidsvon: Verte
sjukepleierske og gifte seg med overlegen. Dalsøyra "Den altetande" Blid sognataus som har store intensjonar om å bli
prestefrue. Av den grunn var ho den fyrste i 3N som fekk
blank ring på fingeren. Ho vil gjerne fylgja med i
timane, men vert diverre altfor lett distrahert av urolege
element i klasserommet. Hennar mest framtredande eigenskap
er at ho et alt, frå papir til kulepennar (med blekk).
Høyrer ein det knasar i timane, er det berre Leikny
som skal amputera ein ny kulepenn. Ho brukar såleis
ikkje så svært mykje pengar til mat, men desto
meir til skulemateriell. -- Fast uttrykk: No mao du
slotte! Tananger "Lille Rosin" Den einaste i klassen som har fått utlevert blaude
konsonantar i språket sitt. Ho er frå det
flataste av landet, og er fødd opp på havvatn
og reker. Ho har forplikta seg på at ho ikkje vil
gifta seg, men forfattaren er overbevist om at ho er villig
til å endre synet dersom det kjem ein som deler hennar
syn på ekteskapet, som består i full fridom for
den eine parten (kvinna). Leikny høyrer til dei
stillferdige i skuletimane, men får bra karakterar
likevel, p.g.a. eit tillitsvekkjande ytre. -- Framtidsvon:
Å verte bibliotekar på Svalbard. Florø "La Bohême" Estetiker med stort hjerte. Arriverte Voss uten forvarsel
i 1970, og fikk umiddelbart politisk asyl hos
lensmannsbetjenten og enecelle i Hagebyen. Betjenten fikk
her sin livsoppgave og ser ut til å ha sluppet godt
fra det, idet hun avanserte fra fanatisk marxist-leninist
til demagogisk gymnastikklærerinne uten ambisjoner,
men med stereoanlegg. Skjuler sin tvilsomme identitet bak
mørke briller og altoppslukende dyrkelse av
historielæreren og prikkmalerier. Psykologisk
interessant tilfelle og programfyll i fransktimene, en
kombinasjon som har gitt seg utslag i determinisme og
kjederøyking (Kent). -- Besøket verdt for alle
mennesketyper. -- Voss Magnhild er av dei heldige som kan halda fatninga i alle
situasjonar. (Iallefall på skulen.) Av den grunn blir
ho mykje nytta som sjelesørgjar av dei som treng det.
Ho opnar sjeldan munnen i timane, unntatt når vi
får uventa lekseprøve; då kviskrar ho:
"Gubba kor frekt." I år vart ho biten av
strikkebasillen. Han har herja stygt med henne; såleis
har ho etter jul strikka 7 gensarar. -- Etter skuletid
går ho rett heim. På laurdagane hender det at ho
er på Jarl saman med gemal, elles så er ho av
dei få som møter pliktoppfyllande opp på
kvar dans på "gymmen". Magnhild gjev ikkje opp fordi
om ho støyter på problem. Ho har ei spesiell
evne til å sitja og grubla i dagevis over ein nesten
uløyseleg floke. Elles så er ho ei alletiders
jente, som gjerne er med på eit slag bonde-sjakk i
kjedelege timar. -- Motto: Ta det litt med ro! --
Yndlingsvise: "Villemann og Magnhild". -- Hobby: Dyrka
musikk og musikarar. Bulken Dette er ei ekte Bulkajente med fart i segla (munnen).
Gjennom tre år har trangen til å preika gjeve
sterkt utslag til forargelse for ein viss person (Vik....).
Kvinneforeiningsdebatten har gått livleg særleg
i engelsktimane. Ho har ei utømmande kjelde av latter
og godt humør. Ho har gjennom heile gymnastida
trufast knaska knekkebrød med ost (som ho ikkje
synest å verta lei av). Framfor kvar gamalnorsktime er
ho intens innesitjar i friminuttet, men trass i dette klarar
ho seg bra. Hennar framtidsdraum er å verta ansatt ved
Den Franske Ambassade (Oui, oui). Vaksdal Jan er ein av dei få i norrønklassen som tek
del i diskusjonar, han har sine eigne meiningar som de andre
ikkje alltid kan vere samde i. -- I timane har han ein
tendens til å følgje med, og trass i lange
kveldsturar med Øvre Ullestad som mål, kan han
mest alltid leksene sine. -- I sine unge dagar var han
vokalist i ei popgruppe, men slutta med dette då han
kom til Voss. No syng han berre i fransktimane (La
Marseillaise). -- Jan har vekkjarklokke, men trass i at ho
vekkjer naboen, hender det at han sjølv berre
så vidt kjem tidsnok til andre timen. -- I
andreklassen hadde Jan eit lettare tilfelle av "fallesykje"
-- tomber malade. -- Som konklusjon kan ein seie at han er
ein kjekk kar som ofte set medelevane sine lattermusklar i
sving. -- Fast uttrykk ved omsetjing: elle .... elle
.... Bolstad Turid er ein hjarteknusar av dei store. Ho kom til Voss
frå Bolstad, og sette som sitt mål å knusa
mest mogeleg hjarter. Ho kom halvvegs, då møtte
ho Han, som visstnok er "gromguten". -- Turid er ei av dei
få som alltid er med i timane. Ho kan alltid leksa si,
sit på første pult, og er kort sagt: Ei snill
skulejente. (Hmmm!!!) Somme tider greier ho ikkje halda
meiningane sine i ein diskusjon, og då brakar det laus
på fyrste pult med alt temperament ein kan ynskja seg.
-- I gammalnorsk-timane har ho sett seg som mål
å ha læraren for seg sjølv, derfor sit
dei og diskuterar lågt for seg sjølve rett som
det er. Lurar på kva det er om? -- Hobby:
Brøyta seg veg frå Bolstad til Evanger. --
Framtidsdraum: Å bli bondekone på
Bolstad-Evanger. Jondal (Valblåst) Harry kom rekande nordover under den siste folkevandringa
(1968) frå Ytre Hardanger, og havna etter store
strabasar med skifting buss/ferje/tog o.l. på Voss (om
livssoga hans elles viser ein til "En flyktning krysser sitt
spor" og sammenlikn). Harry viste tidleg evne til å
bli noe, og har såleis prøvd seg både som
linedansar og kunstmålar med levande modell, samt
mykje anna som ikkje høver på trykk. Etter tre
år på studentfabrikken er han byrja å
skrive Voss med liten v, uvisst kvifor. Han viser elles
(av)viken(de) interesse, spesielt i engelsktimane. Hans
festliv tykkjest noko vinglande med utskeiingar både
på Voss og i distrikta, og på sine mange
ekskursjonsturar i helgane er han den fødde
reiseleiar for sine meir eller mindre sløve
kameratar. -- Motto: Bare drikk, det er ingen skam å
spy -- men spy med andakt. -- Kjenneteikn: Ja. Karmøy "Lisen" Kva som trekte denne jenta til Voss er heller uvisst, men
det var iallfall gildt at ho kom. På skulen var ho
flittig dei to første åra, og løn for
strevet var 1 års opphald "over there". Og i Chicago
var det leik! Hoppet frå amerikansk til gml.norsk jord
var nok for stort, så no jobbar ho på Jarl i
staden. -- Hennar største interesse er
vossa-studentar i byn. Dei står i kø rundt
henne, og ho skiftar rett ofte. Dersom dei ikkje kjem til
Voss, reiser ho til Fantoft . Det er hennar største
ønske å få slå seg ned der snarast
mogeleg. Ho har nemleg planar om å bli evig student i
Bergens by, noko ho sikkert vil greia. -- Fast frase:
Kelnar, gi meg meir phfils! (mjød). Voss Bernt Otto er av den stille rasen, men kan til sine tider
verta svært spydig, noko som oftast går utover
"Trulsen". -- Bernt sine store hobbiar er fotball og hund,
han lir nemleg av "hundegalskap". -- I gymnastikktimane er
han svært destruktiv for sine medelevar, og det har
resultert i såre fingrar og naseblod. (Heia
Bønne!). -- Bernt Otto er ikkje noko festmenneske, og
er etter eige utsagn mest for totalist å rekna. (Ingen
regel utan unnatak.) -- I timane held han kjeft (med godt
resultat), men som dei fleste stille har han alltid noko
vetugt å sei når han først nyttar
snakketøyet. -- Han er ein av dei få her i
klassen som veit litt om kva som hender i den store verda
utanfor Voss. -- Yndlingslesnad: "Goal" (engelsk
fotballfacistblad). -- Motto: Tja -- -- -- -- Bjordal Alias: Erasmus Montanus Tilhenger av tyske, politiske brosjyrer, tidsskrift, brev
og norske snøklokker. Disputerer med samtlige av
skolens pedagoger og peblinger og har utsett seg Ytre-eide
som Per Degn. Til glede for klassen, men ikke for han(en).
Dyrker individuell studering og lekseprøver(!).
Interessefeltet spenner over alt fra sunnmøringer til
tyskere. Deler hus med frk. Størsrud og er av den
grunn leder for antikampanjen mot gulvvask kl. 5 om morgenen
(A. M. G. 5 a.m.). -- Kjennetegn: Prinsipielt uenig -- med
midtskill. -- Fast uttrykk: Jamen -- -- --
Marta
Løne,
Borgny
Ringheim,
Kåre
Magnar
Vikøren
Grethe
Marie
Finsrud,
Ingebjørg
Vatne,
Anne
Sellevold,
Magny
Irene
Soltvedt,
Bjørn
Mikal
Dommarsnes
Sigvor
Bakke,
Sissel
Urhaug,
Atle Slettemark, Voss
Tormod
Heggland,
Åshild
Dalen
Gunnlaug
Møen,
Inger-
Johanne
Storenes,
Leikny
Atterås,
Leikny
Haga,
Anne-Marie
Myklebust,
Magnhild
Lid,
Synneva
Vethe,
Jan
Vaksdal,
Turid
Solberg,
Harry
Jondahl,
Lise
Langåker,
Bernt Otto
Sævig,
Erna Liv
Osland,
Nyre "Agurken Snoopy" Koseleg spirrevipp av ein latinar frå
Nyre-traktene. -- Kjartan er ein bereist ung mann, han har
bl.a. vore i England, Tyskland, Frankrike, Italia og Spania.
At Kjartan har eit godt språkøyra oppdaga alle
då han kom attende frå eit opphald i London i
vinterferien og tala flytande engelsk med nyresleng. Kjartan
veit enno ikkje kva han skal verta, men han har synt sterke
ambisjonar i retning å verta yrkesboms. -- Kjartan har
mange hobbies, ein av dei er bl.a. å ta salto med bil
på Gjerdesflatane. "Snoopy" er ein av dei få
heldige som har klippekort på Jarl og er difor ofte
å sjå der om fredags- og laurdagskveldane. Han
meiner sjøl at det stimulerar han til å gjera
latin etter at han kjem heim. -- Om Kjartan er det mangt og
mykje å seia, men mykje skal forbi usagt. -- Fast
uttrykk: "Hei, kor går det? Æ da no liv?" --
Framtidsdraum: Å få disponera eigen
leikebil. Voss "Knøtte" Denne ljoshåra snella på 20 år er ein
blanding mellom vossar- og hardingablod, noko som hennar
temperament tydeleg vitnar om! Ho er ei jente med bestemte
meiningar om alt mogeleg, og er ikkje redd for å
skrika ut dersom ho kjenner trong til det -- men
høgtalarannlegget har i dei 3 åra ikkje alltid
vore i fuksjon. Av di ho er av dei få som kan strekkja
beina heilt ut i ei Folkevogn, er Bjørg ofte å
sjå i ein slik doning. Er elles å observera
på Hanguren om sundagsmorgonane, der ho hjelper folk
med brukne lemer. -- Yndlingsuttrykk: Naiiiii -- --! --
Motto: "Hvorfor være stor når man er lykkelig
som liten". Bulken "Goa" Søt og godsleg dros tao Bolkjen, som har ei eiga
evne til å snurra visse lærarar rundt fingen.
Gro Mari er svært effektiv og nyttar difor ofte timane
til strikking o.a. handarbeid. Trass i sin unge alder er ho
svært bereist (Frankrike, Belgia, England, Tyskland),
noko som viser at ho har lopper i blodet når det gjeld
reising. Gro Mari prøvde før jul å
innføra 5-dagars skuleveke, men det lukkast ikkje
heilt. -- Sjølv om Gro er ivrig deltakar i festlivet
på Voss, er ho ofte å finna på ski
på Hanguren. Ho meiner sjølv at "det bestaste
er å væ fri" når det gjeld "det sterke
kjønn", difor tek ho dei aldri alvorleg. Gro skriv og
eigne dikt som diverre ingen får lesa. -- For dei som
ikkje veit det, så bur ho på hotellet pao
Bolkjen i eiga leileghet. -- Fast uttrykk: "Ikkje tull!" og
"Fy Fader!" -- Framtidsdraum: Å vera fri som fuglen og
flakka jorda rundt. "Nøffe" Lita og latterfull snuppe, som praktiserer ein ny
læremetode, ho påstår nemleg at ho
får mest ut av timane ved å sitja med ryggen til
læraren. Ho har eit smittande humør og har mang
ein gong skaffa medelevar trøbbel i timane, dei
klarer nemleg ikkje å slutta å le. Heilt ukjent
med nattelivet på Vangen er ho heller ikkje, og dersom
du høyrer nokon seia: "Eg ska inn", i køen
utanfor Jarl ein fredagskveld, kan du vera sikker på
at det er ho. At ho er språkkuning fekk alle turistane
som vitja Borgund stavkyrkje merka sist sommar, og etter den
tid har ho hatt ei merkverdig interesse for alt gamalt,
særleg dans og historie! -- Fast uttrykk: --
Framtidsdraum: Alltid å ha ein tyggis på handa,
og å få sex i historie. Haugo / "Olla" Frisk jente ifrå Bryn -- med sans for typar -- med
bilar og gryn -- Sjeldan ho syter -- og aldri ho grin --
-untatt for latin. -- Og ofte ho går, -- om aldri
så skral -- med sitt lange mørke hår
--ned på diskoteket på Jarl. -- Med hennar glade
smil --og sjeldne sinne -- er ikkje nokon i tvil -- at det
skjuler seg eit lyst lynne. -- Yndlingsmelodi: Kiss me quick
-- Fast uttrykk: Tjo -- Hai! "Lynet" Gullbjørg er ei livleg og smilande Nyre-taus.
Snakketøyet er i god stand i friminutta, men ho har
diverre hatt vaskar med det, og av den grunn er ho ofte taus
i timane. Ho har ein særdeles velutvikla lått,
som kan høyrast både i tide og utide. Den har
mang ein gong fått heile klassen til å bryta ut
i lått. Sans for huslege gjeremål finn ein
også i denne mangfaldige jenta. Ein har kunna
observert henne opptil fleire gonger på vegen
Nyre-Posthuset med store kaker som inneheldt kaker,
adressert Sætermoen. Ho sit på første
pult og vender det ljose hovudet rett mot læraren for
at det skal sjå ut som ho fylgjer med, noko som ho
ofte ikkje gjer, fordi tankane er langt, langt mot nord. Ein
uvane har ho lide av heile gymnastida, og det er
forseintkoming. -- Kjenneteikn: Alltid to knekkebrød
i nistepakka. -- Fast uttrykk: "Ka meina de om da?"
Kjartan
Tvilde,
Bjørg
Opedal,
Gro Mari
Liland,
Synnøve
Hegg
Olbjørg Skutle,
Gullbjørg
Nyre
Voss "Kiss" "Kiss rødtopp" er typisk Vossing -- er sjelden
nedenfor Hellesneset og ovenfor Palmafossen. Med andre ord
"Lokalbedøva". -- Det er mulig å få henne
ut på ski, men hun trivs best sammen med
Knøttene, og langt borte fra leksene. -- Kiss liker
Vreeswijk og Ravel, men sluker epler og bananer osgå.
Er vanligvis blid, men hisser seg fort opp hvis det er noe
hun ikke liker. -- Spiller gitar og synger når hun er
sikker på at hun er alene. Sover med vinduet
åpent sommer som vinter og har derfor lite til overs
for Hansa-arbeidernes morgenkonsert i bakgården. --
Fast uttrykk: No ringde da also. -- Største
ønske: At Elisabeth skal få seg klokke. --
Hobby: Å sova lenge o morgonen. Voss Arne er den store teknikaren i 3Mu, og den som kjem
på at for å få lyd i forsterkaren må
den slåast på. -- Han er ein av dei i 3Mu som
veit kva som er opp og ned på ei lærebok i
"matte", og som difor i to år gjekk til "mattetimane"
utan større gru. -- Arne er ein stille og roleg gut
som svarar når han blir spurd, men elles held munn.
Han er kvalifisert medlem av "klassesukket" før
fransktimane, og går heilhjarta inn for franskfri
musikkline. -- Arne har fans -- som er eit resultat av
pop-bandteneste. Men han har vore vanskeleg å få
tak på, då han heller sit heime med
platespelaren enn å gå på Vangen etter
mørketid. -- Framtidsvon: Å nå ned til
pedalane på eit orgel. -- Fast uttrykk: Asta har du
fransken? Voss "Ått-ni" Traust Vosse-jente med klisterhjerne, meldingsbok og
niste. Byrja på Gymmen for å "blåsa" i
friminutta og mussisera i timane. -- Ho likar ikkje formlar
-- korkje kjemiske eller biologiske. Men Oddny greier seg.
Ho har meldingsboka si. -- Som trulova tek ho livet med ro,
og dagane som dei kjem. Høvisk ro truleg erverva i
framsetet på ein kvit Cortina. Oddny har niste med seg
kvar dag, noko som ofte kan føra til misunning
frå medlelevar då nista som oftast blir
fortært i timen før det store friminuttet. --
Hobby: Spela piano. Birgit er Årdals-jente, men er forbausande lite
miljøskadd. Ho er ei stødig jente som er mykje
nytta som barnevakt og lynavleiar. Med sine
tussefløyte-låtar spela på
blokkfløyte har ho lenge vore ein populær post
på ymse program på skulen. Dessutan har ho sans
for hu-mor. Ja, ho har til og med i si tid vore utnemnd til
"gliset 69". Wesen-Steen og Asterix har hatt mykje å
seia for Birgit si åndelege utvikling. Elles spelar ho
piano og syng alt (eller ingenting). -- Fast uttrykk: "Eg
kan ein! Kan du den?" -- Hobby: Tenkja. Kunstnarspire, fødd og oppvaksen på Voss.
Tove førte lenge eit anonymt tilvære, men hadde
sin fyrste debut i fjor (NRK). Sidan har ho vore i
søkjelyset, og har skrive mange gode visetekstar.
Tove likar godt sjokolade og cowboy-filmar. I vinter gjekk
det ein mandag rykte om at ho hadde vore med turlaget
på ski om sundagen. Det synte seg til og med at ryktet
tala sant. Tove er mangslungen; ho skriv tekstar, spelar
klassisk gitar, gjer av og til lekser, heklar og malar
utanom skuletida. Dessutan har ho fritidsproblem. (Ho veit
ikkje korleis ho skal få fritida til å strekkja
til.) Det er få som vil tru at Tove kan spela
trekkspel, men det er heilt sant. -- Fast uttrykk: Ka'
fø' nokke? -- Framtidsvon: Få fritid. Øvre Årdal Jorunn er sogning og temperamentsfull. Ho trulova seg i
jula, men har teke dette svært fornuftig. Noko som
irriterar resten av klassen, er at Jorunn forstår
absolutt alt i biologi-pensumet. Ei tid nytta ho fritida til
å gå på dans saman med alle kompisane
på jordbruksskulen, men ho bestemte seg snart for
å slå seg til ro med den einaste rette, som
jobbar heime i Årdal. Dersom det er nokon som er i
tvil når det gjeld tidspunktet for prøver eller
eksamen, er det berre å spørja Jorunn. Ho tek
nemleg slike ting seriøst, i motsetnad til sine
medstudentar. Interessa for bilar er sterk hjå Jorunn,
og ho går med von om at den som står hennar
hjarta nærast, skal selja Folkevogna og i det minste
kjøpa ein Mustang. -- Hobby: Henta posten. --
Framtidsvon: Få ein Ford Mustang. Vik Mellom vener vert han kalla Eple-Jens. Ein ekte Viking
som fiksar alt. Når nauda er størst, er Jens
nærast. Han gler sine medstudentar og lærarar
med eplekasser om hausten (jfr. tilnamnet). Jens kjem med
turre vitsar på dei rette stadene hjå dei feile
lærarane. Han har stor interesse både for idrett
og musikk, og i tillegg les han ofte lekser. -- Mykje tyder
på at Jensemann også har interesse for det annet
kjønn. Han har nemleg vorte observert hand i hand med
ei jente på Vangen -- etter mørkets frembrudd!
Dette vekte stor åtgaum hjå medstudentane. --
Fast uttrykk: Ti' atte! -- Hobby: Gå på ski til
Vik. Voss Sprudlande barytonsongar frå Voss som aldri let att
kjeften. Etter eiga utsegn søv han lite eller aldri
om nettene, og tek det difor att i timane. Utmerka seg ved
å tolka Ibsens skodespel i norsktimane. Asle les
så godt fransk at ein franskmann må ha vanskar
med å forstå det. Etter ganske kort tid oppdaga
klassen at Asle har kvikksølv i baken. -- Etter
å ha lese pensum i språkhistorie har han
fått særleg interesse for
trønder-dialekten, og nyttar denne ikkje minst i
timane. -- Fast uttrykk: Behold roen, gutter! -- Hobby:
Studera sexuologi. -- Framtidsvon: Få feelingen. Voss Styrk er tenor og bassgitarist. Han skuffa fans'en med
å slutta i Shades of Blues våren -70. Styrk er
ein av dei mange som dyrkar Wesenlunds humor, og har
såleis alltid godt humør og stor nistepakke.
Han likar godt søte jenter, men har vanskeleg for
å finna den einaste rette. Såleis er han ikkje
trulova eller straffa på nokon annan måte. Styrk
er klassens muntrasjonsmoment, ikkje minst når han
får imitera dei ymse lærarane. I biologien har
han funne ein åndsfelle i den raud-øygde
bananfluga. Dette vil ein lettare forstå ved å
møta Styrk på Jarl visse kveldar. -- Fast
uttrykk: Da e' me fø! --Hobby: Eta banan på
tvers. -- Framtidsvon: Køyra tog. Samvitsfull jente som gjev resten av klassen dårleg
samvit. Ho er altså ei av dei få som disponerer
tida godt og møter vél førebudd til
kvar skuledag. Ho nyttar som oftast tog då ho har lang
skuleveg, men når veret og føret tillet det, er
ho sporty og kjem til skulen på 2-hjuls-trakkar.
Bjørg kjem ofte i heftige diskusjonar med originalen
blant russen, nemleg Kolbein. Om ho ikkje kjem så
langt i livssyn-diskusjon med Kolbein, så kan ho
iallfall tolka Grieg på pianoet. -- Fast uttrykk: Da
har eg lest ein plass. -- Hobby: Køyra Folkevogn. Odda Odda-jente med bein i nasen. Ho har eit temperament som
særleg gjer seg gjeldande ved diskusjonar i timane.
Marta er ei av dei i klassen som spelar godt piano, og
då er det Beethoven-sonatar som står henne
nærast. Kanskje temperamentet hennar har ein viss
likskap med yndlingskomponisten sitt skiftande temperament.
Latteren kan nå langt opp i tonehøgd, trass i
at Marta har altstemme. I mattetimane vart ho mang ein gong
den som berga situasjonen, og dette har ho halde fram med i
fransktimane. Marta byrja fyrst på reallinja ved Odda
Gymnas, men fann snart ut at hennar plass var ved
Musikklinja på Voss. -- Fast uttrykk: Jammen det er jo
klart det .......... -- Hobby: Le og fortelja grove vitsar.
-- Framtidsvon: Bli kjendis. Os pr. Bergen "Trulte" Den første uken var "Trulte" den mest beskjedne
jenten i musikklassen, men etter den tid innskrenket dette
seg til bare å vise seg overfor lærerne. De
er hun livredd!! -- I grunnen er det rart at vi har den
koselige Os-jenten her ennå, for hun lengter alltid
hjem og truer stadig vekk med å slutte på
"gymmen". -- Er det noen som skal ha tak i "Trulte" så
kan vedkommende bare gå etter den sprudlende latteren
eller se etter en merkelig hårfarge. "Trulte" har
nemlig til vane å farge håret så det
vekker oppsikt over hele Vangen. -- Fast uttrykk:
Hæææ! -- Største ønske: Heim
til mamma og Nils'en. -- Hobby: Synge Ola Glomstulen. Drammen Tom er drammensgutt, men meiner likevel at det er betre
med ein dram i timen enn ein time i Drammen. Han er med
på "ti på topp"-lista når det gjeld
fråvære i klassen, og har etter kvart kome langt
opp på lista. Yndlingskomponistane hans er
Bartôk, Zwartjes og Næss. Han imponerer stundom
med å opptre i Kinosalen med ein barneflokk som
visstnok er elevar av Musikkskulen. Ein dag kom Tom på
skulen litt meir forventningsfull enn elles, og
klassekameratane oppdaga ved nærare ettersyn at han
hadde fått skjegg. Tom høyrer med til
storsjarmørane på gymmen, og dessutan vil vi
sikkert i framtida høyra mykje til han, om han og av
han. -- Fast uttrykk: Eh -- det er -- litt på -- -- --
-- noe som -- jeg -- har lurt -- Hobby: Jenter og seg
sjølv. -- Framtidsvon: Komponist Næss. Ørje "Rulla Pigg jr." Koselege Elisabeth kom til Voss -- til nynorsk og musikk.
-- Kanskje endar det med Vossedoss og felegnikk? -- For
sjølv om få låg oftare med brote bein i
seng -- og har knust varme gutehjarto i fleng -- så
sat ho sjølv ein dag på kroken fast -- og kan
berre leggja seg sjølv til last. -- Som hobby nummer
to -- har Elisabeth piano. -- Og gutane som piano-flyttedyr
har vore -- er truleg glad for at ho nå kjem seg av
gårde. -- Den daglege bunken med brev -- kostar timen
etter mykje strev. -- Særleg Smålenenes Avis
avlar store glis. -- Men trass i alt så låner ho
læraren øyra -- og får vridd svaret sitt
slik at det let seg høyra. -- Framtidsvon: Å
få vite kor mykje klokka er utan å sjå
på henne. -- Fast uttrykk: Nehei, Kolbein, du er helt
....... -- Hobby: Arabesque.
Kirsten Gjersvik,
Arne Akselberg,
Oddny Gjeråker,
Birgit Odéen
Tove Karin Elmlinger
Jorunn Pedersen,
Jens Arnvid Brekke,
Asle A. Haaland,
Styrk Opheim,
Bjørg Kinne
Marta Mørkve,
Åsta Lund,
Tom Næss,
Nina Elisabeth
Braarud,