KLASSE 3 N

 

Her, folkens, er endeleg den klassevise sida til "norrønafolket". Her er det komme inn stoff, i første omgang ein heil serie med artige bilete frå Grethe, medfølgt av forklarande bilettekstar. Sjekk dei ut! -- Og: Send berre inn meir stoff!!

 


 E' da ikkje skoi å sjå seg att?


 Her er ein heil gjeng på Revyfest på Hotel Jarl 10. desember 1970:

Her ovanfor ser vi m.a.: Borgny Ringheim, Magny Soltvedt, Grethe Finsrud, Bjørg Opedal, Rudolf stadig sitjande med pipa i bakgrunnen, Synneva Vethe, Arne Rørbakken, Knut Karevoll, Norvald Skjoldli, Arnt Oettel (i bakgrunnen), Arne Rørbakken igjen, Leif Erik Solvi, og til slutt (igjen) Arne Rørbakken, Sissel Urhaug, Kåre M. Vikøren, og Synneva Vethe.


 

 Framleis frå Revyfesten på Jarl, den 10. des. 1970:

Som vi ser ovanfor her, var det ikkje mykje lausdans så seint på kvelden, sann; her vert det sanneleg jobba hardt (men ein sliten revysjef, "heilt ferdig", sit visst på eit bord og "står over" denne dansen; han om dét). Saman med Grethe ser vi Arne Rørbakken, og min santen er det ikkje nokre musikklinefolk som har blanda seg inn her òg: Arne Akselberg, og Martha Mørkve, alle i god klemmedans-stil. På tredje biletet her ser vi ein serie med Pene Unge Damer, i god forsystring klasse og klasse imellom (men jamen gjorde det seg godt med det solide innslaget av vindauga på dette biletet òg, du! - fotografen har visst kva ho ville). Og så ser vi Synneva, Borgny og Bjørg, her saman med Hermann - kva er det han leitar etter, skal tru? (Og er det ikkje vår suverene gitarist og komponist Halldor Krogh som sit mutters åleine og kviler ut på benken baki der?)


 Meir Revyfest (ovanfor):

Her er Magny i siget! Og fleire andre, Rudolf inkludert, og Åsta Lund i musikklassen sit med ein av deira berømte parykkar på hovudet (hugsar de kven elles som periodevis gjekk med parykk?! Ja, det var jo (bortsett frå Nina Braarud, som vel åtte den) herr Kolbein Haga). -- Her sit Åsta saman med Marta Løne og Ingrid Tylden. -- Nederst: Er det slutt på Revyfesten? Eller det det Nachspiel? Her ser vi òg Arne Rørbakken, med "ein på taket og to i handa" (eller noko slikt): Bjørg Opedal og Grethe Finsrud.


 Ovanfor: Fleire Norrønklasse-bilete:

Det er kanskje litt dårleg oppløysing her; men dei vi ser er i alle fall, frå venstre: Bjørn Dommarsnes og Hermann Hovland; midt på: bakhovudet til Jan Vaksdal (med kulepennen!) og profilen til Bernt Otto Sævig som begge kikar på ein kjent og kjær Truls Vikøren nede i kroken, som gjer det han kan for å gøyma seg bak ein gensar. -- Og til høgre: Ei heil skokk av oss, i kjende positurar og i arbeid med øvingsoppgåve ... og felles småpassiar...


 Ovanfor her -- ser vi utdrag frå Russerevyen "Ekta Godt":

Midt på har Asle Haaland frå Musikk snike seg inn; han står og syng om Stalheimskleiva (skriven av Gudrun Mathiesen), til tone av Mandalay. Asle er flankert av Atle Slettemark, og Atle saman med Ingunn Børve, som framfører songen om Taxi-Sentralen (der det aldri var råd å få seg bil), og til høgre: Slettis i revyens desidert beste nummer: Det hende ein laurdagskveld.


 Og her, folkens, eit anna av revyens uforgløymelege par -- frå balletten Svanesjøen: Kåre Magnar Vikøren frå 3N i to-steg med Brit Kristine Hjeltnes frå 3Rb. Snakk om eleganse; for ein grasiøsitet!!

 


Her er fleire bilete - - først frå nokre gym-timar:


Og så nokre bilete frå ein skuletur:


TILBAKE TIL HOVUDSIDA