Kjære Lars.
Dette er faktisk det sjuande året vårt i California. Me trivst bra, veret er upåklageleg og sidan jordskjelvet i 1994 har me heller ikkje kjent til ristningar av den avskrekkande sorten. Det er ikkje mykje til jolefeiring (-ferie) her borte, men me held på vårt, jolaftan, i alle fall. Knut (14) går på gymmen (Freshman Highschool), Torhild vurderar å starta sitt eige fysikalske institutt ved sida av undervisninga, og etter å ha vore involvert i design og utvikling av eit patentert grill (koke-) produkt, vil eg no på å ta del i marknadsføring og salg av produktet. Me vert nok her 3 - 5 år til, slik det ser ut i dag. Me var i Europa 4 veker denne sommaren, 3 veker i Norge + tur/retur Paris med leigebil. Hvis sal av produktet kan føra til ein tur til Europa på jubileums-tidspunktet, vil eg nok kunna ta turen innom Voss og jubileumet. Hvis ikkje vert det nok med ei helsing på dagen. Styrk'en møtte me i sumar, og hadde det gildt saman, m.a. var me på fin fisketur i Vetlavatnet. Lars, ha det godt så lenge, og hels dei andre initiativtakarane.
Beste nyttårshelsingar,
Knut, Torhild og Rune