Ivar Utne, LLE, Univ. i
Bergen, ivar.utne(KRØLL)uib.no;
overordna nettside: http://www.uib.no/lle/ressurser/tjenester/personnavn
Lagd ut: 26.08.2007 16:27_;
lagra med ny nettadresse 04.03.2009 15:36
©
Opphavsrett og kopirett til denne framstillinga:
Ivar Utne.
Framstillinga kan ein ikkje distribuere i strid med
åndsverkslova. Eksempel, andre opplysningar og kommentarar som står nedanfor,
kan ein bruke med referanse til overskrifta og forfattaren.
LOV OM PERSONNAVN,
KORT
OM VANLEGE SØKNADSTYPAR
Dette er eit forenkla
oversyn over korleis nokre vanlege typar namnesaker kan bli løyste etter lov om personnavn (lova har
bokmålstittel). Framstillinga byggjer på rådgjeving i namnesaker, men er for
knapp og upresis til namnesaksbehandlinga hos folkeregistera. Den er meint som
informasjon til dei som vil ha eit kort overblikk over nokre av dei mest
aktuelle emna.
For namn som er i bruk i
Noreg, er talet på berarar i Noreg 1.1.2007 førte opp i parentes.
Denne nettsida er lagt ut på
nettstaden med hovudadressa http://www.hf.uib.no/i/Nordisk/navn/freg/. Der
finst meir detaljert informasjon.
Gamle
etternamn og mellomnamn i slekta – § 4 1. ledd nr. 1
Mange søkjer om gjenbruk av
gamle etternamn og mellomnamn frå tidlegare slektsledd. I nokre tilfelle vil søkjarane
gjerne ha desse namna med gamle skrivemåtar. Andre vil ha ein eldre skrivemåte
av det etternamnet dei har no. Grunngjevinga
for eldre skrivemåtar er helst at dei blir oppfatta som dei formene som har
vore brukte i slekta.
Slike eldre skrivemåtar kan ha vere Wangsvig (5) i staden for Vangsvik (17), Fjeldvig (30) for Fjellvik
(54), Oxholm (64) for Oksholm (15) Ophuus (32) for Opphus
(18) og Anthonisen (151) for Antonisen (58).
Ein kan hente namn, som òg vil seie skrivemåtar,
heilt frå tippoldeforeldra. Kravet er at namna har vore brukte som etternamn
eller mellomnamn, eller namn som tilsvarar den måten mellomnamn har vore
offisielt kategorisert i nyare tid. Det er ikkje nok at det er namnet på garden
der slekta har budd.
Det er mogleg å endre skrivemåten å til aa og aa til å i etternamn utan dokumentasjon for
tidlegare bruk i familien.
Alle namn ein kan få til etternamn etter namnelova,
kan ein òg få til mellomnamn etter § 9. I mange tilfelle ønskjer søkjarar å ta vare
på gamle namn som mellomnamn. På den måten kan dei unngå eit radikalt
namneskifte samstundes med at dei fører slektsarven vidare.
Gamle
gardsnamn i slekta – 4 1. ledd nr. 8
Namn på gardsbruk som
familien har ått eller drive blir det òg søkt om som etternamn. Lova stiller
krav til at søkjaren eller foreldra framleis eig eller brukar, etter nærare
reglar. I slike tilfelle kan ein få namn i dokumenterte skrivemåtar bakover i
tid.
Søknader om slike namn der
slektsbandet til gardsbruket er fjernare, blir svært ofte avviste. I nokre
tilfelle er det mogleg å dokumentere at namnet på gardsbruket òg har vore brukt
som etternamn i tidlegare slektsledd, slik at det kan løysast på den måten.
Beskytta etternamn – § 3 2. ledd
Etternamn med 200
eller færre berarar er beskytta. Det vil seie at andre berre kan få dei med
samtykke frå alle som har dei som etternamn. Dessutan kan andre få desse namna
om dei oppfyller reglane om familietilknyting (§ 4).
Kven som helst kan få etternamn som fleire enn 200
har.
Gimse med 201 berarar
(pr. 1.1.2007) er fritt, medan Eidsvåg
med 200 berarar er beskytta. Det er den nøyaktige skrivemåten som tel, ikkje
stavevariantar.
Oftast er det folk som har hatt namnet i slekta, som
ønskjer desse beskytta namna. Denne regelen er bl.a. til god hjelp for dei som
ikkje kan skaffe god nok dokumentasjon på bruken i eiga slekt.
Etternamn
ein har brukt i mange tiår, sjølv om familien har hatt eit anna etternamn i
folkeregisteret – § 4 1. ledd nr. 9 (særleg tilknyting)
I nokre tilfelle søkjer folk om etternamn
som familien har brukt i fleire generasjonar sjølv om dei har vore førde opp
med andre etternamn i folkeregisteret. I slike saker blei det oftast gjeve
løyve dersom ein kan dokumentere samanhengande bruk for seg sjølv, foreldre og
kan hende besteforeldre tilbake til før 1.1.1947.
Mellomnamn mellom ektefellar og sambuarar – § 4 1. ledd nr. 4
Det har lenge vore mogleg for kvar av
ektefellane å få den andre ektefellens etternamn som sitt mellom- eller etternamn.
No er det òg mogleg å få mellomnamnet frå ektefellen. Dette gjeld òg for
sambuarar som ha budd samen i to år eller har felles barn. Mannen kan f.eks.
ta konas mellomnamn Blåfjell (12) som
mellomnamn og behalde sitt Gjerde
(3375) som etternamn. Det er òg mogleg å ta konas etternamn, f.eks. Valheim (142), som sitt mellomnamn eller
etternamn.
Endring til moderne skrivemåtar i etternamn og
mellomnamn – § 6 1. ledd 1. punktum (= 1. setning)
Det er
mogleg å endre skrivemåten i mellomnam og etternamn for å få dei meir i samsvar
med uttalen eller rettskrivinga. Det krevst ikkje samtykke frå dei som har
etternamn likt det namnet ein vil endre til. Slik kan ein få endra frå det
ikkje beskytta Myhr (673) til det
beskytta Myr (34), eller frå det beskytta Aareskjold (154) til det beskytta Åreskjold
(103).
Endring
motsett veg, frå moderne til eldre eller forvanska skrivemåtar, inneber å
skifte namn og blir behandla som for "Gamle etternamn ..." ovanfor.
Endring til internasjonale skrivemåtar i etternamn og
mellomnamn – § 6 1. ledd 2. punktum (= 2. setning)
Ein kan
endre frå bokstavane æ, ø og å
til andre bokstavar som kan fungere betre internasjonalt, bl.a. ae, oe
og aa. Endringar til a og o
har det òg vore. Ein kan f.eks. endre frå det beskytta
Åreskjold (103) til det beskytta Aareskjold
(154).
Doble etternamn med bindestrek – § 7
Ei godt kjend
endring i namnelova som gjeld frå 1.1.2003, er å opne for nye doble etternamn
med bindestrek, f.eks. Grønn-Jensen
fordi Grønn er etternamnet til mor,
og far heiter Jensen.
Dei fleste familiane i Noreg som har slike namn frå før, har
dei anten frå før den første namnelova frå 1923 eller på grunn av unntaksreglar
etter det.
Med den noverande
lova kan ein få doble etternamn med bindestrek sette saman av alle namn ein
elles har rett til som etternamn. Nokre slike er mellomnamn eller etternamn
heilt tilbake til tippoldeforeldra. Det kan òg vere mellom- og etternamn frå
ektefellen eller sambuaren, som omtalt ovanfor, f.eks. Blåfjell-Gjerde eller Gjerde-Blåfjell.
Eitt eller begge namna i bindestrekskombinasjonen kan vere heilt nye etternamn
i Noreg, eller det kan vere etternamn som ikkje er beskytta.
Nye
uvande namneformer - § 10 1. ledd
Med den nye lova har det blitt opna for friare val av
namneformer, for for-, mellom- og etternamn.
Den tidlegare formuleringa "ulempe" har
blitt erstatta med "vesentlig ulempe" og "andre sterke
grunner". Den tidlegare regelen om å begrense bruken av etternamn med
"utanlandsk klang eller skrivemåte" har blitt teken ut. I praksis har
dette opna for namn med skrivemåtar og tyding som i mange tilfelle skil seg frå
det ein tidlegare har rekna som norsk namnetradisjon.
"Vesentlig ulempe" er mest
aktuelt for namn til barn, fordi barn kan bli erta eller mobba, og ikkje kan
styre namnevalet sjølv. Det er meir liberalt for vaksne fordi ein langt på veg
bør rekne med at dei har eiga dømmekraft. Søkjarar kan rekne med å få avslag
for namn som er like sjukdomsnamn og ord med negativt innhald. Mange vil leggje
noko negativt i f.eks. dei tenkte eksempla Ulukkeleg,
Teit, Råskinn, og kombinasjonen Gamle-Eirik,
sjølv om Gamle har tradisjon som
førenamn i Noreg.
"Andre sterke
grunner" gjeld tilhøve som går ut over andre enn søkjaren, som støytande
namn, banning, skjellsord, tabuord, titlar og svært lite føremålstenlege
stavemåtar. Det siste kan bl.a. gjelde opphoping av konsonantar som er
vanskelege å uttale eller hugse. Ein får berre bruke teikn innanfor det norske
alfabetet. Bindestrek kan binde saman to namn.
Søknader om titlar som namn,
kjem ofte i strid med lova. Desse tenkte eksempla vil mest truleg få avslag: Prins, Prinsesse, Høgheit, Duchess og Sir. Søknader om etablerte namn som er like titlar eller har opphav
i titlar, blir normalt godkjende. Derfor vil Earl og King, som har
tradisjon som førenamn for menn i andre land, mest sannsynleg bli godkjende. Jarl har norsk førenamntradisjon. Junior er godkjent som førenamn av same
grunn.
Jesus,
som tidlegare har vore rekna som eit støytande namn for personar, vil mest
sannsynleg bli godkjent som mannsnamn. Grunnen er at det har omfattande
namnetradisjon særleg i spanskspråklege område.
Her kan eg ikkje presentere
sikre svar på korleis konkrete namn vil bli behandla etter reglane i § 10 1.
ledd. Eg viser bl.a. til pkt. 2.3.7.1 i Rundskriv G-20/2002, der det står om
"vesentlig ulempe": "Tolkningen vil også kunne endres over tid i pakt med
endringer i samfunnsforhold og oppfatninger." Under omtalen av "navns
karakter" knytt til "andre sterke grunner" under pkt. 2.3.7.2 i
det same rundskrivet står det: "Det er imidlertid viktig å vere klar over
at noe som ikke anses å ha navns karakter på ett tidspunkt, kan få det
senere." Meir utfyllande kommentarar står i rundskrivet.
Namn etter populære førebilete - § 3 3. ledd nr. 2
Nokre søkjarar ønskjer seg
namn etter populære førebilete i notid eller fortid. Det kan vere artistar,
mediefigurar, varemerke, firmanamn og namn på kjende historiske personar.
Namn som er like varemerke,
artistnamn o.likn. vil oftast bli stoppa på grunn av den likskapen, men kan bli
godkjende fordi ord eller namn som er like òg er i bruk på annan måte. Her blir
nokre eksempel omtalte.
I Norge er varemerke og
firmanamn i hovudsak beskytta mot bruk som etternamn dersom dei er allment
kjende her i landet, og bruken kan skade økonomiske eller ideelle interesser. Adidas ville truleg blitt avvist som
mellomnamn og etternamn. Cola vil
neppe bli avvist som namn med grunnlag i regelen om varemerke, fordi det er eit
fellesnamn for ein type drikk laga av fleire ulike produsentar. Derimot vil ein
som ønskjer Cola som etternamn eller
mellomnamn, trenge samtykke frå dei få som heiter Kola i Noreg, fordi desse namna kan bli blanda saman på grunn av
uttalen.
Artistnamn og namn på
sportsklubbar både i Noreg og i andre land kan bli avviste som mellom- eller
etternamn dersom dei er laga særskilt som namn på ein artist eller ein klubb og
elles ikkje er i bruk som etternamn. Dersom artistar har namn som er noko i
bruk som etternamn ein stad i verda, vil dei til vanleg ikkje bli avviste etter
denne regelen, men namna kan bli avviste fordi dei er beskytta etternamn i
Noreg. Derfor vil det f.eks. bli kravd samtykke frå dei norske berarane av
etternamnet Aguilera (43) om ein vil
ha det namnet. Etternamnet Presley er
ikkje i bruk som etternamn i Noreg, og er ledig. Manchester vil ein f.eks. ikkje få som førenamn fordi det har vore
i bruk som etternamn i Noreg tidlegare, mens ein kan få det som etternamn anten
utan samtykke når igen i Noreg har det, eller med samtykke dersom andre har
namnet som etternamn når ein søkjer.
Historiske namn blir rekna
som beskytta dersom dei er knytte til svært kjende personar i norsk eller andre
lands historie. Truleg vil eit tenkt eksempel som Tordenskiold bli avvist, men kan hende ikkje Walkendorff. Tilnamn på kongar og kjende personar frå mellomalderen
blir ikkje rekna som verkelege namn, f.eks. Blodøks,
Blåtann og Tambarskjelve. Derfor kan slike namn godkjennast som personnamn no,
dersom dei ikkje er opptekne etter reglane i namnelova når ein søkjer. Gille (5) er beskytta etternamn og kan
berre takast med samtykke frå berarane.
Namn på oppdikta figurar i
massemedium kan truleg i nokre tilfelle reknast som varemerke, slik at Langstrømpe kan bli avvist. Namn etter
mediefigurar med destruktiv oppførsel eller destruktive haldningar kan dessuten
bli avviste på grunn av "vesentlig ulempe" eller "andre sterke
grunner".
Lova skil mellom for- og etternamn - § 3 3. ledd nr.
3, og § 8
Namnelova skil mellom
kva som kan vere førenamn og etternamn når det ikkje er tilfeldige grunnar til
at det frå før finst for- og etternamn som er like i Noreg eller i andre land.
Lova skil mellom kvinne- og mannsnamn - § 10 1. ledd
Lova skil òg mellom
kvinne- og mannsnamn, slik at en f.eks. ikkje kan få mannsnamn til kvinnenamn.
Også slike tilsynelatande konfliktar blir oppheva dersom det frå før finst namn
for det ønskte kjønnet som er like i Noreg eller i andre land.
Namn etter eigenskapar, yrke og
interesser - § 10 1. ledd
Det
finst søknader der folk ønskjer seg namn etter noko dei arbeider med, eller er
opptekne av. I hovudsak har slike namn blitt innvilga når dei ikkje er i strid
med beskytta etternamn, yrkestitlar eller namn på institusjonar. Ein eplebonde
har fått godkjent etternamnet Eplet, og
Gudergod og Halleluja er blitt godkjende som mellomnamn for aktive kristne. Ein
togentusiast har fått Tog som
mellomnamn etter at han klaga til Fylkesmannen på eit avslag frå eit
folkeregister. Flytitter er godkjend
som mellomnamn for ein vaksen som synest det passar med interessene hans. Slik
som praksis er under den nye lova, har desse namna ikkje oppfylt krava til
avvising på grunn av "vesentlig ulempe" eller "andre sterke
grunner".
Skikken med å kalle seg opp
etter eigenskapar og yrke har funnest i mange land. Eksempel er det gamle tyske
Stoltz, som tyder ‘stolt’, og det nederlandske Citroen, som betyr ‘sitron’, og som
opphavleg blei brukt som kallenamn for sitrusdyrkarar eller for sure personar.
Slik namnedanning finst i mange kulturar i dag òg. I Noreg kjenner vi det godt
etablerte førenamnet Lill (3147), og
dei mindre offisielt brukte førenamna Vesla
(61) og Tulla (8) som mange har brukt
uoffisielt i årevis. Den viktigaste forskjellen mellom eldre namn nemnt her og
nye påfunn, er at namna det no blir søkt om, er nye, og at denne typen
namnedanning er lite vanleg i Noreg.
Personnamn frå innvandrarkulturar
-
Same namn kan vere førenamn og etternamn
I mange kulturar som det
kjem innvandrarar til Noreg frå, er det skikk at barn får førenamn frå foreldre
eller forfedrar til eige mellomnamn og etternamn, dersom vi ser dette etter
norske namnekategoriar. Namerekkja til ei person kan vise fleire slektsledd. Fatima Husayn Ahmad, med for-, mellom-
og etternamn, kan vere dotter av Husayn
og sonedatter av Ahmad. I nokre
kulturar får kvinner ektemannens førenamn til etternamn. Med den norske
namnelova kan ein føre desse skikkane vidare her. Det føreset at namna har
opphav eller tradisjon frå ein kultur som har slik skikk. § 4 1. ledd nr. 3 og
5.
-
Retting til tidlegare namn
Innvandrarar søkjer i mange
tilfelle om å få tilbake namn dei har hatt før utvandringa til Noreg. Det kan
vere namn som ikkje har kome med ved registrering i Noreg, og i nokre tilfelle
er det namn som myndigheitene i heimlandet har teke frå søkjarane av politiske
og religiøse grunnar. Retting etter pkt. 2.3.5, s. 16–17, i Rundskriv
G-20/2002.
-
Forenkling og endring
Søknader gjeld òg forenkling
av namn, slik at dei blir lettare å bruke i Noreg. I praksis vil det helst seie
å stryke nokre namn, å forkorte eitt eller fleire av namna, endre skrivemåtar
eller å erstatte eit namn med eit anna namn i kulturen dei kjem frå. I sjeldne
høve vil dei ha namn som elles er vanlege i Noreg. Dels gjeld dette retting som
vist til ovanfor, og dels gjeld det å skifte av etternamn etter § 3 og 4 og
førenamn etter § 8.
-
Kjønnsbestemte etternamn
I dei fleste østeuropeiske
landa har etternamn ei ending bestemt av kjønnet på beraren, dels òg etter om
kvinner er ugifte eller gifte. Det kan dei òg få i Noreg. På russisk er Ivanov ei mannleg form, og Ivanova ei kvinneleg. § 6 2. ledd.
Trykt litteratur (nettadresser til nokre av desse
kjem sidan, sjå òg nettsida det er vist til ovanfor):
Utne,
Ivar. 2002. Ny lov om personnamn. Språknytt
2/2002: 7–9.
Utne,
Ivar. 2004. Navn eller ikke navn – ord og uvanlige skrivemåter. Nytt om namn 39: 21–27.
Utne,
Ivar. 2004. Fine gamle etternavn to år etter. Nytt om namn 40: 9–13.
Utne,
Ivar. 2005. Fornavn eller ikke fornavn – om bruk og godkjenning av uvante
fornavn. Nordica Bergensia 32:
85–113.
Utne,
Ivar. 2005. Grensesprengende navn. Nytt
om namn 41: 23–29.
Utne,
Ivar. 2005. Mulig med Mulig. Bergens
Tidende
Utne,
Ivar. 2005. Innpassing av nye navnekulturer i det norske folkeregisteret. Namn og Nemne 22: 75–96.
Utne,
Ivar. 2006. Tre år med ny personnamnlov — endringar i namneskikken? Språknytt 1/2006: 1–5. [I same nummer av
Språknytt står det òg ein
redaksjonell leiar om namnelova, med synspunkt som skil seg frå artikkelen.]
Kontaktinformasjon:
Ivar Utne,
Institutt for lingvistikk,
litteratur og estetikk (LLE),
Universitetet i Bergen,
Sydnesplassen 7,
5007 BERGEN
(LLE er eit nytt storinstitutt
frå 1.8.2007, der det tidlegare Nordisk institutt er med.)
e-post: ivar.utne(KRØLL)uib.no