Norrøne tekster i utval
|
|
Trykkfeil
Dette er dei trykkfeila som hittil er registrerte. Ver merksam på at enkelte teikn ikkje blir vist riktig i alle nettlesarar. Det gjeld ‘o med kvist’ og ‘ø med aksent’, så desse er kommenterte i parentes når det er bruk for dei.
S. 5: ombyte i innhaldslista
Laustiks ljóð og Tveggja elskanda ljóð har bytt plass i innhaldslista (under “Høvisk litteratur”).
S. 15: eddadikta fall ut
I linje 16 skal “stort bibliografisk essay om” rettast til “stort bibliografisk essay om eddadikta”.
S. 19: b for h
I strofe 7 av Voluspå skal “borg” rettast til “horg” (med ‘o med kvist’).
S. 46: to sitatteikn for lite
Strofene 17 og 19 i omsetjinga skal innleiast med sitatteikn, altså “«Se hvor han tøyer” og “«Nå bærer Bodvild”.
S. 49: eit punktum for mykje
I strofe 26, linje 1, av Volundkvadet skal punktumet på slutten av linja strykast.
S. 53: æ for ø
I strofe 39, linje 6, av Volundkvadet skal “ræda” rettast til “røða” (med aksent over ‘ø’).
S. 59: ein streklaus d
I linje 20 skal “Útgardaloka” rettast til “Útgarðaloka”.
S. 67: ein strek for mykje
I linje 9 skal “lengðin” rettast til “lengdin”.
S. 73: ein r for mykje
I linje 31 skal “nefndr” rettast til “nefnd” ettersom det står til det feminine substantivet “Móðgunnr”. (Endinga -r er i dei aller fleste tilfelle eit kjenneteikn på maskulinum, men det finst nokre få feminine substantiv med denne endinga. Dette er eitt av dei.)
S. 95: to aksentar for lite
I linje 33 skal “ut til Orkadals” rettast til “út til Orkadals”.
I linje 40 skal “for hjá” rettast til “fór hjá”. Den skarpsindige lesar vil ha forstått at “fór” er preteritum av det sterke verbet fara.
S. 99: punktum skal vere kolon
I linje 6 skal “Jarl mælti.” rettast til “Jarl mælti:”.
S. 102: ei setning for lite
I linje 21 har det falle ut ei heil setning i omsetjinga. Det sitatet som byrjar med “«No har vi ikkje...” skal vere “«Kongen gav meg grid og bad med fare og seie deg at han kjem snart. No har vi ikkje...”.
S. 107: kort vokal, takk
I linje 12 skal “skrímsli” rettast til “skrimsli”.
S. 139: til, ikkje tid
I 1. linje av 2. avsnitt skal “sogene vart tid” rettast til “sogene vart til”.
S. 127: ein streklaus d
I linje 11 og 12 skal preposisjonen “med” rettast til “með” (med eth).
S. 143: bokprosa er blitt til friprosa I linje 10/11 skal “den såkalla friprosalæra” rettast til “den såkalla bokprosalæra”.
S. 145: sonr og son
I linje 14 bør “son” (nominativ) rettast til “sonr”. Rett nok står dette ordet utan -r i patronymika (farsnamn), som t.d. Helgason, men når det står som vanleg appellativ, bør det ha endinga -r i nominativ. I akkusativ har det derimot forma son.
S. 184: Leik-, ikkje Låk-
I linje 21 skal “Låkskålar” rettast til “Leikskålar”.
S. 199: ein aksent for lite Det første ordet i linje 27 skal rettast frå “i” til “í” (med aksent).
S. 219, 221 og 223: feil teikn for stor thorn, Þ
Ved ein (hittil) uforklarleg datafeil er teiknet for stor thorn, Þ, attgjeve som stor eth, Ð, på desse sidene. Her skal altså alle Ð lesast som Þ.
S. 255: blanda er eit sterkt verb
I linje 18 skal “blandat” rettast til “blandit” blanda har sterk bøying og har då endinga -it i supinum.
S. 263: dróttinn skal ha to n’ar i nominativ I linje 32 skal “dróttin” rettast til “dróttinn”. I nominativ blir endinga -r assimilert med stammeutlyden -n, dróttin+r > dróttinn.
S. 269: og for ok & med for með
I linje 1, nestsiste ord, skal “og” rettast til “ok”.
I linje 26 og 39 skal “med” rettast til “me<eth>” (med eth).
S. 275: feil genus
I linje 22 skal “fjórir” rettast til “fjórar” fordi det står til det feminine substantivet “þúsundir”.
S. 285: ein streklaus d
I linje 5 skal den første preposisjonen “med” rettast til “með” (med eth).
S. 287: dativ, ikkje akkusativ
I linje 32 skal “af harm” rettast til “af harmi”. Preposisjonen af styrer alltid dativ, og den sterke maskuline a-typen harmr skal ha -i i dativ (same bøying som armr). Riktig form finn ein i “miklum harmi” linje 36 rett nedanfor.
S. 289: to feil
I linje 13 skal “og” rettast til “ok”.
I linje 16 skal “jafningum” rettast til “jafningjum”. Det skal normalt vere j-innskot i ord på -gi og -ki, jf. Grunnbok i norrønt språk, s. 132.
S. 291: fire feil til (trøytt på slutten?)
I linje 5 skal det andre “han” rettast til “hann” (alltid to n’ar i norrønt) og “med” skal rettast til “með”.
I linje 12 skal “og” rettast til “ok”.
I linje 16 skal “græt” rettast til “grét”, 3. pers. sing. pret. ind. av gráta.
S. 308: ein referanse som har falle ut av litteraturlista
Hødnebø, Finn. 1987. “De la Gardie 47 Folio.” Festskrift til Alfred Jakobsen, utg. Jan Ragnar Hagland m.fl., 91105. Trondheim: Tapir.
Ikkje direkte feil, men likevel...
S. 57: sideform av engi
I linje 33 bør dei to eksempla på engi rettast til engan. Rett nok er engi ei sideform til engan i akk. mask. sing., men den regelrette forma kan med fordel brukast i ein normalisert tekst. Då blir det: “at engan knút fekk han leyst ok engan álarendann”.
S. 61: uheldig orddeling
I linje 7/8 bør “hvárrt-veggi” delast “hvárr-tveggi” i samsvar med samansetjinga av ordet.
S. 151: knegging med hn og gn
I kap. 5 av Hrafnkels saga førekjem både “hnegg” n. og “gnegg” n. i tydinga ‘(heste)knegging’. Forma med “hn-” er ei nyare form, så i Norrøn ordbok vil ein berre finne oppslagsordet “gnegg”. Her kunne ein med fordel ha normalisert til “gnegg” i alle tilfelle, så mykje meir som det finst eit anna, rett nok sjeldsynt og poetisk ord, “hnegg” n. med tydinga ‘hug, hjarte’. Tilsvarande er det to variantar av verbet, den eldre “gneggja” og den yngre “hneggja”.
|