Startside

Grunnbok i norrønt språk


 

Revisjonar og rettingar i 3. utgåve (1998)

Mindre justeringar og rettingar er ikkje tekne med.

 


Revisjon av innhaldet

Analysen av substantiv av typen hirðir (s. 114) og kvæði (s. 129) er endra, slik at begge har einsarta stamme både i eintal og fleirtal, hirði- og kvæði-.

Omgrepet sonoritet har fått særskilt omtale (s. 34, øvste halvdel).

I kap. 6 er fonologisk regel 6 justert (s. 78-79), slik at han kan handtere substantiv som hirðir og kvæði.

Den noko framandarta notasjonen /w/ for den runda halvvokalen i ord som vera er utskift med teiknet for labial approksimant, /v/, som er lettare å assosiere til teiknet v i normal-ortografien (for urnordisk blir /w/ framleis brukt).

Ei ny rolle, sosiativ, er introdusert i kap. 13.5, og det har ført til nokre endringar i analysen av preposisjonane i kap. 14.4.

Litteraturlista er oppdatert.

Emneregisteret utvida med fleire nye innførslar.

 


Retting av trykkfeil

Side 208, linje 4 nedanfrå: "t.d. maðr" i substantivfrasen" er retta til "t.d. gamli i substantivfrasen".

Side 227, første mellomtittel, er retta frå "Vb + Akkusativ + Dativ" til "Vb + Akkusativ + Genitiv".

 


Utarbeiding av dataoppgåver

Med denne utgåva av grunnboka følgde det dataoppgåver for Mac og PC på ei cd-rom-plate. Etter nye reglar skal det betalast meirverdiavgift for bøker som inneheld slike plater, og dette ville ha auka prisen på boka urimeleg mykje. Plata er derfor teken ut frå og med 4. utgåve, men oppgåvene kan lastast ned gratis frå denne nettsida:

Dataoppgåver

 


Andre bøker

Norrøne tekster i utval
Handbok i norrøn filologi
Merknader til tekstpensum

Oppretta 01.02.1999.
Sist oppdatert 10.01.2006 av OEH.