Startside

 

Grunnbok i norrønt språk


 

Revisjonar og rettingar i 4. utgåve, 3. opplag (2006)

Mindre justeringar og rettingar er ikkje tekne med. Hit høyrer at nokre få døme på ‘fyrst’ i den norske teksten er retta til ‘først’.

 


Revisjon av innhaldet

s. 21: Oppstillinga av det eldre runealfabetet har i dei tidlegare utgåvene av grunnboka følgd Aslak Liestøl i Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder, bd. 14, sp. 471, Oslo 1969. I nyare faglitteratur er rekkjefølgja av runene i den andre og tredje rekkja litt annleis: for det første har ng-runa i den andre rekkja bytt plass med R-runa i den tredje rekkja, og for det andre har dei to siste runene, o- og d-runa, bytt plassar. Denne oppstillinga finn ein m.a. hos Klaus Düwel, Runenekunde, 3. utg., s. 2, Stuttgart 2001. Sjølve teikna er riktige i grunnboka; det er berre oppstillinga som med fordel kan rettast.

s. 23, slutten av 1. avsnitt: Her står det at norsk i denne samanhengen er eit meir ortofont språk. Det er ingen tvil om at norsk er meir ortofont enn færøysk, men det er ikkje like opplagt at det er meir ortofont enn islandsk. Det er derfor betre å stryke “meir” (som impliserer ei samanlikning med dei nemnde språka) og seie – med nokre døme attpåtil: Moderne norsk er på si side eit nokså ortofont språk, noko som også kjem til uttrykk i ortografien av mange framandord (t.d. sjåfør for chauffeur, vaier for wire, sørvis for service).

s. 25, l. 5: Vi reknar at uttalen av h var frikativ føre l, n og r – og bør også føye til v, t.d. i eit ord som hvat.

s. 25, l. 19–22: Uttalen av “o med kvist” er problematisk fordi språkutviklinga i eit ord som øl kan tyde på at denne lyden ikkje var fullt så låg som t.d. i eit ord som osp. Ettersom det på s. 38 i grunnboka står at uttalen i norrøn tid etter alt å døme var låg, bør omtalen her justerast lite grann. Det skjer ved at det blir lagt til ei setning på slutten av avsnittet, altså i l. 22: I norrøn tid skal vi likevel rekne med at vokalen hadde låg uttale, som omtalt på s. 38 nedanfor.

s. 32, 3. avsnitt: Det er ikkje rett å seie at skiljet mellom runda og urunda vokalar berre gjeld dei fremre vokalane; det gjeld også låge, bakre vokalar. Derfor skal dei to siste setningane i dette avsnittet skiftast ut med: Men det er verdt å merke seg at skiljet ikkje gjeld for bakre, ikkje-låge vokalar, dvs. /u/ og /o/; dei er alltid runda, både i norrønt og i moderne norsk.

s. 39, l. 1 og fig. 3:2: Ettersom diftongen /ey/ etter alt å døme hadde runda uttale, er det mest dekkjande å la /øy/ vere attgjevinga i fonemisk skrift; då brukar ein runda vokalar for begge elementa i diftongen. Diftongen er elles attgjeven som ey nedst på s. 24, men ettersom dette er uttaleforklaring for norrøn normalortografi (altså på grafemisk nivå), skal den stå som ey her. Dette er også retta på s. 84 l. 3 nedanfrå, s. 179 l. 13 nedanfrå og s. 194 l. 10.

s. 275, l. 1–2: Dette eksemplet er usikkert, fordi forma drepi også kan tolkast som 2. pers. plur. imperativ med bortfall av føre þ- i det neste ordet (jf. grunnboka s. 199, 1. avsnitt). Det bør derfor skiftast ut med eit eintydig eksempel, t.d. eitt frå Barlaams ok Jospahats saga (omsett frå latin til gammalnorsk ca. 1250): Blezaðr sér þú, sagði Josaphat til Barlaams, ok signaðr af sjolfum guði. ‘Velsigna skal du vere, sa Josaphat til Barlaam, og signa av Gud sjølv.’ (det skal vere ‘o med kvist’ i “sjolfum”). Etter at dette eksemplet er innført, må parentesen i linje 6 på denne sida strykast, “(jf. hafið i dømet rett ovanfor)”.

s. 277, l. 15: I dette eksemplet er sideforma engi brukt i akk. sing. mask. i staden for den regelrette forma engan. Ettersom paradigmet for engi berre fører opp forma engan (jf. grunnboka s. 155), er det naturleg å rette dette eksemplet (sjølv om det altså ikkje er direkte feil) til “Engan knút fekk han leyst ok engan álarendann hreyft svá at þá væri lausari en áðr.” Denne forma er også retta i Norrøne tekster i utval (s. 57, l. 33).

 


Retting av trykkfeil

s. 76, l. 2: “dylr m.” er retta til “kylr m.”. Ordet dylr finst ikkje.

s. 117, l. 4 nedanfrå: Dei alternative formene av sonr m. i genitiv fleirtal, “syna / søna” er retta til “sona / suna”, altså utan i-omlyd. Denne omlyden ventar ein ikkje i genitiv fleirtal, fordi det ikkje har vore nokon -i i bøyingsendinga. Dessutan er oppstillinga gjord slik at former med den i-omlydde rotvokalen ø blir lista opp før y, ettersom son- elles kjem før sun- i opplistinga. Dermed blir formene oppførte slik: son(r)/sun(r) - sonar/sunar - søni/syni - son/sun; sønir/synir - sona/suna - sonum/sunum - sonu/sunu/søni/syni. – Dette er ikkje ei fullstendig liste, fordi det også finst døme på analogisk innført omlydd rotvokal, ø (jf. Adolf Noreen, Altnordische Grammatik, Tübingen: 1970, s. 274), så det er no lagt til eit “m.a.” rett føre kolonet, “Substantivet sonr m. ‘son’ har mange sideformer, m.a.:”

s. 219, l. 2: Her skal “harm” rettast til “harmi”; af styrer alltid dativ, og den sterke maskuline a-typen harmr skal ha endinga -i i dativ (til liks med armr m.). Denne feilen er også retta i Norrøne tekster i utval (s. 287, l. 32).

s. 231, l. 11: “ut i Midgard” er retta til “ut gjennom Midgard” (ikkje ein direkte feil, men ei betre omsetjing av preposisjonen of).

 


Andre bøker

Norrøne tekster i utval
Handbok i norrøn filologi
Merknader til tekstpensum

Oppretta 01.02.1999.
Sist oppdatert 14.02.2006 av OEH.