Magnus Lagabøtes landslov 750 år


Referat frå idémøte om prosjektet
Magnus Lagabøtes landslov 750 år

Styrerommet på Det juridiske Fakultet – Bergen 20. april 2012

Til stades var: Anna Horn, Karl. G Johansson, Dag Michalsen, Børge Nordbø, Magnus Rindal, Bjørg Dale Spørck, Jo Rune Ugulen, Jan Ragnar Hagland, Erik Opsahl, Odd Einar Haugen, Knut Helle, Anne Marie Frøseth Anfinsen, Rune Kyrkjebø, Torgeir Landro, Åslaug Ommundsen, Karin Rydving, Jørn Øyrehagen Sunde, Anne Elisa Tryti, Anne Ågotnes og referent Lars Hafting Kvestad.

Anne Marie Frøseth var til stades under ein del av møtet. Torgeir Landro og Anna Elisa Tryti var til stades fram til lunsjen.

Innleiingsvis helsa Sunde velkommen og heldt det fyrste føredraget:
Førebels tankar om organiseringa av eit mogeleg prosjekt.

Her påpeika Sunde at planlegginga av dette prosjektet kjem i gang såpass tidleg ettersom ein ynskjer ei grundig forsking av landslova og omstenda rundt denne. Sunde og Haugen ser føre seg eit tverrfagleg prosjekt med stor breidde, sidan det er ulike interesser knytt til landslova. Hans oppgåve er å presentere tankar som skal vidareutviklast gjennom diskusjonen på dette møtet. Han vil vidare undersøka interessa for prosjektet og føreslår å opprette ei styringsgruppe dersom møtet kjem fram til at dette er noko ein skal arbeide vidare med. I og med at prosjektet er innanfor fleire fagfelt, ser Sunde for seg ei styringsgruppe som arbeider med grunnstamma i prosjektet. Vidare har gruppa koordineringsansvar for dei ulike prosjekta som kjem i forlenginga av hovudprosjektet. Ved eit slikt samarbeid vil ein kunne få eit fullstendig bilete av landslova frå ulike faggreiner.

Den fyrste delen av prosjektet vert eit filologisk prosjekt. Ein vil då studere dei overleverte handskriftene og fragmenta av landslova. Her vert mellom anna alder, geografi og forholda mellom handskriftene og fragmenta ein del av undersøkinga. Ein lyt gjera eit omsetjingsarbeid, som også vert publisert i ein database. Dette omsetjingsarbeidet bør også gjerast til engelsk, slik at prosjektet kan få ei internasjonal rekkjevidde.

Samstundes ser Sunde føre seg eit parallelt filologisk prosjekt. Her vil ein undersøke kva som fins av annan juridisk litteratur i Noreg i perioden før 1274. Noko av grunnlaget for dette er at ein kan lese element av utanlandsk rett i landslova, men det er ikkje klart på kva grunnlag desse elementa er der. Ein ynskjer difor å sjå kva kunnskap som er resipert.

Denne delen av prosjektet skal gå fram til 2018, og omsetjingsarbeidet publiserast i ein database.  I den neste delen av prosjektet arbeider filologane vidare med deira arbeid, samstundes som historikarane og juristane vert ein større del av prosjektet.

Også den neste delen av prosjektet lyt planleggast. Sunde tok opp nokre tema som er interessante å undersøka som: korleis landslova er i kristenrettstradisjonen i samtida og kva utanlandske forskarar kan finne av interesse i landslova. Noko anna ein kan undersøke er om finn spor av Thomas Aquinas si lære i landslova.

Men det viktigaste, poengterer Sunde, er at ein lyt få klargjort kjeldegrunnlaget fyrst.

Ein annan grunn for å setje i gang prosjektet tidleg er at ein ynskjer å nytte jubileumsåret 2024 i større grad til formidling av dei resultata forskinga finn. Her ser ein føre seg utstillingar i til dømes Håkonshallen og kanskje kunne ein overrekke ei praktutgåve av landslova på jonsokaftan 2024 som eit ledd av feiringa.

Når det gjeld aktualitet ut over at det snart er 750 år sidan landslova vart til, syner Sunde til at Magnus Lagabøte tenkte stort ved utforminga av landslova. Ein finn ikkje liknande lovgjevingsarbeid i Europa før det prøyssiske lovverket ALR på 1700-talet. Til skilnad frå dette lovverket vart landlova aktivt nytta i fleire hundreår. Eit anna moment er at i dag er nærare 40 % av all norsk rett influert av internasjonal rett, og i 2024 er dette talet kanskje kome opp i 50 %. Dagens utvikling syner dermed likskapar til perioden med statsdanning på 1200-talet. Dette er noko ein kan arbeide meir med, og bygge erfaringar frå ei slik undersøking.

Samstundes er det ein akilleshæl. Prosjektet lyt finansierast. Ettersom det er eit stort prosjekt, treng ein også mykje midlar. Ein lyt sjå til Forskingsrådet for stønad til einskildprosjekta som ein del av det store prosjektet.  Ein kan også sjå om prosjektet kan tilpassast EU-prosjektet Hera. Men ein vil også trenge private midlar sidan delar av prosjektet truleg ikkje får offentleg stønad. Her reknar Sunde med at ein skal kunne få noko stønad frå mesénar i Bergen og forskingsstiftingar. Det viktigaste er uansett at ein samlast, og skulle ein ikkje få så mykje finansiering som ynskeleg, vil ein uansett få i gang noko arbeid kring landslova. Det vert som eit lokomotiv som ruller inn på stasjonen; spørsmålet er berre kor mange vagner ein klarar å kople på fram til 2024.

Når det gjeld feiringa i 1974, syner Sunde til at det er vanskeleg å finne nokre spor av ei feiring då. Dommarforeininga nemnte landslova i innleiinga av deira landsmøte, og det kom ein tekst om landslova skreve av Knut Robberstad. Ved ei rask gjennomlesing av Historisk tidskrift same året ser ein det er mykje om mellomalderen som nemner landslova, men ingen tekstar som tek utgangspunkt i landslova og jubileet.

Til dette kommenterer Haugen at det faktisk kom eit par frimerke i 1974:

Odd Einar Haugen heldt så det andre føredraget:
Modellar for tekstutgjeving.

Vis denne presentasjonen i PDF

Innleiinga var delt i tre hovudpunkt: kva har me, kva ynskjer me og kva kan me støtte oss på?

1. Kva har me? Fyrst og fremst er det utgåva av landslova i andre bind av Norges gamle Love frå 1848 ved Rudolf Keyser og Peter Andreas Munch. Femte bind i dette verket kom ut i 1895 ved Gustav Storm og Ebbe Hertzberg. Her finn ein mellom anna eit glossarium som er av stor verdi. Endeleg kom Absalon Taranger i 1915 med ei omsetjing av landslova.

Haugen set så fram spørsmålet om ikkje dette er nok kjeldegrunnlag? Som eit konkret døme på kvifor dette ikkje er tilstrekkeleg, viser han at desse hjelpemidla ikkje alltid kan hjelpe til å avgjera verdien av lesemåtar i teksten. Sjå presentasjonen for detaljar omkring dette dømet. Kort oppsummert finn han fem grunnar til at me treng ei ny, brei utgåve av landslova:

– Stadig fleire har vanskar med å lese fraktur

– Den trykte utgåva er for lengst utseld

– Sjølv om det er ein faksimile av utgåva på nettet (i fraktur), er denne ikkje søkbar

– Det er inga lenking til omsetjing(ar) og faksimilar

– Det er ingen systematisk kommentarar til lova, verken av filologisk eller juridisk art

2. Kva ynskjer me? Haugen ser føre seg to typar utgåver som resultat av prosjektet. Den eine utgåva vert ei eklektisk/kritisk utgåve som byggjer på ein resensjon av handskriftene, i prinsippet same type utgåve som Keyser og Munchs utgjeving.  Den andre utgåva vert ei diplomatarisk utgåva av dei viktigaste handskriftene, og då med minst eit handskrift frå kvart av lagtinga. Ein ser også føre seg to typar digitale lenkingar. Den fyrste er ei omsetjing som er lenka til den kritiske tekstutgåva, kapittel for kapittel. Den andre er lenker frå den diplomatariske utgåva til faksimilar av handskriftene i fargar. Dette vil då føre til to typar av ressursar. Den fyrste er ei leksikografisk base over alle ord som førekjem i lova, med ordforklaringar. I tillegg ynskjer Haugen kommentarutgåver av filologisk og rettshistorisk art. Dette punktet påpeiker han at for ein stor del manglar i den norrønfilologiske utgjevingstradisjonen.

Når det gjeld spørsmålet om dette skal gjerast i ei digital eller trykt versjon meiner Haugen følgjande: den kritiske utgåva (kanskje også med parallell omsetjing) og kommentarane bør publiserast både digitalt og i trykt versjon. Dei diplomatariske utgåvene tenkjer han derimot berre å publisere digitalt.

3. Kva kan me støtte oss på? Det vart på 1980-talet gjort ein digital transkripsjon av AM 309 under leiing av Rindal. Denne vil ein få konvertert til XML-standard. Vidare er det fleire tekstutgåver med omsetjingar av dei eldre landskapslovane.  Elles har Spørck og Landro nyleg avslutta eit doktorgradsarbeid innanfor feltet. I forlenginga av dette er det planlagd ytterlegare prosjekt. Menotec-prosjektet (Horn, Johansson og Haugen med fleire) har til no laga digitale transkripsjonar av åtte landslovshandskrifter. Innan slutten av året vil ein også ha ein fullstendig morfologisk og syntaktisk annotasjon av Holm perg 34 4°, og truleg ein morfologisk annotasjon av ytterlegare eitt handskrift, kan hende DG 8 I.

Samla sett kan dette gje eit godt digitalt grunnlag for oppbygginga av tekstutgåvene, og dette er ei oppbygging som ein mellom anna kjenner frå Holberg- og Ibsen-prosjektet. Dette kan danne grunnlaget for resensjon av handskriftene etter dei nyaste kvantitative metodane, m.a. ved bruk av kladistisk analyse.

Ved å gjera dette arbeidet meiner Haugen er at ein til slutt vil få:

Ei breitt fundamentert utgåve, kritisk og diplomatarisk, både til filologisk og rettshistorisk bruk, støtta av faksimilar av handskriftene, parallelle omsetjingar til norsk og engelsk, leksikografiske ressursar, og ein kommentar av både filologisk og rettshistorisk art.

Etter dette heldt Magnus Rindal det tredje av dei innleiande føredraga:
Ei ny utgåve av landslova

Vis denne presentasjonen i PDF

I dag har ein 41 handskrifter av landslova. Dei fleste ligg i København og Stockholm. To handskrifter ligg i Oslo, og eitt finn ein i Trondheim. Fem av desse er frå (om lag) år 1300 eller før. 31 er (om lag) frå perioden 1300-1350. Dei siste fem er truleg frå tida etter 1350. Av desse er fire i islandsk språkform, og ein veit kven to av skrivarane av dei 41 handskriftene var ved namn. 19 av handskriftene kjem frå Gulating, ni frå Borgarting, sju frå Eidsivating, fem frå Frostating og det siste er generelt. Elles har ein 31 mellomalderfragment. Av desse finn ein 29 i Riksarkivet og dei resterande to i København. Av desse er ni frå om lag år 1300, 21 frå omlag 1300-1350 og det siste truleg frå perioden etter 1350.

Keyser og Munch nytta handskriftet AM 60 4°, sidan det var “nøiagtist og omhyggeligst”. Keyser gjorde eit stort arbeid i å samle variantar frå dei andre handskriftene, og hans notat er framleis å finne på Nasjonalbiblioteket. I den trykte utgåva gjorde Munch eit utval av desse variantane. Norges gamle Love kunne dermed ha vore langt meir fullstendig med tanke på tekstvariasjonen enn den versjonen som vart utgjeven. Storm påpeika seinare at han heller ville ha bygd på eit anna handskrift, Holm perg 34 4° (omtalt ovanfor i innleiinga til Haugen).

Skal ein då  ei ny utgåve av landslova? Grunna dei mange variantane var Rindal positiv til dette. Også det tidlegare “kaup”/“kaupa”-døme nemnd av Haugen underbyggjer dette standpunktet.  Eit anna døme er korleis kravet om “tolv gode menn” vert formulert i ulike variantar.

Sjølv om det kan sjå ut til at Vidare at Keyser og Munch i hovudsak har registrert dei ulike variantane, peikerr Rindal på at dette må undersøkjast nøyare. Samstundes dreg han fram at ein også har fleire omsetjingar av landslova til dansk, og set spørsmål ved om ein skulle ha undersøkt også desse nærare.

Til dette kommenterer Spørck at Hans Paus, Samling af gamle Norske Love (1751-1752) byggjer på fleire av desse.

Når det gjeld korleis ein kan få i stand ei ny utgåve, meiner Rindal at ein i hovudsak kan byggje på Munch og Keyser si utgåve frå 1848. Så kan ein gje ut ei unormalisert utgåve som byggjer på eitt handskrift med fullt variantapparat. Vidare kan ei gje ut ei normalisert (rekonstruert) utgåve kor normaliseringa byggjer på beste skjønn.

Etter ein kort pause var Sunde ordstyrar, og starta med ein presentasjon av dei ulike deltakarane. Så vart det diskusjon kring prosjektet. Sunde meiner at denne lyt delast opp på følgjande vis: sjølve prosjektet, korleis oppbygginga skal vera, kva mål ein har med prosjektet og korleis ein skal skaffe finansiering.

Rindal seier at dette lyt ikkje vera eit filologisk prosjekt – snarare eit statsrettsleg prosjekt i vid forstand. Han understreker dette med at etableringa av landslova var ei viktig hending i norsk historie.

Til dette seier Helle at prosjektet er samansett av to hovuddeler – filologi og rettshistorie. På det rettshistoriske er landslova frå eit lovgjevingsperspektiv interessant, og vidare korleis landskapslover, kristenrett og romersk rett påverka landslova.  Vidare fører Helle fram at ein lyt også sjå på verknaden av landslova – korleis lova vart brukt. Her kan ein jamføre med dansk og islandsk rett, men mest av alt er det interessant korleis lova fungerte i praksis her til lands. Nøkkelen til dette ligg i diplommaterialet.

Horn er einig med Helle på dette punktet. Det er viktig å undersøka korleis lova verka, og kva som låg bak  dei mange avskriftene på 1300-talet. Nokon har arbeidd med handskriftene då, og kva gjer at nokre handskrifter skil seg frå andre? Det er frå 1400-talet ein har mest diplommateriale ein kan bygge på. Så på 1500-talet fekk ein mange handskrifter av landslova i Danmark – det er interessant å undersøke kvifor dette skjedde i desse periodane.

Ugulen trekkjer fram to poeng. I forlenginga av Horns kommentar – fins det nokre latinomsetjingar av landslova? Denne vil vera nyttig i samband med ei omsetjing til engelsk. Om ikkje kan ein nytte andre kjelder ein kjenner frå denne perioden som er omsette til latin. Det andre Ugulen påpeiker er meir overordna – prosjektet treng ei styringsgruppe.

Sunde peiker på at ein på 1500-talet ser attende til landslova, så den er framleis viktig.

Opsahl fører fram at ein også lyt sjå på omsyna bak reglane i landslova, og vidare undersøke nedslaget av lova.

Noko anna ein lyt sjå på, er idéen bak landslova i seg sjølv, seier Sunde.

Johansson lurer noko på om prosjektet begynner i feil ende med denne tekstutgåva? Kva vil ein få ut av denne? Kanskje det er materialetableringa og søkinga som er det viktige å drøfte innleiingsvis? Kva hender vidare med ordforrådet og terminologien i denne tida? Gjennomgangen av handskriftene vil gje grunnlag for ein database, og der vil ein kunne undersøke dette i dei ulike utgåvene.

Her syner Sunde til at det i landslova er somme ord som oppstår nettopp i landslova, og at ein lyt undersøka kvifor det vart slik.

Rindal meiner at ein lyt i større grad utdjupe kva som er målet. Han understreker at etableringa av landslova i 1274-versjonen må vera hovudfokus. Det er ikkje uinteressant med andre versjonar, men ein lyt arbeide opp mot ein 1274-versjon. Vidare lyt ein avgjere kven som er målgruppa. Dersom ein skal lage ei utgåve for forskarar som berre handsamar mellomalderen, vil ein utelukke andre. Det er også viktig å fokusere både på ei engelsk og ei norsk omsetjing. Men dette er ikkje farefritt – kva skal den bygge på? Etter Rindals meining lyt denne byggje på 1274-tekst. Prosjektet må dermed kome med autoriserte omsetjingar fyrst. Så tek den andre delen av prosjektet til.

Kyrkjebø peiker på at det for tida er fleire store prosjekt i Europa som arbeider for å gjera datadelen av forskinga lettare tilgjengeleg. Dette er arbeid med faksimilar og koda tekster av høg kompleksitet, og det er interessant å få formidla dette prosjektet ut til Europa.

Det er spanande at ein startar eit så langsiktig prosjekt, seier Tryti. Då er det viktig med eit breitt perspektiv frå starten av, ikkje minst fordi det tek tid å bygge opp eit miljø kring dette. Statsutviklingsprosjekt vert viktig sidan det er her ein ser legitimiteten bak lova. Ho syner til tilhøvet mellom kongen og kyrkja på denne tida, og at det dermed er viktig å plassere loven i kontekst. Av den grunn lyt ein sjå både på det som skjer før 1274, men også på verknaden av landslova. Dermed bør ein gå i gang med diplomarbeid allereie no, dette arbeidet kan også gje idéar til andre delar av prosjektet.

Michalsen slutter seg til Rindal. Det primære målet er å lage ei autorisert utgåve av landslova. Me skal ikkje feire den norske stat i seg sjølv – me skal feira landslova. Han er uroleg over at konteksten her vert så vid, og at ein ender opp med eit ålment mellomalderstudium. Men han er einig i at det finns delar av dette som er interessant, og at å kategorisere dette som rettshistorie vert snevert.  Ettersom landslova er sentral for mange ulike typar forsking, lyt ein dermed utdjupe skiljelinjene mellom fagområda. Dette kan også vera ein innovativ prosess. Ein kunne lage eit prosjekt som ein presenterte for Senter for grunnforsking ved Vitenskapsakademiet rundt dette. Her vil kanskje så mange som 6–7 personar kunne jobbe med dette i opp til eit år. Det kunne vera ein god start på fleirfaglege prosjekt samstundes som filologane arbeider fram mot 2018. 

Johansson syner til at utgangspunktet ikkje er det same i dag som det var for Keyser. Det er dermed viktig å høyre kva dei ulike faggreinene er interesserte i å få ut av det filologiske arbeidet. Dette kan også vera med på å setja lova i kontekst frå 1274 til 1600-talet. I forhold til handskriftene meiner Johansson at alle burde digitaliserast. Han reknar med at det krev rundt 4 årsverk å få dette gjort. Og det igjen vil skape eit breiare forskingsgrunnlag. I forhold til dette er også dei 74 danske handskriftene interessante.

I forhold til ynsket om ei ytterlegare undersøking av konteksten kring landslova meiner Rindal at det allereie eksisterer materiale som gjev eit godt grunnlag for å kunne ta til med denne forskinga. Dette kunne skje parallelt med det filologiske arbeidet. Men det er vanskeleg å få pengar til slikt arbeid, ein må lage eit prosjekt som involverer PhD-studentar. Ein lyt også knyte til seg andre forskarar som kan lese norrønt, dette er ein føresetnad. Rindal framhevar at arbeidet bør resultere i ei 1274-lov, og at denne lyt gjerast tilgjengeleg. Dette er viktigare enn å få publisert alle handskriftene digitalt.

Til dette kommenterer Spørck at ein også lyt knyte til seg personar med god kompetanse innanfor paleografi og kodikologi.

Ugulen er einig med Kyrkjebø i at den elektroniske infrastrukturen er viktig. På denne måten vil ein raskt kunne få løfte materialet opp i ei nettsky. Dette gjer at ein kan jobbe vidare med materialet uavhengig av kor ein er.

Her påpeiker Sunde at det av Haugen allereie er samla ein del materiale, og at ein bør gjera dette tilgjengeleg snarleg.

Helle er opptatt av korleis prosjektet skal presenterast, og korleis skal det få appell. Som Rindal meiner Helle at det lyt presenterast meir som eit statsrettsleg prosjekt. Åra kring landslova er eineståande i europeisk historie på denne tida. Hovudføremålet må då vera å gjera grunnlaget for arbeidet tilgjengeleg. Databaser vert då sentralt. Elles er det opplagt at resultatet av prosjektet lyt delast i to delar: ein digital database kor alt materiale vert tilgjengeleg – men også i ein trykt utgåve i tradisjonen til Keyser og Munch kor ein presenterer landslova etter beste skjønn.

Den normaliserte utgåva er viktig seier Sunde. Utan denne vil ein vanskeleg kunne lage ei engelsk utgåve av landslova.

I forhold til at Rindal er usikker på kor mykje som vert løyvd til slike prosjekt påpeiker Haugen at det pågåande Menotec er eit reint infrastruktur-prosjekt som har motteke rundt 7 millionar kroner frå forskingsrådet. Vidare kan ein tenkje seg å søkje støtte innanfor EU-prosjektet Clarin (www.clarin.eu). Haugen er dermed ikkje fullt så negativ til finansieringa. Men i forhold til å digitalisere alle 41 handskriftene, skal ein vera så dristig som Johansson seier? Ein ser at dette faktisk kan la seg gjera på bakgrunn av Horns arbeid med åtte av handskriftene. Dersom ein skulle klare det, har ein høve til å lage ei utgåve der ein tek opp heile tekstvariasjonen. Det er dristig tenkt, seier Haugen, men kva med å vera litt dristig?

Sunde sette så i gang med ei lita oppsummering av det som var kome fram til no i diskusjonen. Prosjektet er tenkt i to delar, fyrst ein filologisk del som skapar grunnlaget for forsking, så ein rettshistorisk del som arbeider vidare på dette grunnlaget.

Det ein drøfter i dag, er om ein skal arbeide meir parallelt enn ein tenkte innleiingsvis. Modellen vert då fyrst mykje filologi og litt rettshistorie, så omlag jamstelt mellom rettshistorisk og filologisk arbeid, medan det mot slutten av prosjektet vert mindre filologisk og mest rettshistorisk arbeid.

Elles peiker Sunde på at ein lyt gje ut ei normalisert tekstutgåve; utan dette får ein ikkje midlar til å finansiere prosjektet. Men når ein skal lage ei normalisert utgåve, vert dette vanskeleg, både frå eit filologisk og rettshistorisk perspektiv.

Som Tryti og Helle førte fram, lyt ein også sjå dette i eit vidare perspektiv, men det viktigaste er å ha landslova av 1274 som hovudfokus. Ein kan heller byggje andre prosjekt i randsona av hovudprosjektet, og å gjennomføre desse parallelt, om det er mogeleg. Men då lyt styringsgruppa ha det fulle ansvaret for hovudprosjektet, og samstundes eit koordineringsansvar for dei ulike delprosjekta. Når det gjeld finansieringa vil det vera gunstig å kunne syne til at dette er ein del av eit større prosjekt når ein søker. Når det gjeld den digitale biten Kyrkjebø har tatt til orde for, er dette viktig for eit slikt samansett prosjekt. Vidare lyt ein sjå på korleis og kor tid ein skal formidle resultata.

Til dette fører Anfinsen fram at det er viktig å formidle undervegs, ikkje berre for forskinga i seg sjølv, men også fordi dette vil vera eit marknadsføringstrekk som kan gjera det enklare å søka ytterlegare stønad undervegs i prosjektet.

Michalsen syner til erfaringa frå det pågåande 1814-prosjektet. Her vart det i byrjinga ikkje løyvd særleg mykje til forsking, noko som endra seg når det vart eit større samarbeidsprosjekt. Han undrar på om det er ein tanke å snakke direkte med forskingsrådet og undersøke kva dei er villige til å løyve og korleis dei ynskjer samansetjinga av slike prosjekt.

Kyrkjebø nemner at digitaliseringsprosjekta har som mål å aktivisere potensielle brukarar av dette, så kanskje ein kan søke noko der.

Tryti er einig med kjernen i forsamlinga, men meiner det er viktig å marknadsføre prosjektet i eit breiare perspektiv allereie når ein startar det opp. Ein bør setje i gang eit prosjekt som kan dra med nye forskarar og ein lyt sjå på dette utover landslovprosjektet som vert avslutta i 2024.

Samstundes kan ikkje dette berre marknadsførast som ei rettshistorisk undersøking, meiner Opsahl. Hovudvekta må vera på det historiske, men det er klart at rettshistoria er ein sentral del av sjølve landslovprosjektet.

Ågotnes dreg fram at alle i Noreg kjenner omstenda rundt 1814, men kor mange er det som kjenner til omstenda i Noreg i perioden landslova vart kodifisert? På bakgrunn av at dette er eit punkt av historia få kjenner, vert formidling av dette ein viktig faktor.

Rindal nemnde Codex Hardenbergianus (GKS 1154 fol), det einaste illuminerte landslov-handskriftet ein kjenner til. Det er i København, og Rindal meiner at ein no kan fremje eit ynske om å få det overlevert til Noreg. Dette vart også tatt opp i 2002 då justisminister Dørum bad Kultur- og Kyrkjedepartementet i samråd med Utanriksdepartementet å greie ut om det var mogleg å få handskriftet attendelevert til Noreg. 

Helle syner her til at det er fleire som har arbeidd for at ein kan få fleire av dei norske mellomalderdokumenta attendelevert til Noreg.

Det er viktig å ikkje binde seg for mykje til kva ein trur ein får av løyvingar, peiker Anfinsen på. Ho meiner ein fyrst av alt bør lage ei styringsgruppe. Denne bør så eines om kva prosjektet skal vera og korleis arbeidet skal gjerast før ein set i gang med søkinga av hovudmidla ein treng til prosjektet.

Sunde seier at det vert styringsgruppa sitt ansvar å ta med seg vidare argumenta som kjem fram på dette møtet. Gruppa lyt så lage ein prosjektplan som tek føre seg ulike delmål og breidda av prosjektet. Så lyt ein arbeide med finansieringa på to måtar – ein måte er også å komme i kontakt med institusjonar som kan finansiera stillingar knytt til prosjektet. Styringsgruppa lyt sjå på i kor stor grad den skal styra hovuddelen, og berre vera ein koordinator av dei ulike delprosjekta knytt til hovuddelen.  

Haugen tok over som ordstyrar, og ein tok til med den filologiske delen av diskusjonen

Han spør om ein bør ein setje i gang eit pilotprosjekt før ein set i gang sjølve prosjektet. Til dømes kunne ein sjå nærare på Norges gamle love. Korleis er kvaliteten av verket sett i forhold til dagens forskingsstandard?

I forhold til kvaliteten av Norges gamle Love syner Rindal til at avskriftene gjort av Keyser og Munch ser ut til å nytte eit utval av handskrifter som Rindal er samd i. Dei har valt eit hovudhandskrift og så føydd til variantar ved sida av avskrifta av hovudhandskriftet. Det ligg svært mykje materiale i dette, men det lyt kvalitetssikrast. Ein lyt også avgjere kven som skal gje ut utgåva, og i kva for form dette skal gjerast.

Spørck støttar Rindal i å leggje Norges gamle Love til grunn.

Hagland syner til at ein har mange landslov-tekstar. Kvar enkelt av desse er interessant i og med at dei ikkje hadde nokon idealtekst. Så å få digitalisert alle vil dermed uansett vera gunstig, men utfordringa ligg i å bestemme seg for kor mykje ein skal gjera ut av kvart einskilt handskrift.  

Rindal støtter Hagland på dette punktet. Vidare lyt ein i det heile avgjere om det er mogleg og ynskjeleg å lage ein idealtekst. Utan ein idealtekst er det vanskeleg å lage versjonar på andre språk. Dette lyt difor avgjerast tidleg i løpet av prosjektet.

Helle er einig med Rindal. Ein treng i alle fall ei forbetra utgåve av Munch og Keyser. Og denne utgåva lyt byggje på eit større kjeldegrunnlag enn det dei gjorde. Dette må vera eit hovudmål som står i fokus gjennom heile prosjektet.

Også Ugulen er einig med Rindal og Helle på dette punktet – men som Hagland seier, spørsmålet er korleis ein skal presentere dette.

Ordstyrar Haugen ynskte å presisere kva som ligg i normalisering av tekstar. Det enklaste er å normalisere ortografien, slik ein gjer i leseutgåver, grammatikkar og ordbøker. Då er målet ganske enkelt å gjere teksten lettare tilgjengeleg. Ei meir krevjande normalisering ligg derimot i arbeidet med å byggje opp ei eklektisk utgåve, dvs. hente tekst frå fleire handskrifter etter skjønn. Det var dette dei norrøne tekstutgjevarane, ikkje berre Munch og Keyser, gjorde i så stort omfang på midten av 1800-talet. Om ein skal byggje opp teksten etter fleire handskrifter også i dette prosjektet, kjem ein ikkje utanom å normalisere ortografien, anten etter norrøn (eller gammalnorsk) normalortografi eller etter ortografien i eit grunnhandskrift, t.d. Holm perg 34 4°. Uansett vert ei slik utgåve den andre delen av prosjektet. I første delen av prosjektet verkar det mest tenleg å byggje på den eksisterande utgåva i Norges gamle Love, med med eit større tilfang av variantar.

Sunde undrar då på om ein då har gjeve opp å få transkribert alle handskriftene i og med at allereie åtte av dei drygt 40 handskriftene er transkriberte. Kunne ein nytte dette som kjeldegrunnlag?

Johansson meiner det vert vanskeleg med ei eklektisk utgåve. Digitaliseringa av materialet gjer arbeidet med ei ny utgjeving lettare. Men då kan ein spørje seg om ei ny utgjeving som byggjer på den beste teksten, heller skal leggast ut på nettet. Det er vanskelegare å nytte variantapparat i trykte utgåver enn det er på nettet.

Til dette seier Rindal at prosjektet lyt vera ferdig til 2024, og han er overraska om alle handskriftene er digitaliserte og korrekturlesne før den tid.  Variantapparatet lyt ein uansett ha tak i, og om dette er digitalt eller trykt tilgjengeleg, er likegyldig. Men at utgåve nummer to, den eklektiske utgåva, skal vera ei trykt utgåva er viktig. Her må ein etter skjøn velje den beste lesemåten, men det må vera med noko variantapparat også i denne utgjevinga.

Helle spør då Rindal – i den eklektiske utgåva lyt ein legge til grunn eit beste handskrift, men bør ein ikkje vera noko meir dristig der? Som å leite etter ord og uttrykk som er eldre enn handskriftet sjølv? Me er jo tross alt i ein gunstig situasjon med eit stort utval handskrifter å undersøke. Kanskje ville ein også sjå grunnlag for ei korrigering av det beste handskriftet nettopp på bakgrunn av ei slik undersøking.

Rindal svara at det er nettopp dette han har tenkt å gjere. Ein lyt byggje på eit handskrift og nytte dette som skjelett, men så nytte dei ulike handskriftene til å sjå kva som er den beste utgåva ved hjelp av desse. Han tenkjer at ein i teksten nyttar skjønn og opplyser om at det her ligg føre ulike versjonar og variantar.

Sunde syner til at det er ein ting Haugen ikkje tok opp no – spørsmålet om den trykte utgåva skal vera kommentert. Dersom denne er kommentert, kan ein også vera noko friare i forhold til den beste teksten.

Haugen er einig med Sunde i at dette lyt drøftast, men hadde fyrst nokre kommentarar til Rindal.  Eklektiske utgåver har vore – og er – framleis dominerande i klassisk filologi i dag. Me kjenner til problema med dette, og det er eit vanskeleg moment. Men der ein tidlegare vart bunden av trykkekostnadar, er ein i dag langt friare. Dette fører til at både det som vert trykt og digitalisert, vert tilgjengeleg. Denne drøftinga er spanande og viktig, men er etter hans meining ein del av den andre delen av prosjektet. Fordelen med ein stor database er at den eklektiske utgåva vert best mogeleg.

Johansson ser på dette som problematisk, ettersom han såg føre seg eit god skjønn på grunnlag av eit sterkt kjeldegrunnlag som utgangspunkt for den eklektiske utgåva. Men det eine ekskluderer ikkje det andre. Ved utgjeving nytter i dag mykje print on demand, og ein kan dermed ha både ein lachmanniansk og ein bédieristisk tilnærming til denne problematikken. Den store utfordringa ligg i det metodiske, korleis skal ein konstruere teksten.

Kritikken av rekonstruksjon er mest relevant der det er lite tekstgrunnlag å byggje på, seier Rindal. Den typen av eklektisk utgåve som ein her vurderer å setje i gang, er ikkje problematisk på same måten, ettersom ein har så stort kjeldetilfang. Men det krev at ein kan gjera fornuftige val kring kva for kjelder ein skal nytte.

Men dette kan avhjelpast med kommentarar, påpeiker Sunde. Han er ikkje samd i at dette skal avhjelpast med to utgåver og ei løysing ved print on demand – spesielt ikkje når problematikken ikkje vert like aktuell om ein har utfyllande kommentarar.

Rindal syner til at materialet i kommentarutgåvene var større enn tekstgrunnlaget ein kommenterte i Ibsen-prosjektet. Kommentarar er viktige, men det er vanskeleg å lage kommentarutgåver. Dette sidan dei er målretta mot ei særskild gruppe, og ein har heller ikkje avgjort kven denne gruppa er i dette prosjektet.

Helle syner til at kjeldeproblematikken er heile vegen til stades ved forsking, også innanfor rettshistorie og historie. Det gjer det ikkje vanskelegare for oss at det fins ei skjønnsam beste utgåve. Ein treng heller ikkje alle ortografiske variantar klargjort – men det vil vera eit heilt naudsynt arbeid som skapar grunnlag for det vidare historiske og rettshistoriske arbeidet som skal gjerast i prosjektet.

Haugen peiker på at det kan vere tenleg å sjå heilt konkret på kva konsekvensane er av å byte ut AM 60 4° (grunnhandskriftet i Norges gamle Love) med eit anna handskrift. Kanskje skulle ein identifisere skilnader i nokre mindre utdrag av teksten fyrst?

Til dette syner Hagland til at variasjonen aldri er punktuell, og meiner det truleg er slik med lovene også. Ein får heile vegen også forskjellige trekk, og det er vanskeleg sjå grunnlaget for dette.

Michalsen understreker at den einaste måten å kople dei to hovuddelane av prosjektet saman er ved at den filologisike delen resulterer i ei eklektisk utgåve som historikarane og juristane kan arbeide vidare med. Rindal vil ikkje ha kommentarar som går ut over det filologiske variantapparatet i den trykte utgåva – noko Michalsen er samd i. Ein kunne heller gjera som 1814-prosjektet, gje ut ei eiga juridisk kommentarutgåve til landslova.

Sunde tenkte opphavleg meir på juridiske forklaringar kring dei filologiske vala som vart gjorde ved utforminga av lovteksten. Men han ser at dette kan verte for komplisert, og at det kan komme i eige juridisk kommentarutgåve.  Men han meiner klart at ein ved kodifiseringa av landslova var mest interessert i essensen av innhaldet i lova, og på denne bakgrunnen er det ikkje noko problem med ei eklektisk utgåve av landslova.

Michalsen spør om Sunde såg føre seg noko utover den vanlege juridiske kommentarutgåva til ei lov, kor Sunde seier at han også finn dei filologiske vala interessante.

Dersom ein ynskjer å gje ut fleire kommentarutgåver digitalt, er ikkje det noko problem skyt Kyrkjebø inn.

Johansson går attende til diskusjonen kring eklektisk utgåve og syner til at det er den beste versjon i trykt form som lyt liggje til grunn for ei omsetjing til andre språk og eventuelle kommentarar. Datamaterialet ein får gjennom arbeidet med dei ulike handskriftene vil vera interessant på eit anna nivå. Frå desse vil alle dei ulike faggreinene få kunnskap, og det er dette Johansson finn mest interessant med prosjektet. Når det gjeld kommentarane har ein her eit langt tidsperspektiv, og lang tid til å fordøye kunnskapen – dette igjen vil kunne resultere i omfattande kommentarutgåver.

Ommundsen meiner at kommentarutgåver av den typen som Sunde og Michalsen tok opp, er viktige. Har ein slike utgåver, er det mykje lettare med konkrete tekstreferansar i akademiske arbeid. Det hjelper forskarar til å sjå kva for tema dei kan arbeide med og vidare finne kjeldene for desse.

Det fyrste steget er dermed plankekjøringa til Rindal seier Haugen, dvs. ei utvida nyutgåve bygd på Norges gamle Love. Så kan ein sjå kor langt dette fører oss, og vurdere korleis og i kor stor grad ein skal gå vidare med dette prosjektet. I forhold til drøftinga kring den eklektiske utgåva syner han til Canterbury Tales-prosjektet.  Dei byrja med å leggje ut transkripsjonar av alle handskriftene i eit svært tekstarkiv, men enda opp med også å publisere ei eklektisk utgåve – nemleg den teksten som utgjevarane, etter eit grundig studium av variantmaterialet, meinte var den beste.

Johansson seier seg samd i dette.

Det var så ein lunsjpause og fotografering av dei som var til stades også etter lunsjen:

1. rekkje frå venstre: Jørn Øyrehagen Sunde, Rune Kyrkjebø, Karin Rydving, Bjørg Dale Spørck, Anna Horn, Anne Ågotnes (sitjande), Odd Einar Haugen.

2. rekkje: Åslaug Ommundsen, Karl G. Johansson, Jo Rune Ugulen, Børge Nordbø, Knut Helle, Torgeir Landro, Dag Michalsen, Erik Opsahl, Magnus Rindal, Jan Ragnar Hagland, Thomas de Ridder.

Anna Elisa Tryti var ikkje med på fotogradiet, og heller ikkje fotograf og referent Lars Kvestad.

Fotografiet i høgare oppløysing
Eit anna fotograi i høgare oppløysing ("Sei eklektisk!")

Etter pausen heldt Jo Rune Ugulen eit foredrag:
Gammalnorske lovfragment i Riksarkivet

Ugulen seier at han ikkje vil gå inn på sjølve innhaldet av fragmenta, men gje ein status for dei lovfragmenta ein finn i Riksarkivet. I 1963 gav Thorstein Eken ut eit utval av lovfragment, som var planlagd som fyrste bind i ein serie om gammalnorske handskriftfragment. Bind to skulle også innehalde lovfragment, og det tredje bindet dei andre fragmenta ein hadde. Forfattaren har gjort ferdig disposisjonen og stoffutvalet til bind to og delvis til bind tre. Ugulen deler ut 2 kopiar av notat frå forfattaren.

Ei eventuell utgjeving av desse vil medføra ei fotografering av dei ulike fragmenta på ny. Ugulen har snakka med sine overordna om ei utgjeving, og det verkar naturleg å gjera dette digitalt. Dokumenta vert då fotograferte og lagde ut på nett. Deretter kan ein ta til å transkribere dei.  

Når det gjeld ressursar og pengar frå Riksarkivet, fekk ein ikkje dei store lovnadene. Dei kan gjerne ta føre seg den forlagsbaserte biten av utgjevinga. Førespurnadar om midlar lyt sendast inn som forslag til Kommisjonen, som har møte i november kvart år. Eit eventuelt forslag lyt dermed vera inne tidleg i oktober. Elles var inntrykket frå Riksarkivets side at dei truleg ikkje hadde midlar å løyve, men dels kunne stille med noko arbeidskraft. Ugulen lyt også sjølv vurdera i kor stor grad han kan involvere seg i prosjektet, sjølv om dette er noko han interesserer seg for.

Til dette kommenterer Haugen at det fyrste bindet av Eken berre er faksimilar, men han lova at det skulle komme transkripsjonar. Er dette gjort?

Ugulen svarar at transkripsjonane skulle komme i fjerde bind, men arbeidet er ikkje gjort. Han syner til at det er enkelt å få fotografere dei ulike fragmenta, og kanskje kunne ein inngå eit samarbeid med studentar på master-nivå om å få desse transkribert.

I forhold til at dette er ein jobb kor ein kunne trekkje inn studentar, er Johansson samd, og han ynskjer å få til eit samarbeid om dette.

Rindal finn kopiane frå Ugulen interessante. Ein ser at Eken har sjekka fragmenta opp mot Norges gamle Love, og påvist at eit av desse er utelatt i presentasjonen innleiingsvis hjå Munch og Keyser. Han meiner vidare det er viktig å få transkribert fragmenta. Denne teksten nytta ikkje Keyser og Munch seg av, og det å få dei digitalisert vert dermed viktig.

Dersom det er ein fotograf tilgjengeleg, tek det ikkje mange dagane å få desse digitalisert, svarar Ugulen til dette.

Haugen peiker på at nummereringa hjå Eken er ganske dårlig, og undrar på om ein lyt omnummerere desse.

Dette er både Ugulen og Ommundsen skeptiske til, og like eins Rindal – omnummerering er ikkje naudsynt i forhold til vår bruk.

Dette fører oss vidare til eit anna overordna spørsmål ,seier Haugen.  Kva for eit digitalt format nyttar ein i Riksarkivet og ved Universitetsbiblioteket? Korleis vert dette i forhold til den digitale delen av dette prosjektet?

I følgje Kyrkjebø er det laga fleire ulike system som per dags dato er godt fungerande, noko avhengig av kven som er målgruppa og kva ein treng filtrere. Men ein treng ei nyutvikling med å få desse til å verte samkjørte. Linked Data er eit sentralt mål, dvs. at data skal lenkast til kjelder som er utanfor den same institusjonen. UIB har sett i gang eit prosjekt med NTNU og Gunnerusbiblioteket om å lenke relevante verk opp mot kvarandre. Prinsippet er no at eit dokument på nettet har eit namn og ligg ein bestemd plass. Så kan det ein annan stad vere ei omsetjing eller liknande knytt til dokumentet. Då nytter ein eit RDF-system og knyter relasjonar mellom desse dokumenta, slik at brukaren kan gå frå det eien dokumentet til det andre. Dette er noko det heile tida vert arbeidd med.

Ugulen seier at det er to ting som slår han her. Det eine er at ein definitivt treng datakompetanse for publisering. Det andre er at fragmentsamlinga på Riksarkivet er ideelt som eit pilotprosjekt ettersom det er fleire små dokument, og enkelt å få sett i gang arbeidet. Så kan ein dra erfaringar av dette når ein set i gang med sjølve arbeidet.

Har Ugulen nokon tankar om storleiken på desse, undrar Opsahl?

Ugulen meiner det er mest små fragment, og syner til at dei er omtalte i den eine av dei utdelte kopiane frå Eken.

Fins det noka katalogisering av fragmenta, spør Hagland.

Rindal syner til at han nytta Storm si oversikt i sin presentasjon, og vidare at denne oversikta har ei inndeling som ikkje er heilt klar på dette punktet. Dette må ein undersøkje vidare.

Sunde syner til at ein no har diskutert filologi-delen av prosjektet inngåande, og drøfta ein del korleis ein skal gjera dette arbeidet tilgjengeleg. Men han vil også vite kva ytterlegare forsking som er ynskjeleg på bakgrunn av det filologiske arbeidet, og peiker på at materialet har interesse i fleire samanhengar.

På dette punktet er Horn einig med Sunde.  Det er til dømes interessant å finne ut kva skriftkulturar handskriftene kjem frå, og kva ei slik undersøking kan føre til vidare.

Sunde undrar på om det er det mykje av dette som eigner seg til doktorgradsoppgåver?

Både Horn og Johansson er einige i dette.

Dermed er dette noko bør ein sjå på i styringsgruppa, både forsking på PhD- og master-nivå understreker Sunde.

Michalsen syner til at dette møtet i det heile tatt har vore mest fokusert på den filologiske delen av prosjektet, men styringsgruppa lyt også sjå på dei store delane av dette prosjektet som er i forlenginga av det filologiske arbeidet.

Forhåpentlegvis skal ein også komme til denne delen i løpet av dagen, seier Sunde.

Åslaug Ommundsen heldt så det femte og siste føredraget:
Latinspråklege lovfragment i Riksarkivet

Vis denne presentasjonen i PDF

I Riksarkivet finn ein ikkje mange latinske lovfragment, til skilnad frå i Sverige og i Danmark. Fragmenta i Riksarkivet er heller ikkje like mykje undersøkt.  Av dei rundt 6000 latinske fragmenta i Riksarkivet er det om lag 60 som er lovfragment. Det svarar til om lag 1 %. I Sverige er forholdstalet om lag 10 %. Dei 60 fragmenta i Riksarkviet er restyar av om lag 20 latinske handskrifter (dvs. boker). Dersom ein vil ha tilgang til desse, lyt ein ta kontakt med Riksarkivet.

Dei romarrettslege fragmenta ein har, stammar frå Digesta og Institutiones. Fleire av desse fragmenta syner skrifttypar som er inspirert av italienske skular, og mange er datert attende til 1300-talet.

Når det gjeld kanonisk rett, er særskilt eit fragment av eit handskrift av Ivo av Chartres (1040–1116) interessant sidan det truleg er skrive av ein nordmann sterkt influert av engelsk skrift. Dette stammar truleg frå før 1180.  Elles har ein eit fragment frå Gratian som truleg er frå slutten av 1100-talet. Dette har stort format, og nytta ved innbinding av rekneskap på slutten av 1600-talet – noko som kan tyde på at det er komme til Noreg med dette føremålet. Dette fragmentet er truleg frå same bok som eit fragment som er i dansk eige.  Elles har ein eit dobbeltblad som ein er ganske trygg på at er gjort i Noreg. Her kan ein spora ulike skrivarar. Ein av desse er frå Bergen, noko ein kan avgjere på grunnlag av skrifta i den gammalnorske homiliebok frå 1200-talet, og dessutan ein skrivar frå Trondheim.  Her er det tale om folk som har vore opplærte i engelsk skrivestil.

Desse fragmenta har relevans til eit landslovprosjekt, ikkje berre som sjølvstendige kjelder, men også fordi dei vitnar om internasjonal kontakt. Vidare kan ein spore og undersøke utanlandsk skriftstil og generell bokskrivekunst i Norge på denne tida.

Når Ommundsen er ferdig med sitt føredrag, spør Sunde kva ho hadde forska på om ho fekk løyvd pengar til eit prosjekt.

Ommundsen meiner at dette er eit perfekt doktorgradsarbeid, i og med at det ikkje er så mange fragment. I tillegg har ein fleire fragment ein trur inneheld lovmateriale, men som ikkje er undersøkte per i dag. Ho ynskjer også paleografisk undersøking av fragmenta. 

Kor mange PhD-studentar treng ein om ein også skulle undersøkt dei fragmenta som fins i Bergen og Trondheim, undrar Sunde.

Det bør vera ein som tek det heile, meiner Ommundsen. Arbeidet er overkommeleg for ein person, og samstundes gjeld det å ha eit breitt perspektiv. Det kan vera dei same skrivarane bak fleire arbeid, og det gjer at ein bør ha eit overordna blikk på materialet.

Sunde spør deretter kor mange PhD-studentar Horn ville trenge til sitt prosjekt.

Horn meiner då at dette vert eit stort prosjekt og ein treng i det minste fire PhD-studentar, gjerne nokre postdoktor-stillingar også.

Michaelsen vart særs interessert av dette materialet, også fordi det er ganske avgrensa. Han meiner det kan vera med på å klarleggje dei internasjonale kontaktane ein hadde i Noreg på denne sida, og burde dermed vera gjeve ut i ei bokform med faksimiler av fragmenta.

Ommundsen er einig med Michalsen, stoffet egner seg ypparleg til dette, og spesielt som ein introduksjon til den norske rettskulturen som no skal trekkast fram i ljoset.

Hagland er einig i dette, men påpeiker at ein lyt påvise at dette er stoff ein hadde i Norge. Eventuelt undersøka om dette på nokon måte er gjort i utlandet av nordmenn på studiereise som tok det med seg attende.

Det er vanskeleg å påvise kva som er skrive i Noreg eller i utlandet, trur Ommundsen.  Men ein kan gripe fatt i det at nordmenn reiste på studieopphald i utlandet.

Ugulen skyt inn at det fins kjelder om nordmenn på studiereiser i mellomalderen.

Her er også dei som reiste til Wien viktige, meiner Johansson. Han framhevar at dette prosjektet kan trekkje inn fleire studentar. Forskingsrådet har fokus på nettopp dette, noko som tilseier at ein må tilpasse landslovprosjektet til det.

Rindal meiner at den latinspråklege kulturen i Noreg på denne tida har vore for lite utforska, og dermed hadde det vore glimrande med ei tilvekst på dette feltet.  Men fins det materiale av relevans andre stader enn i Riksarkivet?

I følgje Ommundsen fins det nokre fragment spreidde rundt om kring i Noreg. Det fins òg ein oversikt over kor desse er.

Helle er opptatt av at ein meir konkret skal sjå kva kanonisk rett ein finn innslag av i landslova. No er det såpass mykje materiale om dette, så det burde kunne skrivast langt meir interessant litteratur kring dette enn det som er gjort til no.

Sunde undrar på kva me kan gjere med dei ulike fragmenta.

Til dette føreslår Michaelsen å tenkje estetisk og musealt. Ein registrerer forskinga medan ein arbeider med stoffet, og prøver å formidle funna undervegs. Forskingsprosessen vert på denne måten heilt open. Det fins ressurspersonar i museumsverda som kan hjelpa prosjektet med dette. At den er open, er ikkje like viktig for den akademiske delen, dette gjeld meir for formidlinga – men den er også ein viktig del av finansieringa.

Hagland undrar på om ein i forhold til den latinske delen av prosjektet kanskje kan søkja finansiering frå EU-prosjekt, ettersom denne delen av prosjektet inngår i ein brei europeisk samanheng.

Ågotnes slår fast at det er mogleg å lage utstillingar også av reint tekstmateriale. Dagens utstilling i Rosenkranztårnet, som i hovudsak berre er tekst, har vist seg å slå godt an.

Ein periode det burde vore laga ei utstilling om, er det lærde miljøet i Bergen på 1200-talet, meiner Helle.

Opsahl har nyleg vore i kontakt med Slottsfjellmuséet, som er opptatt av Tønsberg i den same tidsperioden som landslova vart kodifisert. Ein kunne tenkje seg at eit samarbeid kring dette kunne vera interessant for dei.

I samband med dette dreg Horn også fram det akademiske miljøet i Nidaros og Oslo, kanskje saman med Hamar, som interessant.

Helle meiner desse tre hovudpunkta: Oslo, Bergen og Nidaros er viktige i samband med tidsperioden til dette prosjektet.  Og i Bergen kan ein sjå bygningar frå denne perioden.

Haugen sette så i gang med avslutninga av møtet:

Tida er no inne for å spørje om ein kan gå vidare med dette prosjektet. Og om svaret på dette spørsmålet er ja, er det nokon som kan ta ansvar for å frive prosjektet?

Rindal meiner at dagens debatt heilt klart syner at det er grunnlag for eit arbeid kring landslova, og vidare at Sunde og Haugen bør vera sentrale i det vidare arbeidet.

Michaelsen slutter seg til Rindal, og føreslår at Sunde og Haugen i løpet av nokre veker finn eit utval personar frå ulike faggreiner som kan danne ei styringsgruppe.

Sunde seier då at den vidare gangen vert at deltakarane på møtet får eit referat samstundes som dei får opplysningar om styringsgruppa. Tidleg hausten 2012 vil ein måtte setje i gang arbeidet. Men då ikkje slik ein at skal få resultat med det same, snarare at ein skal byggje stein på stein over vinteren og på denne måten kunne presentere prosjektet med alle forgreiningane og med den finansieringa prosjektet treng. Tenkjer ein for smått, er det klart at ein ikkje får midlar, men det er også klart at ein ikkje får alle midlane med det same. Ein lyt dermed lage ein plan for korleis ein skal prioritera midlane etter kvart dei kjem.

Dei avsluttande orda frå Haugen var at det er heilt avgjerande at prosjektet vert eit nasjonalt prosjekt.  Det er difor ein i dag hadde invitert personar frå heile landet, og det er slik prosjektet skal halde fram. Haugen ynskjer også at ein snarleg får opp ei nettside, t.d. med domenenamnet www.landslova.no, der ein presenterer prosjektet og oppdaterer det kontinuerleg.

 


Oppretta 17. juni 2012.
Sist oppdatert 17. juni 2012.
Nettansvarleg: Odd Einar Haugen