Magnus Lagabøtes landslov 750 år


Studietur til København 29.–30. oktober 2012

På grunn av snøvêr på Gardermoen 29. oktober var det berre Jørn Øyrehagen Sunde og Odd Einar Haugen som nådde København i tide til å presentere prosjektet for kollegaene ved Nordisk Forskningsinstitut, Københavns Universitet (Amager). Prosjektet vart teke vel mot på møtet, og det vart gjeve tilbod om hjelp med m.a. den planlagde omsetjinga til engelsk. Seinare på dagen kom dei andre medlemmene av prosjektarbeidsgruppa, og vi fekk høve til å gå gjennom eit utval av lovhandskrifter i Den Arnamagnæanske Samling ved instituttet (sjå fotografiet nedanfor).

Den 30. oktober hadde vi eit utbyterikt møte med kollegaer ved Det Jurdiske Fakultet i sentrum av København: Helle Vogt og Ditlev Tamm, forutan Jeffrey Love. Vi gjekk gjennom ulike nordiske lovprosjekt, og fekk verdifulle innspel til vårt eige prosjekt på bakgrunn av dei røynslene dei har gjort i Danmark.

Etter lunsj denne dagen hadde vi eit internt arbeidsmøte i landslovprosjektet, der vi m.a. drøfta framtidige prosjektsøknader.

Gransking av handskrifter (og fragment) av Landslova på Nordisk Forskningsinstitut. Frå venstre: Magnus Rindal, Erik Opsahl, Anna Horn og Jørn Øyrehagen Sunde. Astrid Lærdal Frøseth var ikkje til stades denne dagen. Fotograf: Odd Einar Haugen.


Oppretta 16. juli 2013.
Sist oppdatert 31. juli 2013.
Nettansvarleg: Odd Einar Haugen

Banneret på denne nettsida er eit utsnitt frå handskriftet AM 309 fol, bl. 42v, l. 9-13. Dette er eit handskrift av landslova, og utsnittet er frå kap. 45 i Tingfarebolken, der det blir fastsett reglar for ferjing. Denne delen av AM 309 fol (bl. 3r-57r) er datert til første fjerdedel av 1300-talet.