Magnus Lagabøtes landslov 750 år


Arbeidsmøte i Oslo 18. mars 2013

Nasjonalbiblioteket i Oslo var vertskap for eit heildagsmøte, der alle medlemmene i prosjektarbeidsgruppa deltok og dessutan Bjørg Dale Spørck ved Nasjonalbiblioteket. På møtet vart den planlagde utgåva til Magnus Rindal og Bjørg Dale Spørck diskutert, og ei rekkje andre saker i prosjektet. Nasjonalbiblioteket har vedteke å støtte prosjektet ved at Bjørg Dale Spørck kan setje av ein større del av si arbeidstid til utgjevingsarbeid, og dessutan ved at det blir stilt arbeidsplassar til disposisjon for andre medarbeidarar på prosjektet. Magnus Rindal har allereie ein arbeidsplass ved biblioteket.

Bjørg Dale Spørck gav deltakarane ei omvising i handskriftsamlinga og hadde også funne fram handskriftsmateriale til studium. Etter lunsjen presenterte Espen Karlsen latinspråklege handskrifter frå samlingane i Nasjonalbiblioteket.

 

Arbeidsmøte i Oslo 13. mai 2013

Også for dette møtet var Nasjonalbiblioteket vertskap. Til stades var Odd Einar Haugen, Magnus Rindal, Anna Horn, Erik Opsahl og Bjørg Dale Spørck. Møtet vart brukt til diskusjon av framtidige prosjektsøknader.

 


Oppretta 12. august 2014.
Sist oppdatert 12. august 2014.
Nettansvarleg: Odd Einar Haugen

Banneret på denne nettsida er eit utsnitt frå handskriftet AM 309 fol, bl. 42v, l. 9-13. Dette er eit handskrift av landslova, og utsnittet er frå kap. 45 i Tingfarebolken, der det blir fastsett reglar for ferjing. Denne delen av AM 309 fol (bl. 3r-57r) er datert til første fjerdedel av 1300-talet.