Tilbake til inngangssida

Magnus Lagabøtes landslov 750 år


Annotasjon av handskrifter og handskriftsfragment

I regi av Menotec-prosjektet er eitt av lovhandskriftene morfologisk annotert, dvs. at kvart ord i teksten er koda med omsyn til oppslagsform, ordklasse og grammatisk form:

Holm perg 34 4to, ca. 1275–1300 (ca. 45.000 ord)

Dette handskriftet har i tillegg fått ein fullstendig syntaktisk annotasjon. Det er tilgjengeleg for lesing og morfologiske søk gjennom nettsidene til Menota og for morfologiske og syntaktiske søk gjennom portalen til INESS.

Retningslinjer for annotasjonen er dokumentert av Odd Einar Haugen og Fartein Th. Øverland, og dei er utgjevne parallelt i på norsk og engelsk i serien BELLS (230 sider i kvar versjon):

Retningslinjer BELLS 4:1 (2014)
Guidelines BELLS 4:2 (2014)

Eit anna handskrift av landslova, Upps DG 8 I (ca. 1300–1350), er morfologisk annotert og delvis annotert syntaktisk, men på grunn av tekniske utfordringar er det vanskeleg å seie kva tid dette kan bli publisert med full morfologisk og syntaktisk annotasjon.

 


Oppretta 12. august 2014.
Sist oppdatert 6. februar 2022.
Nettansvarleg: Odd Einar Haugen

Banneret på denne nettsida er frå handskriftet AM 305 fol, bl. 10v, sp. A, l. 1-14.
Handskriftet er ført i pennen av Torgeir Håkonsson rundt år 1300, og dette
utsnittet er frå opninga av landevernsbolken.