Tilbake til inngangssida

Magnus Lagabøtes landslov 750 år


Breiddeutgjeving

I prosjektet Editio latissima har vi utvikla ein utgjevingsstandard der brukarane kan velje mellom lesing av eit handskrift på opptil tre ulike nivå (faksimilært, diplomatarisk og normalisert), studere faksimilar parallelt med eitt eller fleire av desse nivåa, og i tillegg hente opp ei parallell omsetjing, der ein kan gå frå originalteksten til omsetjinga eller omvendt. Endeleg kan ein få opp full morfologisk annotasjon av kvart ord. Les meir om prosjektet her:

Editio latissima

Utgjevings- og annotasjonsarbeidet med Holm perg 34 4to har vore utført av Anna C. Horn (Universitetet i Oslo) og Robert K. Paulsen (Universitetsbiblioteket i Bergen), medan den tekniske oppbygginga har vore utført av Paul Meurer (Universitetsbiblioteket i Bergen) i samråd med Odd Einar Haugen (Universitetet i Bergen).

Den syntaktiske annotasjonen er tilgjengeleg i eit eige grensesnitt via INESS-portalen ved Universitetet i Bergen eller i syntacticus.org (under publisering).

 


1. Bakgrunn. Ved å velje Background i rullegardinsmenyen får ein opp ein kortfatta presentasjon av teksten. Her er den første halvparten:

 


2. Innleiing. Om ein vil vite meir om teksten, skal ein velje Introduction i menyen. Då får ein opp ei innleiing av same type som ein ventar å finne i ei trykt utgåve. Her er dei to første avsnitta:

 


3. Tekstnivå. Ved å klikke av for Facs, Dipl og Norm kan ein lese teksten på tre parallelle nivå. Det krev unekteleg ein stor skjerm, så ein kan godt nøye seg med to eller berre eitt av nivåa:

 


4. Faksimile. Ved å klikke av for Norm og Display photographic facsimiles kan ein jamføre teksten i normalisert ortografi med ein fotografisk faksimile i fargar, side for side.

 


5. Omsetjing. Ved å klikke ein vilkårleg stad i teksten, lyser den aktuelle setninga opp i grønt. Om ein har klikka av for Translation, får ein opp den tilsvarande setninga i omsetjinga. Ein kan også gå den andre vegen, dvs. klikke på ei setning i omsetjinga og sjå korleis denne ser ut i originalteksten (på eitt eller fleire av dei tre nivåa).

 


6. Morfologi. Skulle ein vere i tvil om eit ord, kan ein klikke på det og hente fram opplysningar om oppslagsform, ordklasse og bøyingsform. Her ser ein at ordet “flutt” er perfektum partisipp av “flytja”.

 


Oppretta 6. februar 2022.
Sist oppdatert 7. februar 2022.
Nettansvarleg: Odd Einar Haugen

Banneret på denne nettsida er eit utsnitt frå handskriftet AM 305 fol, bl. 10v.
Handskriftet er ført i pennen av Torgeir Håkonsson rundt år 1300, og dette
utsnittet er frå opninga av landevernsbolken.