Tilbake til inngangssida

Magnus Lagabøtes landslov 750 år : Filologiske prosjekt


 

3. Digitalisering

Prosjektleiar: professor Odd Einar Haugen, Universitetet i Bergen

Medarbeidarar: professor Karl G. Johansson, Universitetet i Oslo, universitetsstipendiat Anna C. Horn, Göteborgs universitet, universitetsstipendiat Robert K. Paulsen, Universitetet i Bergen

Bakgrunn

I regi av fleire tidlege prosjekt, særleg det NFR-finansierte Menotec-prosjektet (2010–2012), har åtte handskrifter av landslova vore transkriberte i XML. Av desse handskriftene har to dessutan fått ein fullstendig morfologisk annotasjon, og eitt også ein syntaktisk annotasjon. Dette korpuset dannar eit framståande grunnlag for språkleg arbeid med lovtekstane, inkl. omsetjing av dei. Men det står enno att arbeid på fleire av tekstane i form av korrektur og kvalitetskontroll på både transkripsjonar og annotasjonar.

Mål

Målet med prosjektet Digitalisering av landslova er å følgje opp det store arbeidet som er lagt ned transkripsjon og annotasjon av landslovhandskrifter, både med tanke på kvalitetskontroll og tilgjengeleggjering av materialet. Når det gjeld vising av tekst med tilhøyrande morfologiske søk har ein kome langt i å byggje opp gode grensesnitt, men det er framleis store utfordringar når det gjeld formidlinga av den syntaktiske annotasjonen.

 


A. Transkripsjonar

I alt åtte handskrifter av landslova har vore transkriberte anten direkte i XML eller overført til XML. AM 309 fol vart koda under leiing av Magnus Rindal allereie på 1980-talet, medan dei andre handskriftene har vore transkriberte i løpet av det siste tiåret av Anna C. Horn under leiing av Karl G. Johansson. Desse handskriftene er no på veg til å bli publiserte i Menota (Medieval Nordic Text Archive):

AM 302 fol, ca. 1300, søraustlandsk, skrivar er Torgeir Håkonsson
AM 305 fol (hand a), ca. 1300, skrivar er Torgeir Håkonsson
AM 309 fol (hand a), ca. 1300–1325, søraustlandsk
AM 56 4to, ca. 1300, søraustlandsk, skrivar er Torgeir Håkonsson
AM 60 4to (hand b), ca. ca. 1320, kansellimål
Upps DG 8 I (hendene a og b), ca. 1300–1350, søraustlandsk
Holm perg 30 4to (hand b), ca. 1300–1325, søraustlandsk
Holm perg 34 4to (hand f), ca. 1275–1300, nordvestlandsk, skrivar er Eirik Trondsson

Eitt niande handskrift som inneheld andre lovtekstar enn landslova, AM 78 4to (ca. 1300), er også transkribert.

Hausten 2014 arbeider Thomas De Ridder med å korrekturlese Holm perg 34 4to mot handskriftsfaksimilane med sikte på å sikre at teksten er av best mogleg kvalitet på både eit faksimilært og diplomatarisk nivå.

Under forarbeidet til korrekturen har prosjektet fått god hjelp frå Tilvekstavdelinga ved Universitetsbiblioteket i Bergen. Øyvind Liland Gjesdal ved UBB har utarbeidd stilark som har konvertert XML-filene til RTF-format.

B. Morfologisk og syntaktisk annotasjon

I regi av Menotec-prosjektet har to av lovhandskriftene fått fullstendig morfologisk annotasjon, dvs. at kvart ord i teksten er koda med omsyn til ordklasse og grammatisk form:

Upps DG 8 I, ca. 1300–1350
Holm perg 34 4to, ca. 1275–1300

Det siste av desse handskriftene, Holm perg 34 4to, har dessutan fått ein fullstendig syntaktisk annotasjon. Dette er tilgjengeleg for lesing og morfologiske søk gjennom nettsidene til Menota (Medieval Nordic Text Archive) og for syntaktiske søk gjennom portalen til INESS.

Retningslinjer for annotasjonen er dokumentert av Odd Einar Haugen og Fartein Th. Øverland, og dei er utgjevne parallelt i på norsk og engelsk i serien BELLS (230 sider i kvar versjon):

Retningslinjer BELLS 4:1 (2014)
Guidelines BELLS 4:2 (2014)

Den morfologiske annotasjonen av Upps DG 8 I har vore utført av Oliver Blomqvist, medan Fartein Th. Øverland og Eiríkur Kristjánsson gjorde hovudtyngda av den morfologiske og syntaktiske annotasjonen av Holm perg 34 4to.

Sidan hausten 2013 har Robert K. Paulsen arbeidd med å kontrollere og oppdatere den syntaktiske annotasjonen av Holm perg 34 4to. Som ledd i dette arbeidet har han gått i gang med å annotere Upps DG 8 I syntaktisk.

 


Oppretta 12. august 2014.
Sist oppdatert 17. juni 2015.
Nettansvarleg: Odd Einar Haugen

Banneret på denne nettsida er frå handskriftet AM 305 fol, bl. 10v, sp. A, l. 1-14.
Handskriftet er ført i pennen av Torgeir Håkonsson rundt år 1300, og dette
utsnittet er frå opninga av landevernsbolken.