Tilbake til inngangssida

Magnus Lagabøtes landslov 750 år : Filologiske prosjekt


2. Omsetjing

Prosjektleiar: professor Odd Einar Haugen, LLE Universitetet i Bergen

Medarbeidarar: postdoktor Helen F. Leslie-Jakobsen, LLE, Universitetet i Bergen, og mag.art. Børge Nordbø, Oslo

I nyare tid har landslova berre vore omsett til riksmål (Absalon Taranger 1915) og tysk (Rudolf Meissner 1941). Målet med omsetjingsprosjektet er å utarbeide omsetjingar av landslova til engelsk og til nynorsk. Helen F. Leslie-Jakobsen er no (juni 2015) på det nærmaste ferdig med ei omsetjing til engelsk, medan Børge Nordbø er gått i gang med ei omsetjing til nynorsk.

Det er mogleg at omsetjinga til nynorsk vil bli publiserte med parallell gammalnorsk tekst, kan hende i serien "Norrøne tekster" på Riksarkivet. I så fall vil det bli eit nært samarbeid med digitaliseringsprosjektet.

 


Oppretta 12. august 2014.
Sist oppdatert 17. juni 2015.
Nettansvarleg: Odd Einar Haugen

Banneret på denne nettsida er eit utsnitt frå handskriftet AM 305 fol, bl. 10v.
Handskriftet er ført i pennen av Torgeir Håkonsson rundt år 1300, og dette
utsnittet er frå opninga av landevernsbolken.