Tilbake til inngangssida

Magnus Lagabøtes landslov 750 år


Transkripsjon av handskrifter og handskriftsfragment

I alt sju handskrifter av landslova har vore transkriberte anten direkte i XML eller overført til XML.
Alle desse er no publiserte i Menota (Medieval Nordic Text Archive):

 

AM 302 fol, bl. 1r–85v.4, ca. 1300, søraustlandsk, skrivar er Torgeir Håkonsson

AM 305 fol (hand a), bl. 1ra–76rb.19, ca. 1300, skrivar er Torgeir Håkonsson

AM 56 4to, bl. 1ra–76vb, ca. 1300, søraustlandsk, skrivar er Torgeir Håkonsson

AM 60 4to (hand b), bl. 21va–81va.15 og 98va.25–100ra.11, ca. 1320, kansellimål

Upps DG 8 I (hendene a og b), bl. 1r–53v.28, ca. 1300–1350, søraustlandsk

Holm perg 30 4to (hand b), bl. 19vb.1–19 og 20r–85v.25, ca. 1300–1325, søraustlandsk

Holm perg 34 4to (hand f), bl. 8r.1-75r.14, ca. 1276–1300, nordvestlandsk, skrivar er Eirik Trondsson.

 

Tre av desse utgåvene omfattar også bylova og/eller farmannslova:

AM 60 4to, bl. 81va.16–98va.25. Bylova.

Upps DG 8 I, bl. 53v.29–57v.31. Farmannslova.

Holm perg 34 4to, bl.75r.15–90r.28. Bylova og farmannslova.

 

Eit større fragment av landslova er utgjeve i Menota:

NRA norrfragm 7, bl. 1–7 (ca. 1300–1350)

Fleire andre fragment av landslova er for tida under utgjeving.

 

Endeleg skal det nemnast at eit større handskrift som inneheld andre lovtekstar enn landslova, AM 78 4to (ca. 1300), også er transkribert og publisert i Menota.

 


Oppretta 12. august 2014.
Sist oppdatert 8. februar 2022.
Nettansvarleg: Odd Einar Haugen

Banneret på denne nettsida er frå handskriftet AM 305 fol, bl. 10v, sp. A, l. 1-14.
Handskriftet er ført i pennen av Torgeir Håkonsson rundt år 1300, og dette
utsnittet er frå opninga av landevernsbolken.