Tilbake til inngangssida

Magnus Lagabøtes landslov 750 år : Filologiske prosjekt


 

1. Utgjeving

Prosjektleiarar: Professor emeritus Magnus Rindal, Oslo, og forskingsbibliotekar Bjørg Dale Spørck, Nasjonalbiblioteket.

Medarbeidarar: I 2015 og 2016 arbeider Kalinka Iglesias og Alexander Lykke som assistentar på prosjektet.

Bakgrunn

Prosjektet vart initiert av Magnus Rindal allereie på 1990-talet, men det tok til for alvor då han gjekk av for aldersgrensa i 2012. Med seg på prosjektet har han forskingsbibliotekar Bjørg Dale Spørck, som har fått løyve til å bruke av si forskingstid ved Nasjonalbiblioteket på utgjevingsarbeidet.

Rindal: Dei norske mellomalderlovene (1995)
Rindal: Ny utgåve av dei norske lovene frå mellomalderen? (1996)

Mål

Prosjektet tek sikte på to nye utgåver av landslova:

1. Ei unormalisert utgåve basert på Holm perg 34 4to som hovudhandskrift, supplert med alle variantar med tekstkritisk verdi frå dei andre handskriftene. Desse variantane vil for ein stor del byggje på det store grunnlagsarbeidet utført av Rudolf Keyser og Peter Andreas Munch på 1840-talet (sjå illustrasjonen til venstre). Berre ein del av varianttakinga vart teken med i deira utgåve i Norges Gamle Love bd. 2, der AM 60 4to vart brukt som hovudhandskrift. Allereie i 1879 hevda Gustav Storm at det hadde vore betre å bruke Holm perg 34 4to som hovudhandskrift.

2. Ei normalisert, rekonstruert utgåve, bygd på det beste skjøn, med eit utval av viktige normaliserte variantar. Dette vil bli ein ny type utgåve, ofte omtalt som eklektisk, der utgjevarane formidlar si beste forståing av teksten i ei form som vil vere lettare tilgjengeleg for ein vidare brukarkrins. Denne utgåva vil bli også bli supplert med ei omsetjing.

Målet er at utgjevingsarbeidet skal vere fullført innan utgangen av 2017.

Organisatorisk tilknyting

Nyutgjevinga av landslova er i fagleg forstand eit filologisk prosjekt. Men organisatorisk er det knytt til Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen, der prof. Jørn Øyrehagen Sunde er prosjektleiar for det retthistoriske landslovprosjektet 2014–2024. Magnus Rindal er tilsett i ei mindre stilling ved Det juridiske fakultetet, og i tillegg er det tilsett to assistentar på prosjektet. Dei blir løna av midlar frå Fossekallen Forvaltning etter søknad frå Jørn Øyrehagen Sunde. Det er gjort avtale med Nasjonalbiblioteket i Oslo om at alle prosjektmedarbeidarane kan få arbeidsplass ved biblioteket.

 



Oppretta 12. august 2014.
Sist oppdatert 29. mai 2015.
Nettansvarleg: Odd Einar Haugen

Banneret på denne nettsida er frå variantopptakinga til Rudolf Keyser og Peter Andreas Munch.
Utsnittet omfattar byrjinga til Tingfarebolken, og omfattar den eine av to spalter.
Manuset til Keyser og Munchs arbeid ligg ved Nasjonalbibliotelet i Oslo.