Ofte Stilte Spørsmål

 


Fonten ser fin ut på skjermen, men blir hakkete i utskrift. Kva er det som skjer?

Dette skal ikkje skje med TrueType-fontar, fordi skrifta på skjermen og på skrivaren kjem frå same fontfilen. Ser det greitt ut på skjermen, skal også utskrifta bli OK. Men med PostScript er det ein eigen skjermfont (ein såkalla bitmap-font) og ein skrivarfont (konturfont). Dersom konturfonten manglar, vil maskinen bruke skjermfonten som utgangspunkt for utskrift. Etersom denne er svært grov, blir resultatet tilsvarande hakkete.

Sjekk derfor at både skjermfont og konturfont er på plass i systemet på maskinen. På ein Mac har skjermfonten eit koffert-ikon og konturfonten eit laserskrivar-ikon, og du finn begge i mappa “Fonter” i systemmappa.

 


Fonten ser fin ut i utskrift, men på skjermen er ikkje alle teikna så lette å lesa – nokre ser faktisk heilt like ut (t.d. runer med og utan punktering). Kvifor?

Med PostScript-fontar bør det følgje eigne skjermfontar, og slike har eg laga for skriftgradene 12 og 24 (for Gullhornet også 14). Dette fungerer i alle fall på Mac (eg er usikker på Windows, for der har eg ikkje gått over og finpussa på skjermfontane, slik eg har gjort for Mac-versjonen). Så lenge ein held seg til 12 og 24 punkt, bør det ikkje vera vanskeleg å lesa teikna på skjermen. Men dersom ein brukar andre skriftgrader, t.d. 10 eller 16, må skjermfonten skalerast av datamaskinen, og resultatet blir ikkje alltid like godt. Men dette gjeld berre på skjermen! I utskrift skal runeteikna bli like gode i alle skriftgrader (vel, nesten – men det er eit finurleg spørsmål om korrigering av vekter i små skriftgrader).

Problemet blir delvis løyst med Adobe Type Manager, ettersom denne hjelper til med skaleringa på skjermen, men mi røynsle (frå Mac) er at det er ein fordel med spesielle skjermfontar for dei mest brukte skriftgradene.

For TrueType er det ikkje nødvendig å laga eigne skjermfontar, men det er ikkje noko i vegen for å gjera det. I Mac-versjonen har eg derfor lagt ved dei same skjermfontane som for PostScript-versjonen. Dersom desse manglar, kan teikna bli noko vanskelega å lesa på skjermen, men også her gjeld det at utskrifta bør bli OK.

NB! I Mac OS 10 kan du bruke Windows TrueType-fontar, og desse vil normalt bli viste med riktig skalering. Behovet for PostScript-fontar er dermed mindre (men kan stadig vere aktuelt med tanke på trykking).

 


Fonten fungerte fint på min maskin, men då eg skulle ta utskrift på kontoret (hos naboen osv.), kom det nokre heilt andre teikn i staden for runene. Det var vel ikkje meininga?

Dersom du flyttar over eit dokument som inneheld Gullskoen eller Gullhornet, til ein annan maskin, må fonten også vera installert på denne. Elles vil maskinen hente fram ei tilfeldig anna skrift og setja inn i staden. Fortvil ikkje! Når runefonten blir installert og programmet starta på nytt (i verste fall også maskinen), bør dei merkelege teikna bli skifta ut med rune-teikn, eitt for eitt.

 


Når eg brukar Gullskoen eller Gullhornet saman med vanleg skrift, blir det større linjeavstand i dei linjene der runeteikna er brukte. Korleis kan eg unngå dette?

Forklaringa er at Gullskoen og Gullhornet er teikna med noko større høgd enn dei fleste standardskrifter (Times, Palatino, osv.). Runeteikn har ein så vertikal karakter at det er behov for litt ekstra plass – i alle fall tykte eg det. I eit program som Microsoft Word vil ofte linjeavstanden vera innstilt som “At least”, og dersom du då brukar ein linjeavstand på mindre enn ca. 14 punkt, vil linjer med runeteikn få ekstra luft over seg.

Løysinga er å endre innstillinga frå “At least” til “Exactly”, stadig i Microsoft Word. Dette gjer du under “Format” > “Paragraph” > “Indents and Spacing”. Andre program kan ha tilsvarande innstillingar. Merk at du ikkje bør setja tekst med runereikn i for liten linjeavstand – særleg dersom du brukar boge over nokre av teikna.

Du kan også setja runeteikna med mindre linjeavstand enn den omgjevande skrifta, men det er ei litt plundrete løysing, og teikna kan bli for spinkle i utskrift

Problemet blir delvis løyst med Adobe Type Manager, ettersom denne hjelper til med skaleringa på skjermen, men mi røynsle (frå Mac) er at det er ein fordel med spesielle skjermfontar for dei mest brukte skriftgradene.

For TrueType er det ikkje nødvendig å laga eigne skjermfontar, men det er ikkje noko i vegen for å gjera det. I Mac-versjonen har eg derfor lagt ved dei same skjermfontane som for PostScript-versjonen. Dersom desse manglar, kan teikna bli noko vanskelega å lesa på skjermen, men også her gjeld det at utskrifta bør bli OK.

 


Oppretta 22.09.2000 av OEH.
Sist oppdatert 21.03.2005 av OEH.