Hei, vossingar og andre musikkelskarar i bygd og i by –
Me gjentek suksessen frå like etter påske i år:
Legendariske
SHADES OF BLUES
spelar på BarBarista, Øvregaten 12 i Bergen,
laurdag 7. november 2015!
Det vert
ein kveld med dei gode, gamle klassikarane frå 1960-talet i bandets framifrå framføringar.
Du vil møta kjentsfolk, og det vert høve til både hyggeprat, og kanskje litt mimring,
men framfor alt vert det høve til å dansa!
Denne tilskipinga vil du ikkje gå glipp av!
Dørene opnar kl. 21.00
Billettpris er kr. 200 pr person
Det vert billetsal i døra (kom gjerne tidleg); i døra køyrer me etter «Fyrste mann til mølla»-prinsippet.
Men du kan òg kjøpa billett på førehand ved å betala inn kr. 200 pr pers. til bankkonto 9581.13.36123.
Set av
denne laurdagskvelden den 7. november til dette eineståande musikk- og dansetreffet i det trivelege BarBarista-lokalet i Bergen, og ver gild og hjelp til med å spreia denne glade bodskapen til alle vesser fjernt eller nær, til vennene og nettverka dine, og til alle andre musikkelskarar og danseglade som du kjenner... Bruk Facebook, e-post eller andre medier og kanalar, og oppgi gjerne linken til denne websida. –––– (Tilskiparar er bl.a. Gerd B, Lars S, Styrk O m.fl. i godt samarbeid med Arild W og Mme som supert vertskap.)
Shades of Blues
Slik såg bandet ut i ungdomsåra:
![](ShadesOfBlues.jpg)
Frå venstre Halldor Krogh, Asle Haaland, Styrk Opheim, Arne Akselberg, og Ole Johan Gjøstein.
Shades of Blues anno 2015 består av Asle Haaland, Styrk Opheim, Ole Johan Gjøstein, Steinar Røthe, og Lars Hammersland.