Klasse 3E

Hei språkfolk! Her startar det klassevise kapittelet vårt. Her er eit utval frå Margret si utsøkte fotosamling, med bilettekstar, men aller først klassebiletet vårt:



Russ 1
Heisann: Tysk på timeplanen i 3E, og frk. Størsrud er på plass.


Spesialiseringa i gang: Johanna Schwarz var valfaglærar i litteratur.


Bach eller Beethoven? Arvid Aarsnes er framleis å sjå i fin stil på Vangen. Akkurat her er han glad for at høgtalaren ikkje dett ned.


Frå Russetoget 1971: Lars Egil Haukaas i 3E prøver seg som dirigent for Musikklina. (Tilfellet vil det slik at det faktisk er Lars Egil sin hybel vi ser øvst i Søreide-huset. Der ser det sanneleg ut til å vera utlufting...)


Wow! To gode venninner frå russetida: Reidun Roe (t.h.) og Margret Frøyen. Men kva er det dei har på beina?


Friminutt på Gymmen: Frå v. Asbjørn Olafsson, Reidun Roe og Halldis Urdal, alle 3E.


Vår og venleik i 3E: I kjend stil mot ein velfortent pause - frå v. Reidun Roe, Lena Lingjerde og Karen Margrethe Ravndal.


Hallo! Einar Bogstad og Åshild Bakke (3E).


Russ 9

-Dette fekk du til, Lars (eller var det Sætre?) Mattelektor Einar Jåstad var også veldig ung!


Fransklektor for 3E: Jostein Grønset var alltid i godt humør når han fekk fortelja frå Paris (og dei store boulevardane)!


Biologitime med Tylden (3E): The good, the bad and the.. Nei. Dyden i midten og skj.. Nei. De tre bu.. Nei. De tre små g.. Nei. - Nei; ingen ting passar visst på desse tre her. Dei er berre rett og slett sprudlande seg sjølve og klar for kva det måtte vera. Frå v. Lars Sætre, Margret Frøyen og Reidun Roe. (For ordens skuld: Tylden ikkje med på biletet … men tru om det ikkje er ein liten sats frå Musikklina som står sånn heilt uskuldig lagra bak i skåpet der?)


Torso frå Fjorden: Lars Egil Haukaas (3E) bak eit sjal. Er han forkjølt? Eller er det røyken frå The Smokestacks som plagar han? Eller er det slaget frå peikestokken eller eit susande kritt-prosjektil han vernar seg mot?


Russ 13

Vårleg positur: Åsta Lund (3Mu), ta ein song for oss!


Ei spennande soge i friminuttet! Åshild Bakke held klassevenninnene Reidun Roe og Lena Lingjerde i ande (3E).


På Vangen i Store Fri: Reidun Roe og Kirsten Hernes (3E) omtrent midt i Vangsgata.


Russ 16

Meir Store Fri: Halldis Urdal var med òg. Også ho står midt i gata i vårsola!


TILBAKE TIL HOVUDSIDA