F Vi har no redigert heimesidene våre litt sidan sist. Ta deg ein titt; det viktigaste, som bør bli ståande i mellomtida til neste gong, finn du her framleis. Send òg inn nytt stoff! - - Gruppebiletet som fotograf Kjell Erik Herheim tok på Fleischer's-terrassen laurdagskvelden 9/6-01, er lagt ut nederst på hovudsida. (Er andre enn jubiléumsdeltakarane interesserte i biletet, berre kontakt oss for tinging.) Sjå òg nedanfor journalist Nils Kvamsdals fine dekning av Kyrkjekonserten 8/6-01 i "Hordaland"s utgåve av 12. juni 2001. - - Pr epost har Jubiléumskomitéen fått mange fine helsingar og tilbakemeldingar etter feiringa vår; takk skal de ha, alle, for dei fine nettbreva!
På Voss var det semje om å prøva å halda fram med nettsidene våre, også mellom jubiléa - som ein slags amatørmessig "database". Straks vi oppdaterer nettsidene, får inn nytt stoff osv., sender vi difor straks ut melding om dette til alle dei som har oppgitt epostadresse til komitéen. Så vil du vera med i nettverket, send då berre inn epostadressa di dersom den manglar (gjeld ikkje dei som oppgav adresse under jubiléet).
Klikk her:
INNHALDET på heimesidene våre finn de kapittelvis i punkta nedanfor. Det finst òg klassevise under-kapittel, der stoff og informasjon mellom gamle klassevenner i både 3Ra, 3Rb, 3E, 3N, 3L, og 3Mu har fått sin plass, m.a. frå Margret, Lars, Rune, Grethe og Asle. Dei som har saker dei vil ha inn her, kan berre skriva til Lars Sætre, Birkebeinergaten 1, 5003 Bergen (lars.saetre@lili.uib.no), så skal dei komma inn på sidene snarast råd! Sjekk òg ut eit gammalt vekeblads-innslag om ungdomsstaden vår Voss.
Vi har eit utsøkt raffinement av Bilete lagt ut nedanfor - for ikkje å snakka om utdraga frå Russeavisa 1971! Og frå revystoffet frå hausten 1970 - Ekta godt! Ikkje bli sjokkert om de blir sjokkerte, for å seia det slik...
Det er viktig å få ei stadig komplettert Adresseliste for heile kullet vårt, slik at kontaktar på kryss og tvers kan bli haldne ved lag. Adresselista er utlagt samla. Følg med i utviklinga av den; her fyller vi ut med nytt etter kvart (korrigerte adresser, epost-adresser, telefon- og evt. faxnummer, osb.). Spesielt ber vi om opplysningar om epost-adresser ut over dei vi har ført opp i adresselista (dei som har epostadr., har truleg òg Internett-tilknyting og kan få glede av heimesidene våre).
Ver gilde, kom med innspel til oss i Festkomitéen frå 2001-samlinga! Vi er Styrk Opheim (3Mu), Asle Haaland (3Mu), Lars Sætre (3E), Lasse Sælthun (3Ra), Brit Kristine Hjeltnes (3Rb), Knut Karevoll (3Rb), Grethe Finsrud Agerlie (3N) og Hermann Hovland (3N), samt Marget Frøyen (3E).
LINKAR:
Heimesidene til Voss Gymnas (Hordaland Fylkeskommune): http://www.hordaland-f.kommune.no/vog/ **************************************** På desse internett-adressene finn du heilt oppdaterte fargebilete frå VOSS, frå årstida vi er inne i, tekne med digitalkamera (av Svein Ulvund). (Hugs her å komma tilbake til vår heimeside ved å klikka på "BACK"-knappen!) Frå heimesidene til fotograf Svein Ulvund,"VOSS NOW" - med mange andre linkar til vakre bilete frå Voss: http://home.online.no/~sulvund/Voss_Now/index.htm Svein Ulvunds heimeside (tilsvarande): http://home.online.no/~sulvund/Voss_Now/ Voss Gymnas: http://home.online.no/~sulvund/Voss_Now/foto8516.htm
F FØRSTE RUNDSKRIV, av 9. nov. 2000:
Frå: Førebels
Festkomité for
30-årsjubileet for
Vossarussen 1971
v/ Styrk Opheim, Lars
Sætre, Asle Haaland
Voss/Bergen, den 9. november 2000
Gode 30-årsjubilantar!
Hjarteleg takk for sist! Vi prøver å vera tidleg ute, og vil med dette gje melding om at vi har utnemnt oss sjølve heilt førebels for å få i gang planlegginga av 30-årsjubiléet til våren/sommaren. Dessutan ber vi om ein skjerv, slik at vi kjem i gang også økonomisk.
Komitémedlemmer; adresseliste
Vi skal komma tilbake til detaljar, og til oppnemning av festkomitémedlemmer frå dei klassane som ikkje er direkte representerte gjennom oss. Akkurat no har det seg slik at vi sit på adresselista frå forrige jubiléum. Den brukar vi til utsending av dette rundskrivet, og ber no om hjelp frå dykk som får dette rundskrivet - vedlagt adresselista - om å melda tilbake til oss om adresse-endringar der de veit at noko er annleis sidan forrige gong. Slik kan vi nå alle.
Tidspunkt
Styrk Opheim, Asle Haaland og Lars Sætre har saumfare kalendaren, og det viser seg at einaste helga som vil høva er helga rundt laurdag den 9. juni 2001, som er helga etter pinse 2001. Vi skal komma tilbake til om jubiléet vil bli berre denne laurdagen, eller om vi skal ha utvida program med samlingar også fredag den 8. juni og sundag den 10. juni (slik som sist gong). Men: Hald i alle fall av denne helga kring laurdag den 9. juni 2001 for jubileét! - Kom gjerne med innspel når de kontaktar oss!
Lokale
Når det gjeld sjølve hovudfesten og festmiddagen, har vi alt gjort nokre rundar på Vangen og funne ut at staden vi skal og må feira er i gode gamle Flame Spot, på Fleischers Hotel, mot aust - der de veit... (Vi heldt Rosettfesten der, hausten 1970, hugsar de?) Der har vi allereie tinga lokale. Med start på festlegheitene sånn i halv sju-sjutida om laurdagskvelden, vil vi ha tilstrekkeleg med timar til å feira til vi må vera ute av lokalet kl 02.00. - Meny, programinnhald (det blir live musikk også) og så vidare kjem vi attende til om litt. Når de kontaktar oss, gje gjerne òg melding om ønskt hotell/pensjonatrom, og kva type rom.
Påmelding
Kom igjen, folkens - meld dykk
på førebels og betal inn kr 100,- som startkapital,
absolutt snarast råd. Slik får vi oversyn over kor mange
som kan komma, og kan planleggja meir ut frå det. Betal inn kr
100,- pr bankgiro, innan 20. nov. 2000, til Konto
Vossarussen 1971, v/ Styrk Opheim, Brekkereino 6,
5700 Voss, ktonr 3480.50.98084 (Voss
Sparebank)
.
Kontaktpersonar
Oppsummering
Vi let høyra frå oss att tidleg i desember. Stå på folkens! Dette skal bli gøy - har nokon kunna gløyma samlinga sist gong...?
*******************
Insert
a hyperlink
Kontakt oss!
Voss, den 4. mai 2001
For fjerde gong er vi ein gjeng som har teke på oss å skipa til jubiléum for artianarane årgang 1971. Vi er Styrk Opheim (3Mu), Asle Haaland (3Mu), Lars Sætre (3E), Lasse Sælthun (3Ra), Brit Kristine Hjeltnes (3Rb), Knut Karevoll (3Rb), Grethe Finsrud Agerlie (3N) og Hermann Hovland (3N). Og så Margret Frøyen (3E), då, som har fått lov til å vera passivt medlem denne gongen, sidan ho nyleg har flytta til Kalvåg att.
Gjennom samkomene våre etter både 10, 20 og 25 år, og med sporadisk kontakt innimellom, har vi som var Vossaruss i 1971 klart å halda oversynet over kvar den einskilde høyrer heime i verda, og vi har kunna halda ved lag ein slags fellesskap. Eineståande!
Denne gongen feirar vi altså 30-årsjubileum, og etter at dei første breva vart skrivne tidleg på hausten i fjor, og påmeldingsrundskriva gjekk ut i desember og no til påske, har responsen vore stor. Vi er mange som gler oss stort til å kunna treffast att, og til å friska opp att minna frå dei åra vi tilbringa saman - og saman med deg og kollegaene dine.
Framfor dette jubiléet er vi jamvel vortne endå meir "elektriske" enn før, for å seia det slik. Utviklinga av epost og nett-kommunikasjon har gjort det mogleg for oss å friska opp att kontaktar på kryss og på tvers, og å nå fram til einannan med raske meldingar på berre nokre minuttar, anten adressene våre er California, Yorkshire, Budapest, Bergen, Bolstadøyri eller Brekkereino.
Dessutan etablerte vi alt tidleg i fjor haust ein samlande møteplass på internett: heimesidene våre, der vi alle med jamne mellomrom har kunna kikka innom for å få med oss siste oppdatering. Her er nye brev, nye helsingar og fleire og fleire bilete vortne lagt ut etter kvart som folk har fått grave dei fram. Dersom de har høve til det, vil vi gjerne anbefala dykk lektorane òg å ta ein titt innom desse sidene i ny og ne - her finst russeavis, revystoff, klassespesifikke sider, Vossa-stoff, adresselister, og eit vell av gamle og nye bilete. Sjølve programmet for 30-årsjubiléet er òg å finna via startsida vår. Har de stoff eller helsingar å senda inn til denne sida, tek vi med glede imot! - Her er den internett-adressa de har bruk for til å komma i gang (og så er det berre å klikka seg vidare - og attende):
Vi veit sjølvsagt at de har hatt mange mange kull som vårt, og at de har vore med på mange feiringar og jubileum opp gjennom åra. Men for oss var de og er de lektorane våre, og det er ingen som kan ta dykk ifrå oss.
Difor vil vi med dette invitera dykk som var våre lærarar fram til 1971, til å ta del på tre av postane på 30-årsjubiléet vårt. Vi vonar at du og riktig mange av dine yrkessøsken har høve til å dela nokre timar med oss! Vedlagt finn de nettutskrifta av heile programmet for jubiléet, men det vi spesielt vil be dykk vera med på, er
1. Den offentlege konserten i Vangskyrkja, fredag 8. juni kl 18.30, der Musikklina og Rudolf Zwartjes vil stå for programmet. Denne konserten vil vi lysa ut i pressa òg; kanskje må vi endra klokkeslettet litt, men det kjem vi tilbake til (følg med i Hordaland). De lektorar får gratis tilgjenge til denne konserten.
2. Laurdag 9. juni: Halvdagsturen for jubilerande artianarar og lektorar til Lærdal, frammøte Holbergsplassen kl 9.15, avreise med buss kl. 9.30. De hugsar at russeformannen vår er Lasse Sælthun, i dag rådmann i Lærdal; sidan nyetunnelen no er kommen, ber han oss på "prøvekøyring" og på omvising med div. programinnslag i heimbygda. Turen går altså til Gudvangen, gjennom tunnelane til Flåm, og vidare gjennom nyetunnelen til Lærdal (24 km lang). I Lærdal blir det omvising på Villakssenteret; framsyning av Laksefilmen som Ole Fretheim har laga for Senteret; vandring m.m. i Gamle Lærdal; kulturelle innslag; lunsj på Villakssenterets restaurant. Meny: Laksebuffet (ulike kalde laksevariantar + spekemat etc.). Retur til Voss ca. kl. 14.30. Denne turen må vi diverre be om betaling for, prisen er totalt kr 300,- (inkl. buss 110, Villakssenter 50, og lunsj 140). Betal inn på førehand kr 300 til Vossarussen 1971, v/Styrk Opheim, Brekkereino 6, 5700 Voss, kontonummer 3480.50.98084 (Voss Sparebank), eller ta med summen og betal på bussen.
3. Omvising på gamle tomter, ca. kl 15.00/15.30 (laurdag 9., etter returen til Voss). Reidar Reime har sagt seg viljug til å syna oss Voss Gymnas att ved ein kort visitt; det ville vore kjekt om også fleire av dykk har høve til å ta del der.
Programmet for øvrig for oss jubilantane får de innblikk i gjennom den utskrifta som er vedlagt her, og på internett-sida vår.
På heimesida på internett finn de òg klasselistene frå "hine hårde dage", men dei legg vi òg ved utskrift av her, slik at minnet kan friskast opp - kanskje dukkar det slik opp eit andlet, ein tanke, eit bilete eller to - som vi vonar kan vera til glede!
Hjarteleg velkommen til å ta del i programpostane ovanfor! Til Kyrkjekonserten og Gymnas-vandringa trengst sjølvsagt inga påmelding, men vi vil setja pris på å motta melding om du har høve til å vera med på Lærdalsturen (med tanke på sete-kapasitet, mat-tinging, osv): Berre skriv til Lars Sætre (adr. øvst på første arket).
Vedlegg.
Her er namn og adresser til dei vi har invitert:
Hermund Slaattelid, Osavegen 28, 5700 Voss
Åsne Slaattelid, Osvagen 28, 5700 Voss
Reidar Reime, Hjellane, 5700 Voss
Styrk Moe, Ullestadvegen 4, 5700 Voss
Arvid Aarsnes, Bordalsvegen, 5700 Voss
Kåre Kyte, Lundarvegen 37, 5700 Voss
Einar Jåstad, Raugstadvegen 5, 5700 Voss
Einar Mørkeset, Nyre, 5700 Voss
Sigfrid Naasen, Rognsbakken 37, 5700 Voss
Sigurd Petersen, Sivlevegen 31, 5700 Voss
Olav Høyland, Osavegen 30, 5700 Voss
Jostein Grønset, Ullestadvegen 17, 5700 Voss
Rudolf Zwartjes, Hardangervegen 482, 5700 Voss
Einar Hansen, Raugstadvegen 18, 5700 Voss
Jorunn Amundsen, Hangursvegen 38, 5700 Voss
Nils Eidhammer, Brekkereino 3, 5700 Voss
Gunnar A. Skei, Kyte, 5700 Voss
Marie Folkedal, Vangsgata 26, 5700 Voss
Vossarussen 1971
F OPPDATERT PR. 6. JANUAR 2002, inkl. tel.nr, og epostadr.
3Ra
100/ Børve Øvsthus, Ingunn, Industrigata 5, 5700 Voss
Eikefjord, Kjell, Urdaveg 2, 5870 Øvre Årdal
100/ 420/ Fretheim, Ole, Runnen 8A, 6800 Førde - - ole.fretheim@vestvision.no [ofrethei@online.no]
Fromholtz, Hans Ludvik, Olsvikfjellet 71, 5079 Olsvik
100/350/420/ Gravning, Kjell Erik, Olav Kyrres plass 5, 0273 Oslo - - mob. 90544542 - - kegr@online.no
Helle, Arne, 5270 Vaksdal
Hosås, Arne, 4290 Føresvik
100/300/420/ Matre, Jan Erik, 5593 Skånevik - - 53755316 priv. / 53771077 arb. / 41441414 - - jem.fam@c2i.net
100/300/420/ Matre, Kjell Ingvald, Mæland, 5590 Etne - - ki-matre@online.no
Moe, Sam, Morviksanden 36, 5124 Ulset 55184349 / 99603441
Mundal, Olav, 5855 Fjærland
Nordmark, Per, Boge, 5270 Vaksdal
Oettel, Arnt, Eigebrekk, 4516 Mandal 38268584
100/ Petersen, Finn Magne, Postboks E, 5721 Dalekvam - - finnmagne.petersen@c2i.net
Ringheim, Jorunn, 5700 Voss
100/420/ Ringheim , Toril, Geila 3, 6800 Førde
300/420/ Veslemøy (Berit-Karin) Rødland Bergo, Eksingedalen, 5728 Eidslandet - - veslemoybergo@eksingedalenskule.gs.hl.no
100/420/ Rørbakken, Arne, 5237 Trengereid
100/420/ Rørvik, Inge, Boks 3, 6854 Kaupanger - - iroervik@online.no
100/420/ Skjoldli, Norvald, Postboks 366, 5700 Voss
Solaas, Bjarte, Geila 3, 6800 Førde
Solvi, Leif Erik, Bekkjarvikvegen 25B, 5084 Tertnes
100/300/420/ Sælthun, Lasse, Postboks 85, Ljøsne, 6887 Lærdal / 57669328 / arb. 57666222 / fax 57666793 / mob. 91181665
Søderberg, Erik, Norvik, 5370 Fjell
Sønnesyn Olsen, Gunnvor, Saue, 5710 Skulestadmo
100/ Tyssen, Reidar Johan, Fyrde, 5274 Bolstadøyri - - r-tyssen@online.no
Østtveit, Halvor Jon, Barnålvn. 9, 4330 Ålgård
3Rb
100/300/420/ Bjørke, Ingrid, Postboks 2920, 7438 Trondheim - - E-post: ingrbj@frisurf.no
Fosse Reigstad, Brit Solveig, Oppetveiten 79, 5262 Arnatveit
Hevrøy, Thor, Skjellestadjordet 27, 1380 Heggedal
Hillestad, Malvin Lars, Utsiraveien 22, 4029 Stavanger
100/300/420/ Hjeltnes, Brit Kristine, Riplegården 40, 5061 Laksevåg
100/300/420/ Karevoll, Knut Arne, Rognsbk. 45, 5700 Voss - - Tel. 56511009 / 91379895 - - Epost: knk@interconsult.com
Kvarekvål, Rune, 6663 Mountresor Place, P.O.Box 98,
Alta Loma, CA. 91701-0098, USA.Tel: 00-1-909-944-5258 / Fax: 00-1-909-944-7658. res1b80n@verizon.net eller (Urosa@aol.com)
Langeteig, Gunnar, Fjerdingen 10, 3050 Mjøndalen
Larssen, Thorleif J., Kommunelegen, 8900 Brønnøysund
Lindberg, Helge, 2636 Øyer
Røsland, Ove, Rosenlundvn. 22, 5146 Fyllingsdalen. Tel. 55168560
Skippervik, Rolf Magne, Vika, 5443 Bømlo
Thomassen, Jørn Anders, Breiløkveien 5, 6400 Molde
100/300/420/ Ullestad, Anders, 5700 Voss . Epostadr.: voss@interbok.no
Våge Eggum, Margot, Eggjavegen 47, 5842 Leikanger
3E
Almendingen Kvernhusvik, Aud, 5240 Valestrandsfossen - - aud.kvernhusvik@norsk-larerlag.no (eller: aud@euroseek.com)
Bakke, Åshild, Elvebakken 8, 5280 Dalekvam
Bergo, Liv, 5730 Ulvik
Bogstad, Einar
Engan, Oddvar, Eivind Jarls gt 11, 4631 Kristiansand 38092466/90032942 - - engan@c2i.net
100/300/420/ Frøyen, Margret, Postboks 30, 6729 Kalvåg - - 57793667/90129 533/faks: 5779 4174 - - margret@kalvag.no (Firmaet: gamleskulen@kalvag.no)
Brochmann, Randi, Welhavensgt. 47, 5006 Bergen
Haga, Marta Birgitte, Prestevn. 42, 1300 Sandvika
Haukaas, Lars Egil, Isafjordsgade 15, 5. etg, tv, DK-2300 København S. Tel: 004532542296 - - lhaukaas@hotmail.com
Hernes Tvilde, Kirsten, Tvildesvegen 172, 5700 Voss
Husabø Hansen, Bjørg, Kalstadhaven 6, 3770 Kragerø
100/420/ Instefjord, Sigrun, Røldalsvn 54, 5750 Odda 53654911/53643152 - - sigruni@online.no
Kloster Sæbø, Anne Britt, Raudstein 2, 5460 Husnes
Kvernhusvik, Sigrun, Falsenvei 61A, 5032 Minde
100/300/420/ Lingjerde, Inger Helene, Russarvegen 12, 5700 Voss - - Tel. 56514037
Lingjerde Ekerhovd, Bjørg, Sandskjelva 11, 4320 Hommersåk
Olafsson, Asbjørn, Kirkevegen, Statens Gartnarskule,
Rå, 9410 Borkenes
Ravndal, Karen Margrethe, Florvåg ungdomsskole, 5305 Florvåg
Roe Bohne, Reidun, Kong Haraldsgate 21, 4340 Bryne - - fia-boh@online.no
Stave Grønsberg, Turid, Åtnes, 5745 Aurland
100/300/420/ Sætre, Lars, Birkebeinergaten 1, 5003 Bergen - - lars.saetre@lili.uib.no
Tjønneland Apelthun, Magny, 5700 Voss
100/420/ Torkildsen, Marit Dagny, Harestien 8, 3080 Holmestrand
Tverberg, Kristin, Ymers vei 2, 0588 Oslo
Urdal Misje, Halldis, Sandslikroken 130, 5049 Sandsli
100/300/420/ Rawlings, Solveig, 29 Craven Close,
Gomersal, Cleckheaton, West Yorkshire, BD19 4QZ England -- solveigm@talk21.com
3N
Atterås Overå, Leikny, 5167 Ostereidet
Bakke, Sigvor, Isarstraße 29, D-28199 Bremen, Tyskland
100/420/ Dalen Tillung, Åshild, Starv. 13C, 1088 Oslo 22211339 / mob. 92 89 77 97
ashild.tillung@accenture.com
100/420/ Dommarsnes, Bjørn Mikael, Møsavegen 7, 3550 Gol - - domarsn@frisurf.no
100 /420/ Finne, Knut E., Finnesvegen 10, 5700 Voss
100/300/420/ Finsrud Agerlie, Grethe, 5723 Bolstadøyri 56521140 - - grethefa@hotmail.com
Haga Indergaard, Leikny, Grannes terrasse 11, 4044 Hafrsfjord / 95100785 (arb.) / 51655267 (priv. ) - -Arb.: Sølvberget, Stavanger bibliotek og kulturhus Pb 310/320, 4002 Stavanger, Tlf +47 51 50 74 64, Faks +47 51 50 70 25, Mobil 951 00 785
lhi.adm@rogaland-f.kommune.no
100/ Hovland, Hermann, Hjellane 16, 5700 Voss - - hermann.hovland@hmvvoss.no
3L
3Mu
100/300/420/ Næss, Tom, Olavsvei 48, 1450 Nesoddtangen - - tom.naess@nmh.no eller tom-naes@online.no
******************** ******************** Her er faksimile av journalist Nils Kvamsdals flotte dekning av "30-årskonserten" i avisa "Hordaland" av tysdag 12. juni 2001: ********************
*****
*********************************************
- F HER ER INVITASJONEN TIL 25-ÅRSJUBILEET I 1996
For dei som ikkje har vore med på å jubilera før, eller vore med på å organisera jubiléa før, kan det vera greitt å få eit lite innblikk i korleis vi har gjort dette tidlegare. Sist gong var 25-årsjubiléet i mai 1996; den gongen gjekk durabelighetene over samfulle tre dagar. Slik inviterte vi:
Voss/Bergen, den 2. april 1996
25-årsjubiléet
for Vossarussen 1971
Vyrde ex-artianar!
Godt over 60 skulebenk-slitarar frå hine hårde dage har førebels meldt seg på til vårens vakraste eventyr. Det er ikkje verst, kva? Fleirtalet var stort for å leggja feiringa inntil pinsehelga, og vi har difor gleda av å melda at 25-årsjubiléet blir skipa til
laurdag 25. mai 1996.
Det vil seia: Laurdagen blir dagen for hovudarrangementa - lunsj på Gymnaset og festmiddag med div. program og dans på Vang Pensjonat. Men denne gongen har vi tenkt å utvida tilskipinga i begge endar for dei som har tid og høve. Programmet blir difor sjåande slik ut:
Fredag 24. mai
- Frå kl 20.00 og utover:
- Klassane 3N og 3 Mu møtest i Pianobaren, Park Hotell Vossevangen
- Klassane 3Rb og 3L møtest på Hotel Jarl
Klassane 3Ra og 3E møtest i Fredriks Bar, Fleischer's Hotel
Frå kl 22.00 og utover:
- Alle klassane treffest på Fleischer's Hotel!
Laurdag 25. mai
- Kl 11.00:
- Korøving. Vi bles liv i relikviane av det gamle Gymnaskoret. Alle med framleis klar eller byrjande rusten røyst møtest til innøving av eit par songar oppe i Gamle Festsal på Gymmen. Dette 25-årskoret blir eitt av innslaga i programmet under festmiddagen.
Kl 13.00:
- Spekemat-lunsj i Gamle festsal, toppetasjen på Gymmen. Våre lektorar er inviterte. Div. innslag. Fotografering
Kl 15.00 og utover: "Friminutt" - Tid til private besøk o.likn.
Kl 19.30:
- Jubiléumsmiddag med påfølgjande dans på Vang Pensjonat. Meny: Blomkålsuppe; Lammesteik; Sitronfromage; Kaffi; Øl; Vin, og Mineralvatn blir selt gjennom Vang sin bar; eigen bar for det brennande.
- Programinnslag, inkl. div. talar, 25-årskoret og revyfilmen. Dans til levande musikk ved The Geriatrix.
Sundag 26. mai
- Kl 06.00:
- God morgon, gammal-russ! Morgongymnastikk i Gymsalen - sit-ups ved Reidar Reime. [Nei, altså, dette innslaget var ein sspøk.]
- Kl 11.00:
- Fellesfrukost på Vang Pensjonat. Meir gaman og galskap; omfordeling av bortkomne elevar og plagg; oppsummering og evaluering. Siste klemmar før avreise.
Overnatting
Vi har tinga alle romma på Vang Pensjonat frå laurdag til sundag, men Vang kan òg ordna rom frå fredag til laurdag. Prisar: Enkeltrom m/frukost kr 350,- pr natt; dobbeltrom m/frukost kr 225,- pr person pr natt (heile dobbeltrommet kr 450,-); trippelrom kr 200,- pr person pr natt (eit heilt trippelrom kr 600,-). Dei som i treng rom, tingar det gjennom festkomitéen på slippen nedanfor; hugs å oppgi romtype og kva natt/netter det gjeld. Romma betaler du til resepsjonen ved avreise.
Prisar
Den uformelle samkoma med bar-rundar fredags-kvelden betaler den einskilde riemelegvis sjølv. Elles er pris for lunsj, middag + div. utg. kr 475,-. Dei som har motteke bilete frå 20-årsjub., må leggja til kr 40,-.
Bindande påmelding
Slippen nedanfor må du returnera i nøyaktig utfylt stand snarast råd, og seinast innan 20. april. Hugs at dette er ei bindande påmelding. Evt. spørsmål kan du retta til Margret Frøyen, 56513545 priv. - Vedlagt finn du den fullstendige og oppdaterte adresselista, slik at folk kan ta kontakt med kvarandre på førehand om det skulle vera ønske om det.
Til så lenge: Beste helsing frå Margret Frøyen, Asle Haaland, Lars Sætre [Slipp utelaten her.]
********************
F SLIK SKREIV VI TIL VÅRE ATTVERANDE LEKTORAR FØR 25-ÅRSJUBILEET, I 1996:
Dei vi hadde kontakt med på førehand ved 25-årsjubiléet i 1996, var Styrk Moe, Kåre Kyte, Reidar Reime, Einar Jåstad, Jorunn Amundsen, Einar Mørkeset, Einar Hansen, Knut Tylden, Arvid Aarsnes, Sigfrid Naasen, Sigurd Petersen, Hermund Slaattelid, og Olav Høyland. Heile ni av dei hadde høve til å vera med på lunsjen. Triveleg! - Slik baud vi dei inn:
Voss/Bergen, den 10. mai 1996
Innbyding
Kjære .......
Margret Frøyen, Asle Haaland, eg og fleire andre har for tredje gong teke på oss å skipa til jubiléum for artianarane årgang 1971. Gjennom samkomene våre etter både 10 og 20 år, og med sporadisk kontakt innimellom, har vi som var Vossaruss i 1971 klart å halda oversynet over kvar den einskilde høyrer heime i verda, og vi har kunna halda ved lag ein slags fellesskap.
Denne gongen feirar vi altså 25-årsjubileum, og etter at dei første breva vart skrivne seinhaustes i fjor og det første rundskrivet gjekk ut tidleg i vinter, har responsen vore stor. Vi er mange som gler oss stort til å kunna treffast att, og til å friska opp att minna frå dei åra vi tilbringa saman - og saman med deg og kollegaene dine.
Tankane våre på dykk og på grunnlaget de var med på å leggja for den delen av liva våre som kom etter gymnas-åra, har vore med oss heile tida. Det finst mykje å minnast, alvor og skjemt, ting som vi skjøna straks, og anna som det kanskje gjekk ei stund før vi heilt innsåg dimensjonane av.
Vi veit sjølvsagt at de har hatt mange mange kull som vårt, og at de har vore vitne til mange feiringar og jubileum opp gjennom åra. Men for oss var de og er de lektorane våre, og det er ingen som kan ta dykk ifrå oss.
Difor vil vi med dette invitera dykk som var våre lærarar fram til 1971, til 25-årsjubileumslunsj med spekemat og noko å leska seg på i Gymnasets gamle festsal laurdag 25. mai 1996 kl 13.00. Vi vonar at du og riktig mange av dine yrkessøsken har høve til å dela eit par timar med oss!
[Vi jubilantane skal treffast alt på fredags kvelden. Laurdag skal vi ha korøving på føremiddagen, og så lunsj saman med dykk. Etter det er det sett av tid til private besøk - hos venner, slekt og hybelvertskap. Laurdags kvelden blir det durabeleg festmiddag på Vang Pensjonat med mangslags ablegøyar, og sanneleg har vi ikkje denne gongen også planlagt felles frukost på sundag, for retteleg å få avrunda det heile.]
For no å friska opp minnet hjå dykk, legg vi ved klasselistene frå "hine hårde dage". Kanskje dukkar det slik opp eit andlet, ein tanke, eit bilete eller to - som vi vonar kan vera til glede!
Hjarteleg velkommen til lunsj på Gymnaset pinseaftan kl 13.00! Med helsing frå jubileumsnemnda:
Margret Frøyen Lars Sætre Asle Haaland
Her er forresten nokre bilete av nokre av lærarane våre, inkl. rektor. Det er vår solide fotodokumentarist, Grethe Finsrud Agerlie i 3N som har sendt inn desse, visstnok klipte frå lokalavisa i samband med ein valkamp for eit visst parti:
********************
F MARGRETS REFERAT FRÅ 25-ÅRSJUBILEET, av 31. mai 1996:
Vår alles kjære Margret Frøyen, som har vore ein slitar i festkomitéane opp gjennom åra, oppsummerte evenementa sist gong,på vegne av oss alle, såleis:
Voss, den 31/5-1996
Oppsummering av 25-årsjubileum for Vossarussen -71:
- FREDAGS KVELD / BARRUNDE
Verka vellukka. Folk fekk unna dei innleiande rundane med å bli kjende att før den store dagen. Ei oppdatert liste over deltakarane kunne vore kjekt å dele ut her. At ein møttest klassevis først [på fredagskvelden på ulike stadar i sentrum, for så å møtast alle saman på Fleischers's til sist] var kjekt og oversiktleg.
LUNSJ GAMLE FESTSAL
Langbord. Spekemat frå Vang. Brus og øl innkjøpt frå butikk, folk betalte for drikke. Fungerte greitt. Heile 9 lærarar møtte, pluss noverande rektor Erik Sølvberg, som orienterte om skulestruktur i dag.
Korsang av oppstandne gymnaskoristar - julehymne i mangel av noko anna. Kiss måtte reisa bort, og Kolbein tok då over med dei notane han fann på musikkrommet [gudbedre kor vi leita, i skuffer og skap, - og fann]. Dette var vææældig OK og moro. Kan trygt gjentakast.
Margret ynskte velkommen, og delte leiing av samværet med Lars. Tale for dagen: ved vår alles store formann, Lasse Sælthun! Opplesing av helsingar [frå folk som ikkje kunne komma, og som misunte og sakna oss] delt mellom Asle, Lars og Margret. Dette kan òg fleire/andre ta seg av. [Det vart òg tala både hjarteleg og fikst ironisk frå frammøtte lectores!] - Fotograf Herheim kom og tok gruppebilete. - Arvid Aarsnes spelte piano til allsongen. - Asle song revyvisa "Hysj!". - Samværet varde frå 13.15 til 15.40.
FESTMIDDAG PÅ VANG PENSJONAT (dette er den saklege versjonen):
Same meny som før [dvs.blomkålsuppe, lammesteik, sitronformage, min.vatn, øl og vin, og kaffi osv.]. Toastmastress [!]: Brit Kristine Hjeltnes. - Tale for herrane: Nina Elisabeth Braarud Benum. - Tale for damene: Hans Olav Hjetland. - Takk for maten: Brit Kristine.
Etter maten: * Framsyning av revyfilmen, og av film (oppteken av kinosjef h.v. Reidar Ringheim) frå morgontimane og heile dagen 17. mai 1971. - * Koret med julehymna éin gong til. - * "Shades of Blues": Asle [featuring as: himself, vocally and adoringly], Styrk [bassgit.], Ole Johan Gjøstein [git.], Vigleik Kolltveit [keyb.], og Steinar Røthe [trommer]. - Dans halvannan time med "Geriatrix", kr 5.000.(Litt nedtur etter "Shades of Blues", dessutan for kort tid att før vi måtte ut av lokalet. Eit skikkeleg stereoanlegg med dicjockey-funksjon på omgang vil gjere samme nytten. Del ut oppgåva på førehand.)
Vi må skaffa oss ein plass der vi kan sitja lenge ved bordet, og likevel ha tid til dans etterpå. Det vart litt tidspress pga. lang bordseta og kjempeprogram. Vi var om lag 50 til bords, og av lærarane inviterete vi Aarsnes. Kolbein budde hjå han, og det var difor naturleg. Desse to gjekk heim over Langebrua kl 07.00. [Vi seier ikkje meir.]
Vi fekk ikkje såkalla ambulerande skjenkeløyve, og heller ikkje utvida øl- og vinsal, og måtte difor avslutta ein halv time etter skjenkestopp, lokalet tømt kl 1.00. Etter dette fekk vi låna privaten, og der var folk til kl 7.00. Fleire gjekk på Fleischer's i eitt-tida. Vi må prøva å tilretteleggja for at festlyden ikkje skils åt midt i festen (dvs. anna festlokale).
FRUKOST PÅ VANG SUNDAG KL. 11.00
- Dette var svært vellukka for dei 20 som hadde høve/orka meir/enno ikkje var reiste frå bygda. Hans Olav fekk halda resten av talen sin frå kvelden før, og han hadde, viste det seg, mykje usagt. [Spesielt minnest vi soga om korleis Kolbein måtte prøva ut sin påmelde Grand Prix-song på Hans Olav i første stolheisen ovanfor Hangursbanen - med éin turist mellom stolane dei sat i...] Kolbein hadde ein liten gjesteopptreden, før sonen hans drog han med heim til Stavanger att. Og vi andre fortalde små og større sannsoger, og lo oss mest i forderva i bakrusens forunderlege velvære.
- Det var å ynskja at einkvan kunne skriva ned historia vår, før sogene vert altfor tåkelagde. Kan dette vera ei utfordring til neste gong?
A propos neste gong, så vart prosjekt "Lærdal 2001" lansert under frukosten. Lasse måtte berre "fao fili vaor" han, så skulle han invitera. Og då var der jo kome tunnel òg... Ferda skulle starta med buss frå Voss m/ ambulerande skjenkeløyve...
********************
F FELLESBILETE FRÅ 20-ÅRSJUBILEET I 1991:
![]()
Foto: Alf-Haakon Harlem
********************
F FELLESBILETE FRÅ 25-ÅRSJUBILEET I 1996:
Foto: Herheim
********************
- F FELLESBILETE FRÅ 30-ÅRSJUBILEET I 2001:
Foto: Herheim
Last Revised: 6 Jan 2002 (LS)
visitors since 19 Aug. 2003 [24 January 2001 kl. 13.00]