|
|
|
|
|
Språk og
politikk Baksidetekst: «Maale e te fyr oss, og inkje me fyr Maale.»
Dette sitatet frå Olaus Fjørtoft, målrebellen, har Helge Sandøy sett som
motto for denne boka. Utgangspunktet for boka er fleire hissige måldebattar
vi har hatt siste året. I eit langt ordskifte i Dag og Tid stod
grunnleggjande spørsmål i sentrum: Er målstriden ein kamp mellom dansk og
norsk, eller er det ein sosial kamp i Noreg? Til stor undring for mange blanda
Josef Stalin seg i denne debatten. I eit ordskifte i Arbeiderbladet
stod omgrepa språk, makt og sosialisme i sentrum, og eit tredje ordskifte
galdt talemålsnormering. Eit utval av desse debattane er samla i
denne boka av Helge Sandøy. Dessutan har han og andre fylt ut med drøftande
oversiktsartiklar om sentrale målspørsmål, om språkvitskap og språksyn, om
marxisme og språk, om Stalin og språket, om arbeidarrørsla og språket, om
målrørsla som sosial eller nasjonal rørsle, og mykje meir. Boka er eit dokument
om måldebatten i dag. (192 s.) Utgitt: 1975 Orion debatt Det Norske
Samlaget ISBN
82-521-0501-7 |
|
|
|
|
|
|
|
Unn Spjelkavik og Helge Sandøy: Norsk hovudmål for grunnskolen.
Studiebok, Øvingsbok, Fasit og Innsendingsoppgåver. Nynorsk. Boka er lagt
opp slik at ein skal kunne tileigne seg lærestoffet på eiga hand. Studeboka inneheld sju einingar pluss eit tillegg med
rettskrivingsreglar. Øvingsboka og fasiten skal brukast til sjølvstudiet, og
i tillegg finst sju sett med innsendingsoppgåver. Sandøy har omarbeidd kurset
frå bokmål til nynorsk. 1. utg. 1977 2. utg. 1983 3. utg. 1988 Norsk Korrespondanseskole |
|
|
|
|
|
|
|
Olaf Almenningen, Thore A. Roksvold,
Helge Sandøy og Lars S. Vikør: Språk og
samfunn gjennom tusen år. Ei norsk språkhistorie. Baksidetekst: Korleis verkar språkbruk og samfunnsforhold
inn på kvarandre? Kva er det som driv fram og bestemmer språkutviklinga? Språk og samfunn gjennom
tusen år gir eit oversyn over den norske språkhistoria med utgangspunkt i
desse grunnspørsmåla. Boka viser samanhengen mellom samfunnsutvikling og
språkutvikling. Ho dekkjer heile den norske språkhistoria med hovudvekt på
tida etter 1814. (208 s.) 1. utg. 1981 2. utg. 1985 3. utg. 19 4. utg. 5. ugt. 1992 6. utg. 2002 Universitetsforlaget ISBN 82-15-00252-8 |
||
|
|
|
|
|
Norsk
dialektkunnskap Baksidetekst: Talemålet er
det eigentlige morsmålet vårt, og det er primært i forhold til skriftmålet.
Talemålet har òg eigenskapar som skil det frå skriftmålet. Norsk dialektkunnskap tar opp desse
eigenskapane og drøftar forholdet mellom skrift og tale. Hovudvekta i boka ligg på norsk talemål
i variasjon og utvikling. Eit kapittel om dialektgeografien viser utbreiinga av
skiftande særdrag i dei norske dialektane - med sideblikk til heile Norden.
Den sosiale variasjonen i språket blir framstilt med særlig vekt på den
funksjonen variasjonen har. Talemålsutviklinga i fortid og i samtid blir tatt
opp i åtskilte kapittel, der særlig kreftene bak utviklinga blir drøfta. I heile boka er det lagt vekt på å
studere talemålet som språksystem. Eitt kapittel viser korleis ein kan
arbeide med grammatikken - først og fremst fonologien - i dialektane. Boka
inneheld lydskrivne tekstar frå ymse norske
dialektar, og kvar tekst blir følgt av ei grammatikkskisse for dialekten. Norsk
dialektkunnskap gir ei innføring i talemålsstudiet. Til denne innføringa
hører det òg med ei kort framstilling av forskingstradisjonen bak vitskapen
om talemålet. (319 s.) 1. utg. 1985 2. utg. 1987 Novus forlag as ISBN 82-7099-122-8 |
|
|
|
|
|
|
|
|
Språkideologi og språkplanlegging i noreg Lingvistikken er ein deskriptiv vitskap.
Det normative er det solid tradisjon for å halde utanfor definisjonen av det
"vitskaplege" — det blir rekna som "språkpolitikk" eller
som ei rein kjenslesak. Samtidig foregår
språkplanlegginga ofte på ein ureflektert måte, nettopp fordi prinsippa og
ideologiane som ligg til grunn ikkje blir studerte og analyserte vitskapleg.
Teorien og praksisen blir forviste til ulike sfærar. Eit føremål med denne artikkelsamlinga er å
kople desse sfærane saman — å skape ein fagleg debatt om forholdet mellom
overordna ideologiske eller språkpolitiske premissar og dei meir spesifikke
normeringsprinsippa. På denne måten kan ein setje enkeltvedtak og delproblem
inn i større systematiske samanhengar. Såleis ønskjer vi også å markere at
språkplanleggingsteori er ein vitskapleg disiplin — ei grein av den anvendte
språkvitskapen. Boka er eit resultat av ein konferanse som
vart skipa til på Geilo 7.-8. september 1990. Nordisk institutt, Universitetet i Bergen ISBN 82-90500-12-2 |
|
|
|
|
|
|
Talemål Baksidetekst: Talemålet
kan studeras i mange perspektiv. Denne boka går inn på korleis ein kan beskrive
det både som språklig struktur og som sosialt fenomen. Det blir dessutan lagt
vekt på den historiske dimensjonen; eigne kapittel drøftar korleis og korfor
språket endrar seg, og korleis dialektkartet kan tolkas som resultat av
historiske endringar. Dialektgeografien blir framstilt i
nordisk perspektiv og med mange kart. Det blir diskutert om dei endringane
som har skapt dialektgrensene, er produkt av geografisk spreiing, eller om
dei kan vere sjølvstendige utviklingar fleire stader. I kapitla både om
endring og sosial variasjon er det lagt vekt på å forstå den sosiale
funksjonen språket har, og den særlige identifiseringsfunksjonen talemålet
har. I studiet av strukturen i talemålet er
det naturlig å legge mest vekt på fonologien, men også morfologiske analysar
og syntaktiske drag er drøfta. Boka inneheld lydskrivne
dialekttekstar, og til kvar tekst fins det ei skisse av grammatiske særdrag
for dialekten. (253 s.) 1. utg. 1993 2. utg. 1996 Novus forlag ISBN 82-7099-206-2 |
|
|
|
|
|
|
|
|
Lånte fjører eller bunad? Om importord i
norsk Baksidetekst: «Var både chaffeuren
og bureauchefen jaloux?"
Ja, slik skreiv faktisk besteforeldra våre. Men steg for steg har vi tilpassa
importorda til språket vårt ved å gi dei ein skrivemåte som gjer at dei ser
norske ut. – Å gå frå service til sørvis er derfor i samsvar med ein solid
tradisjon. I
denne boka viser Helge Sandøy korleis språket vårt gjennom eit par tusen år har
absorbert ei mengd importord – vi stussar nok når vi ser kor mange og vanlege
dei er. Dei er ein sentral del av kulturgodset vårt, men vi har støypt dei om
i både uttale, skrivemåte og innhald slik at dei ofte er blitt særnorske.
Denne prosessen – både den historiske og den moderne . blir her grundig
drøfta frå mange innfallsvinklar for første gong. Boka gir bakgrunn for
diskusjonen om språket vårt i dag står i fare pga. den nye og sterke
påverknaden frå engelsk. Bør vi vere urolege? Forfattaren tek opp korfor vi
importerer ord og diskuterer argument for og imot desse orda og kva vi kan
gjere med dei. Alternativet med å lage gode avløysarord blir også drøfta og
illustrert. "Lånte fjører eller bunad?" er rik på ord- og
teksteksempel, slik at boka vil vere eit godt hjelpemiddel for norsklærarar i
ungdomsskolen og den vidaregåande skolen. Også studentar i lærarutdanninga og
i faget nordisk vil finne mye nyttig stoff i boka. (300 s.) Utg. 2000 Cappelen akademisk forlag LNUs
skriftserie 136 ISBN82-02-19684-1 |
|
|
|
|
|
|
Brit
Mæhlum, Gunnstein Akselberg, Unn Røyneland og Helge Sandøy: Språkmøte.
Innføring i sosiolingvistikk. Baksidetekst: Sosiolingvistikk er ei grein av språkvitskapen som tek utgangspunkt i
språkvariasjonen i samfunnet. Ulike språk og ulike språklege variantar møtest
heile tida både i det enkelte individet, i lokalmiljøet og i det større
fellesskapet. I slike møte ser ein korleis språkleg variasjon er knytt tett
til dei sosiale, kulturelle, psykologiske og samfunnspolitiske tilhøva i
kvardagen vår. Denne boka gjev ei innhaldsrik og
grunnleggjande innføring i sosiolingvistikk basert på norske tilhøve.
Forfattarane legg vekt på mellom anna språkleg endring, dialektar,
fleirspråklegheit og den særeigne norske skriftspråksituasjonen, og dei gjev
mange viktige døme frå norske undersøkingar. Språkmøte er aktuell for alle som er opptekne av og vil vete meir om
språkvariasjon og om norsk språk, til dømes studentar i norsk, nordisk,
lingvistikk, språkkontakt og migrasjonspedagogikk. I Språkmøte blir mellom anna desse
emna drøfta: talevariasjon (dialektar og fleirspråklegheit), skriftvariasjon,
språkendring, språk og identitet, sosiolingvistisk metode. (264 s.) 1. utg.
2003 2. utg.
2008 Cappelen
Damm ISBN
978-82-02-28344-5 https://www.cappelendammundervisning.no/undervisning/product-detail.action?id=127233 |
||
|
|
|
|
|
|
Moderne importord i språka i Norden Redaktør: Helge Sandøy Novus forlag______________________________________________________ 1. Helge Sandøy 2. Helge Sandøy og Jan-Ola Östman 3. Bente Selback og Helge Sandøy 4. Tore Kristiansen og Lars S. Vikør 5. Tore Kristiansen 6. Guðrún Kvaran
7. Pia Jarvad og Helge Sandøy (red.): Stuntman og andre importord i
Norden. Om udtale og bøjning.
2007. 8. Helge Omdal og Helge
Sandøy (red.): Nasjonal eller internasjonal skrivemåte? Om importord i seks
nordiske språksamfunn. 2008. 9. Catharina Nyström Höög: Teamwork?
Man kan lika gärna samarbeta! Svenska åsikter om importord. 2005. 10. Jacob Thøgersen: Det er meget godt som det er
… er det ikke? En undersøgelse af danskernes holdninger
til engelsk. 2007. 11. Hanna Óladóttir: Shake, sjeik eller
mjólkurhristingur? Islandske holdninger
til engelsk sprogpåvirkning. 2009. 12.
Leila Mattfolk: Attityder till det globala i det lokala. Finlandssvenskar
om importord. 2011. 13. Jógvan í Lon
Jacobsen: Ærligt talt, who cares? En sociolingvistisk
undersøgelse af holdninger til og brug af importord og afløsningsord i
færøsk. 2012. |
|
|
|
|
|
|
Romsdalsk
språkhistorie. Frå runer til sms – og vel så det. Baksidetekst: Romsdal heilt frå førhistorisk tid og opp til
dagen i dag. Tydelege særmerke for romsdalsdialekten
dukkar fram i middelalderen, og me kan så følgje utviklinga i enkeltdrag frå
tidbolk til tidbolk fram til slik me snakkar no. I framstillinga er det òg
viktig å få fram korleis språk har spela og spelar ei rolle i samfunnet og
for kvar enkelt av oss. Språket vedkjem oss, og derfor har me meiningar om
språk. Meiningane forandrar seg òg med tida. Eldste språkminna er
stadnamna våre, som me brukar kvar dag. Eldste skriftlege minnet i Romsdal er
ein runestein frå Vistdalen frå sirka 400 e.Kr. Yngste skriftlege minnet kan
vere SMS-en du nettopp sendte, for dialekten har fått nye bruksområde. I
middelalderen skreiv romsdalingar på skinn, og på 1700-talet prøvde somme å
gjengi dialekten i viser. På 1800-talet prøvde ein tresfjording
seg med ein bibeltekst på romsdalsk. Språket er eit kulturelt minne, og likeins som materielle kulturminne
skal det hjelpe oss å sette vårt eige liv og vår eiga samtid inn i ein historisk
samanheng. Språket er eit sosialt fenomen som finst utan å bli sett. Men me
treng å bli gjort oppmerksame på det. (343 s.) Utg.
2011 Novus
forlag ISBN
978-82-7099-612-4 |
|
|
|
|
|
|
|
|
Helge Sandøy og Ernst Håkon Jahr (red.): Norsk språkhistorie i eldre nynorsk tid
(1525–1814). Baksidetekst: Artiklane i denne boka viser korleis ein kan bruke dei kjeldene som
fins frå perioden som blir kalla tidleg moderne tid og korleis ein kan dra
slutningar om utviklinga av talemålet i ulike landsdelar, både når det gjeld
fonologi, morfologi og syntaks. Artiklane er eit resultat av eit fagseminar
hausten 2010 og er vigd minnet til professor Kjartan G. Ottosson. Perioden tidleg nynorsk tid, dvs. frå 1525 (ev. 1537) til 1814, blir òg
kalla tidleg moderne tid eller tidleg ny tid. Primærkjeldene frå
perioden er fåe, og forskinga på tidleg nynorsk tid har dermed hatt mykje preg
av at ho gjeld den firehundreårige natta. Kjeldene byd på særlege
utfordringar når ein skal bruke dei i språkhistoria i og med at dei mest
følgjer dansk skriftmønster og berre delvis er meint å skulle spegle bestemte
norske dialektar. Artiklane
i denne boka viser korleis ein kan bruke kjeldene, og korleis ein kan dra
slutningar om utviklinga i talemålet i ulike landsdelar. Dette gjeld både
fonologi, morfologi og syntaks. Men den språklege situasjonen er òg
interessant med tanke på kva mønster eller norm skrivarane la seg etter når
dei formulerte dokument, og korleis dei opplevde situasjonen i ei tid då
oppfatningane av språk kan ha vore nokså annleis enn dei vi har i dag. I
språkhistoria brukar ein omgrepet 'norvagismar', men kva stod det for i
samtidskulturen? Utviklinga i personnamnskikken i tida blir òg drøfta. Artiklane
er resultatet av eit fagseminar hausten 2010. Seminaret var organisert av prof. Kjartan G. Ottosson, som døydde før det blei halde.
Derfor er boka vigd minnet hans, og i boka står også minneord om han og ein
bibliografi over publikasjonane hans. Artikkelforfattarane
er Ivar Berg, Haraldur Bernharðsson, Arnold Dalen,
Jan Ragnar Hagland, Ole-Jørgen Johannessen, Endre Mørck, Agnete Nesse, Helge
Sandøy, Erik Simensen, Martin Skjekkeland, Inge Særheim og Arne Torp. (193
s.) Utg. 2011. Novus
forlag ISBN
978-82-7099-655-1 |
|
|
|
|
|
|
Talemål etter
1800 I denne boka
tar forfattarane opp talemålsendringar i Norden dei siste to hundreåra, dvs.
endringar i ein periode som vi har nokså gode kjelder frå og dermed kan uttale
oss meir presist om når det gjeld både språk og samfunn. Dét er til hjelp når
vi skal prøve å forstå vilkåra for språkendring. Boka gir parallelle
framstillingar, noko som gjer det muleg å lese og å arbeide komparativt. Det
er viktig når ein vil skaffe seg sikrare innsikter. Boka inneheld artiklar om alle dei
nordiske språka, og beskrivingane av norsk tar for seg enkeltregionar.
Språkendring i byar og industristadar er drøfta for seg. I tillegg er her
generelle drøftingar av forholdet mellom samfunn og språk, av språkbruk i det
offentlege rommet, og ei utgreiing om kjelder til studiet av demografiske
endringar i befolkninga. Initiativet til denne boka kom frå
prosjektet Norsk språkhistorie. Ei
tilsvarande bok om perioden før kom i 2011: Helge Sandøy & Ernst Håkon
Jahr (red.), Norsk språkhistorie i
eldre nynorsk tid (1525–1814). Forfattarane i Talemål etter 1800 er Kristján Árnason, Edit Bugge, Tove
Bull, Frans Gregersen, Stian
Hårstad, Ann-Mari Ivars, Tor Erik Jenstad, Janne Bondi Johannesen, Oddvar
Nes, Agnete Nesse, Randi Neteland, Jenny Nilsson, Erik Magnusson Petzell,
Rune Røsstad, Helge Sandøy, Halvard Skiri, Sverre Stausland Johnsen og Eivind
Weyhe. Novus forlag ISBN 978-82-7099-843-2 |
|
|
|
|
|
|
|
|
Mønster - NSH I
Redaktør: Helge Sandøy
Språket som «kodesystem» er bygd opp som mønster
på mange nivå. Dei beskrivingsnivåa vi mest brukar, er fonologi, morfologi, syntaks,
ordforråd og tekst. Alle desse nivåa er i kontinuerleg endring, og desse
endringane har fått språkvetarar og andre til å stille spørsmål om tendensar,
utviklingsretningar og drivkrefter. Dette bindet, Mønster, beskriv endringane i utviklinga frå urnordisk
til norsken i dag. Bindet begynner med å drøfte språkendring som
fenomen og korfor språk endrar seg. Deretter blir endringar gjennomgått – frå
dei minste lydeiningane til dei store tekstane. Her
blir det lagt vekt på å beskrive og forklare ut frå innsikter vi har i
allmenn teori, slik at dei norske fenomena kan illustrere generelle
eigenskapar ved språk. Den historiske linja blir trekt i kvart kapittel. Novus
forlag ISBN
978-82-7099-847-0 |
|
|
|
|
|