Reviderte tekstar
til kap. 9 (no kap. 12)

Tekstprøvene i kap. 9 (no kap. 12) er attgjevne dels i diplomatarisk form og dels i lett normalisert form. Her har vi ført alle over i same diplomatariske form, og dessutan retta nokre feil:

Tekstprøver (PDF-fil)

Handbok i norrøn filologi (2004)

www.nofihandbok.no


Trykkfeil og tilføyingar

Handboka inneheld ein del innlysande trykkfeil, slike som “inperativ” for “imperativ” eller “syntaksten” for “syntaksen”. Slike har vi ikkje teke med her. Vi har nøydd oss med feil som kan vere meiningsforvirrande. Samtidig har vi nytta høvet til å kome med nokre tilføyingar her og der. Teiknet “>” er brukt med tydinga “skal rettast til”. Elles er “sp.” forkorting for “spalte” og “l.” for “linje”.

 

s. 4, l. 4 nedanfrå: Her er nettadressa (URLen) feil; riktig skal vere http://folk.uib.no/hnooh/handbok (eller endå enklare http://www.nofihandbok.no). Heldigvis er adressa riktig på baksida av omslaget.

s. 14, siste avsnitt: Bokmålsordboka er utgjeven på Universitetsforlaget, men Nynorskordboka har kome på Det Norske Samlaget.

s. 20, nest siste avsnitt: Ordbog over det norrøne prosasprog har no kome ut med eit tredje ordboksband, de-em (2004). Les meir på denne adressa.

s. 65, l. 2 nedanfrå: Legg til etter “misvisende”: Oppdaterte opplysninger vil man i de fleste tilfeller finne i Regesta Norvegica (se s. 73 nedenfor).

s. 75, l. 3 etter oppstillinga: Diplomet i DN II 24 er ikkje frå Tolga, men Talgje i Ryfylke.

s. 84, l. 2 nedanfrå: “tekstfilologen” > “tekstfilologien”.

s. 108, Metatese: Det er “drit” som blir til “dirt” i engelsk ved metatese, ikkje omvendt. I norsk har ordet ikkje vore utsett for metatese og har framleis forma “drit”. Eit anna døme ville vere “hross” som blir til “horse” i engelsk, men ikkje vart utsett for metatese i norsk - jf. stadnamn som Rosseland.

s. 127, den eldre futharken: Det finst fleire oppstillingar av den eldre futharken, og det er også noko variasjon når det gjeld translittereringa, særleg av ë/ï. Hos Klaus Düwel, Runenkunde, Stuttgart 2001, s. 2 finn ein denne oppstillinga:

s. 137 og 138: Her er a-runa (den som ser ut som ein stav med eit lite kryss på midten) transkribert med a. Mange runologar vel å bruke eit særskilt teikn for denne a-runa, i form av ein liten majuskel A. Translittereringa av C-linja på Eggjasteinen blir då slik:

s. 147, l. 9 nedanfrå: Det er nærmare 1200 runesteinar i Uppland.

s. 154: Fotografiet av Kuli-steinen er svært dårleg. Her er eit betre fotografi (i liggjande format):

Runene på denne steinen vart faktisk gjenoppdaga av Aslak Liestøl ved eit reint tilfelle hausten 1956. Les meir om dette i Norges innskrifter med de yngre runer, bd. 4 (1957), s. 281. Her er den attgjevinga som er gjord av innskrifta i NIyR, s. 282 – ein restituert tekst på grunnlag av kalkering over fotografi. Merk at ein skal lese den nedste linja (A) først!

s. 177, 3. avsnitt: Det er mange tusen norske diplom fram til 1500 – om lag 20.000 for å vere litt meir presis. Det eldste bevarte diplomet på norsk språk er ganske riktig frå ein gong mellom 1207 og 1217, men her er det tale om originaldiplom. Det kan leggjast til at vi har yngre avskrifter av norske diplom i alle fall tilbake til 1180-åra, jf. t.d. Regesta Norvegica bd. 1, nr. 212. Men her er altså originalane tapte.

s. 181, om lag midt på sida, i avsnittet om circumfleks: “foðr” > “fóðr”.

s. 184: På grunn av ein teknisk feil har teksten falle ut av fig. 4:7. Figuren skal sjå slik ut:

s. 213, 3. avsnitt, l. 2: “Eivind Vågslid har prøvd” > “Eivind Vågslid (1989) har prøvd”.

s. 217, l. 2 nedanfrå: “Gróttasongr” > “Grottasongr”. Merk at det skal vere “o med kvist” i “-songr”.

s. 242, l. 5 i den første skaldestrofa: “allar” > “allir”.

s. 244, l. 4 nedanfrå: Det skal vere aksent (lengdeteikn) over “o med kvist” i “mos”, midt i linja.

s. 246, fremst i siste linje: “l. 5” > “l. 6”.

s. 247, l. 9 nedanfrå: “djup” > “djúp”.

s. 249, rammetekst øvst på sida: Vi har ikkje vore heilt gode til å telje – det er 40 (ikkje 38) heite her.

s. 255, 2. avsnitt, siste linje: “soknar” > “sóknar”.

s. 261, omsetjinga av skaldestrofa: “eg bed han om togn” > “vi bed han om togn” (jf. verbforma “biðjum”).

s. 262, kommentaren, l. 3: “Også bruken av dunhent, at andre og fjerde verslina ...” > “Også dunhent, at andre og fjerde verslina ...”.

s. 291, rammetekst, venstre spalte: Det skal vere “Valla-Ljóts saga”.

s. 308, 3. avsnitt nedanfrå: Det er riktig at det er skrive lite om syntaks i runeinnskrifter, men Kurt Braunmüller, Syntaxtypologische Studien zum Germanischen, Tübingen 1982, er eit heiderleg unntak.

s. 317, ill. 7:4. I denne figuren er rekkjefølgja av felta i midtfeltet feil. Det skal vere “n a v”:

s. 317, siste linje: “står mellom s og v” > “står mellom n og v”.

s. 322, rammetekst om agrammatisk leddstilling: “(jf. kap. 6, s. 000)” > “(jf. kap. 5, s. 253)”. Dette er heldigvis det einaste eksemplet på “s. 000” i handboka.

s. 323, l. 3: Referansen til Endre Mørck er til Mørck (1992).

s. 333, eks. 50: “Alle de menn” > “Til alle de menn”.

s. 334, eks. 55: “setter vi vårt” > “setter vi (dvs. stryk ordet “vårt” i omsetjinga).

s. 346, l. 15: Norrøn ordbok har ganske riktig “Magnús”, men det bør vere “Magnus” med kort endingsvokal.

s. 351, 2. avsnitt: Som nemnt er tolkinga av namnet Oslo (Ósló) omstridd. Det har nyleg vore drøfta i ein større enkét, jf. Åse Wetås, “Kva er tydinga av namnet Oslo?”, Maal og Minne 2/2004, s. 129–47.

s. 364, l. 14 nedanfrå: Her har det falle ut eit spesialteikn i “er nw span”, nemleg ein “j” med tverrstrek, som hadde tydinga 1/2. Det skal altså stå “er nw j span” – med tverrstrek over “j”.

s. 380, l. 6 nedanfrå: Stryk verbet “senþi” i lista over islandske verbformer.

s. 382–403 (islandske og norske tekstprøver): Dei åtte tekstprøvene i kap. 9 ligg føre i litt ulike transkripsjonar, frå svært diplomatarisk i tekst 1 (s. 382f) til delvis normalisert i tekst 3 (s. 384ff.). Vi trur det er tenleg å ha alle desse prøvene på det same transkripsjonsnivået, og har derfor lagt dei ut i ein separat fil, eigna til nedlasting. Her har vi også retta nokre feil. Vi rår til at desse blir brukt i undervisninga. – Sjå lenke øvst i venstre spalte på denne sida.

s. 396, l. 12 nedanfrå: “Knudsen 1967” > “Knudsen 1967d”.

s. 400, litt over midten: Referansen til UppsUB DG 8 II, bl. 18a–b bør vere til bl. 86r–v. Det er ikkje uvanleg at handskrifter kan ha ulik paginering (sideteljing) eller foliering (bladteljing, der ein brukar ‘r’ for recto-sida og ‘v’ for verso-sida). Folieringa 18a–b byggjer på faksimileutgåva av dette handskriftet, medan 86r–v byggjer på Vilhelm Gödel, Katalog öfver Upsala universitets biblioteks fornisländska och fornnorska handskrifter, Uppsala 1892, forutan den folieringa som er tilføydd med blyant i handskriftet.

s. 404, l. 7 nedanfrå: “Hreinn Benediktsson 1961” > “Hreinn Benediktsson 1962”.

s. 433, eks. 35a: “setter” > “satte” og “år 1493” > “år 1494”.

s. 440, eks. 54b: Her skal “j” ha tverrstrek og er altså romartal for 1/2 (jf. rettinga til s. 364 ovanfor). Omsetjinga skal då rettast til “I tillegg skal han gi åtte og ei halv mark gull til den dødes arvinger”. Når romartalet for 1/2 her er sett føre romartalet for 9, skal ein altså trekkje av den halve – ein halv på den niande – med åtte og ein halv som resultat.

s. 444, eks. 66b: “(VII 412, år 1440)” > “(I 902, år 1473)”.

s. 444, eks. 66d: “førti kuverd” > “i medgift førti kuverd”.

s. 445, l. 9 nedanfrå: Mange nedertyske ord dukkar opp alt på slutten av 1300-talet i norske tekster.

s. 446, 2. avsnitt: I alle fall to trekk til kan nemnast, -en som verbending og jak som pronomen i 1. person.

s. 447, eks. 69b, l. 3: “at þau skilrik” > “at tvá skilrik”.

s. 447, eks. 69c, l. 3: “at de pålitelige vitnene” > “at to pålitelige vitner”.

s. 448, eks. 69b, l. 5: “hljóanda” > “hljóðanda” og l. 8 “báði” > “bæði” og siste linje, “degi ok ári” > “dag ok ár” (altså akkusativ heller enn dativ, i samsvar med originalen).

s. 451, Namneformer. I tillegg til den lista som er sett opp her, kan ein konsultere oppslagslista til Norsk språkråd, Normering av historiske navn.

s. 457–79 (litteraturlista). Her har tre av referansane falle ut (jf. s. 248, s. 399 og s. 400):

Falk, Hjalmar. 1924. Odensheite. Skrifter utg. av Videnskapsselskapet i Kristiania. II. Historisk-filosofisk klasse; 1924: 10. Kristiania: Dybwad.

Indrebø, Gustav, utg. 1931. Gamal norsk homiliebok. Cod. AM 619 4º utgjevi for Kjeldeskriftfondet. Oslo: Dybwad. – Opptrykk, Oslo: Universitetsforlaget, 1966.

Johnsen, Oscar Albert, utg. 1922. Olafs saga hins helga. Efter pergamenthaandskrift i Uppsala Universitetsbibliotek, Delagardieske samling nr. 8:2. Den Norske Historiske Kildeskriftkommission. Kristiania: Dybwad.

 


Oppretta 05.02.2005.
Sist oppdatert 10.03.2015 av OEH.