Gullhornet runefont for Mac og Windows


Innhald

Gullhornet inneheld 109 teikn frå det eldre runealfabetet, både dei fellesgermanske runene og dei angelsaksiske og frisiske runene. I tillegg til om lag 40 teikn som er felles for desse alfabeta inneheld Gullhornet om lag 60 teiknvariantar og 9 interpunksjonsteikn o.l.

Gullhornet inneheld alle teikn frå det eldre runealfabetet i Unicode Runic 16A0-16FF, og har dertil ei lang rekkje variantar.


Kva med det yngre runealfabetet?

Gullskoen er ein tilsvarande font for det yngre runealfabetet. Også denne blir distribuert kostnadsfritt.


Kvifor namnet Gullhornet?

Gullhornet er oppkalla etter ei av dei mest kjende danske innskriftene i det eldre runealfabetet, funnen i 1734, seinare stolen og tapt, men kjent gjennom avteikningar og kopiar. Det passar også godt at i fontmenyen på ein datamaskin vil Gullhornet kome rett føre systerfonten Gullskoen, som inneheld dei yngre runene.

Bruksvilkår

Gullhornet

blir distribuert under Creative Commons-lisensen BY-NC (namngjeving og ikkje-kommersiell). Det vil seie at fonten kan lastast ned og brukast kostnadsfritt, inkl. til publisering på papir eller på skjerm. Dessutan kan andre arbeide vidare med han (t.d. modifisere fonten eller leggje til nye teikn), men dette må skje på ikkje-kommersielle vilkår.

Opphavsretten ligg hos utviklaren, Odd Einar Haugen (Universitetet i Bergen, LLE, Sydnesplassen 7, NO-5007 Bergen).

Gullhornet kan brukast utan ytterlegare løyve, og det er ikkje nødvendig å referere til utviklaren om fonten blir brukt til publisering.

Utviklaren har ikkje ansvar for eventuelle feil som oppstår i samband med bruken av fonten.


Fullstendig oversyn

Eit fullstendig oversyn over alle teikna i Gullhornet kan lastast ned som PDF-fil:

Gullhornet (16 sider / 96 kB).

Etter at fonten er installert, kan du også få eit oversyn over alle teikna ved å bruke kommandoen “Sett inn symbol” i programmet Microsoft Word. Du kan også bruke “Tastaturvisning” for å sjå kvar teikna er plasserte.


Nedlasting av Gullhornet

Gullhornet kan lastast ned ved å klikke på ei av lenkjene nedanfor. Både på Windows og Mac blir fonten overførte som zip-fil. På dei fleste maskinar vil slike filar pakke seg ut automatisk, men i nokre tilfelle må du installere eit særskilt program for dette, t.d. Stuffit Expander (Mac-versjon | Windows-versjon).

Nokre nettlesarar kan prøve å opne fontfilen i eit nytt vindauge. For å sikre at filen blir lasta ned, kan du høgre-klikke (Windows) eller opsjon-klikke (Mac) – avhengig av innstillingane på din nettlesar.

Gullhornet kan installerast på same måte som alle andre fontar. Følg instruksjonane for ditt operativsystem.

 

Mac

TrueType

PostScript (Type 1)

 

 

Windows (og Linux)

TrueType

PostScript (Type 1)

 

Kva slags fontformat skal eg velje?

Mac kan du med fordel velje TrueType ettersom kvaliteten på dette formatet i dei fleste samanhengar er like høg som PostScript. Under system OS 9 bør du velje det eigne TrueType-formatet til Mac, men under Mac OS 10 kan du like gjerne bruke Windows TrueType-fontar, for i denne versjonen av operativsystemet blir også Windows TrueType støtta. I nokre tilfelle kan det vere ein fordel med PostScript (Type 1) på Mac, dersom du har særlege skrivarar som krev det, eller dersom du skal bruke fonten i bokproduksjon og satsen blir laga med grunnlag i PostScript-fontar. I så fall skal du installere både ein skjermfont (bitmap) og ein konturfont (PostScript). Begge følgjer med i zip-filen.

Windows er TrueType det allmenne formatet og det som er enklast å bruke. For dette formatet er det berre ein fil som skal installerast. Også her kan ein bruke PostScript-fontar (Type 1), men etter det eg veit er desse mindre brukte på Windows enn på Mac. Her må ein installere fleire filar. All følgjer med i zip-filen.

Linux kan ein – så vidt eg veit – bruke Windows TrueType-fontar.


Problem?

Ettersom Gullhornet blir distribuert gratis, har eg dessverre ikkje høve til å yte hjelp eller oppfølging. Men eg har lagt ut nokre Ofte Stilte Spørsmål og mine svar på dei.

 


Oppretta 15.11.2000 av OEH.
Sist oppdatert 16.07.2016 av OEH.